Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2008 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 116 (2008–2009)
  • Kjeldedokument: St.prp. nr. 16 (2008–2009) kap. 651, 670, 681, 690, 691, 3651 og 3670
  • Dato: 09.12.2008
  • Utgjevar: kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetal: 4

Til Stortinget

Samandrag

Kap. 651 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

Post 60 Integreringstilskudd

Fleire av vedtaka i Utlendingsdirektoratet (UDI) kjem seinare på året enn forventa. Dermed er det færre busetjingsklare personar i mottak samanlikna med føresetnadene i budsjettet. Busetjingsbehovet frå mottak for 2008 er redusert frå 4 000 til 3 400 personar. Talet på overføringsflyktningar som kjem til landet og blir busett i 2008 reknast til 1 000 personar, ikkje 1 120 som løyvinga er basert på. Talet på familiesameinte forventas framleis å vere 1 200. Til saman utgjer dette 5 600 personar. Dette er hovudårsaka til at løyvinga ventast redusert i 2008.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 651 post 60 med 94,1 mill. kroner.

Post 61 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Det er løyvd 1 351,1 mill. kroner på kap. 651 post 61.

Tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap er sida 1. september 2005 samansatt av eit tilskot pr. person (pr. capitatilskot), eit skjønnstilskot (inkludert basistilskot) og eit resultattilskot. Kommunane får òg eit tilskot for personar som oppheld seg i mottak. Personar som var i målgruppa for norskopplæring før 1. september 2005, utløyser tilskot etter ei overgangsordning, som er ei vidareføring av ordninga som gjaldt før 1. september 2005.

Utbetaling etter overgangsordninga i 2008 blir redusert med 67,9 mill. kroner samanlikna med det som blei lagt til grunn i samband med Revidert nasjonalbudsjett.

Rapporteringa frå fylkesmennene syner òg at talet på pr. capitatilskot frå tidlegare år som blir utbetalt i 2008, aukar samanlikna med det som blei lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett. Samstundes kjem fleire kommunar inn under ordninga for basistilskot, og det er søkt om fleire resultattilskot. Det er eit mindre forbruk på skjønnsmidla som kommunane kan søkje om. Samla har forventa utbetaling til pr. capita-ordninga auka med 41,8 mill. kroner samanlikna med Revidert nasjonalbudsjett.

Talet på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk i mottak er lågare enn det som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 80 (2007–2008). Utgiftene til tiltaket blir difor redusert med 5 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga 31,1 mill. kroner.

Kap. 3651 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

(1 000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2007

Løyving 2008

Forslag 2008

Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-)

2

Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgiftar

32 700

74 745

70 580

-4 165

Post 2 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

Løyvinga for 2008 er 74,8 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 4,165 mill. kroner.

Kap. 670 Nasjonale minoritetar

Post 71 Avkastning av Romanifolkets fond

Det er i 2008 løyva 3,7 mill. kroner på posten.

Løyvinga utgjer avkastninga av fondet for 2007. Avkastninga av Romanifolkets fond har bygd seg opp over fleire år og utgjer i dag om lag 13,4 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 9,64 mill. kroner.

Post 72 Tiltak for rom

Løyvinga for 2008 er 2,2 mill. kroner.

Gjennom initiativet til ein handlingsplan for å betre levekåra til rom i Oslo er det behov for auka middel til pågåande og planlagde tiltak.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 800 000 kroner i 2008.

Kap. 3670 Nasjonale minoritetar

Post 71 Avkastning av Romanifolkets fond

Løyvinga for 2008 er 3,7 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 3670 post 71 med 9,64 mill. kroner til 13,3 mill. kroner.

Kap. 681 Tilskot til samiske formål

Post 72 Samisk språk, informasjon o.a.

Løyvinga for 2008 er 5,8 mill. kroner.

Mindreforbruket på posten blir forklart med at eit tilskot på 825 000 kroner, som skulle blitt utbetalt i 2007, ved ein feil ikkje blei rekneskapsført før etter årsskiftet.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 681 post 72 med 825 000 kroner i 2008.

Kap. 690 Utlendingsdirektoratet

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga for 2008 er 656,3 mill. kroner, som vert løyvd for å styrke norske utanriksstasjonar med spesialutsendingar frå utlendingsforvaltninga. Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justisdepartementet og Utanriksdepartementet er samde om at storparten av midlane bør budsjetterast under Utanriksdepartementet.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 690 post 1 med 2,7 mill. kroner.

Post 22 Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetjing

Løyvinga for 2008 er 71,6 mill. kroner.

Mengda av intervju i asylsaker har blitt lågare enn venta, og tidsbruken pr. intervju er også noko lågare enn tidlegare berekna. Noko av forklaringa på dette ligg i stordriftsfordelar knytt til mange søkjarar av same bakgrunn.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga over kap. 690 post 22 med 11,2 mill. kroner.

Post 71 Kunnskapsutvikling, migrasjon, kan overførast

Løyvinga for 2008 er 6,2 mill. kroner.

Barne- og likestillingsdepartementet har gjeve UDI belastningsfullmakt på 0,5 mill. kroner over kap. 840 post 21, for å finansiere ei utgreiing av bruken av eigenerklæringsskjema i samband med avdekking av kjønnslemlesting. Prosjektet har blitt noko forsinka, og det er usikkert om dette vil innebere ei terminforskyving for utbetalinga. Det blir difor gjort framlegg om å overføre midlane til kap. 690 post 71.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga over kap. 690 post 71 med 0,5 mill. kroner

Kap. 691 Utlendingsnemnda

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga over kap. 691 post 21 med 2,2 mill. kroner.

Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Tore Hagebakken, Silvia K. Kosmo, Inger Løite, Arild Stokkan-Grande og Karin Yrvin, frå Høgre, Kari Lise Holmberg og Bent Høie, frå Sosialistisk Venstreparti, Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Anna Ceselie Brustad Moe, og frå Venstre, Vera Lysklætt, har ingen merknader og støttar Regjeringa sitt forslag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Åge Starheim og Ib Thomsen, viser til at disse medlemmer i Budsjett-innst. S. nr. 5 (2008–2009) fremmer forslag om å oppløse det statsfinansierte Romanifondet, samt at disse medlemmer i sitt alternative statsbudsjett fjerner alle særoverføringer til dette formål. Disse medlemmer viser at det ikke har vært tildelt midler til prosjekter hittil i 2008. Disse medlemmer viser til at Regjeringen ønsker å bruke 800 000 kroner ekstra på kap. 670 post 72 Tiltak for rom på bedring av levekårene til Romanifolket i Oslo. Disse medlemmer er imot særordninger for enkeltminoriteter, og støtter ikke denne påplussingen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

651

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

60

Integreringstilskot, kan overførast,blir redusert med

94 100 000

frå kr 2 894 400 000 til kr 2 800 300 000

61

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrarar, blir redusert med

31 100 000

frå kr 1 351 100 000 til kr 1 320 000 000

670

Nasjonale minoritetar

71

Avkastning av Romanifolkets fond, blir auka med

9 640 000

frå kr 3 700 000 til kr 13 340 000

72

Tiltak for rom, kan overførast,blir auka med

800 000

frå kr 2 200 000 til kr 3 000 000

681

Tilskot til samiske formål

72

Samisk språk, informasjon mv., blir auka med

825 000

frå kr 5 800 000 til kr 6 625 000

690

Utlendingsdirektoratet

1

Driftsutgifter, blir redusert med

2 700 000

frå kr 656 285 000 til kr 653 585 000

22

Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetjing, blir redusert med

11 200 000

frå kr 71 600 000 til kr 60 400 000

71

Kunnskapsutvikling, migrasjon, kan overførast,blir auka med

500 000

frå kr 6 200 000 til kr 6 700 000

691

Utlendingsnemnda

21

Særskilde driftsutgifter, nemndhandsaming, blir auka med

2 200 000

frå kr 6 400 000 til kr 8 600 000

Inntekter

3651

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

2

Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter, blir redusert med

4 165 000

frå kr 74 745 000 til kr 70 580 000

3670

Nasjonale minoritetar

71

Avkastning av Romanifolkets fond, blir auka med

9 640 000

frå kr 3 700 000 til kr 13 340 000

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 9. desember 2008

Tore Hagebakken

Anna Ceselie Brustad Moe

leiar

ordførar