Helse- og omsorgsdepartementet gjer i proposisjonen
framlegg om endring av løyvingane for 2006 under kap. 2711
post 70 Refusjon spesialisthjelp og post 71 Refusjon psykologhjelp,
under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning
fysioterapeutar, post 70 Refusjon allmennlegehjelp og post 71 Refusjon
fysioterapi og under kap. 732 Regionale helseforetak, postane 71-75.
Auken på i alt 189 mill. kroner har samanheng med reviderte
avtalar med Den norske lægeforening, Norsk Fysioterapeutforbund
og Norsk Psykologforening om takstar, basistilskot og driftstilskot.
Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjeret
under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga
vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.
Eigendelane blir ikkje endra ved dette oppgjeret. Auken
i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får
difor full verknad i refusjonsutgiftene.
I forhandlingsmøte 24. mai
2006 blei Den norske lægeforening, staten, KS og dei regionale
helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til
revidert avtale om basistilskot for fastlegar, driftstilskot for
legespesialistar og takstar for tidsrommet 1. juli 2006-30. juni
2007. Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande basistilskot,
driftstilskot, takstar og fondsavsetningar samla blir auka med 4,6
prosent frå 1. juli 2006. Innanfor denne ramma
er det avtala at driftstilskota blir auka med 10,9 prosent.
For legespesialistane er det avtala ei ny omfordeling frå takstar
til driftstilskot ved dette oppgjeret. Som følgje av dette
blir det gjort framlegg om å auke overføringane
til dei regionale helseføretaka med 18 mill. kroner (kap.
732 postane 71-75) mot tilsvarande reduksjon i refusjonsløyvingane.
Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar
og fondsavsetningar i 2006 er rekna til 120 mill. kroner, delt med
18 mill. kroner på kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp
og 102 mill. kroner på kap. 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp.
I forhandlingsmøte 29. mai
2006 blei Norsk Fysioterapeutforbund, KS og staten samde om eit
tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og
takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli
2006-30. juni 2007. Avtalen føreset ei regulering av
takstar, driftstilskot og avsetning til fond for etter- og vidareutdanning
med 4,9 prosent per 1. juli 2006. Takstar og driftstilskot
aukar med same prosentsats.
Departementet tilrår at løyvinga
for 2006 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka
med 41 mill. kroner.
Fastlønnstilskotet til kommunar med
fysioterapeutstillingar var 134 300 kroner i 2005. Departementet
tilrår at fastlønnstilskotet blir regulert til
139 600 kroner for 2006, og at kap. 2755 post 62 Tilskot
til fastlønnsordning fysioterapeutar blir auka med 4 mill.
kroner.
I forhandlingsmøte 22. mai
2006 blei Norsk Psykologforening, staten og dei regionale helseføretaka samde
om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot
og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde
for tidsrommet 1. juli 2006-30. juni 2007. Avtalen
føreset ei samla regulering av takstar, driftstilskot og
avsetning til fondet for vidare- og etterutdanning med 4 prosent
per 1. juli 2006. Takstar og driftstilskot aukar med same
prosentsats. Departementet tilrår at kap. 2711 post 71
Refusjon psykologhjelp blir auka med 6 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jorodd Asphjell, Jan Bøhler, Sonja Mandt-Bartholsen, Gunn Olsen og Dag Ole Teigen, frå Framstegspartiet, Jan-Henrik Fredriksen, Vigdis Giltun og leiaren Harald T. Nesvik, frå Høgre, Inge Lønning og Sonja Irene Sjøli, frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Egeland, frå Kristeleg Folkeparti, Laila Dåvøy, frå Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, og frå Venstre, Gunvald Ludvigsen, støttar Regjeringa sine forslag til endringar i statsbudsjettet for 2006 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar.
Komiteen viser til proposisjonen og merknaden og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2006 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
|
Utgifter: |
|
732 |
|
Regionale helseføretak |
|
|
71 |
Tilskot til Helse Øst RHF, kan overførast, blir auka med |
8 800 000 |
|
|
frå kr 17 373 301 000 til kr 17 382 101 000 |
|
|
72 |
Tilskot til Helse Sør RHF, kan overførast, blir auka med |
3 300 000 |
|
|
frå kr 9 765 579 000 til kr 9 768 879 000 |
|
|
73 |
Tilskot til Helse Vest RHF, kan overførast, blir auka med |
3 400 000 |
|
|
frå kr 8 915 009 000 til kr 8 918 409 000 |
|
|
74 |
Tilskot til Helse Midt-Norge RHF, kan overførast, blir auka med |
1 500 000 |
|
|
frå kr 6 474 483 000 til kr 6 475 983 000 |
|
|
75 |
Tilskot til Helse Nord RHF, kan overførast, blir auka med |
1 000 000 |
|
|
frå kr 5 741 090 000 til kr 5 742 090 000 |
|
|
|
|
|
2711 |
|
Diverse tiltak i spesialisthelsetenesta |
|
|
70 |
Refusjon spesialisthjelp blir auka med |
18 000 000 |
|
|
frå kr 1 070 000 000 til kr 1 088 000 000 |
|
|
71 |
Refusjon psykologhjelp blir auka med |
6 000 000 |
|
|
frå kr 168 000 000 til kr 174 000 000 |
|
|
|
|
|
2755 |
|
Helseteneste i kommunane: |
|
|
62 |
Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar, kan nyttast under post 71, blir auka med |
4 000 000 |
|
|
frå kr 185 000 000 til kr 189 000 000 |
|
|
70 |
Refusjon allmennlegehjelp blir auka med |
102 000 000 |
|
|
frå kr 2 381 500 000 til kr 2 483 500 000 |
|
|
71 |
Refusjon fysioterapi, kan nyttast under post 62, blir auka med |
41 000 000 |
|
|
frå kr 1 095 000 000 til kr 1 136 000 000 |
|
Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 8. juni 2006
Harald T. Nesvik
leiar |
Rune J. Skjælaaen
ordførar |