Jeg viser til representantforslag nr. 100 (2007-2008)
av 28. april 2008 om tiltak for å forebygge antall gjeldsslaver
mv. i såkalte lavinnskuddsboliger.
Regjeringen er opptatt av problemstillingen. Sammen
med finansministeren inviterte jeg derfor berørte aktører til et
høringsmøte om saken i vår. Deretter nedsatte Regjeringen et hurtigarbeidende
statssekretærutvalg til å gjennomgå situasjonen og vurdere tiltak.
Som ledd i sitt arbeid samlet statssekretærutvalget fremtredende representanter
fra Forbrukerrådet, Forbrukerombudet, Kredittilsynet, Husbanken,
NBBL og andre til et dagsseminar for å drøfte omfanget av problemene
med slike boliger og mulige tiltak.
Statssekretærutvalget la i sommer frem en tiltaksplan
med forslag om en rekke tiltak for å forebygge nye problemer med
slike boliger. Regjeringen sluttet seg til forslagene og følger nå
opp tiltakslisten. Tiltakslisten følger vedlagt til orientering.
Den 23. april 2008 vart det beslutta å nedsette
eit hurtigarbeidande statssekretærutval om låginnskottsburettslag.
Utvalet fekk i oppgåve å gå gjennom sentrale problemstillingar i
samband med burettslag, med spesiell vekt på låginnskottsbustader.
Utvalet vart bede om å setje opp ein tiltaksplan innan
20. juni 2008. Utvalet har innan fristen lagt fram ein tiltaksplan.
Det vert lagt fram
lovframlegg som sikrar kjøparar av nye og brukte burettslagsbustader
informasjon om totalpris og forventa kostnadsutvikling Kjøparar
bør så langt rå er få same informasjon enten bustaden er selt gjennom
meklar, utbyggjar eller annan profesjonell seljar. Ein må mellom
anna vurdere kva slags informasjon kjøparar av burettslagsbustader
skal få om lånevilkår, konsekvensar av endra rente på fellesgjelda
og liknande. Ein må dessutan sikre at burettslaget/forretningsføraren
får plikt til å levere ut naudsynt informasjon slik at seljar/meklar
kan oppfylle informasjonsplikta si.
Partane forhandlar om å endre bransjenorma
for marknadsføring av bustader. Partane vert truleg samde om å endre
norma slik at kjøparar ved sal gjennom eigedomsmeklar får informasjon
om totalpris for bustaden inkludert fellesgjeld.
Det blir nedsett eit utval som skal komme
opp med ny lovgivning for sikringsordning mot husleigetap. Utvalet
skal også komma med forslag til borettslaga som ikkje er omslutta
av slike ordningar i dag, at dei kan bli omslutta av ei slik forsikring.
Det vert lagt fram lovframlegg om nokre
endringar i burettslagslova.
Det skal fastsetjast ei maksimalgrense
for storleiken på andelen fellesgjeld for den einskilde andelseigaren
ved stifting av nye burettslag. Framlegget vil sikre kredittvurdering
av dei fieste kjøparar, og bankane vil ha frårådingsplikt etter
gjeldande reglar dersom lånsøkar ikkje har råd til å betale bu-
og lånekostnadene.
Det skal vere forbod mot seljarfinansiering
ved sal av burettslagsbustader. Alle som treng lån frå framande
vil då vere sikra den same kredittvurderinga og bankane vil ha same
frårådingsplikt for dei som manglar betalingsevne.
Det skal fastsetjast klare regler om stipulering
av felleskostnader i burettslag, mellom anna kva kostnader som skal
inngå i budsjettet som ligg til grunn for fordelinga, og ansvar
for feilstipulering.
Det skal vurderast å påby burettslag over
ein fastsett grense å ha forretningsførar. I dag er det mogeleg
å gjere unntak.
Det skal vurderast å innføre forbod mot
at burettslag eig enkeltseksjonar i eigarseksjonssameiger. Slike
koplingar kan gje uoversiktlege eigarformer.
Det skal vurderast om ein skal "adoptere"
nokre reglar frå den svenske burettslagsmodellen, til dømes strengare
krav til og kontroll med oppretting av burettslag.
Husbanken har skjerpa praksisen sin for
utlån til burettslag. For at burettslag skal få lån stiller banken
no krav om at burettslaget har teikna forsikring mot "husleigetap".
Dei som tilbyr slike forsikringar stiller krav om at burettslaget
ved stifting av laget ikkje har høgare fellesgjeld enn 80 pst. Dermed
vert og kravet om maksimalt 80 pst. felleslån eit vilkår for å få
lån i Husbanken Dette blir no regelfesta.
Husbanken er i konstruktive forhandlingar
med to låginnskottsburettslag som har økonomiske problem, og der
banken har finansiert fellesgjelda. Siktemålet er å finne varige
løysingar som hindrar at burettslaget går konkurs. Arbeidet er i god
gjenge.
Finansdepartementet har dialog med finansnæringa
om problema kring låginnskottsburettslag og frårådingsplikta til
bankane. Utvalet tek til etterretning at Bankklagenemnda i ei fråsegn
har kome til at ein bank, som ikkje har oppfylt frårådingsplikta
si må ettergje gjeld til to forbrukarar som ikkje har råd til å
betale auka lånekostnader på fellesgjelda til burettslaget.
Husbanken skal gjennomføre ei ny kartlegging av
omfanget av, og problema knytt til låginnskottsburettslag. Kartlegginga
vil gje grunnlag for å vurdere fleire tiltak. Kartlegginga føreligg
for jul.
Vi vil gjere gjeldsrådgivarane i kommunane
betre i stand til å handtere desse problema. Informasjonen vert
retta mot styra i burettslaga, andelseigarar, forbrukarar og kommunane.
Det vert lagt fram eit lovframlegg om at
ein ikkje kan etablere nye festeforhald for bustader på grunn som
allereie er bygd ut. Bakgrunnen er at det ved etablering av ein
del prosjekt med låginnskottsbustader er inngått festekontraktar som
gjer det vanskeleg å verdsetje prisen på bustadane, og som gjer
det vanskeleg å vite noko om kostnadsutviklinga Dessutan vil det
gjennomgåande ikkje vere eit reelt behov for å etablere nye bustadfeste
på grunn som er bygd ut, og som så langt har vore eigartomter.
Det vert vurdert å opprette ei sentral
rådgjevingsgruppe. Dersom kartlegginga, jf. omtalen under punkt
2e ovanfor viser at det er mange som vil få store økonomiske problem
etter investering i låginnskottsburettslag, skal ein vurdera å opprette
ei sentral rådgjevingsgruppe som kan hjelpe til med rådgjeving gjeldsrådgjevarane
i kommunane, burettslag, og andelseigarar.