I proposisjonen legg Barne-, likestillings-
og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet
for 2010.
BLD arrangerer i 2010 fire folkemøte som skal skape
dialog og engasjement rundt politikken på området og gi innspel
om erfaringar og idear personar i lokalmiljøet har. Departementet
føreslår å flytte 400 000 kroner for å dekkje utgifter til folkemøte
frå kap. 821 post 71 til kap. 820 post 1.
Løyvinga er basert på at 8 300 personar utløyser integreringstilskot
for det første året i 2010. Talet er no venta å bli 7 850 personar.
Utgifter til integreringstilskot for det første året blir dermed redusert.
Utgifter til tilskot ved busetjing av personar med alvorlege, kjende
funksjonshemmingar og åtferdsvanskar er høgare enn det som tidlegare
blei lagt til grunn.
BLD føreslår å nytte 500 000 kroner for å styrkje integreringsarbeidet
for utsette grupper i innvandrarbefolkninga med utgangspunkt i rapporten om
levekår for norsksomaliarar. Midla blir føreslått flytta frå kap.
821 post 71. Føremålet for bruk av midla er uendra, men mottakaren
vil vere ein kommune eller bydel, og ikkje ein frivillig organisasjon.
Løyvinga skal dekkje utgifter til gjennomføring av
norskprøver for vaksne innvandrarar, og behovet er no venta å bli
lågare enn føresett i 2010.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap.
822 post 22 med 1,4 mill. kroner.
Løyvinga for 2010 er basert på at 13 400 personar
er i målgruppa for opplæring i norsk og samfunnskunnskap i 2010
og vil utløyse førsteårs tilskot. Talet på personar i målgruppa
som vil utløyse førsteårs tilskot er no venta å bli 11 500 personar.
I tillegg blir fleire tilskot utbetalt seinare enn venta. Talet
på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk
i mottak er lågare enn det som tidlegare blei lagt til grunn for
2010.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap.
822 post 60 med 150,8 mill. kroner.
Det er lagt til grunn at 100 prosent av overføringsflyktningane
kjem frå ODA-godkjende land og at 50 prosent av utgiftene som blir
dekka av første års integreringstilskot er ODA-godkjende. Integreringstilskotet
har ulik sats for det første året mellom barn og vaksne. Endring
i samansetjinga av barn og vaksne er årsaka til at løyvinga er venta
å bli redusert.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 3821
post 1 med 450 000 kroner.
95 prosent av utgiftene til norskopplæring i
mottak blir rekna som ODA-godkjende utgifter. Ein reduksjon i talet
på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk
i mottak fører til ein reduksjon i utgifter til opplæring og ein
reduksjon i ODA-godkjende utgifter.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 3822
post 1 med 29,7 mill. kroner.