10.1 Sammendrag

Framtidige tiltak på dei områda som er tekne opp i meldinga, vil bli vurderte i samband med dei årlege forslaga til statsbudsjett.

Gevinstar frå investeringar i IKT oppstår ofte andre stader enn der investeringa skjer, og gjerne nokre år seinare. Det er derfor utfordrande å estimere effektar, og konsekvensvurderingane bør tolkast i lys av dette.

Konsekvensar av tiltak i kapittel 4 - digital inkludering

Arbeidet med å sikre eit breibandstilbod til dei siste 4-5 prosentane av befolkninga er godt i gang med løyvingane på 2007-budsjettet. Eventuelle behov utover det som no ligg av midlar i 2007 budsjettet, vil bli vurderte i samband med budsjettframlegga.

Forslaga om publikumsterminalar ved alle relevante offentlege kontor, ei styrkt rolle for biblioteka som formidlar og identitetsforvaltning i grunnopplæringa skal følgjast opp innanfor dei økonomiske rammene som gjeld. Forslaga er ei oppfordring til verksemdene, og ikkje absolutte krav. I NAV er installering av publikumsterminalar allereie planlagd. Det er gitt auka løyvingar til digitale læremiddel i utdanningssektoren.

Ein plan frå Nasjonalbiblioteket for digitalisering av deira samlingar, aviser, tidsskrift, bøker, handskrifter, noter, bilete, kart, plakatar, film, fjernsyn, musikk og radio syner ein samla kostnad på 140 mill. kroner for perioden 2006-2010. Dei reknar at det trengst "friske" midlar på totalt 62 mill. kroner for perioden 2007-2010.

Kunnskapsdepartementet har til dømes grovt berekna at kostnader ved å kjøpe fri NRK sitt arkivmateriale til bruk i utdanningssektoren vil utgjere om lag 10 mill. kroner.

Arbeidet med auka digital kompetanse i skulen skjer i hovudsak innanfor lokale budsjettrammer. I tillegg kjem særlege løyvingar til bl.a. IKT i utdanninga under Kunnskapsdepartementet sitt budsjett. For 2007 er løyvinga ca. 105 mill. kroner som går til tiltak som program for digital kompetanse. Arbeidet med digital allmenning vil bli vurdert i samband med dei årlege forslaga til statsbudsjett.

Konsekvensar av tiltak i kapittel 5 - forsking og utvikling

Alle tiltak som krev nye pengar, vil bli behandla i dei ordinære budsjettprosessane. Styrking av IKT-­forskinga er det føresett skal finne stad ved ei omprioritering innanfor gjeldande budsjettrammer for forsking. Dette gjeld IKT-forsking generelt, så vel som prioriteringa av IKT-forsking i satsinga på nord­områda.

Konsekvensar av tiltak i kapittel 6 - IKT og ­næringspolitikk

Verkemiddelapparatet som består av Innovasjon Noreg, SIVA og Noregs Forskingsråd er Regjeringas hovudreiskapar for å bidra til å styrkje konkurranseposisjonen til IKT-næringane, og næringslivets bruk av IKT. Regjeringa ønskjer gjennom bruken av verkemiddelapparatet å stimulere til innovasjon i eksisterande og nytt kunnskapsbasert næringsliv i heile landet. Dette skal skje bl.a. gjennom bruk av forskings- og utvik­lingskontraktar, etablerarstipend og inkubatorstipend.

Kunnskapsdepartementet sette i 2006 av 25 mill. kroner for å styrkje basiskompetansen i næringslivet. I budsjettframlegget for 2007 har Regjeringa føreslått å auke denne løyvinga til 35,4 mill. kroner. Regjeringa har i budsjettframlegget for 2007 sett av 2,5 mill. kroner til styrking av kapasiteten i UDI til behandling av søknader vedrørande faglært arbeidskraft. I budsjettet er det vidare føreslått at Arbeids- og velferdsetaten blir tildelt 7,5 mill. kroner til arbeidet med å styrkje hjelpa til arbeidsgivarar som ønskjer å rekruttere utanlandsk arbeidskraft gjennom EURES (det europeiske formidlingsarbeidet).

Konsekvensar av tiltak i kapittel 7 - IKT i og med offentleg sektor

For brukaren vil det bli ei vesentleg forenkling dersom alle statlege verksemder gjer relevante tenester for næringsliv og innbyggjarar tilgjengelege i høvesvis Altinn og Miside. Dei vil då finne "alle tenester på ein stad", og dei må ikkje halde seg til mange forskjellige typar innlogging.

Etablering av overordna arkitekturprinsipp vil gi føringar på korleis sektorar og verksemder i det offentlege bør innrette sine framtidige IKT-løysingar og elektroniske tenester for å samhandle elektronisk med publikum, næringslivet og med andre offentlege verksemder. Arkitekturprinsippa vil gi ei meir samordna IKT-utvikling i offentleg sektor, blant anna auke potensialet for gjenbruk og reduserte kostnader.

Bruk av opne standardar legg grunnlag for velfungerande elektronisk samhandling mellom offentlege verksemder, og mellom offentleg sektor og omgivnadene.

Som ansvarleg for IT-politikken har FAD hovud­ansvaret for det vidare arbeidet med IT-arkitektur, felleskomponentar og forvaltningsstandardar i offentleg sektor. I dette ligg òg ansvar for å utgreie behovet for endringar av verkemiddelapparatet (styring, finansie­ring og organisering). Over FAD sitt budsjett skal det gjerast nærmare konsekvensvurdering som ledd i det vidare utgreiingsarbeidet.

Løysingar med opne kjeldekode gir eit potensial for lågare kostnader.

Konsekvensar av tiltak i kapittel 8 - personvern

I kapittel 8 i meldinga er det føreslått ei rekkje personvernfremjande tiltak. Det er lagt til grunn at analysar og tiltak skjer innanfor budsjetta til dei ansvarlege departementa.

Gjennom god ivaretaking av personvernet vil f.eks. folk lettare slutte opp om elektronisk handel og elektronisk forvaltning.

Konsekvensar av tiltak i kapittel 9 - tryggleik

Regjeringa har gjennomgått ansvarsforholda rundt IKT-tryggleiken. Primæransvaret for sikring av informasjonssystem og nettverk ligg hos eigar eller operatør, og ligg innanfor leiingas linjeansvar. Tryggingsarbeidet må ivaretakast i dagleg oppgåveløysning og finansierast innanfor rammene for finansiering av den ordinære verksemda. Kvart fagdepartement har eit overordna sektoransvar. Tiltak i sektorane skal finansierast innanfor gjeldande budsjettrammer.

Samordningsutvalet for førebyggjande informasjonstryggleik (KIS) har sett i gang eit arbeid med å revidere Nasjonal strategi for informasjonstryggleik.

Stortinget vil bli orientert om hovudpunkta i den reviderte informasjonsstrategien i samband med budsjettframlegget for 2008.

10.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, vil berømme IKT-meldingen for å få fram ressursbehov og satsinger, blant annet for å oppnå bredbånd til alle og prioritering av IKT i FoU og næringspolitikken. I tillegg tydeliggjøres mål og virkemidler for blant annet digital allmenning, digital kompetanse, digital inkludering, samordning av offentlige IKT-prosjekter, personvern og sikkerhet.

Flertallet viser til at framtidige tiltak vil bli fulgt opp og vurdert i de årlige budsjetter, og slutter seg for øvrig til Regjeringens forslag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen legge frem en melding for Stortinget om status og planer for å styrke IKT-infrastrukturen og opplæringen innenfor IKT i utdanningssektoren. Det er ønskelig at Regjeringen vurderer en norm for maskinpark og nettilknytning for landets grunnskoler og videregående skoler."

"Stortinget ber Regjeringen sikre at alle fremtidige IKT-leveranser til staten er av en standard som sikrer at informasjon som saksdokumenter mv. sikres for ettertiden og senere kan fremhentes på en enkel og rimelig måte."

"Stortinget ber Regjeringen sørge for at kravene i alle fremtidige IKT-leveranser til staten ikke bare formelt, men reelt er av en standard som sikrer at dokumentutveksling kan foregå på tvers, på en enkel måte, og uavhengig av om sender og mottaker bruker ulik leverandør av den relevante programvare. Programvare/applikasjoner må kunne konvertere filformat automatisk."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre har merket seg at tiltak og planer i meldingen i all hovedsak forutsettes gjennomført innenfor eksisterende budsjettrammer. Disse medlemmer mener det er urealistisk. Spesielt fordi man ikke legger opp til en sterkere styring av det offentliges anskaffelser og drift av IKT, men også fordi meldingen setter mange meget ambisiøse mål, herunder i forhold til økt kompetanse hos landets lærere og styrking av IKT-opplæringen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil vise til Fremskrittspartiets forslag om etableringen av et infrastrukturfond på 300 mrd. kroner, hvor 5 pst. av den årlige avkastingen som for IKT- områder på 500 mill. kroner, ville sikret bredbånd av god kvalitet til alle innbyggerne i Norge som ønsket det.

Disse medlemmer vil videre peke på at Fremskrittspartiet i forbindelse med statsbudsjettet i 2007 foreslo å benytte 300 mrd. kroner over utenlandsbudsjettet til investering i IKT-utstyr til universiteter og høyskoler. Disse medlemmer viser til at dette ville bidratt til å gjøre universitetene og høyskolene godt rustet til å møte både dagens og fremtidens ufordringer innenfor IKT-området.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremlegge årlig redegjørelse til Stortinget om oppfølging og virkning knyttet til de tiltakene som er omtalt i St.meld. nr. 17 (2006-2007)."