Regjeringa legg vekt på behovet for ein aktiv innsats
retta mot område der føresetnadene for næringsutvikling og etablering
av nye arbeidsplassar er svake. Denne innsatsen må stimulere og
byggje opp under vekstkraft nedanfrå, for å medverke til ny varig
næringsverksemd eller vidareutvikling av den eksisterande verksemda.
Dette er naudsynt også for å møte auka internasjonal konkurranse.
Det er òg viktig at norske bedrifter vert merksame på og stimulerte til
å etablere seg i internasjonale marknader.
Regjeringa vil leggje til rette for auka innovasjon ved
å stimulere skapande bedrifter som utviklar lønnsame innovasjonar.
Styresmaktene skal lage rammer som gjer det enklare for verksemdene
å innovere, og skal medverke med støtte og reguleringar der marknaden
ikkje strekk til.
Den næringsretta distrikts- og regionalpolitiske innsatsen
omfattar ei rekkje ulike verkemiddel for utvikling av næringsmiljø
og nettverk mellom bedrifter og kompetansemiljø, tilgang på kapital
og stimulering til kommersialisering og entreprenørskap. Det er
viktig at dei nasjonale verkemiddelaktørane, regional stat og fylkeskommunane
samarbeider seg imellom og med kommunane for å best mogleg tilpasse innsatsen
mot regionale og lokale verdiskapingsutfordringar, mellom anna ved
å vurdere fleire verkemiddel i samanheng.
Næringslivet i Noreg står overfor stadig tøffare internasjonal
konkurranse, kamp om kompetent arbeidskraft og nye krav om berekraftig
utvikling. Dette må næringslivet møte gjennom stadig nyskaping og
utvikling av innovative løysingar. Å ta i bruk nye teknologiar,
produksjonsprosessar og forretningsmodellar og skape nye varer og
tenester opnar også for nye kommersielle moglegheiter.
Noreg har ein liten, open og internasjonalt
orientert økonomi med stor omstillingsevne i alle sektorar. Ein
aktiv konkurransepolitikk har medverka til å skape effektive marknader
som over tid har gjeve eit sunt innovasjonspress. Noreg har utvikla
eit næringsliv som evnar å vere i kontinuerleg endring, med eit
høgt produktivitetsnivå. Desse sterke sidene ved det norske innovasjonssystemet
gjev gode føresetnader for å vidareutvikle og forsterke innovasjonsevna
i næringslivet i ein global konkurransesituasjon.
Ei undersøking frå Telemarksforsking syner at det
på føretaksnivå ser ut til å vere ein klar samanheng mellom innovasjon
og vekst. Særleg føretak som er retta mot eksport er tilbøyelege
til å introdusere innovasjonar.
Når ein ser på dei enkelte regionane, ser ein
at regionar med høg innovasjonsgrad har ein tendens til å ha ein
høgare del vekstføretak. Det kan tyde på at mange innovative føretak
i ein region skaper positive ringverknader som også kjem andre føretak
i regionen til gode. Innovative næringsmiljø er positivt for å skape
vekstkraftige føretak.
Entreprenørskap og etablering av nye bedrifter er
svært viktig for kontinuerleg omstilling og fornying av næringslivet,
og for etablering av nye arbeidsplassar.
Finansuroa har på kort tid endra i det minste
dei kortsiktige utfordringane for næringslivet kraftig. Kor lenge
finansuroa varer, vil i stor grad påverke kor alvorlege verknadene
på den økonomiske utviklinga vert framover, men også tiltaka til
styresmaktene er viktige for å betre tilhøva.
Noreg har fleire innovasjonsmiljø som er verdsleiande
på sine spesifikke område. Det gjeld særleg innanfor energi, maritim
verksemd og marin sektor.
Regjeringa legg vekt på at det offentlege verkemiddelapparatet
i aukande grad medverkar til å få til eit godt samspel om utviklingsarbeid mellom
bedrifter og mellom bedrifter og kompetansemiljø og til å utvikle
sterke næringsmiljø. I åra framover bør dette arbeidet i større
grad også fokusere på internasjonalisering, involvering av bedrifter
som er lokaliserte utanfor sentra i klyngjene, og på samspel mellom
dei ulike næringsmiljøa i landet.
Klyngje- og nettverksprogramma til dei nasjonale
verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, Selskapet for industrivekst
(SIVA) og Forskingsrådet har alle som ambisjon å knyte næringslivet
i større grad opp mot sterke internasjonale FoU- og næringsmiljø.
Det skjer i samarbeid med utdannings- og forskingsmiljø, fylkeskommunar,
regional stat og kommunar.
Fylkeskommunen får ei sterkare rolle i forskings-
og innovasjonspolitikken etter implementeringa av forvaltningsreforma
i 2010, mellom anna gjennom opprettinga av regionale forskingsfond
og deleigarskap til Innovasjon Noreg.
Kommunal- og regionaldepartementet legg opp til
å setje i gang eit nytt næringshageprogram frå 2011. Departementet
legg vekt på at det nye programmet må rettast inn mot å stimulere
til vidare utvikling av dei næringshagane som vert tekne opp i programmet,
både som dynamiske næringsmiljø og som knutepunkt for kontakt mot
FoU-institusjonar og anna næringsliv. Departementet ønskjer på lengre
sikt at fylkeskommunane i større grad får ansvaret for den vidare utviklinga
av næringshagane.
Område med einsidig næringsstruktur er særleg sårbare
for raske endringar i nærings- og arbeidslivet. Eit langsiktig utviklings-
og nyskapingsarbeid lokalt og regionalt kan leggje grunnlag for
å redusere eller unngå kriser som kan følgje av raske endringar
i arbeidsmarknaden. Det vil likevel oppstå spesielle situasjonar
i kommunar og regionar som krev ekstra innsats for omstilling i
nærings- og arbeidslivet. Staten bidreg i dag til lokalt omstillingsarbeid mellom
anna med økonomiske midlar gjennom dei distrikts- og regionalpolitiske
utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylka.
Innovasjon Noreg har fått ansvaret som nasjonalt kompetansesenter
for lokalt omstillingsarbeid.
Kommunal- og regionaldepartementet meiner at særskilde
offentlege verkemiddel er tenlege for å fremje vekst i område der
omstilling og nyskaping er viktige føresetnader for å nå distrikts-
og regionalpolitiske mål. Dei distriktsretta offentlege verkemidla
skal likevel ikkje kompensere for svak lønnsemd i enkeltbedrifter
eller næringar, men vere supplerande og utløysande i høve til den
private kapitalmarknaden. Innovasjon Noreg har ei svært viktig rolle
i den distrikts- og regionalpolitiske innsatsen for å sikre finansieringa
av innovasjon og investeringar i næringslivet utanfor dei største
byområda.
Det er behov for å fokusere på omstilling og nyskaping
i det distriktspolitiske virkeområdet, der mange bedrifter er i
konkurranseutsett sektor. Målet med innsatsen er å skape betre grobotn for
næringsmiljø med vekstkraft og varige arbeidsplassar på lengre sikt.
Den viktigaste grobotnen ligg i dei mange bedrifts- og næringsmiljøa
som alt finst.
Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på
å auke omfanget av lønnsame etableringar. Verkemiddel for entreprenørskap
må leggje til rette for stimulering og realisering av nye idear
i kommersiell verksemd, og leggje til rette for at fleire bedrifter
overlever dei første åra. Departementet meiner at arbeidet med entreprenørskap bør
skje gjennom innsats på fire hovudområde:
kultur for entreprenørskap
rettleiing og auka kompetanse
finansieringsordningar for bedrifter i
tidleg fase
infrastruktur, tilrettelegging og nettverksarbeid.
Mangfald bidreg til meir verdiskaping. Dei menneskelege
ressursane er dei viktigaste ressursane landet har. For å sikre
måla om busetjing og verdiskaping i distrikts- og regionalpolitikken
er det viktig at alle får høve til å medverke med sine ressursar.
I dag er kvinner underrepresenterte som deltakarar i næringslivet.
Regjeringa har som mål at minst 40 pst. av entreprenørane skal vere
kvinner innan 2013. Mange unge har gode og nyskapande idear som
dei ønskjer å setje i verk, men dei manglar ofte kompetanse, gode nettverk
og tilgjengeleg kapital. Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer
å redusere barrierane for unge slik at dei får høve til å realisere ideane
sine der dei bur. Regjeringa ønskjer også å vurdere korleis innvandrarar
og eldre kan få nytta ressursane sine betre, gjennom å få betre kunnskap
om korleis ein kan leggje til rette for etableringsverksemd blant
innvandrar, og korleis ein betre kan leggje til rette for grått
entreprenørskap.
Meldinga peiker på at fleire målretta innsatsar retta
mot ulike bransjar og næringar som utnyttar stadbundne ressursar
eller er dominerande i lokale arbeidsmarknader, er viktige for å
fremje dei distrikts- og regionalpolitiske måla.
Regjeringa la i desember 2007 fram ein nasjonal reiselivsstrategi,
med innsatsen retta inn mot visjonen om verdifulle opplevingar.
Norsk reiselivsnæring skal vere verdifull for gjestene, men også
for bedriftene, dei tilsette, lokalsamfunnet og miljøet.
Reiselivsstrategien er følgd opp gjennom ei
auka satsing på reiseliv. I statsbudsjettet for 2009 er det løyvd
om lag 300 mill. kroner til reiselivsformål. Mesteparten av midlane
vert løyvde gjennom Innovasjon Noreg, til mellom anna marknadsføring
av Noreg som reisemål, eit eventuelt Norwegian Centre of Expertise
(NCE) i reiselivet og særskild marknadsføring av Nord-Noreg. I
tillegg er reiseliv eit viktig satsingsområde for fleire fylkeskommunar.
Regjeringa har formalisert samarbeidet mellom reiselivsnæringa og
styresmaktene gjennom å opprette eit Strategisk råd for reiseliv.
Kulturnæringane og kulturbasert næringsutvikling
er gode døme på område i økonomien som kan medverke til meir kreativitet
og innovasjon i heile samfunnet. Derfor ønskjer Regjeringa å leggje
til rette for vidare utvikling av dei store moglegheitene som ligg
i skjeringsfeltet mellom kultur og næring. Regjeringa la sommaren
2007 fram ein handlingsplan om kultur og næring.
Nærings- og handelsdepartementet vil i 2009 setje
i gang med å vurdere korleis dei eksisterande verkemidla under Innovasjon
Noreg og Norsk kulturråd fangar opp behova og utfordringane som
kulturnæringane står overfor.
Miljøverndepartementet etablerte i 2006 eit
verdiskapingsprogram med grunnlag i kulturminne og kulturmiljø for
å stimulere til meir aktiv bruk av potensialet i kulturarven. To
forskingsmiljø evaluerer og gjev rettleiing i programmet i perioden
2007-2010. Programmet skal leggje grunnlaget for at kulturminne
og kulturmiljø vert tekne i bruk i utviklinga av lokalsamfunn og næringsliv.
Regjeringa la i oktober 2007 fram ein strategi
for dei maritime næringane der målet er miljøvennleg vekst. Strategien
inneheld 54 konkrete tiltak som også er følgde opp med ekstra offentlege
satsingar på 100 mill. kroner i statsbudsjetta for både 2008 og
2009.
Tiltaka og midlane i strategien er særleg retta
inn mot å fremje maritim forsking og innovasjon som kan ha ein positiv
miljøverknad. Denne satsinga skjer gjennom å auke løyvingane til
Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd.
Landbruks- og matdepartementet har store ambisjonar
for utvikling av ny næringsverksemd og auka verdiskaping med utgangspunkt
i ressursane i landbruket. Det er behov for eit taktskifte for etablering
av ny næringsverksemd med utgangspunkt i mangfaldet av dei menneskelege og
materielle ressursane i landbruket. Målet med eit slikt taktskifte
er å skape fleire arbeidsplassar innan ny næringsverksemd for å
kompensere for reduksjonen i arbeidsplassar i landbruket. I den samanhengen
er det viktig å byggje på gode erfaringar og samarbeidsmodellar
for entreprenørskap og innovasjon lokalt og regionalt.
Landbruks- og matdepartementet er dessutan oppteke
av samspelet mellom næringsliv, forsking og forvaltning på regionalt
nivå.
Dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane har sidan
tidleg på 1990-talet vore dei viktigaste økonomiske verkemidla for
næringsutvikling innan og i tilknyting til landbruket.
I St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken
la Regjeringa fram forslag om å etablere eit verdiskapingsprogram
for næringskombinasjonar. Dette vart følgt opp i budsjettet for
2008. Programmet skal også ta opp i seg mål i Soria Moria-erklæringa
om å satse på samisk reiselivsutvikling som skal sikre og styrkje næringslivet
i samiske område. Hovudmålet for verdiskapingsprogrammet er å fremje
levedyktige bedrifter og medverke til ei berekraftig utvikling i
samiske samfunn.
Sidan reindriftsavtalen 2001/2002 er det også sette
av midlar til eit eige verdiskapingsprogram for reindrift, med hovudmål
å auke verdiskapinga i næringa slik at det kjem reineigarane til gode.
For mange av sjømatprodusentane, særleg dei små
og mellomstore selskapa, er det ei utfordring å byggje relasjonar
og tilby logistikk og tilleggstenester som gjer dei til prioriterte
leverandørar hos dei større marknadskjedene og likeins i godt betalande
nisjemarknader. For prioriterte leverandørar, aukar forhandlingsmakta og
høvet til å hente ut meirverdiar.
Dette er bakgrunnen for opprettinga av Det marine
verdiskapingsprogrammet (MVP), som har som mål å hjelpe til og styrkje
marknadsorienteringa i alle ledd i verdikjeda i sjømatnæringa. Programmet
vert forvalta av Innovasjon Noreg på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet,
og har dei seinare åra hatt ei årleg ramme på 75 mill. kroner. Ein
vesentleg del av MVP er retta inn mot bedrifter i fiskerikommunar
med omstillingsbehov. Til dømes er samarbeid mellom fiskeribedrifter
og reiselivsnæring eit aktuelt utviklingsområde.
Bioteknologi og bioprosepektering er viktige framtidsretta
aktivitetar som kan gje opphav til ny verksemd langs kysten. Marin
bioprospektering er leiting etter verdifulle, biologisk aktive komponentar
frå organismar i havet.
Funn og utnytting av genetisk materiale kan
gje grunnlag for næringsutvikling i kystområda. Aktiviteten har
potensial til å generere store gevinstar baserte på ressursar som
tilhøyrer fellesskapet. Derfor har Regjeringa i den nye havressursslova
innført ein heimel for å kunne gje reglar om at staten kan sikre
seg ei økonomisk godtgjersle ved utnytting av norsk marint genetisk
materiale, eller få del i andre fordelar frå marin bioprospektering.
Regjeringa vil i 2009 leggje fram ein nasjonal strategi
for marin bioprospektering, som eit ledd i innovasjonspolitikken.
Utvikling av alternative energiformer som vindkraft,
bioenergi og små vasskraftverk utgjer eit stort potensial for økonomisk
aktivitet og verdiskaping. Dette er aktivitetar som vil treffe alle
delar av landet, men som særleg er viktige for område med små arbeidsmarknader.
Gjennom desse aktivitetane vert det utvikla økonomisk aktivitet
og attraktive arbeidsplassar som er baserte på lokale ressursar.
Regjeringa legg opp til ei langsiktig og sterk satsing
på fornybar energi og energiomlegging. I 2007 vart Grunnfondet for
fornybar energi og energieffektivisering skipa. Avkastninga frå Grunnfondet
vert overført til Energifondet, som finansierer satsinga på fornybar
energi og energieffektivisering. Som ein del av tiltakspakka, har
Regjeringa styrkt Energifondet gjennom ei ekstraordninær løyving
på nær 1,2 mrd. kroner i 2009. Dei samla inntektene til Energifondet
i 2009 vil vere på om lag 2,6 mrd. kroner.
Enova SF har fått ansvaret for å forvalte midlane frå
Energifondet. Vindkraft og bioenergi er viktige arbeidsområde for
Enova.
Komiteen er enig med
Regjeringen i at det er spesielt behov for en aktiv innsats overfor
områder der forutsetningene for næringsutvikling og etablering av
nye arbeidsplasser er svake. Denne innsatsen må stimulere og bygge
opp vekstkraft nedenfra, eller videreutvikle eksisterende virksomheter.
Videre mener komiteen at forholdene bør legges
til rette for at større og kapitalsterke bedrifter eller konsern
oppretter virksomhet i næringssvake områder.
Komiteens medlem fra Kristelig
Folkeparti mener i denne sammenheng at bruk av en distriktsskatt
i form av differensiert selskapsskatt kan vurderes innført.
Komiteen viser til
at Regjeringen legger vekt på at det offentlige virkemiddelapparatet
i økende grad skal medvike til å få til et godt samspill om utviklingsarbeidet
mellom bedrifter og mellom bedrifter og kompetansemiljø, og til
å utvikle sterke næringsmiljø. Komiteen vil understreke
behovet for koordinering og samkjøring av virkemidler. Komiteen viser
til at de enkelte departementer hvert år oppretter et antall nye
prosjekter og nye virkemiddelprogram.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil påpeke at mange
av disse overlapper hverandre helt eller delvis i forhold til formål,
målgrupper og geografi. Disse medlemmer mener det
er grunnlag for å få koordinert og samkjørt en del av disse prosjektene
og programmene. En koordinering og samkjøring av overlappende prosjekter
vil legge grunnlag for bedre ressursutnyttelse og bedre måloppnåelse
for hvert prosjekt. Det totale antall prosjekter og virkemiddelprogram
er så vidt stort og omfattende at det bør iverksettes et bredere utredningsarbeid
i sammenheng med dette.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig
Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, gir sin tilslutning
til departementets vurdering om at offentlige virkemidler er tjenlige
for å fremme vekst i områder der omstilling og nyskaping er viktige forutsetninger
for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål.
Flertallet støtter et styrket
arbeid med entreprenørskap. Det er også særlig viktig å sette fokus
på hvordan innvandrere og eldre bedre kan utnytte sine ressurser.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener
kombinasjonen av lavere skatter og avgifter samt investeringer i
veier og bredbånd, er langt mer fremtidsrettet enn Regjeringens
subsidiepolitikk når det gjelder å skape gode rammebetingelser for
næringsutvikling, innovasjon og entreprenørskap i distriktene.
Disse medlemmer er videre av
den oppfatning at kommunene bør ha ansvaret for førstelinjeoppgaver
innenfor nærings- og bygdeutvikling rettet mot nyetablerere og småbedrifter.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre viser til at ved opprettelsen av Innovasjon Norge
skulle det bli enklere for bedrifter som trengte hjelp og veiledning.
Det skulle være nok å henvende seg ett sted for å få veiledning.
Opprettelsen av Innovasjon Norge var et fremskritt for å få forenklet
virkemiddelapparatet for brukerne. Brukerne skal stå i sentrum for
de tjenestene virkemiddelapparatet skal tilby. Det skal være en
lav terskel for å motta støtte, men dette må ikke gå på bekostning
av kvalitetskontrollen. Det er viktig at de riktige prosjektene
får støtte.
Disse medlemmer mener det er
viktig med godt samarbeid mellom det statlige næringspolitiske virkemiddelapparatet
og kommunene. Kommunene har en viktig rolle som tilrettelegger og
medspiller for lokal næringsutvikling.
Disse medlemmers utgangspunkt
er at sysselsetting er grunnlaget for bosetting uansett landsdel
eller distrikt, og at all privat næringsvirksomhet er profittdrevet.
Det er generelt behov for et godt og forutsigbart virkemiddelapparat
over hele landet. Virkemiddelapparatet må være oversiktlig og serviceinnstilt.
Virkemiddelapparatet må være offensivt i å markedsføre sine tjenester.
Derfor mener disse medlemmer at fylkeskommunens
strategiske midler til næringsutvikling må overtas av kommunene,
mens alle bedriftsrettede virkemidler forvaltes av Innovasjon Norge.
SIVAs organisering opprettholdes som i dag. Det må etableres gode
samarbeidsløsninger lokalt for at Innovasjon Norges bruk av bedriftsrettede
tiltak henger sammen med kommunenes regionale næringsplaner og prioriteringer.
Fylkeskommunens eierskap i næringshager og innovasjonsselskaper
overtas av kommunene.
På denne bakgrunn fremmes følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen utrede og fremme forslag
om å overføre fylkeskommunenes strategiske midler til næringsutvikling
til kommunene."
Disse medlemmer vil understreke
at fordeling av midler til forskning må skje etter relevans og faglig
kvalitet, ikke på bakgrunn av geografi. Disse medlemmer mener
videre det er viktig å ivareta nasjonale satsinger og strategier
innenfor forskningsfeltet, og ønsker dermed ikke å etablere regionale
forskningsfond fordi disse vil pulverisere ansvaret for finansiering
og prioritering av forskningen. Det er også grunn til å peke på
at i et lite land er forskningsmiljøene allerede små. Ved en regional
oppsplitting vil de bli enda mindre, noe som bl.a. vil føre til
en forsterkning av habilitetsproblemer, fordi forskere i større grad
vil oppleve å sitte på begge sider av bordet i en tildelingsprosess.
Disse medlemmer viser til at
det er viktig med godt samarbeid mellom det statlige næringspolitiske
virkemiddelapparatet og kommunene. Kommunene har en viktig rolle
som tilrettelegger og medspiller for lokal næringsutvikling.
Disse medlemmers utgangspunkt
er at sysselsetting er grunnlaget for bosetting uansett landsdel
eller distrikt og at det er generelt behov for et godt og forutsigbart
virkemiddelapparat over hele landet. Virkemiddelapparatet må være oversiktlig
og serviceinnstilt, og det må være offensiv i å markedsføre sine
tjenester.
Disse medlemmer fremmer følgende
forslag:
"Stortinget ber Regjeringen foreta en helhetlig evaluering
av det offentlige virkemiddelapparatet for bedriftsrelatert støtte.
Det bes om at det legges spesiell vekt på resultatoppnåelse og om systemene
er tilpasset brukerne."
Disse medlemmer vil peke på mulighetene
av å få mer ut av de pengene som allerede brukes. Eksempelvis kan
dette bety en mer helhetlig planlegging og utbygging ved bruk av
samarbeidsløsninger der private bidrar til drift og bygging av veier
(OPS). Disse medlemmer er forundret over at Regjeringen
er negativ til dette virkemidlet.
Disse medlemmer viser til at
for få år siden kunne ikke en bedrift som var avhengig av å kommunisere
med resten av verden via Internett, ligge utenfor større byer fordi
man manglet tilgang til bredbånd. De fleste steder er dette ikke lenger
en aktuell problemstilling. Disse medlemmer vil fremheve
at konkurranse mellom tilbyderne har bidratt sterkt til at bredbåndsutbyggingen
har skutt fart rundt om i landet, også i mindre tettbygde strøk.
Disse medlemmer mener differensiert
arbeidsgiveravgift er det beste distriktspolitiske virkemiddelet.
Hele det politiske Norge er enig om at dette er den mest treffsikre
distriktspolitiske ordningen vi har. Både den forrige og den nåværende
regjering har hatt som målsetting å få aksept for et regelverk som
må gi grunnlag for en ordning med regional differensiert arbeidsgiveravgift.
Norge fikk under regjeringen Bondevik II i stor grad gjennomslag
i EU-kommisjonen hvilket dannet grunnlaget for en gjeninnføring av
ordningen.
Disse medlemmer vil ikke bygge
ned gode tiltak eller avvikle virkemiddelapparatet. Disse medlemmer mener
det er nødvendig med offentlig innsats der markedet ikke fungerer
godt nok. Men de offentlige virkemidlene må ikke benyttes der det
private kan og vil gjøre jobben uten offentlig innblanding. Disse
medlemmer mener virkemidler skal prioriteres og rettes mot ideenes
tidlige fase. Våre virkemidler må bidra til at flere gode ideer
blir kommersialisert. Disse medlemmer vil bruke pengene
for å utvikle koblingspunkter mellom forskning, utdanningsinstitusjoner,
gode rådgivere og den private kapitalen, slik at mer av kunnskapen
vår skaper grunnlag for nye bedrifter og lønnsomme arbeidsplasser. Disse
medlemmer mener det er riktig å bidra med tilskudd, egenkapital
og lån i de mest kritiske og risikopregede utviklings- og oppstartsfasene.
Det er imidlertid viktig å unngå at statlige midler brukes til å
fastlåse gammeldags næringsstruktur. Statlige virkemidler skal støtte
opp under nødvendig nyskaping, utvikling og forandring.
Disse medlemmer vil fremheve
at det er den generelle økonomiske politikken og skattepolitikken
som er bærebjelker i virkemiddelapparatet. Disse medlemmer ønsker
ikke å videreføre en selektiv næringspolitikk som premierer bedrifter
som går dårlig i stedet for å satse på bedrifter som vil kunne utvikle
seg. Landet vårt er avhengig av at næringslivet evner å foreta nødvendige
omstillinger. Med den endringstakten vi har i dagens samfunn er
det viktigere enn noen gang. Disse medlemmer mener
at virkemiddelapparatet skal bidra med service til rent praktiske
ting ved opprettelse av selskaper, patentsøknader, markedsundersøkelser,
bidra til bygging av infrastruktur og så videre. Det skal bevilges
penger til forskning, innovasjon og omstilling samt internasjonalisering
og forenkling. Disse medlemmer vil fremheve at Innovasjon Norge
gjennom sine virkemidler skal stimulere bl.a. innovasjon, bedriftsutvikling,
internasjonalisering, forsknings- og utviklingskontrakter, maritim
utvikling og økt entreprenørskap.
Disse medlemmer viser til at
Innovasjon Norge, SIVA og Norges forskningsråd til sammen utgjør
spydspissen av det statlige næringspolitiske virkemiddelapparatet.
De har forskjellige oppgaver, og er ment å utfylle hverandre for
å kunne tilby et kompetent og sterkt virkemiddelapparat. Disse
medlemmer mener dette er en fornuftig organisering som må videreutvikles. Disse
medlemmer vil presisere at det er viktig med godt samarbeid
mellom det statlige næringspolitiske virkemiddelapparatet og kommunene.
Kommunene har en viktig rolle som tilrettelegger og medspiller for
lokal næringsutvikling. Disse medlemmer viser til
at det over tid er bygget opp en betydelig virkemiddelstruktur i fylkeskommunene. Disse
medlemmer er skeptiske til om dette er en riktig bruk av
midler og mener det er grunn til å advare mot at det bygges opp
mange parallelle tjenester.
Disse medlemmer vil fremheve
at det er positivt at private satser sine egne penger og investerer
i verdiskaping. Slik skapes det beste næringslivet over tid. Disse
medlemmer mener det er viktig å stimulere til at private
investerer sparepengene sine i verdiskapende ideer. Kommersialisering
av forskningsideer og andre gode prosjekter bør stimuleres sterkere enn
i dag.
Disse medlemmer vil peke på at
det blant annet innen havbruksnæringen gjenstår noen utfordringer
i forhold til å håndtere både avfall og miljø. Mange tiltak er iverksatt,
og disse medlemmer mener det er viktig at eksisterende tiltak
evalueres før eventuelt nytt vern innføres.
Disse medlemmer er av den oppfatning
at reiselivsnæringen møter mange nasjonale utfordringer som i den
globale konkurransesituasjonen vil utgjøre en konkurranseulempe.
Disse medlemmer viser til at
reiselivsnæringen er en bransje i sterk internasjonal vekst og en næring
der Norge har en rekke naturgitte fortrinn som bør utnyttes i tråd
med en aktiv næringspolitikk.
Komiteen mener at
næringshagene er et viktig instrument som lokale, regionale og nasjonale kraftsentra
for innovasjon og nyskaping lokalisert i distriktene.
Komiteen er positiv til at Kommunal-
og regionaldepartementet legger opp til å sette i gang et nytt næringshageprogram
fra 2011. I den pågående finanskrisen er det svært viktig å opprettholde
og forsterke utviklingsmiljøer som tilrettelegger for fornying og
vekst i små og mellomstore kompetansebedrifter – som tar hele landet
i bruk. Næringshagene har beredskap for omstillingsarbeid og er
en pådriver for innovasjon, og har derfor en viktig rolle overfor næringslivet
i distriktene. Dette i tillegg til mobilisering og utvikling av
gründerbedrifter.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti,
Senterpartiet og Venstre, har merket seg at fylkeskommunene
som regionale utviklingsaktører skal få en forsterket rolle i forhold
til næringshagene.
Flertallet ser behovet for at
næringshagene har sterk tilknytning til det nasjonale nettverk av
utviklingsaktører, noe som bør innebære at SIVA har en sentral rolle
i et framtidig nasjonalt næringshageprogram.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre ser behovet for at næringshagene har sterk tilknytning
til det nasjonale nettverk av utviklingsaktører, noe som innebærer
at SIVA bør være operatør også for det nye næringshageprogrammet.
Komiteen vil peke
på at det nye programmet må rettes inn mot å stimulere til videre
utvikling av de næringshagene som blir tatt opp i programmet, både
som dynamiske næringsmiljø og som knutepunkt for kontakt mot FoU-institusjoner
og annet næringsliv.
Komiteen mener de eksisterende
næringshagene som tilfredsstiler kravene i det nye programmet, blir
gitt mulighet for videre utvikling og vekst. Det vil være en fordel
å ha et spisset fokus for å styrke næringshagene og distriktene til
økt verdiskaping og sysselsetting, basert på lokale fortrinn. En
form for fokusgrupper innen ulike næringer – eksempler på dette
kan være kulturnæringer/reiseliv, energi og miljø, internasjonalisering/globalisering.
Videre mener komiteen at en ytterligere satsing på
ungdom sett i sammenheng med ønsket om økt tilflytting og/eller
tilbakeflytting til distriktene, også er en oppgave for næringshagene
framover.
Komiteen mener derfor at næringshagene
er viktige for innovasjon, utvikling og vekst i sine områder.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil
understreke at det er viktig å bistå arbeidet i næringshagene med
statlig risikokapital for å utløse nye prosjekter. Disse
medlemmer vil vise til Fremskrittspartiets forslag i Innst.
S. nr. 170 (2008–2009) Et nytt og bærekraftig Norge, der Fremskrittspartiet
foreslo etablering av et presåkornfond for SIVAs næringshager på 300
mill. kroner.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig
Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til at det er
satt av midler til et eget verdiskapingsprogram for reindrift, med
hovedmål å øke verdiskapingen i næringen slik at det kommer reineierne
til gode. Flertallet mener at intensjonene i "rovdyrforliket"
må oppfylles, noe som innebærer en styrket dialog mellom lokale
og sentrale myndigheter i rovdyrpolitikken.
Flertallet erkjenner at reindriftsnæringen
er viktig for å bevare den sørsamiske kulturen og ber Regjeringen
vurdere tiltak for å støtte opp reindriften i Sør-Norge og den sørsamiske
kulturen.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener at erstatningsordningene
må presiseres slik at de dekker alle utgifter påført av rovdyrskader.
Forvaltningen må være i samsvar med politiske vedtak. Reglene for
nødverge og lisensfelling må forbedres.
Komiteens medlemmer fra Høyre,
Kristelig Folkeparti og Venstre mener at reindriftsnæringen
med et tapstall på kalver fra 50 til 80 pst. er spesielt utsett.
Her står hele den sørsamiske kulturen i fare, og det må derfor settes
i verk spesielle tiltak for å avhjelpe denne situasjonen.