Løyvinga på posten blir foreslått
auka med 1,6 mill. kroner til fleire store tiltak i Handlingsplanen
mot tvangsekteskap (2008-2011).
Løyvinga på posten blei i
saldert budsjett for 2007 styrka med 2,4 mill. kroner som ein kompensasjon
for betaling av meirverdiavgift på kjøp av administrative tenester
frå UDI. IMDi har av Oslo Fylkesskattekontor fått
utsett avgiftsplikta. Løyvinga blir derfor foreslått nedjustert
med 2,4 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg
om at den samla løyvinga under posten blir redusert med
800 000 kroner.
Utgiftene til norskprøver for vaksne
innvandrar er berekna til 2,15 mill. kroner meir enn det som blei løyvd
i saldert budsjett. 550 000 kroner blir foreslått omdisponert
frå andre tiltak på same post.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg
om å auke løyvinga med 1,6 mill. kroner.
Løyvinga blir i hovudsak redusert på grunn
av mindre busetting i 2007, og at ein større del av busettinga skjer
mot slutten av året, slik at tilskotet ikkje blir utbetalt
til kommunane før i 2008.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg
om å redusere løyvinga med 147 mill. kroner.
Personar som var i målgruppa for norskopplæring
før 1. september 2005, utløyser tilskot
etter overgangsordninga, som er ei vidareføring av ordninga
som gjaldt for slik opplæring før 1. september
2005. Utbetaling etter overgangsordninga i 2007 blir på om
lag 650 mill. kroner, eller 50 mill. kroner lågare enn
det som blei lagt til grunn i samband med Revidert nasjonalbudsjett.
Frå 1. september 2007 får
personar som oppheld seg i mottak tilbod om opplæring i
norsk. Talet på personar som får tilbod er lågare
enn det som blei lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett. Utgiftene
til tiltaket blir derfor redusert med 1,8 mill. kroner.
Løyvinga blir samla foreslått
redusert med 51,9 mill. kroner.
Visse utgifter som er knytte til norskopplæring
for asylsøkjarar i mottak kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp
(ODA-godkjende utgifter).
Antal personar i mottak som kjem frå ODA-godkjende
land har frå våren 2007 endra seg frå 90
pst. til 85 pst. Saman med eit lågare tal på personar
som fell inn under ordninga med opplæring i mottak fører
dette til ein nedgang i utgiftene som kan ODA-godkjennast på 3,6
mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg
om å redusere løyvinga med 3,6 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet og senteret
er samde om at prosjektet ikkje bør førast vidare
i sin noverande form.
Departementet gjer framlegg om at oppgåvene
knytt til senteret blir ført over til Arbeids- og velferdsetaten
i Finnmark, og at løyvinga over denne posten blir redusert
med 875 000 kroner. Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten,
post 1 Driftsutgifter blir foreslått auka med tilsvarande
beløp. Dette inneber at Ressurssenter for natur- og reindriftstenester
blir avvikla.
Totalt blir det lagt det til grunn ei auke på 460
personar i det gjennomsnittlege belegget i statlige mottak i forhold
til det som ligg til grunn for løyvinga på posten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg
om å auke løyvinga over denne posten med 30 mill.
kroner. Forslaget er basert på eit overslag over gjennomsnittleg
belegg i mottak på 7 100 personar, jf. romartalsvedtak
om fullmakt om mellombels innkvartering av asylsøkjarar
og flyktningar.
Fordi ein ventar at 500 fleire enn det som ligg
til grunn for løyvinga vil søkje asyl, gjer Arbeids-
og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga
over denne posten med 2 mill. kroner.
Av ei auka løyving på 30 mill.
kroner på kap. 690 post 21, kan 10,8 mill. kroner innrapporterast
som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp kan då bli
ført som inntekt.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg
om å auke løyvinga over denne posten med 10,8 mill.
kroner.
Mange av barnesakene har blitt avgjort i nemndmøte utan
personleg frammøte. Når klagaren ikkje møter personleg
blir utgiftene redusert. Det er òg sakstypar der det har
kome fram praksisavklaringar slik at påfølgjande
saker av liknande karakter kan avgjerast av nemndleiar aleine.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg
om å redusere løyvinga over denne posten med 4,74
mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg
om at løyvinga under denne posten blir auka med 50 000
kroner til 4,7 mill. kroner, slik at løyvinga på utgifts-
og inntektskapitlet til Samefolkets fond blir lik.