Sammendrag

Framlegget i proposisjonen omhandlar låneopptak for Oslopakke 3 i 2010 for finansiering av prosjekt som er under bygging.

På grunn av redusert inntektsgrunnlag i bomringen i 2010 og bindingar som er knytt til veg- og kollektivprosjekt som allereie er sette i gang, som rv 150 Ulven–Sinsen, E18 Bjørvika og Kolsåsbana, og Stortinget sine føringar om at minst 25 pst. av dei årlege bompengeinntektene skal øyremerkast finansiering av drift og mindre vedlikehaldsinvesteringar innan kollektivtrafikken, har styringsgruppa for Oslopakke 3 foreslått eit låneopptak på om lag 1 mrd. kroner i 2010.

Det er ikkje i tidlegare framlegg for Stortinget om Oslopakke 3 opna for at bompengeselskapet Fjellinjen AS kan ta opp slike lån. Det er derfor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til at Fjellinjen AS kan ta opp eit lån i 2010.

Akershus fylke har gjeve sin tilslutning til låneopptak for 2010 ved vedtak i fylkestinget den 29. oktober 2009. Oslo kommune ved bystyret ga sin tilslutning til låneopptak ved vedtak den 11. november 2009.

Når det gjeld aktiviteten for Oslopakke 3 i 2010, vil denne i all hovudsak vera knytt til tiltak og prosjekt som allereie er sette i gang. Samferdselsdepartementet vil leggja fram ei sak for Stortinget om hovudinnretninga i handlingsprogrammet for Oslopakke 3 for perioden 2010–2013 på nyåret.