Brev fra Kommunal- og regionaldepartementet v/statsråden til kommunal- og forvaltningskomiteen, datert 19. august 2010

Orientering om manglar i Prop. L 152 (2009-2010) Møteoffentlegheit

Eg syner til Prop. L 152 (2009-2010) Endringar i kommuneloven (møteoffentlegheit), som blei oversendt Stortinget 18. juni i år.

Etter oversendinga av proposisjonen, er eg blitt merksam på manglar i framstillinga. Det er ikkje kommentert i proposisjonen om og kor det er naudsynt med endringar i tilvisingar frå andre føresegner i kommuneloven og i forskrifter til kommuneloven til § 31.

Nokre stader i kommuneloven og i forskrifter til kommuneloven er det gitt ei generell tilvising til reglane i § 31 om møteoffentlegheit. Fordi reglane om møteoffentlegheit etter den føreslåtte lovendringa vil ha same paragrafnummer som i dag, vil det ikkje vere behov for å gjere endringar i desse generelle tilvisingane. Dette gjeld tilvisingane i kommuneloven § 59 nr. 1 og i note 1 til kommuneloven § 4.

I nokre av tilvisingar vil det derimot vere naudsamt med endringar:

I ei tilvising i § 68 nr. 5 tredje punktum er det synt direkte til § 31 nr. 3. I dag omtaler § 31 nr. 3 alle dei materielle lukkingsgrunnlaga med unntak av teieplikt. Etter lovendringa vil tilvisinga til § 31 nr. 3 bli upresis fordi dei ulike lukkingsgrunnlaga då vil få eige nummer. Det vil vere meir presist om det etter lovendringa er ei tilvising til § 31.

Eg vil på denne bakgrunnen be Stortinget om å ta omsyn til desse manglane ved handsaminga av lovforslaget. Dersom Stortinget kommer til at det kan vedta forslaget som eg har fremma, vil eg be om at Stortinget samstundes gjer følgjande endring i samband med lovendringa:

  • Tilvising i § 68 nr. 5 siste punktum endrast frå ”§ 31 nr. 3 gjelder tilsvarende.” til ”§ 31gjelder tilsvarende”.

I nokre tilvisingar er det synt direkte til § 31 nr. 3 siste punktum. Dette er i dag eit lukkingsgrunnlag for personalsaker. Dette lukkingsgrunnlaget vidareførast som § 31 nr. 3, men då berre med eit punktum. Etter lovendringa vil det difor vere meir presist å tilvise til § 31 nr. 3.

På same måte ber eg om at Stortinget, i den grad det gjer vedtak i tråd med mitt forslag, om å gjere følgjande endringar i samband med lovendringa:

Tilvising i § 77 nr. 8 tredje punktum endrast frå ”§ 31 nr. 3 siste punktum gjelder tilsvarende.” til ”§ 31 nr. 3 gjelder tilsvarende.”

Tilvising i § 24 note 1 endrast frå ”2 Jfr. § 31 nr. 3 siste punktum.” til ”2 Jfr. § 31 nr. 3”

Eg orienterer om at ei tilsvarande endring vil vere naudsynt i forskrift 15. juni 2004 nr. 905 om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner § 19. I § 19 fyrste ledd tredje punktum står det at: ”Kommuneloven § 31 nr. 3 siste punktum gjelder tilsvarende.” Etter ei eventuell lovendring i kommuneloven § 31, vil riktig tilvising vere: ”Kommuneloven § 31 nr. 3 gjelder tilsvarende.” Kommunal- og regionaldepartementet vil eventuelt gjere denne endringa så snart Stortinget gjer vedtak i saka.