Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om endringar i statsbudsjettet 2007 under Barne- og likestillingsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 98 (2007-2008)
  • Kjeldedokument: St.prp. nr. 20 (2007-2008)
  • Dato: 11.12.2007
  • Utgjevar: Familie- og kulturkomiteen
  • Sidetal: 5

Innhald

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet

Post 1 Driftsutgifter

Departementet viser til forklaring under kap. 842 post 1.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 800 post 1 med 1 mill. kroner for å dekkje meirbehov på kap. 842 post 1 knytt til KLP reguleringspremie for tilsette ved familievernkontora.

1.2 Kap. 840 Krisetiltak

Post 60 Tilskot til krisesenter, overslagsløyving

Utgiftene til krisesentra i 2007 er rekna til å verte 23 mill. kroner høgare enn løyvinga i saldert budsjett på 123 mill. kroner.

Samla kommunalt tilskot på 20 prosent av godkjente driftsutgifter utløyser 80 prosent statleg tilskot. Det er frivillig for kommunane å gje tilskot til krisesentra. Det har vore ein årleg vekst i utbetalingane sidan den nye finansieringsmodellen vart iverksett frå 1. januar 2005. Nokre av sentra har i 2006 og 2007 teke i bruk nye eller nyoppussa lokale, og dermed fått høgare utgifter til husleige, inventar mv. Vidare er staben av fast tilsette på tariffløn auka. Lønnsutgiftene er den utgiftsposten som har vakse mest.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 840 post 60 med 23 mill. kroner.

Post 61 Tilskot til incestsenter, overslagsløyving

Utgiftene til incestsentra i 2007 er rekna til å verte 9,84 mill. kroner høgare enn løyvinga i saldert budsjett på 41 mill. kroner.

Frå og med 2006 vart finansieringsordninga for incestsentra endra. Den statlege delen av tilskotet gjekk opp frå 50 til 80 prosent av godkjente driftsutgifter, som for krisesentra. Incestsentra har, som krisesentra, hatt ein stor auke i utbetalingane etter at ny finansieringsmodell vart iverksett.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 840 post 61 med 9,84 mill. kroner.

1.3 Kap. 842 Familievern

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

I St.prp. nr. 1 (2006-2007) går det fram at 18,6 mill. kroner av løyvinga på kap. 855 post 1 og 1,4 mill. kroner av løyvinga på kap. 842 post 1 gjeld reguleringspremie i KLP og andre fylkeskommunale pensjonskassar.

I tidlegare prognosar er det ikkje tatt omsyn til arbeidsgjevaravgifta, utgifter til rentekompensasjon som følgje av at fylkeskommunane betalte delar av krava før sakene var handsama for 2004 og 2005 og forseinkingsrenter til KLP og ei fylkeskommunal pensjonskasse. For å dekkje inn deler av meirutgiftene, foreslår BLD at kap. 800 post 1 vert redusert med 1 mill. kroner og kap. 846 post 21 vert redusert med 1,5 mill. kroner. Mindreutgiftene kan realiserast ved lågare aktivitet innafor desse to kapitla. Bufetat må finansiere meirutgiftene utover dette ved hjelp av innsparingstiltak innafor kap. 842 post 1. BLD foreslår derfor ei tilleggsløyving på 2,5 mill. kroner under kap. 842 post 1.

1.4 Kap. 844 Kontantstønad

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til kontantstønad i 2007 er rekna til 1 975 mill. kroner, som er 57,6 mill. kroner meir enn løyvinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2007.

Det siste overslaget byggjer på tal for kontantstønadsordninga frå utgangen av september, etter barnehageopptaket. Av meirutgiftene på 57,6 mill. kroner kjem 52 mill. kroner av færre nye barn med plass i barnehage, og resten kjem av fleire barn i aldersgruppa og høgare utbetaling per barn enn tidlegare lagt til grunn.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 844 post 70 med 57,6 mill. kroner.

1.5 Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot

Utgiftene til barnetrygd i 2007 er rekna til 14 420 mill. kroner, som er 39 mill. kroner meir enn løyvinga i Revidert nasjonalbudsjett for 2007.

Meirbehovet kjem av ein auke i utbetalingane av ordinær barnetrygd inkludert utvida stønad til einslege forsørgjarar.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 845 post 70 med 39 mill. kroner.

1.6 Kap. 846 Familie- og likestillingspolitisk forsking mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

Departementet viser til forklaring under kap. 842 post 1.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 846 post 21 med 1,5 mill. kroner for å dekkje meirbehov på kap. 842 post 1 knytt til KLP reguleringspremie for tilsette ved familievernkontora.

1.7 Kap. 852 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Ved adopsjon vert det gjeve adopsjonsstønad på kr 38 320 per adopsjon. I budsjettet for 2007 vart det lagt til grunn 690 adopsjonar. Per andre tertial er det gjeve adopsjonsstønad til 289 adopsjonar.

Det faktiske talet på adopsjonar er lågare enn lagt til grunn i budsjettet, og for 2007 reknar ein med at det vil bli tildelt stønad til om lag 440 adopsjonar. Nedgangen kjem av ein uventa stor nedgang i talet på tildelingar frå land ein tradisjonelt har adoptert barn frå, som til dømes Kina. Totale utgifter til adopsjonsstønad blir då 16,861 mill. kroner i 2007, noe som er 9,595 mill. kroner lågare enn budsjettert.

1.8 Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 64 Tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilte tilskotet som vert utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar vert busette. Prognosar frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) per 1. oktober 2007 viser at talet på einslege, mindreårige som kjem til landet, er venta å verte om lag 190. Det totale talet på barn som inngår i ordninga er 992 barn, mot 1 283 som tidlegare lagt til grunn. IMDi har dermed stipulert utgiftene sine til å verte om lag 96,932 mill. kroner. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 854 post 64 med 30,337 mill. kroner.

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til tiltak i barnevernet knytt til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer statsrefusjon for kommunale utgifter til barnevernstiltak knytt til denne gruppa barn. Kommunane har ein frist på tre år før kravet om refusjon blir forelda. Løyvinga på posten er 139,86 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 854 post 65 med 33,94 mill. kroner, som er i tråd med prognosar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

1.9 Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

I St.prp. nr. 1 (2006-2007) går det fram at 18,6 mill. kroner av løyvinga på kap. 855 post 1 og 1,4 mill. kroner av løyvinga på kap. 842 post 1 gjeld reguleringspremie i KLP og andre fylkeskommunale pensjonskassar.

Bakgrunnen for tilleggsbehovet til reguleringspremie er omtalt under kap. 842. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 855 post 1 med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 45. Bufetat må finansiere meirutgiftene til reguleringspremie ut over dette innafor budsjettrammene til Bufetat i 2007.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 855 post 45 for å dekkje inn 4 mill. kroner av tilleggsbehovet til reguleringspremie, jf. nærare omtale under kap. 842 post 1 og kap. 855 post 1. Innsparinga vert realisert ved å utsetje planlagte investeringar.

1.10 Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

Post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysingsarbeid

I statsbudsjettet for 2007 er det løyvd til saman 6 mill. kroner til etablering av ein nettbasert finansportal for å betre informasjonen til sluttbrukarane i finansmarknaden. Budsjettmidla er løyvde over kap. 865 post 21 (2 mill. kroner) og kap. 1600 post 21 (4 mill. kroner). Barne- og likestillingsdepartementet har inngått ei avtale med Forbrukarrådet om etableringsprosjektet finansportalen.no. Departementet er oppdragsgivar og forvaltar budsjettmidla til prosjektet, og gjer utbetalingar til Forbrukarrådet. Hittil i år er det utbetalt 4 mill. kroner til prosjektet. Av praktiske omsyn, sidan det er BLD som utbetalar til Forbrukarrådet, foreslår departementet at den delen av løyvinga på 2 mill. kroner som står att på Finansdepartementets kap. 1600 post 21, blir omdisponert til kap. 865 post 21.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 865 post 21 mot tilsvarande innsparing på kap. 1600 Finansdepartementet post 21.

1.11 Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2007 er rekna til 10 460 mill. kroner, som er 200 mill. kroner meir enn løyvinga i Revidert nasjonalbudsjett for 2007.

Av den venta utgiftsveksten på 200 mill. kroner kjem 144 mill. kroner av ein auke i talet på barnefødslar. I tillegg kjem mellom anna høgare utgifter som følgje av utvida fedrekvote.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 70 med 200 mill. kroner.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til eingongsstønad i 2007 er rekna til 415 mill. kroner, som er 5,875 mill. kroner mindre enn løyvinga i saldert budsjett.

Mindrebehovet kjem av at ein reknar med at færre kvinner vil få eingongsstønad enn lagt til grunn i saldert budsjett.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 71 med 5,875 mill. kroner.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Utgiftene til feriepengar av foreldrepengar i 2007 er rekna til 285 mill. kroner, som er 5 mill. kroner mindre enn løyvinga i saldert budsjett.

Reduksjonen kjem mellom anna av at bokførte utgifter til foreldrepengar i 2006 vart noko lågare enn anslaget som ligg til grunn for løyvinga.

1.12 Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 4 Refusjon av ODA-godkjente utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan etter statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Commitee) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Prognosar per 1. oktober 2007 frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet viser at ein reknar med ein auke i talet på nye einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som kjem til landet.

Departementet foreslår derfor at løyvinga vert auka med 5,314 mill. kroner frå 6,606 mill. kroner til 11,92 mill. kroner.

1.13 Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 3 Refusjon for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

På posten vert det ført refusjonar for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar for utgifter utover den kommunale eigendelen knytt til bruk av plassar i eigne barnevernstiltak eller ved kjøp av plassar. Departementet foreslår å budsjettere med 47,9 mill. kroner på kap. 3855 post 3.

2. Komiteens merknader

Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunn Karin Gjul, Knut Werner Hansen, Britt Hildeng og Espen Johnsen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Olemic Thommessen, fra Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad, fra Senterpartiet, Magnhild Eia, og fra Venstre, Trine Skei Grande, har merket seg at departementet foreslår å redusere bevilgningen under kap. 800 post 1 med 1 mill. kroner for å dekke et merbehov på kap. 842 post 1 knyttet til KLP reguleringspremie for ansatte ved familievernkontorene. Komiteen støtter dette.

Kap. 840 Krisetiltak

Komiteen er tilfreds med at flere av de ansatte ved krisesentrene er blitt fast ansatt med tarifflønn. Komiteen har merket seg at departementet foreslår å øke bevilgningen til krisesentre med 23 mill. kroner og til incestsentre med 9,84 mill. kroner. Komiteen støtter dette.

Kap. 842 Familievern

Komiteen har merket seg at tidligere beregning av tilskudd til familievernet ikke har tatt hensyn til arbeidsgiveravgift, utgifter til rentekompensasjon og renter til KLP og en fylkeskommunal pensjonskasse. Komiteen har videre merket seg at departementet foreslår å dekke inn deler av merutgiftene ved at kap. 800 post 1 blir redusert med 1 mill. kroner og kap. 846 post 21 blir redusert med 1,5 mill. kroner. Komiteen har merket seg at Bufetat må finansiere merutgiftene utover dette ved hjelp av innsparingstiltak innenfor kap. 842 post 1. Komiteen har merket seg at BLD foreslår en tilleggsbevilgning på 2,5 mill. kroner under kap. 842 post 1. Komiteen vil understreke at mange familievernkontorer har lange ventelister og presset økonomi, og at det er viktig at en innsparing under kap. 842 post 1 ikke går på bekostning av driften ved kontorene.

Kap. 844 Kontantstøtte

Komiteen har merket seg at utgiftene til kontantstøtte i 2007 er beregnet til 1 975 mill. kroner, noe som er 57,6 mill. kroner høyere enn antatt. Komiteen har merket seg at flere barn enn tidligere antatt mottar kontantstøtte, og at flere barn enn tidligere antatt mottar full kontantstøtte. Komiteen har merket seg at departementet foreslår å øke bevilgningen under kap. 844 post 70 med 57,6 mill. kroner. Komiteen støtter dette.

Kap. 845 Barnetrygd

Komiteen viser til og støtter departementets forslag om å øke bevilgningen til barnetrygd med 39 mill. kroner. Komiteen har merket seg at merbehovet skyldes en økning i utbetalingene av ordinær barnetrygd inkludert utvidet stønad til enslige forsørgere.

Kap. 846 Familie- og likestillingspolitisk forskning mv.

Komiteen har merket seg at departementet foreslår å redusere bevilgningen under kap. 846 post 21 med 1,5 mill. kroner for å dekke merbehov på kap. 842 post 1 knyttet til KLP reguleringspremie for ansatte ved familievernkontorene. Komiteen støtter dette.

Kap. 852 Adopsjonsstønad

Komiteen viser til at i budsjettet for 2007 ble det lagt til grunn 690 adopsjoner. Komiteen har merket seg at det per andre tertial er gitt adopsjonsstønad til 289 adopsjoner, og at departementet antar at det vil bli tildelt stønad til om lag 440 adopsjoner i 2007. Komiteen har merket seg at departementet foreslår å redusere bevilgningen til adopsjonsstønad med 9,595 mill. kroner.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til at det er viktig at staten legger til rette for at de som ønsker det og er godkjent som adoptivforeldre, får mulighet til å adoptere. Dette medlem vil i den forbindelse vise til Dokument nr. 8:93 (2006-2007) om tiltak for å gjøre adopsjonsprosessen enklere.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Komiteen støtter departementets forslag og har ingen ytterligere merknader.

Kap. 855 Statlig forvaltning av barnevernet

Komiteen støtter departementets forslag og har ingen ytterligere merknader.

Kap. 865 Forbrukerpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

Komiteen støtter departementets forslag og har ingen ytterligere merknader.

Kap. 2530 Foreldrepenger

Komiteen støtter departementets forslag og har ingen ytterligere merknader.

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Komiteen støtter departementets forslag og har ingen ytterligere merknader.

Kap. 3855 Statlig forvaltning av barnevernet

Komiteen støtter departementets forslag og har ingen ytterligere merknader.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2007 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

800

Barne- og likestillingsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert redusert med

1 000 000

frå kr 91 953 000 til kr 90 953 000

840

Krisetiltak

60

Tilskot til krisesenter, overslagsløyving, vert auka med

23 000 000

frå kr 123 000 000 til kr 146 000 000

61

Tilskot til incestsenter, overslagsløyving, vert auka med

9 840 000

frå kr 41 000 000 til kr 50 840 000

842

Familievern

1

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70, vert auka med

2 500 000

frå kr 169 733 000 til kr 172 233 000

844

Kontantstønad

70

Tilskot, overslagsløyving, vert auka med

57 600 000

frå kr 1 917 400 000 til kr 1 975 000 000

845

Barnetrygd

70

Tilskot, vert auka med

39 000 000

frå kr 14 381 000 000 til kr 14 420 000 000

846

Familie- og likestillingspolitisk forskning, opplysningsarbeid mv.

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50, vert redusert med

1 500 000

frå kr 14 831 000 til kr 13 331 000

852

Adopsjonsstønad

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving, vert redusert med

9 595 000

frå kr 26 456 000 til kr 16 861 000

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

64

Tilskot ved bosettjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, vert redusert med

30 300 000

frå kr 127 269 000 til kr 96 969 000

65

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytt til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, vert auka med

33 940 000

frå kr 139 860 000 til kr 173 800 000

855

Statleg forvalting av barnevernet

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22, vert auka med

4 000 000

frå kr 2 596 317 000 til kr 2 600 317 000

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, vert redusert med

4 000 000

frå kr 39 312 000 til kr 35 312 000

865

Forbrukerpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

21

Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysingsarbeid, vert auka med

2 000 000

frå kr 11 006 000 til kr 13 006 000

2530

Foreldrepengar

70

Foreldrepengar, overslagsløyving, vert auka med

200 000 000

frå kr 10 260 000 000 til kr 10 460 000 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, vert redusert med

5 875 000

frå kr 420 875 000 til kr 415 000 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving, vert redusert med frå

5 000 000

kr 290 000 000 til kr 285 000 000

Inntekter

3854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

4

Refusjon av ODA-godkjente utgifter, vert auka med

5 314 000

frå kr 6 606 000 til kr 11 920 000

3855

Statleg forvalting av barnevernet

03

Refusjon for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, vert redusert med

7 100 000

frå kr 55 000 000 til kr 47 900 000

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 11. desember 2007

May-Helen Molvær Grimstad

leder og ordfører