1.1 Det politiske samarbeidet

Samarbeidet i OSSE i 2010 var prega av toppmøtet i Astana i desember og førebuingane til dette. Det var det første toppmøtet i organisasjonen sidan 1999. Deltakarlanda på toppmøtet vart samde om ei erklæring som stadfestar og forsterkar tidlegare inngåtte forpliktingar og erklærte at dei vil arbeide for betre oppfølging og etterleving innanfor alle dei tre dimensjonane i OSSE.

Under førebuingane til toppmøtet stod Noreg saman med likesinna land bak fleire forslag om å forbetre krisehandteringsevna til OSSE, styrkje forpliktingane når det gjeld mediefridom og ytringsfridom, styrkje vernet av nasjonale minoritetar og betre oppfølginga av tilrådingane etter valobservasjon.

Arbeidet med tillits- og tryggleiksskapande tiltak, mellom anna gjensidig utveksling av informasjon om forsvarsplanlegging, stridskrefter, våpensystem og aktivitetar, står sentralt i OSSE. Ei viktig plattform for dette arbeidet er Wien-dokumentet frå 1999. I 2010 kom deltakarlanda i gang med ei høgst nødvendig oppdatering av Wien-dokumentet. Arbeidet vil halde fram i 2011.

Ved inngangen til 2010 vart det innleidd ein diskusjon blant NATO-landa om korleis avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa frå 1992 (CFE-avtalen) kunne få nytt liv. Bakgrunnen var særleg at Russland sidan desember 2007 har «suspendert» CFE-avtalen. NATO presenterte i juni 2010 eit utkast til «nytt rammeverk for konvensjonell rustingskontroll i Europa». Det ser ut til å vere semje om at dei tre komponentane i CFE-avtalen – restriksjonar på konvensjonelle styrkar, innsyn gjennom utveksling av informasjon om militær struktur, materiell og personell og høve til verifikasjon ved inspeksjonar av militære avdelingar – har hatt stor tillitsskapande verdi og bør førast vidare. Regjeringa har gjeve arbeidet med å gje nytt liv til CFE-avtalen høg prioritet og har samarbeidd nært med dei andre allierte i NATO.

Den kasakhstanske formannskapen synte stor handleevne i handteringa av krisa i Kirgisistan våren 2010. Allereie dagen etter at uroa braut ut, vart det utnemnd ein spesialrepresentant for Kirgisistan, og formannskapen stod sentralt i arbeidet med å overtale presidenten til å gje opp makta og forlate landet.

Presidentvalet i Kviterussland i 2010, særleg den brutale handteringa av opptøyane som oppstod utover valdagen, og vedtaket landet gjorde om å ikkje gå med på ei forlenging av mandatet for OSSE-kontoret, var eit tilbakesteg for utviklinga av demokrati, rettsstat og grunnleggjande menneskerettar. Det autoritære styret i Kviterussland har ikkje synt teikn til svekking. Forfølging og trakassering av journalistar, opposisjonspolitikarar og andre representantar for det sivile samfunnet auka i omfang att i 2010. Avrettinga av to personar i mars 2010 stadfesta at Kviterussland er det einaste landet i Europa som framleis nyttar dødsstraff. Regjeringa beklagar den kviterussiske avgjerda om å avvikle sendelaget, noko som gjer det vanskelegare for det internasjonale samfunnet å påverke utviklinga i landet.

Regjeringa legg vekt på å oppretthalde det omfattande feltnærværet til OSSE. I dag er det 17 feltkontor på Vest-Balkan, i Kaukasus, i Aust-Europa og i Sentral-Asia som i stor grad arbeider for vern av menneskerettar og minoritetsrettar. Regjeringa beklagar at det ikkje har vore mogeleg å få gjenoppretta eit OSSE-nærvær i Georgia. OSSE vart nøydd til å avslutte verksemda i 2009 då Russland ikkje kunne godta ei vidareføring av sendelaget utan at det skjedde innanfor rammer som innebar ei direkte eller indirekte godkjenning av utbrytarregionane Abkhasia og Sør-Ossetia.

Når det gjeld Vest-Balkan, står utviklinga i Kosovo og rolla det internasjonale samfunnet speler der, framleis sentralt for OSSE. Arbeidet, ikkje minst for å sikre rettane til minoritetane, vert vidareført og utfyller den innsatsen EUs politi- og justisoperasjon (EULEX) gjer. Regjeringa vil framleis arbeide for eit mindre, men meir fokusert OSSE-nærvær i Kosovo.

I Aust-Europa (Moldova, Ukraina og særleg Kviterussland) og i Sør-Kaukasus har OSSE mykje ugjort arbeid. Situasjonen i Moldova var òg i 2010 prega av uløyste konstitusjonelle spørsmål, men reformpolitikken som vart innleidd etter regjeringsskiftet i 2009, har lagt grunnlaget for ein ny giv i reforminnsatsen, der OSSE deltek med viktige bidrag. Mandatet for OSSE-nærværet i Ukraina har lenge vore underlagt sterke restriksjonar, samtidig som behovet for eit aktivt sendelag ikkje har vorte mindre etter presidentskiftet i 2010.

OSSE er involvert som forhandlar og observatør i dei uløyste konfliktane om Transnistria i Moldova og Nagorno-Karabakh i Aserbajdsjan.

Regjeringa ser det som viktig å støtte OSSE-kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) og sikre den uavhengige rolla til kontoret. Arbeidet i OSSE for å fremje frie og demokratiske val står sentralt her. Regjeringa vil framleis prioritere norsk deltaking i valobservasjonslaga. Vidare vil regjeringa halde fram å arbeide for at OSSE skal styrkje dialogen med det sivile samfunnet, og for at menneskerettsforsvararar i deltakarlanda i OSSE får eit betre vern.

Det er viktig at OSSE konsentrerer arbeidet om kjerneoppgåvene innanfor det utvida tryggleiksomgrepet, mellom anna respekt for dei grunnleggjande menneskerettane. Vidare bør OSSE framleis rette merksemda mot dei utfordringane som etniske og regionale konfliktar, organisert kriminalitet, handel med menneske, våpen og narkotika og internasjonal terrorisme utgjer. Det er positivt at organisasjonen er oppteken av energitryggleik og drøfter samanhengen mellom klimaendringar, miljø og tryggleik.

Regjeringa er oppteken av å styrkje samarbeidet mellom OSSE, FN, EU, Europarådet og NATO og av å sjå dette i samanheng med det bilaterale engasjementet til Noreg. Arbeidet i dei multilaterale organisasjonane er avgjerande for å fremje norsk utanriks- og tryggingspolitikk.

1.2 Freds- og demokratibygging

OSSE har ein omfattande feltaktivitet. Gjennom 17 såkalla sendelag støttar organisasjonen demokratisk utvikling, menneskerettar og rettsstatsprinsipp i land på Vest-Balkan, i Ukraina, Moldova og Kviterussland (sistnemnde vert lagd ned i 2011), i Sør-Kaukasus og Sentral-Asia.

I kapittel 2 i meldinga er det gitt ei detaljert skildring av dette feltarbeidet i:

  • Vest-Balkan

  • Ukrina, Moldova og Kvitrussland

  • Sør-Kaukasus og

  • Sentral-Asia.

1.3 Samarbeid om demokrati og menneskerettar

Arbeidet OSSE gjer for vern av menneskerettane, utvikling av demokrati og styrking av rettsstatsprinsippa, er viktige bidrag til langsiktig stabilitet. I dette arbeidet står dei uavhengige OSSE-institusjonane – Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR), Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM), Kontoret til representanten for frie medium (FOM) og sendelaga – heilt sentralt. Noreg støttar verksemda til OSSE på dette området og ser det som særleg viktig at institusjonane får behalde den sjølvstendige rolla si, slik at dei kan vidareføre rolla si som vaktbikkjer med bakgrunn i objektivt formulerte mandat og utan politisk førehandsgodkjenning av enkeltaktivitetar.

Arbeidet til ODIHR for å hjelpe land med å oppretthalde OSSE-standardar knytte til demokrati og gjennomføring av frie og rettferdige val er ein sentral del av samarbeidet i OSSE. ODIHR gjennomførte 20 valobservasjonar i 2010. Noreg deltok i åtte valobservasjonar med totalt 22 korttidsobservatørar og ti langtidsobservatørar. Observatørane vart rekrutterte og sende ut via beredskapsmekanismen, NORDEM.

Parlamentarikarforsamlinga i OSSE speler ei viktig rolle i valobservasjon. I ein situasjon der valobserveringa er under stort press frå enkelte deltakarland, er det viktig å få til eit styrkt samarbeid mellom parlamentarikarforsamlinga og ODIHR på ein slik måte at det ikkje svekkjer metodane ODIHR bruker ved valobservasjon.

Menneskehandel er ei utfordring for alle OSSE-land, anten som opphavs-, transitt- eller mottakarland. Den mest utbreidde forma for menneskehandel i OSSE-området er kvinner og barn som vert utnytta til prostitusjon og andre seksuelle formål. Særleg sendelaga på Vest-Balkan og i Moldova har fokus på menneskehandel, og dei arbeider for å auke merksemda i vertslanda kring denne problemstillinga. I tillegg yter dei hjelp til offer og forsøkjer å bidra til å styrkje etterforskinga av menneskehandelssaker. Det arbeidet som OSSEs spesialrepresentant for menneskehandel gjer, vert stadig meir synleg i deltakarlanda.

Noreg er ein pådrivar for kampen OSSE fører mot menneskehandel, basert på handlingsplanen til regjeringa for ein koordinert innsats for å stoppe handelen med menneske og for å sikre ofra hjelp og vern. På dette området er det eit utbreitt samarbeid mellom OSSE og Europarådet, som har fått på plass ein ny overvakingsmekanisme.

Knut Vollebæk har sidan sommaren 2007 vore OSSEs høgkommissær for nasjonale minoritetar (High Commissioner on National Minorities – HCNM). HCNM arbeider i område med potensielle etniske konfliktar og forsøkjer å forhindre slike konfliktar gjennom stille diplomati på høgaste nivå. Høgkommissæren besøkjer regelmessig særleg Sentral-Asia, Sør-Kaukasus, Vest-Balkan og Baltikum, men òg fleire EU-land.

Høgkommissæren presenterte i juni 2008 eit sett tilrådingar for behandling av minoritetsspørsmål i mellomstatlege forhold, dei såkalla Bolzano/Bozen-tilrådingane. Her vert ansvaret statane har for å verne nasjonale minoritetar innanfor eigen jurisdiksjon, framheva.

Høgkommissæren tok hausten 2008 til orde for at tilrådingane hans på sikt bør gjerast politisk bindande. Grunnen til dette er at fleire konfliktar i OSSE-området er knytte til minoritetsspørsmål. Det er ikkje tilstrekkeleg å fokusere på rustingskontroll og «hard tryggleik». Det må takast tak i dei underliggjande årsakene til konfliktane.

Høgkommissæren besøkte fleire gonger Kirgisistan under krisa i landet i 2010 og rapporterte til OSSE om observasjonane sine i etterkant av overgrepa mot i hovudsak usbekiske minoritetar i Sør-Kirgisistan.

Høgkommissæren vil arbeide vidare innanfor mandatet sitt for å fremje integrasjon og berekraftig sameksistens med sikte på å førebyggje konfliktar der nasjonale minoritetar er involverte. Regjeringa vil vidareføre støtta til arbeidet høgkommissæren gjer, mellom anna økonomisk støtte.

1.4 Økonomisk og miljømessig samarbeid

Arbeidet med økonomiske og miljømessige spørsmål er ein del av den breie tilnærminga OSSE har til konfliktførebygging. Ei hovudoppgåve er å identifisere og møte økonomiske og miljømessige utfordringar som kan utgjere ein trussel mot tryggleiken i OSSE-området. Arbeidet har vore konsentrert om område som godt styresett, koplinga mellom miljø og tryggleik, mellom anna regionalt samarbeid om grenseoverskridande vassforvalting, migrasjon og transport- og energitryggleik.

Energitryggleik har òg i 2010 stått på dagsordenen for arbeidet i OSSE med økonomiske og miljømessige spørsmål. Madrid-erklæringa frå 2007 om miljø og tryggleik legg vekt på at OSSE, som ein regional tryggingsorganisasjon i samsvar med kapittel VIII i FN-pakta, har ei utfyllande rolle å spele når det gjeld utfordringa frå klimaendringane.

Deltakarlanda gjekk i 2009 gjennom OSSE sitt arbeid med økonomiske og miljømessige spørsmål. Evalueringa munna ut i ei brei semje om at OSSE først og fremst kan spele ei komplementær rolle i samband med innsatsen som vert gjort i andre internasjonale fora. Det er oppnådd semje om at berekraftig energi, mellom anna energieffektivitet og fornybar energi, og transporttryggleik skal stå i sentrum for arbeidet i OSSE med økonomiske og miljømessige spørsmål i 2011. I tillegg vil den litauiske formannskapen prioritere arbeidet med transport- og energitryggleik, men med eit tydelegare fokus på miljøaspekt.

Regjeringa meiner at OSSE har ei rolle når det gjeld økonomiske og miljømessige problemområde som stiller deltakarlanda overfor utfordringar innanfor tryggleik. Noreg støttar eit initiativ frå Frankrike og andre EU-land om å styrkje evna i OSSE til tidleg varsling av tryggleiksmessige konsekvensar av økonomiske og miljømessige kriser. Regjeringa meiner at samanhengane mellom miljø, klima og tryggleik framleis vil vere viktige for OSSE. Det same gjeld energi- og migrasjonsspørsmål der desse er viktige for tryggleiken til deltakarlanda.

1.5 Politisk-militært samarbeid

Det var auka aktivitet og dialog innanfor den politisk-militære dimensjonen i OSSE siste halvår i 2010. Dei siste åra før hadde den russiske «suspensjonen» av avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen) i desember 2007 og krigen mellom Russland og Georgia i august 2008 i stor grad sett sitt preg på arbeidet.

Sjølv om mange av truslane i dag stammar frå internasjonal terrorisme, organisert kriminalitet, interne maktkampar og etniske eller religiøse konfliktar, er konvensjonell rustingskontroll og tryggleiks- og tillitsskapande tiltak i Europa framleis svært viktige faktorar for europeisk tryggleik.

OSSE står internasjonalt langt framme i utviklinga av eit multinasjonalt rammeverk mot ulovleg handel med handvåpen. Arbeidet baserer seg på handvåpendokumentet frå 2000, og det er oppretta ein samarbeidsmekanisme for å søkje å nå lik standard i alle deltakarland. OSSE bidreg òg til sikring og destruksjon av konvensjonell ammunisjon som til dels er dårleg sikra, uforsvarleg lagra, gått ut på dato og/eller ustabil. OSSE er på same måten engasjert i destruksjon av gammalt, giftig rakettdrivstoff (såkalla mélange).

OSSE har utvikla ei rekkje tillits- og tryggleiksskapande tiltak, mellom anna gjensidig utveksling av informasjon om forsvarsplanlegging, stridskrefter, våpensystem og aktivitetar. Ei viktig plattform for dette arbeidet er Wien-dokumentet frå 1999. Informasjonen som kvart enkelt land er forplikta til å dele kvart år, vert verifisert gjennom inspeksjonar og evalueringsbesøk.

Under Wien-dokumentet vart det i 2010 gjennomført totalt 97 inspeksjonar og 48 evalueringsbesøk i OSSE-området. Av desse har Russland, som i tidlegare år, stått for gjennomføringa av om lag ein tredel. I tillegg er det i løpet av 2010 arrangert ni besøk til militære installasjonar, åtte besøk til militære flybasar og seks demonstrasjonar av nye våpensystem. Frå norsk side har vi i 2010 gjennomført ei evaluering til Kirgisistan og motteke ein inspeksjon og ei evaluering frå Russland. Det er venta at aktiviteten vert vidareført på same nivået i 2011.

Wien-dokumentet har vore meir eller mindre uendra sidan 1999, og fleire forhold og føresegner reflekterer ikkje utviklinga dei siste ti åra. Vedtaket på OSSE-ministermøtet i Aten i desember 2009 om å sjå på korleis dokumentet kan styrkjast, var difor særs viktig. Arbeidet med å oppdatere dokumentet har i løpet av 2010 kome godt i gang, både med semje om dei praktiske detaljane for ei fortløpande oppdatering og med semje om dei første tekniske oppdateringane. Det står likevel att mykje arbeid før dokumentet fullt ut kan seiast å reflektere dei militære realitetane, og regjeringa vil støtte dette arbeidet gjennom aktiv norsk deltaking.

Avtalen om opne luftrom (Open Skies-avtalen) tredde i kraft i 2002. Føremålet med avtalen er å skape større transparens gjennom gjensidig opning av luftrommet til landa for eit avtalt tal på årlege overflygingar med fly utstyrt med bestemde sensorar. I 2010 vart det gjennomført totalt 102 flygingar under avtalen. Noreg gjennomførte tre flygingar over Russland og ei flyging over Ukraina og mottok éi russisk flyging. Det er venta at aktiviteten held fram på same nivå i 2011.

CFE-avtalen tredde i kraft i 1992 og omfattar alle dåverande statar i NATO og Warszawa-pakta. Hovudføremålet med avtalen var å redusere sjansane for et overraskingsangrep. Dette skulle skje ved å avgrense dei offensive militære kapasitetane til partane og skape balanse i det konvensjonelle styrkeforholdet. Det vart etablert eit omfattande informasjons- og verifikasjonsregime for å sikre at avtalen vart etterlevd. CFE-avtalen har mellom anna medverka til at over 64 000 tyngre våpen i Europa vart fjerna, og har såleis vore ein absolutt suksess.

I 1999 vart det vedteke ein ny avtale som var betre tilpassa dei endra tryggingspolitiske realitetane i Europa. Den tilpassa CFE-avtalen ville tre i kraft når alle dei 30 statspartane hadde ratifisert, men ratifikasjonsprosessen har aldri kome i gang på vestleg side fordi føresetnaden om tilbaketrekking av russisk personell og utstyr frå Georgia og Moldova (dei såkalla Istanbul-forpliktingane frå toppmøtet i 1999) ikkje er oppfylte. Russland «suspenderte» frå og med 12. desember 2007 etterlevinga av dei operative forpliktingane sine etter CFE-avtalen. Dette vart hovudsakeleg grunngjeve med at Vesten ikkje hadde ratifisert den tilpassa CFE-avtalen, restriksjonar for utplassering av russiske styrkar i flankeområda til avtalen og utvidinga av NATO. Russland meiner dessutan at CFE-avtalen ikkje lenger er i tråd med dei tryggingspolitiske realitetane i Europa i dag.

Etter meir enn to års stillstand vart det ved inngangen til 2010 innleidd ein diskusjon blant NATO-landa om korleis avtalen kunne få nytt liv. Dette førte til at NATO i juni 2010 presenterte eit utkast til nytt rammeverk for konvensjonell rustingskontroll i Europa. Utspelet vart starten på ei rekkje møte i Wien i såkalla «36-format» (dei 30 statspartane til CFE-avtalen og dei seks nyaste NATO-landa: Albania, Estland, Kroatia, Latvia, Litauen og Slovenia). I tillegg vart den bilaterale dialogen mellom USA og Russland om konvensjonell rustingskontroll intensivert etter sluttføringa av START-avtalen. Dei pågåande forhandlingane i Wien gjeld i første omgang eit kortfatta mandat for vidare forhandlingar om eit modernisert regime for konvensjonell rustingskontroll i Europa. Det er likevel ikkje semje om vidare forhandlingar skal dreie seg om ein revisjon av den juridisk bindande CFE-avtalen eller sikte mot eit nytt politisk forpliktande regime for konvensjonell rustingskontroll i Europa som skal erstatte CFE. Andre sentrale stridspunkt i forhandlingane gjeld dels spørsmålet om vertslandssamtykke ved utstasjonering av styrkar og omtalen av aktuelle politiske konfliktar, dels kravet frå NATO-landa om russisk iverksetjing av den gjeldande CFE-avtalen i forhandlingsfasen. Det ser likevel ut til å vere semje om at dei tre komponentane i den opphavlege CFE-avtalen – restriksjonar på konvensjonelle styrkar; innsyn gjennom utveksling av informasjon om militær struktur, materiell og personell; og høve til verifikasjon ved inspeksjonar av militære avdelingar, har hatt stor tillitsskapande verdi og bør vidareførast.

Regjeringa har gjeve arbeidet med å live opp att CFE-avtalen høg prioritet og har samarbeidd nært med dei andre allierte i NATO. Det vart i 2010 gjennomført i alt 83 CFE-inspeksjonar. Som i føregåande år avslo Russland alle førespurnader om inspeksjonar og viste til at dei hadde suspendert avtalen. Noreg gjennomførte éin inspeksjon til Kviterussland og éin inspeksjon til Ukraina, men mottok sjølv ingen CFE-inspeksjon. Aktiviteten er venta å halde fram på same nivået så lenge den russiske «suspensjonen» varar.

OSSE gjer ein omfattande innsats når det gjeld tryggingssektorreform og bidreg særleg til politireform og -utdanning, auka demokratisk kontroll med tryggingstyrkane og justissektorreform. Arbeidet til OSSE på politiområdet omfattar ekspertrådgjeving, fagleg bistand og utvikling av ansvarlege nasjonale polititenester som hjelper og vernar innbyggjarane.

Under ministermøtet i 2005 vart deltakarlanda einige om eit OSSE-konsept for grensetryggleik og forvalting av grensekontroll. Føremålet med konseptet er å fremje samarbeidet mellom grense- og tollstyresmakter og leggje til rette for rørsle av menneske, varer, tenester og investeringar over landegrensene innanfor lovlege rammer. Deltakarlanda samarbeider om reisedokument og visum, med lettare visumregime som eit langsiktig perspektiv, og vil òg samarbeide om å kjempe mot terrortruslar og å førebyggje og kjempe mot organisert kriminalitet, mellom anna handel med menneske, narkotika og våpen og ulovleg migrasjon. I 2006 vart det etablert eit nettverk av nasjonale kontaktpunkt for grensespørsmål for å lette informasjonsutvekslinga mellom deltakarlanda.

OSSE har dei siste åra styrkt innsatsen mot organisert kriminalitet. Gjennom den breie og heilskaplege tilnærminga til tryggleik og nærværet i ei rekkje land kan OSSE bidra med langsiktige preventive tiltak. Bidraget frå organisasjonen ligg særleg i å yte støtte til spesialiserte organisasjonar og deltakarlanda i arbeidet med å styrkje kampen mot denne forma for kriminalitet, mellom anna gjennom nettverksbygging, informasjonsutveksling og kapasitetsoppbygging.

FN-pakta, resolusjonar frå FNs tryggingsråd, protokollar og konvensjonar utgjer den politiske og juridiske ramma for arbeidet OSSE gjer mot terrorisme. OSSE har sett det som eit særleg ansvar å bidra til at alle deltakarlanda sluttar seg til dei internasjonale rettsinstrumenta (i første rekkje FN-konvensjonar og protokollar) for kamp mot terrorisme.

Det er eit utstrekt samarbeid med ICAO, INTERPOL, WCO, UNODC og IAEA, som ser OSSE som ein viktig politisk støttespelar for utvikling av standardar, tilrådingar og tiltak, og som – ikkje minst gjennom feltkontora – gjev praktisk bistand til gjennomføring av konkrete program.

Noreg har lagt vekt på at OSSE kan bidra til å setje antiterrorarbeidet på den politiske dagsordenen i Sentral-Asia og har støtta OSSE-prosjekt i regionen, mellom anna for å motverke radikalisering som i sin tur kan føre til terrorisme. Regjeringa vil halde fram å støtte opp om arbeidet i OSSE med kamp mot terrorisme.

1.6 Partnarsamarbeid

Partnarlanda til OSSE er Afghanistan, Japan, Mongolia, Sør-Korea og Thailand i Asia, Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Marokko og Tunisia i middelhavsområdet og Australia i Oseania. Partnarlanda deltek i ulike OSSE-aktivitetar, mellom anna på møta i Det faste rådet. Dei er dessutan i aukande grad inviterte med i uformelle samanhengar som møta i Korfu-prosessen. Partnarsamarbeidet er gunstig for OSSE både når det gjeld regionalt tryggingssamarbeid og konkret prosjektsamarbeid. Partnarsamarbeidet er likevel ikkje blant dei delane av OSSE-samarbeidet som Noreg har kunna prioritere.

Det vart i 2010 halde fem møte med partnarlanda i Asia med vekt på dialogen innanfor dei tre dimensjonane i OSSE, grensekontrollaktivitetar overfor og samarbeid med Afghanistan og regionalt tryggingssamarbeid i Nordaust-Asia med fokus på sekspartsforhandlingane. Det har òg vorte ytra ønske om å gjennomføre OSSE-prosjekt i Afghanistan, men det har hittil ikkje lukkast å oppnå semje om tiltak i Afghanistan. Noreg støttar dette partnarsamarbeidet, òg økonomisk, mellom anna gjennom grenseovervakings- og tollopplæringsprosjekt i regionen.

Det vart i 2010 halde seks møte med partnarlanda i middelhavsområdet med vekt på ulike aspekt av grensekontrollsamarbeid og migrasjonsutfordringar. Framtida for europeisk tryggleik, sett frå et middelhavsperspektiv, var hovudtemaet under det årlege middelhavsseminaret, som vart arrangert i Valletta i oktober 2010. Dialogen med middelhavspartnarlanda har, delvis som følgje av konflikten mellom Israel og arabarlanda, ikkje gjeve dei ønskte politiske resultata.