6. Verksemda til Folketrygd­fondet i 2005

6.1 Sammendrag

Lov om Statens pensjonsfond trådde i kraft 1. januar 2006. Statens pensjonsfond er etablert som ein overbygning over det som tidlegare var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Fondet består av Statens pensjonsfond - Utland (tidligare Statens petroleumsfond) og Statens pensjonsfond - Noreg. Etter loven forvaltar Folketrygdfondet Statens pensjonsfond - Noreg på vegne av Finansdepartementet. Verksemda i dei to fonda er ført vidare innafor den nye overbygningen. Omtala nedanfor omhandlar verksemda i Folketrygdfondet i 2005.

Stortinget fastsette 20. juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvalting av midlane, revisjon o.a. i medhald av § 23-11 fjerde ledd i "lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd". Det nye regelverket erstatta det regelverket som vart fastsett av Stortinget 15. februar 1990 med seinare endringar, siste gongen 21. juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar, mellom anna fordi lova om folketrygda var blitt endra. Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som på si side legg fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 2005 blei sende til departementet i brev av 3. mars 2006, og følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga. Det vises til meldinga for nærare omtale.

6.2 Komiteens merknader

Komiteen tar omtalen av Folketrygdfondets virksomhet til orientering.