Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om løyve til overføring av vatn gjennom bygging av ein tunnel mellom Breidalsvatnet og Raudalsvatnet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 218 (2004-2005)
  • Kjeldedokument: St.prp. nr. 49 (2004-2005)
  • Dato: 01.06.2005
  • Utgjevar: Energi- og miljøkomiteen
  • Sidetal: 3

Til Stortinget

Sammendrag

Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram forslag om å gje løyve til å føre vatn mellom Breidalsvatnet og Raudalsvatnet i Øvre Ottavassdraget i Skjåk kommune i Oppland.

Departementet viser til at Opplandskraft DA og Tafjord kraftselskap AS ved kongeleg resolusjon 8. juni 2001 fekk konsesjon til å byggje Framruste og Øyberget kraftverk i Skjåk kommune. Konsesjonen vart gjeven med bakgrunn i ein planendringssøknad i samband med den saka som vart handsama i Stortinget i juni 1999, jf. St.meld. nr. 50 (1997-1998) og Innst. S. nr. 200 (1998-1999).

Kraftverka er planlagt gjort ferdige i 2005. Ei overføring av vatn frå Breidalsmagasinet til Raudalsmagasinet via tunnel vil gjere det mogleg å nytte Breidalsmagasinet og i Framruste kraftverk. Prosjektet vil gje om lag 125 GWh/år ny kraft. Overføringa vil gje om lag 20 000 innvunne naturhestekrefter (nat.hk.). I tillegg til betre utnytting av vassressursen vil overføringa medverka til ei litt forbetra flaumdemping i Ottadalføret.

Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB) har søkt om løyve til å overføre vatn mellom to magasin som har vore regulert for kraftproduksjon sidan tidleg på 1940-talet i Skjåk kommune i Oppland. Overføringa føreset tidvis pumping av vatnet frå Breidalsvatnet som følgje av innbyrdes ulike kotehøgder for høgaste og lågaste regulerte vasstand (HRV og LRV) i dei to magasina. Det omsøkte prosjektet gjer det ikkje naudsynt med endring av eksisterande reguleringskonsesjonar for Breidalsvatnet og Raudalsvatnet.

Skjåk kommune vil få økonomisk kompensasjon gjennom konsesjonsavgifter og konsesjonskraft. I tillegg vil utbygginga gje kommunen inntekter frå anna skattlegging av kraftverk gjennom til dømes naturressursskatt og eigedomsskatt. Prosjektet vil og gje lokale arbeidsplassar i anleggsperioden.

NVE si innstilling dagsett 21. desember 2004 er inntatt og omtala i proposisjonen. Basert på den tekniske og økonomiske løysinga meinar NVE at prosjektet ligg innanfor ei samfunnsøkonomisk akseptabel ramme, og at prosjektet vil gje eit brukbart energitilskot med moderate naturinngrep.

Overføringa som no blir fremja er etter departementet sitt syn ikkje i strid med handsaminga av Øvre Otta i 1999. Det vises til at overføringa er avgrensa til tapping av vatn mellom magasina i Breidalen og Raudalen utan inntak av elvar, og den er eit tiltak med vesentleg mindre inngrep og anna teknisk løysing enn tunnelalternativet som vart handsama i 1999. Dei elvene som var omfatta av den tidlegare søknaden er alle verna gjennom handsaminga i Stortinget 18. februar 2005, jf. St.prp. nr. 75 (2003-2004) Supplering av verneplan for vassdrag, og Innst. S. nr. 116 (2004-2005).

Tiltaket ligg innanfor ramma av utbyggingsalternativ VA som vart plassert i Samla plan kategori I, og som difor kan konsesjonshandsamast. Departementet viser til at overføringa vil gje ein brutto årleg gjennomsnittleg produksjonsauke på om lag 130 GWh. Med pumping som vil krevje om lag 5 GWh, blir netto tilførsel til energisystemet om lag 125 GWh pr. år.

Etter ein heilskapleg vurdering av søknaden, finn Olje- og energidepartementet at nytten og fordelane er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser. Kravet etter § 8 i vassdragsreguleringslova er dermed oppfylt, og Olje- og energidepartementet rår til at GLB får konsesjon etter vassdrags-reguleringslova for overføring av vatn frå Breidalsvatnet til Raudalsvatnet slik det er søkt om.

I løyvet etter vassdragsreguleringslova inngår og løyve etter lova om forureining § 11 og løyve til oreigning av naudsynt grunn og rettighetar for å gjennomføre overføringa etter vassdragsreguleringslova § 16 nr. 1.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Grethe G. Fossum, Rolf Terje Klungland og Synnøve Konglevoll, fra Høyre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, fra Fremskrittspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Jørund Leknes, fra Kristelig Folkeparti, Ingmar Ljones og lederen Bror Yngve Rahm, og fra Senterpartiet, Inger S. Enger, viser til at St.prp. nr. 49 (2004-2005) foreslår å gi Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB) konsesjon for bygging av overføringstunnel mellom Breidalsvatn og Raudalsvatn. Vann fra Breidalsmagasinet til Raudalsmagasinet via tunnel vil gjøre det mulig å utnytte Breidalsmagasinet også i Framruste kraftverk. Prosjektet er stipulert til å produsere 125 GWh/år.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, viser til at Opplandskraft DA og Tafjord kraftselskap AS ved kongeleg resolusjon 8. juni 2001 fekk konsesjon til å byggje Framruste og Øyberget kraftverk i Skjåk kommune. Konsesjonen vart gjeven med bakgrunn i ein planendringssøknad i samband med den saka som vart handsama i Stortinget i juni 1999, jf. St.meld. nr. 50 (1997-1998) og Innst. S. nr. 200 (1998-1999). Kraftverka er planlagt gjort ferdige i 2005. Fleirtalet viser til at vassdraget har vore regulert sidan 1940-tallet og at dei to kraftverka som er omtala saman med den overføringa det her er søkt om, vil føre til at eksisterande vasskraftstruktur vert nytta betre. Fleirtalet viser til at eit fleirtal i Stortinget gjennom handsaminga av Vasskraftmeldinga (St.meld. nr. 37 (2000-2001)) og Forsyningssikkerhetsmeldingen (St.meld. nr. 18 (2003-2004)) har uttala at dette er eit mål innafor energipolitikken.

Fleirtalet viser til at ei overføring av vatn frå Breidalsmagasinet til Raudalsmagasinet via tunnel vil gjere det mogleg å nytte Breidalsmagasinet og i Framruste kraftverk. Prosjektet vil gje om lag 125 GWh/år ny kraft. Overføringa vil gje om lag 20 000 innvunne naturhestekrefter (nat.hk.). I tillegg til betre utnytting av vassressursen, vil overføringa medverka til ei for­betra flaumdemping i Ottadalføret.

Fleirtalet er kjend med at overføringa føreset tidvis pumping av vatnet frå Breidalsvatnet som følgje av innbyrdes ulike kotehøgder for høgaste og lågaste regulerte vasstand (HRV og LRV) i dei to magasina. Det omsøkte prosjektet gjer det ikkje naudsynt med endring av eksisterande reguleringskonsesjonar for Breidalsvatnet og Raudalsvatnet. Fleirtalet har merka seg at tapping av vatn mellom magasina i Breidalen og Raudalen er eit vesentleg mindre inngrep med ei anna teknisk løysing enn tunnelalternativet som vart handsama i 1999.

Fleirtalet viser til at ved søknad om løyve til å føra vatn frå eit vatn til eit anna skal ulemper og føremoner vurderast opp mot kvarandre. Etter departementet si vurdering av søknaden finn departementet at nytten og fordelane er større enn skadane og ulempene for ålmenne og private interesser i denne saka. Fleirtalet er einig i dette.

Fleirtalet vil understreka at konsesjonæren i samsvar med forslag til vilkår for overføring av vatn mellom Breidalsvatnet og Raudalsvatnet pliktar å planleggje, utføre og vedlikehalde hovud- og hjelpeanlegg slik at det økologiske og landskapsarkitektoniske resultat blir best mogleg. Kommunen skal i tillegg ha høve til å uttala seg om planane for anleggsvegar, massetak og plassering av overskotsmassar.

Fleirtalet viser vidare til at konsesjonæren pliktar å skaffa seg varig råderett over tipper og andre område som trengst for å gjennomføre pålegg som blir gjevne i samband med denne utbygginga. Vidare pliktar konsesjonæren til å foreta ein forsvarleg opprydding av anleggsområda. Oppryddinga må være ferdig seinast 2 år etter at vedkommande anlegg eller del av anlegg er satt i drift.

Fleirtalet viser til at departementet skriv i St.prp. nr. 49 (2004-2005) athjelpeanlegg kan påleggast planlagt slik at dei seinare blir til varig nytte for ålmenta dersom det kan skje utan uforholdsmessig utgift eller ulempe for anlegget. Ansvar for hjelpeanlegg kan ikkje overdragast til andre utan NVE sitt samtykke.

Fleirtalet viser til den samrøystes tilslutninga frå lokalt og regionalt hald til overføringa. For regionen er dette eit viktig prosjekt som gir nye arbeidsplassar og auka inntekter til kommunen i form av bl.a. næringsfond og konsesjonsavgifter.

Fleirtalet viser vidare til Direktoratet for Naturforvaltning sine vurderingar av søknaden i proposisjonen, der dei uttalar at endra fyllingsmønster i magasina og den reduserte vassføringa vil føre til avgrensa skadeverknader for natur og miljø.

Fleirtalet viser òg til St.meld. nr. 18 (2003-2004), der det peikast på at det er naudsynt at konsesjonsstyresmaktene skaper påreknelege rammer i konsesjonsbehandlinga, slik at det stimulerast til å søkje om å gjennomføre opprustnings- og utbyggingsprosjekt i eksisterande vasskraftsstruktur.

Fleirtalet legger til grunn at den foreslåtte overføringstunnelen ikke er i strid med kompromisset i Øvre Otta-saken i 1999. Fleirtalet forutsetter at dette prosjektet er en optimalisering av eksisterende utbygninger, uten inntak av nye elver og med minimale naturinngrep.

Fleirtalet viser til manøvreringsreglementet og vil understreke at optimaliseringen ikke må føre til sterkere reduksjon i vannføring eller heving av magasiner enn det manøvreringsreglementet tilsier.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til den mangeårige handlingslammelse med manglende produksjonsøkning av kraft som gradvis har svekket vår forsyningssikkerhet, samt drevet strømprisen oppover og rammet både alminnelig forsyning og kraftforedlende industri.

Disse medlemmer viser i den forbindelse til behandlingen av Øvre Otta-utbyggingen i 1999, der utbyggingen av vassdraget ble halvert, og der Fremskrittspartiet også her stod helt alene om full utbygging i henhold til innstilling fra NVE.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti registrerer at den omsøkte overføringstunnelen var en del av Opplandskrafts søknad fra 1996, som ble behandlet og avvist av Stortinget i 1999 i forbindelse med avslaget på søknaden om full kraftutbygging i Øvre Otta (Innst. S. nr. 200 (1998-1999)). I St.prp. 49 (2004-2005) vises det til at overføringstunnelen er i tråd med Samla Plan-prosjektet Øvre Otta alt. VA. St. melding nr. 60 (1991-1992). Dette prosjektet er imidlertid identisk med det Stortinget avviste i 1999. Disse medlemmer viser til at det er betydelige økonomiske interesser og arbeidsplasser forbundet med friluftsliv og reiseliv i området. Turistnæringa er i klar vekst og utgjør ca. 20 pst. av sysselsettinga i Oppland. Det vil være svært uheldig dersom turistenes opplevelse blir et utbygd vassdrag i dette som skal bli et nasjonalparkrike med stor satsing på grønt reiseliv.

Disse medlemmer har merket seg at 530 000-550 000 m3 tunnelmasse skal plasseres i området i tillegg til de 500 000 m3 som allerede er plassert fra den pågående utbygginga. Disse medlemmer har videre merket seg at alle forslag til lokalisering av steintipper er kontroversielle (øverst i Raudalen, i Breidalen mellom den gamle riksvegen (nå nasjonal turistveg) og Breidalsvatnet eller oppfylling i Breidalsvatnet), og gir stygge landskapsinngrep. Disse medlemmer mener dette gjør prosjektet problematisk, og at det i slike tilfeller bør stilles strengere krav til prosjektering av mer skånsomme løsninger og ytterligere konsekvensutredninger med hensyn til friluftsliv og tilknyttet næringsaktivitet.

Disse medlemmer viser til at den omsøkte overføringstunnelen om vinteren vil redusere vannføringa på streknin­gen Breidalsvatn-Pollvatn med 80 pst. etter samløp med Måråi (fra 7,2 m3/sek til 1,6 m3/sek). Ved Pollfoss nesten 20 km lenger ned er reduksjonen på ca. 70 pst. (fra 9 m3/sek til 3,4 m3/sek). Om sommeren blir reduksjonen på ca. 50 pst. etter samløp med Måråi (fra 22,2 m3/sek til 12,6 m3/sek), og ved Pollfoss blir det en reduksjon på ca. 10 m3/sek.

Disse medlemmer mener en slik vesentlig reduksjon i vannføringa over en strekning på 20 km gir klart landskapsmessige virkninger, og dermed negative følger for naturopplevelse, friluftsliv og reiseliv. Det er foreslått en minstevassføring på 300 l/sek, og det er høyst usikkert om dette er tilstrekkelig for oppgang, gyting og oppvekst for fisken i Ottaelva. Måråi er ei breelv, og har dermed kaldt vann med mye breslam. Dette virker negativt på Otta - både ved å senke vanntemperaturen i elva og ved større relativt innslag av slamholdig vann. Begge deler vil virke negativt på gyting og oppvekst for fisk.

Disse medlemmer kan ikke se at det knappe seks år etter at dette prosjektet ble avvist som en del av Øvre Otta-utbyggingen, er grunnlag for å avvike hovedbegrunnelsen for å bevare vannføringa i hovedelva Otta mellom Breidalsvatn og Pollvatn, og i alle side­elvene med utløp i Øvre Otta.

Disse medlemmer avviser derfor å gi Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB) konsesjon for bygging av overføringstunnel mellom Breidalsvatn og Raudalsvatn.

Disse medlemmerfremmer i samsvar med dette forslaget om avvisning.

Komiteens medlem fra Senterpartiet viser til at utbygginga har hatt stor oppslutning fra lokalt hold, og at fylkesutvalget i Oppland den 22. juni 2004 enstemmig fatta slikt vedtak:

  • "1. Fylkesutvalget tilrår at planene fra Glommens og Laagens Brukseierforening om "Breidalsoverføringen" blir gjennomført.

  • 2. Fylkesutvalget anser at utbyggingen har små negative konsekvenser sammenlignet med nytten, som omfatter både en økning av kraftproduksjonen og positive ringvirkninger for regionalt næringsliv. Det er videre positivt at potensialet i tilknytning til eksisterende kraftanlegg nyttes, framfor å gjennomføre utbygginger i helt nye områder.

  • 3. Fylkesutvalget anser utredningsplikten som oppfylt ved de foreliggende planer, og de avbøtende tiltak som foreslås, anses som hensiktsmessige.

  • 4. Fylkesutvalget ber om at undersøkelsesplikten for kulturminner (kulturminnelova) blir oppfylt før det gis konsesjon."

Forslag fra mindretall

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:

Stortinget samtykkjer ikkje til at Glommens og Laagens Brukseierforening gis løyve til overføring av vatn gjennom bygging av ein tunnel mellom Breidalsvatnet og Raudalsvatnet.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykkjer til at Kongen skal gi Glommens og Laagens Brukseierforening løyve til overføring av vatn gjennom bygging av ein tunnel mellom Breidalsvatnet og Raudalsvatnet på dei vilkåra som det er gjort greie for i St.prp. nr. 49 (2004-2005).

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 1. juni 2005

Bror Yngve Rahm

leiar

Hallgeir H. Langeland

ordførar