Samandrag

Det blir i proposisjonen fremja forslag om å regulere grunnbeløpet i folketrygda og å auke dei løyvingane på statsbudsjettet for 2005 som blir påverka av reguleringa.

Det blir gjort greie for drøftingane mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg som blei haldne 24. og 25. mai 2005. Regjeringa og dei tre organisasjonane vart samde om å auke grunnbeløpet med 1 921 kroner frå 1. mai 2005.

Det blir uttala at staten i drøftingane har teke utgangspunkt i retningslinjene for regulering av pensjonistane sine inntekter som Stortinget vedtok 28. mai 2003, jf. Innst. S. nr. 223 (2002-2003).

Organisasjonane fremja eit krav om oppregulering av grunnbeløpet med 2 142 kroner frå 1. mai 2005 som innebar ei årslønsvekst for pensjonistane på 3,5 prosent. Statens tilbod på ein auke på 1 920 kroner innebar ei årslønsvekst for pensjonistane på 3,3 prosent.

Staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg vart samde om å auke folketrygdas grunnbeløp med 1 921 kroner til 60 699 kroner frå 1. mai 2005. Det gir ein vekst i grunnbeløpet på gjennomsnittleg 3,3 prosent frå 2004 til 2005.

Etter framlegget aukar pensjonane til einslege minstepensjonistar med 3 444 kroner per år til kr 108 852 per år. For ektepar der begge er minstepensjonistar, aukar pensjonen med 9 264 kroner per år til 199 512 kroner per. år. Utrekninga tek omsyn til at grunnpensjonen for ektepar og sambuande pensjonistar frå 1. mai 2005 auka frå 0,825 G til 0,85 G for kvar pensjonist.

Meirutgiftene ved framlegget vert på om lag 3 340 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonane, jf. St.prp. nr. 73 (2004-2005).

Tabellen nedanfor syner utviklinga i minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering.

Utvikling av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 1. januar 1990-30.april 2006. Kroner

Minstepensjon

Unge uføre fødde før 1941

Einslege

Ektepar

Per år

Per mnd

Per år

Per mnd

Per år

Per mnd

1.01.90-30.04.90

51 839

4 320

83 972

6 998

56 748

4 729

1.05.90-30.11.90

54 220

4 518

87 960

7 330

58 980

4 915

1.12.90-30.04.91

54 378

4 532

88 217

7 351

65 2901

5 4411

1.05.91-30.04.92

56 978

4 748

92 158

7 680

75 6882

6 3072

1.05.92-30.04.93

58 583

4 882

94 752

7 896

85 7753

7 1483

1.05.93-31.12.93

59 868

4 989

96 816

8 068

87 6484

7 3044

1.01.94-30.04.94

59 868

4 989

101 0885

8 4245

87 6484

7 3044

1.05.94-31.12.94

61 116

5 093

103 200

8 600

89 4844

7 4574

1.01.95-30.04.956

61 512

5 126

103 992

8 666

89 4844

7 4574

1.05.95-30.04.96

63 372

5 281

107 136

8 928

92 184

7 682

1.05.96-30.04.97

66 240

5 520

111 984

9 332

96 360

8 030

1.05.97-30.04.987

69 360

5 780

117 456

9 788

105 672

8 8018

1.05.98-30.04.999

81 360

6 780

140 040

11 670

112 752

9 396

1.05.99-30.04.00

84 204

7 017

144 912

12 076

116 676

9 723

1.05.00-30.04.01

88 032

7 336

151 512

12 626

121 992

10 166

1.05.01-30.04.02

92 100

7 675

158 520

13 210

127 632

10 636

1.05.02-30.04.03

97 140

8 095

167 208

13 934

134 616

11 218

1.05.03-30.04.04

101 964

8 497

181 20010

15 100

141 300

11 775

1.05.04-30.04.05

105 408

8 784

190 24811

15 854

146 064

12 172

1.05.05-30.04.06

108 852

9 071

199 51212

16 626

150 840

12 570

1 Frå 1.1.1991.

2 Frå 1.1.1992.

3 Frå 1.1.1993 (Pga. hevinga av aldersgrensa).

4 Fødde før 1943 (1.1.26-31.12.42).

5 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 01.01.94. Ny sats 2x60,5 prosent av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

6 Heving av særtilleggssatsen frå 01.01.95. Ordinær sats utgjorde 61,55 prosent av grunnbeløpet.

7 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.97. Ordinær sats utgjer 63,2 prosent av grunnbeløpet (minstesats 57,5 prosent).

8 Auking av garantert poengtall frå 3 til 3,3.

9 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.98. Ordinær sats utgjer 79,33 prosent av grunnbeløpet, medan minstesats utgjer 74 prosent av grunnbeløpet.

10 Grunnpensjonen for ektepar auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003.

11 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,825 G frå 1. mai 2004.

12 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,85 G frå 1. mai 2005.

Kjelde: Rikstrygdeverket

Grunnbeløpet og pensjonen for einslege minstepensjonistar auka med 3,89 prosent frå 2003 til 2004. For ektepar og sambuande pensjonistar med minstepensjon var auken 6,1 prosent. Lønsveksten for lønstakarar i alt var 3,6 prosent frå 2003 til 2004.

Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane for pensjonistar som i 2005 i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Reguleringa har òg konsekvensar for krigspensjoneringa, og for 2005 blir det rekna med meirutgifter på 6 mill. kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og på 13 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Krigspensjonane blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om at løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 19 mill. kroner for 2005.

På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666 post 70) aukar med 17 mill. kroner, og at løyvinga til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70) aukar med 14 mill. kroner.