Innstilling frå næringskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/58/EF med omsyn til krav om offentleg innsyn for visse selskapsformer

Til Stortinget

Samandrag

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2004 av 23. april 2004 vart vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala endra. Endringa omfatta innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/58/EF av 15. juli 2003 om endring av rådsdirektiv 68/151/EØF med omsyn til krav om offentleg innsyn for visse selskapsformer. Endringa vert gjord ved at det i vedlegg XXII nr. 1 vert lagt til eit nytt strekpunkt som viser til det nye direktivet.

Føremålet med direktivet er å lette og effektivisere innsendinga av og tilgangen til opplysningar om selskap, og direktivet tek sikte på å forenkle dei formalitetane rundt offentleg innsyn som selskap vert pålagde. Dette føremålet skal nåast gjennom betre tilgang til bruk av elektronisk kommunikasjon. Bakgrunnen for direktivet er eit mål som vart fastsett av Kommisjonen i oktober 1998, om forenklingar av den lovgjevinga som er knytt til den indre marknaden.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om Stortinget sitt samtykke, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovvedtak. Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/58/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Selskap kan i medhald av direktivet velje om dei vil levere inn pliktige dokument og opplysningar i papirform eller elektronisk form. Dei partane som det gjeld, skal kunne få kopi av dokument og opplysningar i registeret både i papirform og i elektronisk form. Dette medfører at medlemsstatane vert pålagde å konvertere alle dokument og opplysningar som vert sende inn i papirform, til elektronisk form. Tilgangen til opplysningar om selskap på tvers av landegrensene skal betrast ved å tillate frivillig registrering av dokument og opplysningar også på andre språk enn norsk. Tredjemann som handlar i god tru, skal kunne vise til desse omsetjingane.

Direktivet gjer det naudsynt med mindre endringar i føretaksregisterlova og tilhøyrande forskrifter. Endringane vil i hovudsak omfatte den plikta det offentlege har til å tilby aktuelle opplysningar og dokument elektronisk, det høvet dei næringsdrivande har til å nytte elektronisk registrering og til å levere inn opplysningar og dokument på andre språk enn norsk, og den plikta dei næringsdrivande har etter direktivet til å gje opplysningar om selskapet på heimesidene til selskapet.

Ei gjennomføring av direktivet vil gjere det naudsynt med endringar i delar av dei tekniske løysingane ved Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret, mellom anna må løysingar for elektroniske signaturar kome på plass. Alt i dag vert det arbeidd aktivt med å utvikle generelle løysingar for dette. Gjennomføringa av direktivet vil ikkje ha budsjettmessige konsekvensar for inneverande år.

For dei næringsdrivande vil det kunne innebere visse kostnader å gjennomføre dei opplysningspliktene som direktivet pålegg. Eventuelle kostnader vil vere ei eingongsutgift. Ei gjennomføring av føresegnene i direktivet vil forenkle pliktene til næringslivet og vil kunne verke stimulerande for transaksjonar og kontakt mellom næringsdrivande over landegrensene.

Nærings- og handelsdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/58/EF om endring av rådsdirektiv 68/151/EØF med omsyn til krav om offentleg innsyn for visse selskapsformer. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad og Einar Steensnæs, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til at direktivets formål er å lette og effektivisere innsendinga av og tilgangen til opplysningar om selskap, og at direktivet tek sikte på å forenkle dei formalitetane rundt offentlege innsyn som selskapa vert pålagde.

Endringane i tilhøve til norsk rett vil i hovudsak omfatte den plikta det offentlege har til å tilby aktuelle opplysningar og dokument elektronisk, og den plikta dei næringsdrivande har etter direktivet til å gje opplysningar om selskapet på heimesidene til selskapet.

Komiteen viser også til at direktivet gjer det naudsynt med endringar i delar av dei tekniske løysingane ved Føretaksregistret og Rekneskapsregistret. Gjennomføringa vil ikkje ha budsjettmessige konsekvensar for inneverande år.

Komiteen er einig med Regjeringa i at direktivet vil forenkle pliktene til næringslivet, med dei fordelane det vil kunne gje. Komiteen har også merka seg at framlegga om tilgang til elektronisk registrering og om elektronisk kunngjering i hovudsak er gjennomført eller er i gjennomføringsfasen.

Uttale frå utanrikskomiteen

Komiteen sitt utkast til innstilling vart sendt til utanrikskomiteen til uttale 9. november 2004. Utanrikskomiteen uttaler følgjande i sitt brev av 10. november 2004:

"Utenrikskomiteen har ikke merknader til foreløpig innstilling vedrørende ovennevnte."

Tilråding frå komiteen

Tilråding frå komiteen vert fremja av ein samla komité.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/58/EF med omsyn til krav om offentleg innsyn for visse selskapsformer.

Oslo, i næringskomiteen, den 16. november 2004

Olav Akselsen

leiar

Aud Gaundal

ordførar