I dokumentet vert dette forslaget sett fram:
«Stortinget ber regjeringen legge frem en egen stortingsmelding
om en styrket maritim utdanning som følger opp MARUT og Aasen-utvalgets
innstilling.»
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Tor Bremer, Svein Gjelseth, Anna Ljunggren, Truls Wickholm, Karin
Yrvin og leiaren Marianne Aasen, frå Framstegspartiet, Jon Georg
Dale, Tord Lien og Bente Thorsen, frå Høgre, Elisabeth Aspaker,
Svein Harberg og Henning Warloe, frå Sosialistisk Venstreparti,
Aksel Hagen, frå Senterpartiet, Johannes Rindal, frå Kristeleg Folkeparti,
Dagrun Eriksen, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser
til representantforslaget.
Komiteen meiner behovet for maritim
kompetanse er aukande og er kjend med at Norges rederiforbund to
gongar har dobla anslaget for arbeidskraft dei siste fem åra. Komiteen har grunn
til å anta at skipsfarten vil auke i takt med globalisering, verdshandel
og befolkningsauke, samt politiske målsettingar om transport bort
frå veg og fly til fordel for sjøtransport.
Komiteen viser til rapporten
som vart lagd fram av ei arbeidsgruppe nedsett av MARUT i 2009,
leia av Petter Aasen. Denne arbeidsgruppa skulle kome med anbefalingar
om kva nasjonale grep og prioriteringar som må til for å møte utfordringane
og innfri krava til framtidsretta maritime profesjonsutdanningar.
Komiteen viser til at arbeidsgruppa
anbefalte konsentrasjon av utdanningstilbodet, differensierte utdanningsløp,
rekrutteringsarbeid, nasjonal rammeplan, samarbeid og arbeidsdeling,
kompetanseutvikling, infrastruktur og auka merksemd på forskingsbasert
utdanning.
Komiteen er kjend med at dei
fire høgare utdanningsinstitusjonane som gir maritim utdanning (Høgskolen
i Vestfold, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Ålesund og Universitetet
i Tromsø), no samarbeider tett gjennom prosjektet MARKOM 2020. Dette
er eit utviklingsprosjekt for maritim kompetanse sett i eit 2020-perspektiv,
der dei overordna måla er å løfte utdanninga til eit høgare og meir
spesialisert nivå, samt å levere utdanning i verdsklasse.
Komiteen er kjend med at det
har vore arbeidd mykje med rekruttering dei siste åra, spesielt gjennom
Stø kurs. Komiteen merkar seg også at i 2009 og 2010
har talet på registrerte studentar ved maritime utdanningar vore
på rundt 600, mens det for åra før 2007 låg under 400. Komiteen meiner
likevel at både arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane må jobbe
kontinuerleg aktivt og strategisk med rekrutteringa.
Komiteen viser til at det i MARKOM
2020 er eit mål at det innan 2015 skal vere på plass eit nasjonalt
kvalifikasjonsrammeverk for høgare maritim utdanning, godkjent i
samarbeid med Sjøfartsdirektoratet med utgangspunkt i å overgå minimumskrava
i STCW-konvensjonen.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
viser til at mange av tiltaka som Aasen-rapporten foreslår, vert
følgde opp av regjeringa sin generelle politikk for høgare utdanning,
slik som tilrettelegging for samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon,
og differensierte og profilerte utdanningstilbod.
Fleirtalet har stor tru på og
tillit til at det er best om sektoren sjølv tek ansvar for og jobbar seg
fram til gode løysingar på dei utfordringane som maritim utdanning
står overfor. Departementet må generelt leggje til rette for og
stimulere institusjonane til å arbeide med utfordringane.
Fleirtalet viser vidare til at
regjeringa dei siste fem åra gjennom sin maritime strategi Stø kurs har
sett av ca. 115 mill. kroner til styrking av maritim utdanning.
Midla, som er gjeve sidan 2007, har m.a. gått til kompetansehevingstiltak for
lærarar, tilpassing av bachelor- og mastergrader, tilrettelegging
for auka bruk av professor II- og lektor II-stillingar, stipendordningar
for å rekruttere utanlandske studentar og til økt erfaringsutveksling
og samarbeid.
Fleirtalet viser til at størstedelen
av midla har gått til kompetanseheving.
25 mill. kroner vart gitt til nytt utstyr og
oppgradering av infrastruktur ved maritime utdanningsinstitusjonar.
Departementet vil i 2011 støtte MARKOM 2020 ved å tildele delar
av Stø kurs-midla.
Fleirtalet meiner at det ville
vore føremålstenleg om fleire av Stø kurs-midla kunne kanaliserast
til prosjekt som inneber tydeleg samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon.
Slik kan ein i enda større grad oppmode og stimulere sektoren til
ein betre og meir framtidsretta tilbodsstruktur.
Fleirtalet viser likevel til
universitets- og høgskolelova som klart seier at dei høgare utdanningsinstitusjonane
sjølve avgjer kva utdanning dei vil tilby. Stortinget kan og bør
difor ikkje styre desse prosessane, men heller sjå med glede på
at dei fire UH-institusjonane no arbeider tett saman om oppfølging
av Aasen-rapporten.
Fleirtalet viser til at fagskulane
og vidaregåande skule er underlagde fylkeskommunen. Stortinget kan
difor heller ikkje på dette området styre struktur eller ressursinnsats.
Fleirtalet merkar seg likevel
at Aasen-rapporten og fleire under komitéhøyringa tek til orde for
å redusere talet på fagskular. Fleirtalet oppmodar
tilbydarane av slik utdanning til å vurdere korleis ein kan styrkje
fagmiljøa, til dømes gjennom samanslåing, betre arbeidsdeling, større
einingar eller reduksjon av delar av tilbodet. Institusjonane har
eit felles ansvar for at den samla utdanninga er robust og heilskapleg.
Fleirtalet er kjent med at dei
fire høgare utdanningsinstitusjonane er i ferd med å etablere forpliktande
samarbeid med relevante fagskular. Fleirtalet vil
også her framhalde viktigheita av arbeidsdeling og eit heilskapleg
utdanningstilbod.
Fleirtalet forventar dessutan
at vidaregåande skule, fagskulane, høgare utdanning og fylkeskommunane
bidreg til eit nært og konstruktivt samarbeid med næringslivet og
dei viktigaste aktørane innanfor maritim sektor.
Fleirtalet er kjent med at eitt
av ønska i Aasen-rapporten er at det blir laga ein nasjonal rammeplan
for dei høgare maritime utdanningsinstitusjonane. Fleirtalet meiner
likevel at det er mest føremålstenleg om dei fire høgare maritime utdanningsinstitusjonane
samarbeider om fagleg innhald innafor ramma av det kvalifikasjonsrammeverket
som er under utarbeiding. Fleirtalet meiner det er
truleg at utarbeidinga av ein rammeplan vil kunne få motsett effekt
av det m.a. MARKOM 2020 håper å oppnå. Fleirtalet meiner
det er ein fare for at utdanningsinstitusjonane til dømes ville
kunne få meir rigide rammer og mindre spelerom til lokal og regional
tilpassing. Fleirtalet viser til at når det gjeld
eit nasjonalt råd, så fins det allereie ei faggruppe for maritim
utdanning i Nasjonalt råd for teknologisk utdanning.
Fleirtalet meiner dei maritime
utdanningane er inne i ei god utvikling. Tal frå Samordna opptak
viser til dømes at det i år er 35 prosent fleire førstevalsøkjarar
til maritime høgskuleutdanningar enn i 2010. Det er óg inngått over
500 nye lærlingkontraktar for matros og motormann i 2010.
Denne gode utviklinga skal vidareførast gjennom
eit nært og godt samarbeid med dei maritime næringane, gjennom regjeringa
sin maritime strategi Stø kurs og gjennom «Fag-SAK». «Fag-SAK» er
eit nytt samarbeid mellom frittståande institusjonar som fører fram
til arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon innanfor det fagområdet
eller dei fagområda det vert samarbeidd om. Det kan finne stad gjennom
nettverk, bilaterale avtaler, enkeltståande samarbeidsprosjekt med
meir.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at maritim
sektor er svært viktig for Norge og internasjonalt ledende, og at næringen
blir stadig mer avansert og kompetansekrevende. Disse medlemmer viser
til at det i «Stø kurs – regjeringens strategi for miljøvennlig
vekst i de maritime næringer» sies at:
«Det er få som velger maritim utdannings- og karrierevei.
Spredte utdanningstilbud med lite samarbeid, mangel på lærekrefter
og store utfordringer i forhold til gjennomstrømning av kandidater
indikerer at verken struktur eller kvalitet på tilbudene er gode
nok. Situasjonen for maritim utdanning og forventet behov for fremtidig
arbeidskraft tilsier at det må fokuseres på kvalitet og samarbeid
mellom utdanningsinstitusjonene. Regjeringen vil utrede hvordan kvalitet
og fremtidig struktur på maritim utdanning kan bedres med sikte
på å få flere elever/studenter til å velge å gjennomføre slik utdanning.»
Disse medlemmer viser til at
maritim utdanning til tross for dette overhodet ikke var omtalt i
St.meld. nr. 44 (2009–2010) Utdanningslinja, som skulle gi en samlet
oversikt over skole- og utdanningssektorens utfordringer, og viser
til disse partiers merknader til stortingsmeldingen, som påpeker
dette. Disse medlemmer anser regjeringens tiltak
som for svake til å møte de utfordringer som regjeringen og næringen
selv påpeker, og etterlyser mer offensive tiltak som styrker kvaliteten
på maritime profesjonsutdanninger på alle nivåer (videregående opplæring, fagskole
og høyere utdanning).
Disse medlemmer vil understreke
at selv om rekruttering til maritime utdanninger har hatt en positiv
vekst de siste årene, er behovet for økt kompetanse og kvalifisert
arbeidskraft enda større. Norges Rederiforbund har de siste fem årene
to ganger doblet anslaget for behovet for arbeidskraft. Samtidig
stiller teknologiutvikling og miljøkrav krav til økt satsing på
etter- og videreutdanning av eksisterende arbeidskraft. Disse
medlemmer mener derfor at dagens utdanningskapasitet ikke
er tilstrekkelig for å møte disse samlede behovene.
Disse medlemmer viser til at
både krav til utstyr og infrastruktur, samt krav til forskningsbasert
utdanning av høy kvalitet, gjør det nødvendig å gjennomgå strukturen
på maritim utdanning. Små skoler og fagmiljøer vil ha problemer
med å møte de krav næringen og elevene vil stille i fremtiden.
Med bakgrunn i dette fremmer disse medlemmer forslaget
i dokumentet.
Disse medlemmer mener for øvrig
at selv om fagskolene ligger under fylkeskommunene, må det være
regjeringen som tar ansvaret for en samlet vurdering av strukturen,
slik også MARUTs arbeidsgruppe har foreslått.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre mener at regjeringen tilsvarende må ta ansvaret
ikke bare for en samlet vurdering av strukturen, men også for finansiering
av den.
Medlemene i komiteen frå Fram-stegs-partiet viser
til at dei ulike næringane innan maritim sektor representerer nokre
av dei viktigaste næringane for Norge som eksportnasjon.
Maritim sektor har behov for høgt utdanna og kompetent
arbeidskraft, noko desse medlemene meiner er eit
politisk ansvar å leggje til rette for, både innanfor utdanningssektoren,
og gjennom å tilby konkurransedyktige vilkår for næringa gjennom
ulike ordningar som til dømes nettolønsordninga. Konklusjonane frå
Aasen-utvalet viser tydeleg at det er behov for ei brei tilnærming
til problemstillingane for å sikre dei maritime næringane tilstrekkeleg
og kompetent arbeidskraft.
Desse medlemene er opptekne av
at næringa sjølve i samarbeid med det offentlege finn løysingar
som bidreg til rekruttering til desse utdanningslinene. Desse
medlemene understrekar likevel at det er eit offentleg ansvar
å syte for at utdanningstilboda som eksisterer, er velfungerande
og gir god kunnskap til studentane.
Desse medlemene peikar i det
høvet på at dei maritime utdanningane, grunna krav til moderne utstyr,
er særs kostnadskrevjande. Det er likevel desse medlemene sitt
syn at det er avgjerande at studentane har tilgang på utstyr som
er på høgd med det som møter dei i næringslivet etter endt utdanning.
Dette sikrar smidige overgangar frå studia til arbeidslivet.
Desse medlemene meiner det er
særs positivt at utdanningsinstitusjonane bidreg til å løfte nivået
på dei høgare utdanningstilboda dei tilbyr gjennom prosjekt som
MARKOM 2020.
Gjennom regjeringa sin maritime strategi Stø kurs
har det dei siste 5 åra vore sett tydelegare fokus på denne sektoren,
noko næringa under høyringa seier seg godt nøgd med. Desse
medlemene sluttar seg til det, men viser likevel til innspel
frå m.a. Maritimt forum, som under høyringa til komiteen etterlyste
større fortgang og meir iver i arbeidet med gjennomføringa av denne
strategien.
Desse medlemene understrekar
behovet for at denne strategien vert implementert i fleire departement.
Næringa sjølv er etter det desse medlemene erfarer,
langt meir fornøgde med Nærings- og handelsdepartementet si oppfølging av
Stø kurs, enn ein til dømes er av Kunnskapsdepartementet. Det er
derfor viktig at denne strategien i større grad enn kva som synest
å vere tilfellet i dag, vert arbeidd med på tvers av departementa.
Desse medlemene meiner at Aasen-utvalet
si instilling når det gjeld reduksjon av antal fagskular, med all
tydelegheit viser behovet for at staten overtek ansvaret for fagskulane.
Desse medlemene viser til at
tilbodet innanfor fagskulane i dag varierer stort både på kvalitet,
innhald og utstyr. Det faktum at fagskulane også har stor fridom
til å innrette undervisninga på den ein-skilde skule, bidreg til
at studentane i praksis har lita moglegheit for å bytte fagskuletilbod
undervegs i utdanningsløpet. Det er derfor etter desse medlemene sitt syn
viktig at det i samband med stortingsmeldinga om dette vert avklart
om læreplanverket er godt nok i denne sektoren, og om kvalitetskrava er
tilfredsstillande eller bør skjerpast.
Desse medlemene viser vidare
til den store utfordringa det er å sikre nok kompetent undervisningspersonale
og teknologisk utstyr på desse fagskulane. Desse medlemene meiner
difor at staten bør overta fagskulane og deretter syte for at talet
på fagskular vert redusert monaleg, i tråd med Aasen-utvalet si
innstilling. Like viktig er det likevel at dei fagskulane som då
vert att, vert sikra gode vilkår. Likevel er det desse medlemene sitt
syn at det er avgjerande at staten i større grad overfører reelle
kostnader for drift av maritime fagskular til fylkeskommunen så
lenge ansvaret for fagskulane ligg der.
Desse medlemene trur det er mykje
å hente på eit tettare samarbeid mellom høgskulane og fagskulane,
men vil ikkje utelukkande leggje dette til grunn for ein ny fagskulestruktur.
Desse medlemene peikar vidare
på at det under høyringa kom fram at næringa stort sett er samde
om at det er behov for store reduksjonar av talet på fagskular.
Desse medlemene er skeptiske
til å gjere store endringar i fagskulane sine tilbod til sertifikatgjevande
utdanning slik Aasen-utvalet tek til orde for. Store endringar i
fagskulane si moglegheit til å gi sertifikat både kl 1-2 og 3 kan
gi uønska verknader all den tid nesten 80 prosent av studentane
tek utdanning gjennom fagskulen. Desse medlemene ser
likevel i møte at dette vert diskutert vidare av næringa og meir
utreda av regjeringa i samband med ei eiga stortingsmelding.
Desse medlemene peikar på behovet
for ein nasjonal rammeplan for utdanninga, og meiner at staten har
det overordna ansvaret for å syte for at dette kjem på plass så
raskt som råd. Det er likevel etter desse medlemene sitt
syn viktig at ei slik utarbeiding finn stad i samråd med representantar
for næringa.
Desse medlemene understrekar
behovet for å stimulere til utarbeiding av nye læremiddel. Ein situasjon
der studentar under høgare utdanning må bruke læremiddel frå 1972
er etter desse medlemene sitt syn uakseptabel. Det
er difor avgjerande at stortingsmeldinga gjer greie for korleis
ein kan bidra til å rette opp denne uhaldbare situasjonen.
Desse medlemene vil vidare understreke
behovet for smidige løysingar som gjer det mogleg med overgang mellom
fagskule og høgskule. Dette vil bidra til å sikre at studentar som
har vald eit maritimt utdanningsløp, får større moglegheiter undervegs
i utdanninga. Vidare er det etter desse medlemmer sitt
syn avgjerande at ein sikrar den såkalla Y-vegen, som er viktig
for å sikre tilstrekkeleg rekruttering av studentar med praktisk
erfaring frå næringane.
Desse medlemene peikar også på
at utdanningsinstitusjonane innanfor maritim sektor i samarbeid
med næringa dei siste åra har vore særs flinke til å få studentar
ut som lærlingar. Dette har næringane sjølve ein stor del av æra
for, og mange andre næringar og spesielt offentleg sektor har etter desse
medlemene sitt syn mykje å lære av dette.
Desse medlemene meiner vidare
at det innan-for vidaregåande opplæringstilbod er behov for å halde
fast ved eit desentralisert utdanningstilbod. Dette er for å sikre
at avstandane for unge elevar som skal velje vidaregåande opplæring,
ikkje vel vekk maritim utdanning som ein konsekvens av lange avstandar
som gjer at ein må flytte i tidleg alder eller får særs lang skuleveg.
Desse medlemene er nøgde med
at rekrutteringa til dei maritime næringane er på veg oppover. Dette
har truleg mange årsaker, men det er etter desse medlemene sitt
syn likevel viktig å understreke betydinga av det bidraget næringa
sjølv gir når ein i praksis tilbyr alle som tek maritim utdanning,
ein læreplass.
Forslag frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti
og Venstre:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringen legge frem en egen stortingsmelding
om en styrket maritim utdanning som følger opp MARUT og Aasen-utvalgets
innstilling.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget
til å gjere slikt
vedtak:
Dokument 8:104 S (2010–2011) – representantforslag
fra stortingsrepresentantene Arve Kambe, Svein Harberg, Henning
Warloe og Torgeir Dahl om en styrket maritim utdanning i Norge – vert
lagt ved møteboka.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 19. mai 2011
Marianne Aasen |
Svein Gjelseth |
leiar |
ordførar |