Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om kraft­utbygging av Kjøsnesfjorden

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 141 (2003-2004)
  • Kjeldedokument: St.prp. nr. 32 (2003-2004)
  • Dato: 03.03.2004
  • Utgjevar: Energi- og miljøkomiteen
  • Sidetal: 4

Til Stortinget

Samandrag

Olje- og energidepartementet viser i proposisjonen til at Kjøsnesfjorden Kraftverk AS har søkt om løyve til å utføre reguleringar og overføringar i Jølstervassdraget og bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Delar av utbygginga vil gå føre seg i randsona og til dels innanfor Jostedalsbreen nasjonalpark. I samband med opprettinga av Jostedalsbreen nasjonalpark (St.meld. nr. 25 (1987-1988)) var det ein føresetnad at nasjonalparken ikkje skulle hindre kraftutbyggingsprosjektet i Kjøsnesfjorden, jf. Innst. S. nr. 273 (1987-1988).

Departementet viser til at ei utbygging av Kjøsnesfjorden kraftverk vil medverke til å utnytte den eksisterande vasskraftstrukturen i denne delen av vassdraget betre.

Kraftutbygging i Kjøsnesfjorden vart teke inn i Samla Plan då planen første gongen vart utarbeidd ved St.meld. nr. 63 (1984-1985) og seinare ført vidare og teke med i Stortinget si handsaming av Samla Plan i 1993 (St.meld. nr. 60 (1991-1992)).

Det omsøkte prosjektet

Søknaden frå Kjøsnesfjorden Kraftverk AS gjeld fylgjande utbyggingsalternativ:

Alternativ 1 tilsvarar Samla Plan alternativ VA2 med takrennesystem og overføring av 8 bekkeinntak frå Fagredalen i vest til Litlebredalen i nordaust, og regulering av Trollavatnet og Langevatnet med høves­vis 40 og 20 meter.

Alternativ 2 byggjer på alternativ 1, men bekkeinntaka i Fagredalen er ikkje tekne med. Det er totalt 11 bekkeinntak, av dei er 4 nye i høve til Samla Plan. Reguleringa av Trollavatnet og Langevatnet er redusert til høvesvis 33 og 2 meter. Anleggsvegen er flytta frå Lundebotnen til Søgnesandsdalen.

Alternativ 2 utan framkomst i Søgne­sandsdalen tilsvarar alternativ 2, men anleggsvegen vil vere om framkomsttunnel til kraftstasjonen, avgreining kring kraftstasjonen og vidare som tilløpstunnel til Trollavatn.

Alternativ 3 har ingen bekkeinntak. Regulering av Trollavatnet med 30 meter og Langevatnet med 20 meter.

Alternativ 4 med takrennesystem frå Søgne­sandsdalen til Litlebredalen og 6 bekkeinntak. Av dei er 3 nye i høve til Samla Plan. Regulering av Trollavatnet og Langevatnet og anleggsveg som i alternativ 2.

Alternativ 1 vil gi om lag 238 GWh, alternativ 2 om lag 229 GWh, alternativ 3 om lag 91 GWh, og alternativ 4 om lag 178 GWh i ny årleg produksjon.

Kraftstasjonen er planlagt plassert i fjellanlegg ved Søgnesand i samsvar med Samla Plan. Alternativt kan kraftstasjonen for alternativ 1 og 2 flyttast lenger vest med fjellanlegg ved Sægrov.

Kjøsnesfjorden Kraftverk AS søkjer primært om konsesjon til alternativ 2, sekundært alternativ 2 utan tilkomst i Søgnesandsdalen, og tertiært alternativ 4, og med plassering av kraftstasjonen ved Søgnesand.

På grunn av store inngrep meiner søkjaren det ikkje er aktuelt å byggje ut etter alternativ 1. Alternativ 3 reknar ein også med ikkje å vere aktuelt å byggje ut på grunn av høg utbyggingspris.

Olje- og energidepartementet meiner utbyggingsalternativa 1 og 3 ikkje er aktuelle, og gjer i proposisjonen greie for dei to variantane av utbyggingsalternativ 2 og alternativ 4.

NVE si vurdering og tilråding

NVE meiner føringane i St.meld. nr. 37 (2000-2001) om vasskrafta og kraftbalansen og Sem-erklæringa om auka vektlegging av miljøomsyn i den framtidige forvaltninga av vassdragsressursane tilseier eit endra syn på dei vurderingane ein gjorde i samband med handsaminga av prosjektet i Samla Plan og opprettinga av Jostedalsbreen nasjonalpark.

På denne bakgrunnen vil NVE ikkje gå inn for at det vert gitt konsesjon til det prosjektet det er søkt om. Ut ifrå behovet for å sikre kraft og effekttilgang finn NVE det viktig å peike på behovet for ei politisk vurdering av vektlegginga av miljøomsyn i høve til behovet for ny kraft. Dersom det vert gitt konsesjon tilrår NVE at det vert gitt løyve til utbygging etter alternativ 2.

Departementet si vurdering og forslag til utbyggingsalternativ

Olje- og energidepartementet viser til at det prosjektet det er søkt om inneber relativt små fysiske inngrep i høve til mengda energi som blir produsert, men vil få verknad på inngrepsfrie område som ligg i nærleiken av og til dels innanfor Jostedalsbreen nasjonalpark.

Departementet meiner at dei største negative konsekvensane ved det prosjektet det er søkt om knyter seg til inngrepa ved Trollavatnet og i Søgnesandsdalen, og den reduserte vassføringa i Sægrova, Lundeelva og Søgnesandselva.

Olje- og energidepartementet kan ikkje sjå at omsynet til Jostedalsbreen nasjonalpark kan vere av avgjerande verdi for om konsesjon skal gjevast.

Olje- og energidepartementet meiner fordelane ved ei regulering av Trollavatnet og Langevatnet, overføring av bekkeinntak det er søkt om og bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk i samsvar med alternativ 2 utan tilkomst i Søgnesandsdalen, overstig skadar og ulemper for ålmenne og private interesser i vassdraget. Ei slik løysing er i samsvar med NVE si subsidiære tilråding.

Olje- og energidepartementet tilrår at det vert gitt nødvendig løyve etter vassdragsreguleringslova for reguleringar og overføringar, løyve etter industrikonsesjonslova for erverv av fallrettar, løyve etter vassressurslova til bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk og løyve etter oreigningslova til å ekspropriere nødvendig grunn og rettar til bygging av kraftverket.

I løyva etter vassdragsreguleringslova inngår også løyve etter forureiningslova § 11 og løyve til ekspropriasjon til nødvendig grunn og rettar for gjennomføring av reguleringar og overføringar etter vassdragsreguleringslova § 16 nr. 1.

Det vert vidare teke sikte på at nødvendige justeringar av grensa for Jostedalsbreen nasjonalpark som følgje av utbygginga vil blir gjort samstundes med at Kongen i statsråd fattar vedtak i konsesjonssaka.

Regjeringa legg til grunn at grensejusteringane ikkje skal føre til større reduksjonar av arealet for nasjonalparken enn nødvendig som følgje av kraftutbygginga. Den nye grensa vil bli trekt slik at ho går rett ovanfor bekkeinntaka, og slik at Trollavatnet ved HRV vil liggje utanfor nasjonalparken. Ein reknar med at nasjonalparken som følgje av dette vil bli redusert med om lag 1,5 km2.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sylvia Brustad, Mette Gundersen og Knut Werner Hansen, frå Høgre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, frå Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingmar Ljones og leiaren Bror Yngve Rahm, og frå Senterpartiet, Inger S. Enger, viser til St.prp. nr. 32 (2003-2004) Om kraftutbygging ved Kjøsnesfjorden.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, ser verdien av å få kraftutbygging ved Kjøsnesfjorden som vil kunna gi 229 GWh ny fornybar energi. Det vil vera eit viktig tilskot til kraftforsyninga både lokalt og nasjonalt, og det vil vera av stor betydning for utbyggjar, lokalsamfunnet generelt og for kommuneøkonomien i Jølster kommune.

Fleirtalet har merka seg at utbyggingsplanane for kraftverket har hatt brei politisk tilslutnad både i Jølster kommune og i fylkeskommunen. Fleirtalet har også merka seg innvendingane som er komne mot m.a. inngrepa ved Trollavatnet, redusert vassføring i Sægrova, Lundeelva og Søgnesandselva og vegframføringa i Søgnesandsdalen.

Fleirtalet viser til at det som ein del av vilkåra for å kunna realisera utbygginga, er stilt krav om minstevassføring i dei aktuelle vassdraga.

Fleirtalet viser vidare til at utbyggjar har fremja eit justert alternativ 2 der vegen i Søgnesandsdalen er teken ut. Anleggsvegen vert i staden lagt i tunnel, sjølv om dette vil føra til at utbyggingskostnadene vert høgare enn i den opphavelege søknaden. Opplevinga av landskapsbilete der turløypa går opp gjennom Søgnesandsdalendalen, vil etter det justerte alternativ 2 ikkje verta skipla som følgje av vegutbygging.

Då Jølster kommune gav fråsegn i utbyggingssaka, vart det m.a. kravd at anleggsvegane som skulle byggjast i tilknyting til utbygginga, måtte haldast opne for allmenn ferdsel etter at anleggsarbeidet var avslutta. I og med at utbyggjar har teke vegutbygginga i Søgnesandsdalen ut av prosjektet i det justerte alternativ 2, er føresetnadene for kravet om å halda anleggsvegane opne etter at kraftverket er sett i drift, endra.

Fleirtalet viser til brev dagsett 17. desember 2003 frå Jølster Reiseliv og Service der det går fram at det ville vore positivt for reiselivet om det kunne byggjast anleggsveg i tunnel til Trollavatnet som kunne brukast av reiselivsnæringa etter at utbygginga var avslutta. Skilnadene i kostnader på dei to tunnelalternativa som er utgreidde i den justerte søknaden frå utbyggjar dagsett 7. mai 2003, er berekna til å vera om lag 45 mill. kroner. Fleirtalet har forståing for at det i den justerte søknaden frå utbyggjar ikkje har vore grunnlag for å gå nærare inn på ei eventuell felles finansiering av det dyraste tunnelalternativet mellom Lunde og Trollavatnet.

Fleirtalet er samd i at utbyggjar vert pålagt å betala årlege konsesjonsavgifter og å setja av midlar til næringsfond i Jølster kommune.

Fleirtalet viser til at deponiet på Lunde vil verta større i det justerte alt. 2 enn i det opphavelege alt. 2. Tunnelmassane representerer ein ressurs som vil verta til rådvelde for kommunen. Fleirtalet er tilfreds med at deponiet skal plantast til, og at eventuelt uttak av stein skal skje på ein slik måte at det ikkje vil representera vesentleg skjemmande sår i landskapet.

Fleirtalet vil framheva verdien av at utbygginga vil eliminera flaumskadar i Sægrova og Søgnesanselva. Den flaumdempande effekten av utbygginga vil vera svært verdfull for dei som opplever flaum i elvane som ein fåre for liv og helse og som eit trugsmål mot bygningar, jordbruksområde, bruer og vegar.

Fleirtalet har merka seg at då vedtaket om opprettinga av Jostedalsbreen nasjonalpark vart gjort, var det ein klår føresetnad at nasjonalparken ikkje skulle vera til hinder for kraftutbygging i Kjøsnesfjorden. Fleirtalet legg til grunn at grensereguleringane som må følgja av utbygginga, ikkje fører til større inngrep i nasjonalparken enn det som er nødvendig.

Etter fleirtalet si vurdering vil utbygging etter det justerte alt. 2 føra med seg relativt små inngrep sett i høve til mengda energi som vil bli produsert.

Fleirtalet er samd i at føremonane med utbygginga er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser i utbyggingsområdet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartietvil vise til den vanskelige situasjonen man har med stort underskudd på kraft i det norske og nordiske kraftmarkedet selv i såkalte normalår. Dette har sin bakgrunn i at man politisk har grepet aktivt inn på tilbudssiden i kraftmarkedet og hindret en nødvendig produksjonsøkning. Til tross for mangeårige advarsler fra vår fremste ekspertise på området, har det politiske flertall vendt det døve øret til og stoppet en rekke nødvendige kraftutbyggingsprosjekter. Resultatet av dette fikk vi merke i fjor vinter med skyhøye priser og fare for utkobling og rasjonering.

Disse medlemmerer tilfreds med at dette utbyggingsprosjektet ser ut til å få den nødvendige politiske støtte både i regjering og storting. Disse medlemmervil, med utbyggingssaken i Saudavassdraget friskt i minnet, likevel påpeke Regjeringens inkonsekvens i slike saker. I Saudavassdraget var det bortimot ingen naturinngrep av betydning og en positiv innstilling fra vår fremste faginstans NVE. I denne sak finnes det noe naturinngrep, riktignok av begrenset omfang, og en negativ innstilling fra NVE.

Disse medlemmervil videre vise til at Fremskrittspartiet i slike saker har lagt stor vekt på NVEs innstillinger. I denne sak har NVE imidlertid lagt til grunn politiske føringer fra Stortingets behandling av St.meld. nr. 37 (2000-2001) om vannkraften og kraftbalansen samt Sem-erklæringen i sin innstilling. NVE sier videre at "det er viktig å påpeke behovet for en politisk vurdering av vektleggingen av behovet for ny kraft i forhold til miljøhensyn". Disse medlemmer vil vise til den tidligere nevnte stortingsmelding om vannkraften og kraftbalansen, og minne om at Fremskrittspartiet ikke støttet flertallsinnstillingen, men tok til orde for ytterligere vannkraftutbygginger der dette ikke medførte alvorlige inngrep i naturen.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti vil peike på kva NVE i sin innstilling seier om ei utbygging i Kjøsnesfjorden, jf. St.prp. nr. 32 (2003-2004), side 15:

"I St.meld. nr. 37 er det framheva at det skal leggast auka vekt på miljøomsyn i den framtidige forvaltningen av vasskraftressursane, og at ein skal seie nei til nye store prosjekt der ein grip inn i urørt natur som er viktig for miljøet. Dette er ytterlegare skjerpa i Sem-erklæringa som legg opp til ei restriktiv haldning til vidare vassdragsutbygging, og at ein let dei aller fleste vassdrag som står igjen forbli urørt. Dette tilsier ei vesentleg endring i føringane sidan nasjonalparken blei etablert og prosjektet vurdert i Samla plan. Med bakgrunn i dette meinar NVE at ein utbygging ikkje bør aksepterast."

Desse medlemene ser positivt på at faginstansen har tatt dei åpenbare føringane som er å finne i ulike politiske dokument.

Om inngrepa i mellom anna nasjonalparken, viser desse medlemene til NVE, som skriv følgjande i St.prp. nr. 32 (2003-2004), side 13:

"NVE legg vekt på at inngrepa vil føregå så vel innanfor som i nærområdet til ein nasjonalpark med nasjonal og internasjonal merksemd. Fleire bekkeinntak er planlagt innanfor nasjonalparken og vil krevje grensejusteringar. I tillegg vil inngrepa i og rundt Trollavatnet og Langevatnet, som ligg tett opp til grensa til nasjonalparken, føre til ulemper i høve til nasjonalparken og friluftslivsinteressene.

I St.meld. nr. 37 er det framheva at det skal leggast auka vekt på miljøomsyn i den framtidige forvaltninga av vasskraftressursane, og at ein skal seie nei til nye store prosjekt der ein grip inn i urørt natur som er viktig for miljøet. Dette er ytterlegare skjerpa i Sem-erklæringa som legg opp til ei restriktiv haldning til vidare vassdragsutbygging, og at ein let dei aller fleste vassdrag som står igjen forbli urørt. Dette tilseier ei vesentleg endring i føringane sidan nasjonalparken blei etablert og prosjektet vurdert i Samla plan. Med bakgrunn i dette meinar NVE at ei utbygging ikkje bør aksepterast."

Desse medlemene seier seg samd i NVE si vurdering, også på dette punkt, men vil i tillegg vise til at inngrepa i nasjonalparken også kan skape presedens for andre prosjekt, som ønskjer å gå inn i nasjonalparkar og verna område.

Desse medlemene viser til at ei samla miljørørsle, inklusive turistforeining og turlag, er imot utbygginga. Også i reiselivsbransjen er mange kritiske og imot. Og sett i lys av at utbygginga gjev i underkant av 0,2 pst. auke i kraftproduksjonen, spelar ikkje utbygginga nokon rolle i høve til kraftbalansen. Til dømes kan prosessindustrien, ifølgje PIL og ENOVA, spare 5,3 TwH med enkle tiltak. Desse enkle tiltaka tilsvarar altså det same som om lag 25 Kjøsnesutbyggingar.

Desse medlemeneer opptekne av å husholdere med den strømmen me bruker i dag, og fremjar difor fylgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa om å lage ei tiltakspakke som kan realisere det energisparepotensial på 5,3 TwH i prosessindustrien, som PIL og ENOVA har peikt på."

Forslag frå mindretal

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:

Stortinget ber Regjeringa om å lage ei tiltakspakke som kan realisere det energisparepotensial på 5,3 TwH i prosessindustrien, som PIL og ENOVA har peikt på.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjera slikt

vedtak:

I

Stortinget samtykkjer i at Kongen gir Kjøsnesfjorden Kraftverk AS løyve til regulering av Trollavatnet og Langevatnet og til overføring av diverse bekkeinntak for bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk på dei vilkåra som det er gjort greie for i St.prp. nr. 32 (2003-2004).

II

Stortinget samtykkjer i at Kongen gir Kjøsnesfjorden Kraftverk AS løyve til erverv av fallrettar i Jølstervassdraget for bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 3. mars 2004

Bror Yngve Rahm

leiar

Ingmar Ljones

ordførar