Sammendrag

Prosjektet rv. 70 Oppdølstranda skal sikra ein rassikker veg på den rasfarlege strekninga mellom Sunndalsøra og Oppdøl i Møre og Romsdal. Etter ekstern kvalitetssikring legg Samferdselsdepartementet til grunn ei styringsramme for prosjektet på 880 mill. kroner og kostnadsramme 945 mill. kroner (2011-nivå). Styringsramma er i tråd med tilrådinga frå den eksterne konsulenten. Den eksterne konsulenten tilrådde ei kuttliste, som i tilfelle skulle leggjast til grunn ved overskriding av styringsramma. Denne er ikkje teken til følgje. Konsulenten tilrådde såleis ei noko lågare kostnadsramme enn det som blir lagt til grunn.

Det er lagt opp til anleggsstart på prosjektet våren 2011. Prosjektet er venta opna for trafikk ved årsskiftet 2013/2014.