Regjeringa vil byggje opp under ei målretta
satsing på å utvikle næringsverksemd
ut frå regionale fortrinn og potensial for å auke
verdiskapinga og leggje til rette for å skape arbeidsplassar
der folk bur.
Regjeringa legg opp til å utvikle nasjonale
strategiar på dei områda der Noreg har ein særeigen
næringsstruktur, mellom anna marin sektor, maritim sektor, energisektoren,
miljøsektoren og reiselivssektoren. Regjeringa har som
mål at Noreg skal bli ein av dei leiande innovative, dynamiske
og kunnskapsbaserte økonomiane i verda innanfor dei områda
vi har fortrinn, og arbeide for å utvikle regionale verdiskapingsmiljø.
Regjeringa vil medverke til at kvalitetar som
er knytte til bestemte stader og miljø blir utnytta til å utvikle
lønnsame verksemder, attraktive arbeidsplassar og robuste
arbeidsmarknader i alle delar av landet.
Staten har ei viktig rolle med å føre
ein økonomisk politikk som medverkar til at næringslivet
ikkje blir utsett for brå endringar i konkurransevilkåra,
til dømes i samband med renter og kronekurs. Staten har
også ei sentral rolle i å sikre ein god infrastruktur
og eit solid grunnlag for kunnskapsutvikling gjennom høgare utdanning
og forsking og utvikling.
Regjeringa legg også vekt på at
staten i eit land som Noreg må ha ei aktiv rolle i næringsutviklinga,
både for å styrkje utviklinga i dei ulike delane
av landet og som eit bidrag til å utvikle den nasjonale
konkurranseevna. Regjeringa vil derfor utnytte handlingsrommet innanfor
EØS-avtalen for næringsretta distrikts- og regionalpolitisk
innsats og styrkje dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane.
Dei nasjonale verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg,
SIVA, Forskingsrådet og fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar,
har særleg viktige roller i å setje i verk ein
meir aktiv næringsretta distrikts- og regionalpolitikk.
Regjeringa ser det som viktig at det offentlege
medverkar til å byggje opp under og styrkje konkurransedyktige
lokale og regionale nærings- og innovasjonsmiljø.
Motoren i regional omstilling ligg i stor grad i samarbeid og/eller
konkurranse innanfor og mellom sektorar i geografisk avgrensa regionar.
Regjeringa legg vekt på at det offentlege verkemiddelapparatet medverkar
til å få til eit godt samspel mellom bedrifter og
mellom bedrifter og kompetansemiljø om utviklingsarbeid.
Den regionale innovasjonsinfrastrukturen med
forskingsparkar, kunnskapsparkar, inkubatorar, inkludert industriinkubatorar
og distribuerte inkubatorar og næringshagar, utgjer viktige
bindeledd i regionale næringsmiljø. Dette er ein
sentral del av innovasjonsinfrastrukturen i regionane og bind denne
saman med den nasjonale regionalpolitikken.
Regjeringa vil vidareutvikle og styrkje arbeidet
i SIVA for å fremme betre samspelseffektar mellom dei ulike
miljøa, der også miljø for rådgiving
og risikovillig kapital er kopla inn. Dette inneber mellom anna
eit tettare samarbeid mellom SIVA og fylkeskommunane og resten av
verkemiddelapparatet.
SIVAs særlege ansvar for å medverke
til å fremme vekstkrafta i distrikta skal følgjast
opp og vidareutviklast.
Regjeringa ønskjer å vidareføre
og styrkje satsinga på næringshagar. Frå og
med 2006 starta Kommunal- og regionaldepartementet opp ein ny programperiode for
næringshagane med vekt på både å etablere
nye næringshagar og å styrkje nyskapingsarbeidet
i dei eksisterande næringshagane.
Gründersatsing på kvinner
i regi av SIVA i næringshagane er ein viktig del av arbeidet
for å auke talet på bedriftsetableringar gjennomført
av kvinner i distrikta.
Regjeringa ønskjer at den nye satsinga
på Norwegian Centres of Expertise (NCE) skal bli sterk
og gi varige resultat. Norwegian Centres of Expertise er retta mot spesialiserte
klyngjer med konkurransedyktige bedrifter. Programmet skal medverke
til å byggje næringsmiljø i verdsklasse
gjennom å fremme godt samarbeid mellom FoU-miljø og
næringslivet.
Programmet skal ha eit tiårsperspektiv.
Det har vekt stor interesse, og fleire miljø har søkt
om å få midlar til å etablere eit NCE.
Seks næringsmiljø fekk status som NCE i 2006.
Regjeringa meiner det er ønskjeleg
og tenleg å ha offentlege verkemiddel som er særleg
retta mot å fremme vekst i område der omstilling
og nyskaping er viktige føresetnader for å nå distrikts-
og regionalpolitiske mål om busetjing og verdiskaping.
Den viktigaste grobotnen for arbeidsplassar
og næringsmiljø er dei mange bedrifts- og næringsmiljøa som
alt finst. Regjeringa ønskjer å motverke at lokale bedrifts-
og næringsmiljø forvitrar, og å leggje
til rette for fleire levedyktige verksemder.
Når det offentlege stiller ekstra midlar
til risikolån og investeringstilskot til disposisjon innanfor
det distriktspolitiske virkeområdet, er det for å utløyse
prosjekt som er lønnsame etter støtte. Verkemidla
skal supplere og utløyse den private kapitalmarknaden.
Regjeringa ønskjer å stimulere
til næringsutvikling både gjennom generelle og
selektive verkemiddel, og meiner at Innovasjon Noreg har ei særs
viktig rolle i finansieringa av investeringar i næringslivet
i områda utanfor dei største byområda.
Regjeringa er òg oppteken av at dei
nye, distriktsretta såkornfonda blir eit reelt tilskot
til å betre tilgangen til risikokapital for gode bedriftsprosjekt
i områda utanfor dei største byregionane.
Det er ei utfordring å få fram
fleire gode prosjekt i næringslivet og fleire nye vekstbedrifter
i heile landet. Ein av fleire viktige føresetnader for
dette er ein kapitalmarknad som fungerer effektivt i alle delar
av landet.
Det er ikkje grunnlag for å hevde at
tilgangen på risikokapital til norsk næringsliv
generelt er for knapp. Tilgang på kapital for bedriftsetableringar
i ein tidleg fase er likevel ei særleg utfordring.
Det kan vere eit problem at kapitalmiljøa
i større byregionar har for liten kunnskap om kva potensial som
finst på andre, mindre stader. Samspelet med det offentlege
verkemiddelapparatet og med bankane blir desto viktigare.
Kommunal- og regionaldepartementet har i samarbeid
med Nærings- og handelsdepartementet og Innovasjon Noreg
sett i gang ei utgreiing om korleis tilgangen på og tilbodet
om kapital til SMB varierer i ulike delar av landet. Utgreiinga
blir gjennomført i 2006 og vil gi auka kunnskap om korleis
kapitalmarknaden fungerer. Slik kunnskap gir grunnlag for å vurdere
behovet for og innrettinga av den offentlege innsatsen for å stille
risikokapital til disposisjon i ulike delar av landet.
Regjeringa vil leggje til rette for at verkemiddelapparatet
i større grad kan utnytte handlingsrommet for investeringstøtte
gjennom investeringstilskot og risikolån. Regjeringa har
som mål å auke løyvingane av dei distrikts-
og regionalpolitiske utviklingsmidlane som er desentraliserte til
fylkeskommunane, slik at dei i samarbeid med partnarskapen, kan
prioritere å auke overføringa av midlar til distriktskontora
til Innovasjon Noreg.
Staten har dei siste åra vedteke å opprette
to såkornkapitalordningar, ei landsdekkjande og ei distriktsretta. Ordningane
er eit samarbeidsprosjekt mellom statleg og privat kapital. Dei
skal styrkje tilgangen på kapital og kompetanse til innovative
prosjekt i ein tidleg fase. Ordningane vil totalt ha ein kapitalbase
på 2 402,4 mill. kroner. Regjeringa reknar med at dei fleste
fonda vil vere oppretta i 2006.
Regjeringa ser på stimulering til entreprenørskap som
ein sentral del av distrikts- og regionalpolitikken.
Regjeringa vil auke talet på gründerar
og nyetablerarar gjennom
– auka satsing
på entreprenørskap i skolen
– bistand til etablerarar med
både lokale og globale ambisjonar
– å fremme kommersialisering
av forskingsbaserte idear
– å fremme knoppskytingar
frå eksisterande næringsliv
Både kommunane, fylkeskommunane, regional
stat og dei nasjonale verkemiddelaktørane har viktige roller i
dette arbeidet, i samarbeid med utdanningsinstitusjonar, FoU-miljø og
enkeltbedrifter. Regjeringa ser også på styrkinga
av kommunale næringsfond som ein del av satsinga på entreprenørskap
og nyetableringar.
Regjeringa legg vekt på at næringsretta
distrikts- og regionalpolitisk innsats blir innretta slik at dei
medverkar til auke i nyetableringar blant unge og kvinner.
Regjeringa legg i tråd med Soria Moria-erklæringa opp
til at det skal bli utvikla ein nasjonal handlingsplan for kvinnelege
entreprenørar. Nærings- og handelsdepartementet
vil utarbeide handlingsplanen i samarbeid med andre departement.
Innovasjon Noreg har ei gjennomgåande
satsing på unge etablerarar, med kontaktpersonar for unge
på alle distriktskontora. Regjeringa legg vekt på at
arbeidet retta mot unge etablerarar i Innovasjon Noreg blir vidareført
og forsterka i ein dialog med målgruppa slik at arbeidet
mot unge etablerarar blir betra. Det er også viktig at
dei regionale partnarskapane utviklar strategiar for å møte
behova og byggje ned barrierar for unge etablerarar.
Det nye regelverket for regionalstøtte
i EØS-området som skal gjelde frå 2007,
opnar for å gi støtte til ulike typar driftsutgifter
i nyetablerte verksemder. Regjeringa vil vurdere korleis dette handlingsrommet
bør utnyttast og korleis ein slik type støtte
eventuelt bør innrettast.
Regjeringa vil i denne stortingsperioden også vurdere
etablering av ein gründerbank. Spørsmålet
om gründerbank vil bli behandla i samband med at ein ser på spørsmålet
om å skipe eit kapitalfond.
Regjeringa er oppteken av å styrkje
den rolla kommunane spelar som førstelinje innanfor arbeidet
med næringsutvikling.
Regjeringa meiner at alle kommunane i det distriktspolitiske
virkeområdet bør ha økonomiske midlar
til å stimulere til lokal næringsutvikling, og
vil medverke til dette gjennom satsing på kommunale næringsfond
via fylkeskommunane. Kommunal- og regionaldepartementet ser positivt
på at kommunar som ønskjer det, nyttar midlane
i samarbeid med fleire kommunar i regionale næringsfond.
Kommunal- og regionaldepartementet legg opp
til å auke tildelinga av midlar til fylkeskommunane slik
at dei i større grad kan prioritere midlar til kommunale næringsfond.
Regjeringa si styrking av innsatsen gjennom
kommunale næringsfond er sett i verk frå 2006.
Kommunal- og regionaldepartementet vil hente inn og vidareformidle erfaringar
om korleis arbeidet med desse midlane blir organisert og forvalta
rundt om i kommunane.
Kommunal- og regionaldepartementet, Landbruks-
og matdepartementet, KS og Innovasjon Noreg samarbeider om eit prosjekt
som skal sjå på spørsmål som
er knytte til kommunane som førstelinje for småskala næringsutvikling.
Prosjektet har omfattar 47 kommunar frå 13 fylke. Det skal
gjere kommunane betre i stand til å fylle rolla som førstelinje
ved å medverke til at kommunane i samarbeid blir aktive,
kompetente og resultatorienterte aktørar i lokal og regional
næringsutvikling.
Komiteen mener det er viktig å drive
et langsiktig arbeid som vil gi økt nyskaping og entreprenørskap. Flere
unge mennesker må bli motivert til å ta skrittet
fra idé til bedriftsetablering. Derfor støtter komiteen det viktige
arbeidet som gjelder entreprenørskap i skolen. Utvikling
av ideer og etablering av bedrifter som en del av skolehverdagen
er et målrettet og nødvendig arbeid for å gjøre
oss til en nasjon med flere entreprenører.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti,
Senterpartiet og Venstre, støtter meldingens styrking
av tiltak for å utnytte regionale fortrinn og potensial
til en balansert blanding av produksjon og tjenesteaktiviteter,
eksportnæringer og næringer rettet mot lokale
og nasjonale brukere.
Flertallet merker seg at meldingen
varsler en styrking av finansielle mekanismer for å støtte
gründere og såkornaktiviteter. Flertallet er
enig i at både de nasjonale virkemiddelaktørene,
fylkeskommuner, regional stat og kommuner bør bidra til å bygge
ned eventuelle barrierer for unge, kvinner og innvandrere eller utvikle
egne spesialtilpassede tilbud. Flertallet ser i denne
sammenhengen positivt på at Regjeringen vurderer å etablere
en gründerbank.
Flertallet viser til SIVAs gründersatsing
gjennom næringshager. Kvinner utgjør 38 pst. av
de sysselsatte i næringshagene på landsbasis,
og mange næringshager har kvinnelige ledere. Satsingen
skal skje i samarbeid med Innovasjon Norges program "Kvinner i fokus". Flertallet støtter
en slik forsterket og mer samordnet innsats for kvinnelig entreprenørskap.
Flertallet viser til at det legges
stor vekt på å redusere barrierer for entreprenørskap
for unge, kvinner og for innvandrere og slik legge forholdene bedre
til rette for å starte opp egen virksomhet. Flertallet vil understreke
at manglende tilgang på kapital kan være en slik
barriere.
Flertallet ser positivt på det
samarbeidet som meldingen legger opp til mellom kommunal, fylkeskommunal
og statlig virksomhet og privat sektor med sikte på å etablere
et variert næringsliv og en variert sysselsetting i distriktene.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre vil ikke bygge ned gode tiltak eller avvikle
virkemiddelapparatet. Disse medlemmer mener det er
nødvendig med offentlig innsats der markedet ikke fungerer
godt nok. Men de offentlige virkemidlene må ikke benyttes
der det private kan og vil gjøre jobben uten offentlig
innblanding. Disse medlemmer mener virkemidler skal
prioriteres og rettes mot ideenes tidlige fase. Våre virkemidler
må bidra til at flere gode ideer blir kommersialisert.
Vi vil bruke pengene for å utvikle koblingspunkter mellom forskning,
utdanningsinstitusjoner, gode rådgivere og den private
kapitalen, slik at mer av kunnskapen vår skaper grunnlag
for nye bedrifter og lønnsomme arbeidsplasser. Disse
medlemmer mener det er riktig å bidra med tilskudd,
egenkapital og lån i de mest kritiske og risikopregede
utviklings- og oppstartsfasene. Det er imidlertid viktig å unngå at
statlige midler brukes til å fastlåse gammeldags
næringsstruktur. Statlige virkemidler skal støtte
opp under nødvendig nyskaping, utvikling og forandring.
Disse medlemmer vil fremheve
at det er den generelle økonomiske politikken og skattepolitikken som
er bærebjelker i virkemiddelapparatet. Disse medlemmer ønsker
ikke å videreføre en selektiv næringspolitikk
som premierer bedrifter som går dårlig i stedet
for å satse på bedrifter som vil kunne utvikle seg.
Landet vårt er avhengig av at næringslivet evner å foreta
nødvendige omstillinger. Med den endringstakten vi har
i dagens samfunn er det viktigere enn noen gang. Disse medlemmer mener
at virkemiddelapparatet skal bidra med service til rent praktiske
ting ved opprettelse av selskaper, patentsøknader, markedsundersøkelser,
bidra til bygging av infrastruktur og så videre. Det skal
bevilges penger til forskning, innovasjon og omstilling samt internasjonalisering
og forenkling. Disse medlemmer vil fremheve at Innovasjon
Norge gjennom sine virkemidler skal stimulere bl.a. innovasjon,
bedriftsutvikling, internasjonalisering, forsknings- og utviklingskontrakter,
maritim utvikling og økt entreprenørskap.
Disse medlemmer viser til at
Innovasjon Norge, SIVA og Norges Forskningsråd til sammen
utgjør spydspissen av det statlige næringspolitiske
virkemiddelapparatet. De har forskjellige oppgaver, og er ment å utfylle
hverandre for å kunne tilby et kompetent og sterkt virkemiddelapparat. Disse
medlemmer mener dette er en fornuftig organisering som må videreutvikles. Disse
medlemmer vil presisere at det er viktig med godt samarbeid
mellom det statlige næringspolitiske virkemiddelapparatet
og kommunene. Kommunene har en viktig rolle som tilrettelegger og
medspiller for lokal næringsutvikling. Disse medlemmer viser
til at det over tid er bygget opp en betydelig virkemiddelstruktur
i fylkeskommunene. Disse medlemmer er skeptiske til
om dette er en riktig bruk av midler og mener det er grunn til å advare mot
at det bygges opp mange parallelle tjenester.
Disse medlemmer vil fremheve
at det er positivt at private satser sine egne penger og investerer
i verdiskaping. Slik skapes det beste næringslivet over
tid. Disse medlemmer mener det er viktig å stimulere til
at private investerer sparepengene sine i verdiskapende ideer. Kommersialisering
av forskningsideer og andre gode prosjekter bør stimuleres
sterkere enn i dag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til at disse medlemmer var imot at fylkeskommunen fikk overført
midler for å holdes kunstig i live som en regional utviklingsaktør,
og at Fremskrittspartiet ønsker å erstatte dagens
ordning med en landsdekkende ordning som ikke forfordeler tynt befolkede
områder. Disse medlemmer mener at Fremskrittspartiets
politikk, med en kombinasjon av lavere skatter og avgifter samt
investeringer i veier og bredbånd, er langt mer fremtidsrettet
enn Regjeringens subsidiepolitikk når det gjelder å skape
gode rammebetingelser for næringsutvikling, innovasjon
og entreprenørskap i distriktene.