Den 29. april 2011 blei ein overeinskomst mellom
Kongeriket Noreg og Macaos Spesielle Administrative Region i Folkerepublikken
Kina om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke
til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 1. april
2011. Overeinskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av ambassadør
Tarald O. Brautaset og på vegne av Macaos Spesielle Administrative
Region i Folkerepublikken Kina av Francis Tam, Secretary for Economy
and Finance of Macao SAR. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar
etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige
skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad
for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå
og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret
som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling,
OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse.
Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime
i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte
mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.
Innan utløpet av 2005 var alle skatteregime
i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne
kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida
blei det teke kontakt med alle jurisdiksjonar som ein meinte var
omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her
gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom
eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv
informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje
bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis
som ville bli utsette for mottiltak.
Som ein del av Folkerepublikken Kina var Macao
ikkje blant dei 38 jurisdiksjonane som opphavleg blei definerte
som skatteparadis som blei bedne om å gje ei politisk bindande erklæring
om innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD.
Sida Macao oppfyller kriteria for skatteparadis tok dei nordiske landa
initiativ til at også Macao skulle inngå avtaler for effektiv informasjonsutveksling
i skattesaker bygd på OECD sin modellavtale. Denne forpliktar avtalepartane
til å utveksle alle relevante opplysningar som blir vurdert naudsynte
om eigarskap og transaksjonar, også frå banker, finansinstitusjonar
og advokatar og andre rådgjevarar.
Nordisk Ministerråd har sia juni 2006 hatt eit felles
nordisk prosjekt for den tekniske gjennomføringa av forhandlingar
om slike avtaler. Det er nå gjennomført slike felles forhandlingar med
ei rekkje jurisdiksjonar. I alle tilfelle skal forhandlingane resultere
i utkast til bilaterale avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon
og kvart av dei sju nordiske landa, medrekna Færøyane og Grønland.
Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav Gjesti,
Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for prosjektet.
Avtala, som i det alt vesentlege følgjer OECD sin
modell, er inngått på norsk, kinesisk, portugisisk og engelsk. I
tilfelle av skilnader skal den engelske teksten vere avgjerande.
Som vedlegg til proposisjonen følgjer den norske og engelske teksten.
Til dei enkelte materielle føresegnene i avtala nemnast
artikkel 1–12 i kapittel 2 i proposisjonen blir nemnt.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen,
lederen Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra
Fremskrittspartiet, Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen
og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe
og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen,
fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans
Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter
seg til regjeringens forslag om å sette i kraft overenskomsten mellom
Norge og Macaos Spesielle Administrative Region i Folkerepublikken
Kina om opplysninger i skattesaker.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker i å sette i kraft
en overenskomst mellom Kongeriket Norge og Macaos Spesielle Administrative
Region i Folkerepublikken Kina om opplysninger i skattesaker underskrevet
i Paris 29. april 2011.
Oslo, i finanskomiteen, den 8. juni 2011
Torgeir Micaelsen |
Gerd Janne Kristoffersen |
leder |
ordfører |