1.1 Bakgrunn

Stortinget gjorde 19. juni 2002 vedtak om å be Regjeringa fremje forslag om ei kvitteringsordning. Frivillige organisasjonar har også, på bakgrunn av klager på politiet sine kontrollar, teke initiativ til ei slik ordning. Dette, i tillegg til kritiske merknader frå European Commission against Racism and Intolerance (ECRI) og Committee on the Elimination of Racial Discrimination (CERD), gjorde at departementet ba Politidirektoratet lage ein rapport der spørsmålet vart utgreia.

1.2 Samfunnet sin kontroll med politiet si tenesteutføring

I politilova og politiinstruksen er det gitt ei rekkje reguleringar for korleis den einskilde polititenestemann/-kvinne skal opptre i møtet med publikum. I tillegg er det gitt reglar og retningsliner for korleis politiet bør opptre utanfor tenesta, sidan den einskilde sitt omdøme vil påverke publikum sitt syn på politiet generelt.

Det er svært ulike reglar for vedtak om, gjennom­føring og rapportering av kontroll, undersøkjing, visitasjon og ransaking. Dei strekkjer seg frå eit uformelt vedtak til formelt skriftleg vedtak med krav om skriftleg rapport om resultatet. Politiet har fleire lovheimlar for å gå inn i innbyggjarane sin private sfære. For å hindre at denne makta vert misbrukt, må maktutøvinga vere under god kontroll. Samfunnet søkjer å sikre best mogeleg tenesteutøving, både gjennom gode og tilstrekkelege lover og reglar, gjennom utveljing og opplæring av dei som skal gjere polititeneste, og gjennom system for tilsyn, instruksjon, omgjering, klagebehandling og eventuelt straffeforføljing. I tillegg finst fleire formelle og uformelle kontrollmekanismar.

Dei siste åra er det lagt ned mykje arbeid i å følgje opp kritikken som har vore retta mot norsk politi frå mellom anna ECRI og CERD. Under tiltakskapitlet i Regjeringa sin Handlingsplan mot rasisme og diskriminering (2002-2006) fokuserer fleire punkt på politiet sitt tilhøve til etniske minoritetar, og måtar dette kan betrast på. Politidirektoratet har fått i oppdrag å følgje opp relevante punkt i handlingsplanen. Det er sett tidsfristar for oppfølginga, og direktoratet rapporterer til departementet.

I kapittel 3 i meldingen gjennomgår departementet praksis i andre land.

1.3 Politidirektoratet sin rapport "Registrering og dokumentasjon i forbindelse med politi­kontroller"

I Politidirektoratet sin rapport er det teke utgangspunkt i at stortingsvedtaket er basert på det overordna føremålet å verne publikum mot grunnlause integritetskrenkingar, og i særleg grad verne etniske minoritetar mot diskriminerande politipraksis. I rapporten vert det vurdert kva føremål overvakinga av politiet sin praksis skal tene. Ein konkluderer med at ei eventuell kvitteringsordning som berre tek sikte på å gi den einskilde ei kvittering utan at denne vert knytt til informasjon om politiet si grunngjeving for handlinga, ikkje vil kunne gi noko høve til styring eller kontroll. Ei slik ordning vil heller ikkje ha særleg bevisverdi for den einskilde. Det sentrale vil ikkje vere om ein person er blitt stoppa av politiet eller ikkje, men kva som var grunnlaget for at politiet stoppa vedkomande, og om grunnlaget var tilstrekkeleg. Ein meiner at ei registrering og databehandling/overvaking i større grad vil kunne oppfylle Stortinget sitt ønskje om å undersøkje om politiet har ein diskriminerande praksis. Vidare meiner ein at ei løysing med utlevering av kvitteringar basert på papirblokker ikkje er god for nokon av partane. I staden vert det foreslått ei ordning der den som ønskjer kvittering skal kunne få dette på førespurnad. Ein foreslår at politiet si plikt til å levere ut slik kvittering vert avgrensa til seks månader eller eitt år etter hendinga. Ein meiner det vil bli "relativt liten interesse" for tilbodet.

Innvendingane mot ei kvitteringsordning går mellom anna på at ei slik ordning vil bli svært ressurskrevjande. Vidare meiner ein at ei slik ordning vil kunne verke polariserande i forholdet mellom majoritet- og minoritetfolkesetnaden, samt kunne føre til at politiet trekkjer seg vekk frå publikum, med dei negative konsekvensane dette vil kunne få for kampen mot kriminalitet. Ei anna ulempe er at møta med politiet vil ta lengre tid, og slik vil innebere større ulemper for mange.

I samband med utgreiinga har ein rekna ut kor stort ressursbehovet er i høve til ulike løysingar, kva opplysningar som må registrerast, og ei vurdering av kva typer kontakt mellom politiet og publikum som eventuelt bør registrerast. Generelt konkluderer rapporten med at ei registreringsordning vil vere kostbar og ressurskrevjande.

Oppdraget frå Justisdepartementet inkluderte skildring av eit pilotprosjekt. Det vert lagt fram forslag til eit prosjekt over eitt år, lagt til Søndre Buskerud og Agder politidistrikt. Prøveprosjektet som blir foreslått er rekna ut til å koste ca. 2,9 mill. kroner. Dette vil dekke kostnader til løn og drift. Eventuelle utgifter til teknisk utstyr kjem i tillegg.

1.4 Oppsummering av innspel frå høyringsinstansane

Justisdepartementet sende Politidirektoratet sin rapport på høyring i februar 2003. I kapittel 5 i proposisjonen foretar departementet ein gjennomgang av høyringsuttalane når det gjeld spørsmåla som vert stilt i høyringsbrevet, inkludert ei oppsummering av kva for instansar som stiller seg positive og negative til ei kvitteringsordning eller eit prøveprosjekt.

1.5 Departementet sine drøftingar og konklusjonar

1.5.1 Forsking

I rapporten refererer Politidirektoratet til problemet ved manglande kunnskap om politiet sitt forhold til, og behandling av personar og grupper med minoritetsbakgrunn. Departementet foreslår at det vert sett av midlar innan Justisdepartementet sine rammer til oppstart av eit forskingsprosjekt der det vert gjort kvalitative og kvantitative undersøkingar av tilhøvet mellom politiet og etniske minoritetar. Ein foreslår at følgjande oppdrag blir gitt til eit etablert forskingsmiljø:

  • – Kartleggje tilhøva før prøveprosjektet vert sett i gang. Slik kartlegging må inkludere ei under­søking av tilhøvet mellom politiet og personar/grupper med minoritetsbakgrunn, slik at ein kan vurdere om politiet opptrer annleis i forhold til desse enn til andre.

  • – Følgje og evaluere prøveprosjektet i aktuelle politidistrikt.

  • – Vurdere effekten av prøveprosjekt med kvitterings-/registreringsordning og parallell bruk av tenestenummer.

Det er viktig at både politiet og publikum sine reaksjonar på prøveprosjektet vert tekne med i evalueringa. Det må vidare hentast inn synspunkt frå relevante interesseorganisasjoner i samband med evalueringa. Det er viktig at forskingsarbeidet vert sett i verk snarast råd, slik at nå-situasjonen kan kartleggjast før eit prøveprosjekt med kvitterings-/registreringsordning vert sett i verk. Sjølv om Oslo ikkje vert foreslått som prøvedistrikt for registrerings-/kvitteringsordning, er det særleg viktig at tilhøva i Oslo vert kartlagte, sidan mange oppfattar hovudstaden som "problemeigar" i denne samanhengen.

1.5.2 Prøveprosjekt kvitterings-/registrerings­ordning

Departementet foreslår eit prøveprosjekt med ei kvitteringsordning med utgangspunkt i Stortinget sitt vedtak. For at Stortinget sitt vedtak skal kunne gjennomførast, og for at ein skal få fullt utbyte av prosjektet, er det nødvendig at relevant informasjon vert registrert i eit eigna system. Namn, personnummer eller annan informasjon som kan førast tilbake til den einskilde, skal ikkje kome fram i registeret. For å kunne vurdere om politiet diskriminerer personar med minoritetsbakgrunn, må ein registrere etnisitet. Registreringa bør vere i tråd med Datatilsynet si høyringsuttale.

Ved val av stad for prøveprosjekt må ein vurdere relevante kriteriar sett i høve til Stortinget sine intensjonar. Kriteriar som folketettleik, del av innbyggjarar med minoritetsbakgrunn, kriminalitet, nærleik til asylmottak m.m. skal gå inn i vurderinga. Vidare må det takast omsyn til ressurssituasjonen i politidistriktet. For å få eit tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag bør det gjennomførast prøveprosjekt på to ulike stader. Departementet meiner Søndre Buskerud politidistrikt er godt egna som prøvedistrikt, med Drammen som ein relativt stor by i norsk samanheng, og med innbyggjarar med svært ulik etnisk bakgrunn. Ein foreslår at det andre prøvedistriktet vert vald i samråd med Politidirektoratet og representantar for etniske minoritetar.

Prosjektet bør vere ulikt i dei to politidistrikta. I det eine distriktet bør det gjennomførast ei generell kvitterings-/registreringsordning der politiet uoppfordra og på staden gir kvittering til dei som blir kontrollerte, med etterfølgjande registrering. I det andre distriktet bør ein avgrense kvittering og etterfølgjande registrering til dei som etter å ha blitt gjort kjent med ordninga, ber om det.

Departementet føreset at ordninga famnar kontroll og undersøkingar etter utlendingslova. Dette vil ikkje gjelde kontrollar og undersøkingar i samband med grensepassering (Schengen yttergrense) og ved grensenære aksjonar. Det vil heller ikkje vere føremålstenleg å la ordninga gjelde førehandsplanlagte visitasjonar av større grupper der det ikkje er rom for vurdering frå den einskilde tenestekvinne eller tenestemann. Ein foreslår difor at desse vert haldne utanfor.

Departementet foreslår at planlegging og gjennomføring av prosjektet vert overlete til Politidirektoratet og dei utvalde prøvedistrikta.

Prosjektet skal vere tidsavgrensa, og skal evaluerast før eventuell innføring av ei permanent ordning. For å gje tilstrekkeleg erfaring bør sjølve prosjektperioden gå over minimum eitt år. Planlegging og evaluering av prosjektet kjem i tillegg. Det skal gjerast ei ekstern evaluering, som må planleggjast i god tid før prosjektet startar opp. Forskingsoppdraget må inkludere førebuing og evaluering av prøveprosjektet i tillegg til kartlegging av tilhøvet mellom politiet og personar med minoritetsbakgrunn.

Sidan vurdering av kvitterings-/registreringsordningar er ein del av Regjeringa sin Handlingplan mot rasisme og diskriminering (2002-2006), bør prosjektet gjennomførast innan utgangen av 2006.

1.5.3 Bruk av synleg tenestenummer på uniformer

Departementet vil be Politidirektoratet vurdere ulike konsekvensar ved bruk av synleg tenestenummer. Siktemålet skal vere å prøve ut synleg tenestenummer i samband med prøveprosjektet. Departementet meiner bruk av tenestenummer vil verne den einskilde tenestemann/-kvinne av di det i fleire samanhengar kan erstatte bruk av namn, og såleis redusere sjansen for at vedkomande vert identifisert som privatperson i situasjonar der dette vil vere uheldig. Vidare vil publikum sleppe å måtte spørje om namn eller nummer dersom dei ønskjer å klage på ei tenestehandling. I tillegg meiner departementet det kan opplevast trygt for publikum å kunne identifisere tenestemannen/-kvinna, sidan publikum har plikt til å oppgi namn og personalia når politiet spør om det.

1.5.4 Framdrift og økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaga som Justisdepartementet fremjar i denne meldinga er så ulike forslaga i Politidirektoratet sin rapport at direktoratet sine tal ikkje kan leggjast til grunn for utrekning av kostnadene ved forslaget. Departementet meiner mellom anna at prøveprosjektet med kvitterings-/registreringsordninga bør gå over eitt år.

Justisdepartementet har, i samråd med Politihøgskulen, rekna ut at kostnadene ved eit forskingsprosjekt over 3 år vil kome til å bli kring 1,8 mill. kroner. Dette inkluderer kartlegging av tilhøva før eit prøveprosjekt vert sett i verk, innsamling av data under prosjektperioden og evaluering av prosjektet etterpå.

Politidirektoratet får i oppdrag å planleggje eit prosjekt med kvitterings-/registreringsordning og parallell utprøving av synleg tenestenummer innanfor ei ramme på 3,5 mill. kroner.

Ein føreset at både midlar til forskingsprosjektet og til prøveprosjektet vert dekka innanfor Justisdepartementet sine rammer.