Samandrag

I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova legg departementet i proposisjonen fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje vart reviderte av det førre Stortinget.

Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 2008, var på 21 946 272,82 kroner. Det er løyvd 21 700 000 kroner på kap. 1541 post 1 Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 2009.