5. Informasjonsutveksling og sanksjoner i Skattefunn-ordningen

5.1 Sammendrag

Skattefunn er ei støtteordning for forsking og utvikling (FoU) som blir administrert gjennom skattesystemet. Alle prosjekt som tilfredsstiller krava i Skattefunn gir rett til frådrag i utlikna skatt, eventuelt utbetaling til verksemder som ikkje er i skatteposisjon. Skattefrådraget blir berekna og avgrensa etter skatteloven § 16-40 med tilhøyrande forskrift.

Noregs forskningsråd og skatteetaten forvaltar Skattefunn-ordninga.

Etter høyring av forslag til endringar i Skattefunn har departementet fastsett ei endringsforskrift med verknad frå og med inntektsåret 2011.

Endringsforskrifta omfattar ikkje forslag i høyringsnotatet om utveksling av informasjon mellom Skatteetaten og Noregs forskningsråd, og sanksjonar ved brot på vilkår gitt i samband med godkjende prosjekt. Desse forskriftsforslaga krev ein klar lovheimel.

Departementet legg no fram eit lovforslag som gir heimel til å fastsetje forskriftsreglar om utveksling av informasjon mellom Skatteetaten og Noregs forskningsråd, og sanksjonar ved brot på vilkår gitt i samband med godkjende prosjekt.

Departementet viser til forslag til skatteloven § 16-40 sjuande ledd nytt siste punktum om forskriftsheimel, som departementet så vil bruke til å gi dei materielle reglane.

Departementet foreslår at endringa i skatteloven § 16-40 trer i kraft 1. juli 2011.

Forslaget har til følgje at Noregs forskningsråd og Skatteetaten kan utveksle informasjon om eit Skattefunnprosjekt som dei rår over på ikraftsetjingstidspunktet og seinare.

Ved brot på vilkår gitt i samband med godkjende prosjekt kan Noregs forskningsråd trekkje tilbake godkjenninga med verknad for tidlegare år, men ikkje lenger tilbake enn 1. juli 2011.

5.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.