Fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing vart etablert for å styrke det europeiske samarbeidet med omsyn til å redusere risiko og skade på menneske, miljø og eigedom ved naturkatastrofar og teknologiske katastrofar. Programmet vart vedteke for perioden 2000-2004, men vart lengt til og med 2006 ved rådsvedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004.
EU evaluerer for tida arbeidet innanfor sivil katastrofevernebuing. Dette kan kome til å resultere i at eit nytt handlingsprogram på feltet vert vedteke for perioden 2007-2013. På bakgrunn av dette, og ettersom det eksisterande handlingsprogrammet gjekk ut 31. desember 2004, har EU sett det naudsynt å lengje handlingsprogrammet med to år, utan at innhaldet og intensjonane i programmet vert endra.
Noreg har teke del i EU sitt handlingsprogram for katastrofevernebuing sidan programmet vart etablert i 1998. St.prp. nr. 45 (1999-2000) stadfesta Noreg si deltaking i programmet til og med 2004. Norsk deltaking i lenginga av handlingsprogrammet fører med seg ei plikt til løyving av midlar over to år (2005 og 2006) på om lag 680 000 NOK. Stortinget sitt samtykke er difor naudsynt etter Grunnlova § 26, andre leddet.
Ettersom lenginga gjeld allereie frå 2005, er det viktig med ein så rask avgjerdsprosedyre som mogleg. For å få dette til er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.
Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av rådsavgjerd nr. 2005/12/EF følgjer som vedlegg til proposisjonen.
Katastrofevernebuing er eit eige handlingsprogram der
også EØS-EFTA-statane tek del. Føremålet
med handlingsprogrammet er å styrkje det europeiske samarbeidet
innanfor katastrofevernebuing, og målgruppa er institusjonar
med eit eige ansvar. Det vert lagt vekt på følgjande
hovudområde:
– å støtte
arbeidet til medlemsstatane for å redusere risiko og skade
på menneske, miljø og eigedom i tilfelle av naturkatastrofar
eller teknologiske katastrofar,
– å støtte tiltak
som auker katastrofevernebuingsnivået blant medlemsstatane,
slik at dei har betre evne og høve til å respondere
i ein krisesituasjon,
– å betre metodane og
teknikkane for handtering av kriser,
– å støtte opp
om offentleg informasjon, utdanning og medvitsaukande tiltak, slik
at innbyggjarane i EU-området meir effektivt kan verne
seg sjølve.
I samband med programmet har det vorte utarbeidd ein
treårig rullerande plan for konkrete prosjekt. Eit styringsutval
vedtek planen og reviderer han årleg på bakgrunn
av framlegg frå deltakarstatane. I styringsutvalet er det
frå norsk side representasjon frå Direktoratet
for samfunnstryggleik og beredskap. Noreg har ikkje stemmerett i
utvalet. Dei same styringsprinsippa vil liggje til grunn for lenginga
av programmet.
Kommisjonen finansierer store delar av prosjekta
og i hovudsak deltakinga til sakkunnige frå andre statar. Dette
prinsippet vart innført ved handlingsprogrammet for 1998-1999,
vidareført til det femårige programmet og vil
også gjelde for lenginga av programmet i 2005-2006. Til
no har dette prinsippet ført til at fleire norske fagstyresmakter
har teke del i aktivitetar som seminar og øvingar, i tillegg
til å hjelpe andre EØS-EFTA-statar med å organisere
prosjekt.
For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga
av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS-EFTA-statane å ta
del i programmet så tidleg som råd i lengingsperioden,
ber Regjeringa om Stortinget sitt samtykke før avgjerda
vert teken i EØS-komiteen. Det vil då ikkje vere
naudsynt for Noreg å ta atterhald om konstitusjonelle tilhøve
i avgjerda i EØS-komiteen.
Det er ikkje venta at det vil kome endringar
i utkastet til avgjerda i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda
ikkje i det alt vesentlege er i samsvar med det utkastet som er
lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget
på nytt. Ein tek sikte på avgjerd i EØS-komiteen
i løpet av våren 2005.
Med sikte på deltakinga til EØS-EFTA-statane
i lenginga av EU sitt program for katastrofevernebuing vil avgjerda
i EØS-komiteen innehalde ei innleiing og tre artiklar.
I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala,
som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga
til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at protokoll 31
får ei tilføying om at samarbeidet vert utvida
til òg å omfatte rådsvedtak nr. 2005/12/EF
av 20. desember 2004.
Artikkel 2 føreset at avgjerda tek
til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke
alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda i
EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga
av og EØS-tillegget til Tidend for
Den europeiske unionen.
Den finansielle ramma for denne toårige
lenginga av programmet er på 4 millionar euro, dvs. gjennomsnittleg
2 millionar euro per år. Det er lagt opp til at EØS-EFTA-statane
sitt bidrag vil utgjere 2,11 pst. av det totale budsjettet. Dette
vil seie at tilskotet frå EØS-EFTA-statane vil
vere på om lag 84 400 euro over to år. Med ein
eurokurs på 8,5 vil dette utgjere om lag 717 400 kroner
over to år. Noreg sin del (95 pst. av tilskotet frå EØS-EFTA-statane)
følgjer av den vanlege fordelingsnøkkelen i EØS-avtala
og vil vere på om lag 681 530 kroner, dvs. om lag 340 765
kroner per år.
Tilskotet frå Noreg vil verte finansiert
over budsjettet til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap innanfor
eksisterande budsjettrammer (budsjettpost 1, kapittel 451).
Deltakinga i programmet får ingen nemnande
administrative konsekvensar, og krev heller ikkje endringar i lover
eller forskrifter.
Samarbeidet innanfor handlingsprogrammet skapar ein
viktig arena for utveksling av sakkunnige, røynsler og
informasjon om katastrofevernebuing på tvers av landegrensene.
Ut frå varierande føresetnader vil ulike statar
ha røynsler rundt særskilte krisescenario som
er av interesse for andre statar. For Noreg er det til dømes av
interesse at fleire land i Europa har handtert flaum dei siste åra,
og at Danmark og Nederland har hatt røynsler med større
eksplosjonar og brannar i samband med oppbevaring av fyrverkeri.
Gjennom prosjekt kan sakkunnige på alle nivå ta
del i internasjonalt samarbeid innanfor fagfelta sine.
Gjennom å halde fram med norsk deltaking
i programmet vil ein betre kunne halde ved lag dei samarbeidsmønstra
som er skipa for informasjonsutveksling, og dessutan ha eit godt
høve til å skape nye. Deltaking i programmet inneber
vidare at relevante fagmiljø i Noreg får høve
til å utarbeide kompetansehevande aktivitetar i regi av
programmet.
Målet i programmet om å medverke
til å redusere risiko og skade for menneske, miljø og
eigedom både på lokalt, regionalt og sentralt
plan, er i tråd med dei satsingsområda for den
norske katastrofevernebuinga som vart lagde fram i St.meld. nr.
39 (2003-2004) og St.meld. nr. 17 (2001-2002). Her går
det mellom anna fram at dei internasjonale sidene ved samfunnstryggleiken
skal verte prioriterte i tida framover. Deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet
for katastrofevernebuing vil såleis vere i tråd
med norske interesser og ha grunnlag i nasjonale prioriteringar.
Justisdepartementet tilrår difor at Noreg tek del i ei
avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala
av vedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004
om endring av vedtak nr. 1999/847/EF med omsyn
til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Gunnar Halvorsen, lederen Marit Nybakk og Rita Tveiten, fra Høyre, Bjørn
Hernæs og Åge Konradsen, fra Fremskrittspartiet,
Per Roar Bredvold og Per Ove Width, fra Sosialistisk Venstreparti,
Kjetil Bjørklund, fra Kristelig Folkeparti, Åse
Wisløff Nilssen, og fra Senterpartiet, Marit Arnstad,
har merket seg Rådsvedtak av 20. desember 2004 om endring
av vedtak 1999/847/EF for å forlenge
handlingsprogrammet for katastrofeberedskap til og med 2006. Videre
har komiteen merket seg at saken ikke har vært
til behandling i EØS-komiteen ennå.
Norsk deltakelse videre i programmet medfører
en plikt til bevilgninger over to år (2005 og 2006) på om lag
680 000 NOK. Det vil bli finansiert innenfor eksisterende budsjettrammer
i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).
Komiteen viser til at Norge har
deltatt i EUs handlingsprogram for katastrofeberedskap siden programmet
ble etablert i 1998. Innst. S. nr. 191 (1999-2000), jf. St.prp.
nr. 45 (1999-2000), stadfestet Norges deltakelse i programmet til
og med 2004.
Komiteen har merket seg at målet
for programmet er å medvirke til å redusere risiko
og skade for mennesker, miljø og eiendom både
lokalt, regionalt og sentralt. Det er i tråd med satsingsområdene
for den norske katastrofeberedskapen. Komiteen viser
til behandlingen av Innst. S. nr. 9 (2002-2003), jf. St.meld. nr.
17 (2001-2002) Samfunnssikkerhet - veien til et mindre sårbart
samfunn, og til Innst. S. nr. 49 (2004-2005), jf. St.meld. nr. 39
(2003-2004) Samfunnssikkerhet og sivilt-militært samarbeid.
Komiteen viser til visjonen om
et trygt og robust samfunn som avverger trusler og overvinner kriser, samt
følgende merknad i Innst. S. nr. 49 (2004-2005):
"Komiteen vil understreke at i dagens sikkerhetspolitiske
situasjon er det avgjørende for samarbeid både nasjonalt
og internasjonalt å møte de nye sikkerhetsutfordringene
det sivile samfunn står overfor."
Komiteen har merket seg at Direktoratet
for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) er representert i styringsutvalget.
Videre viser komiteen til at flere norske fagetater
har deltatt på seminar og øvelser og i tillegg
hjulpet andre EØS-EFTA-land med å organisere prosjekt.
Utkast til innstilling har vært forelagt utenrikskomiteen som i brev av 12. mai 2005 opplyser følgende:
Utenrikskomiteen viser til forsvarskomiteens utkast til innstilling datert 10. mai 2005 vedrørende St.prp. nr. 51 (2004-2005). Utenrikskomiteens medlemmer slutter seg til forsvarskomiteens innstilling og merknader til St.prp. nr. 51 (2004-2005) og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen har ingen andre merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget gjev sitt samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av vedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004 om endring av vedtak nr. 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing.
Oslo, i forsvarskomiteen, den 12. mai 2005
Marit Nybakk
leder |
Åse Wisløff Nilssen
ordførar |