Oppheving av hermetikkavgiftslova

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og leiaren Terje Aasland, frå Framstegspartiet, Per Roar Bredvold, Jon Georg Dale og Torgeir Trældal, frå Høgre, Frank Bakke-Jensen, Svein Flåtten og Elisabeth Røbekk Nørve, frå Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid, frå Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og frå Kristeleg Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, konstaterer at innføring av FoU-avgift til Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond (FHF) har endra føresetnadene for hermetikkavgiftslova. FoU-avgift til FHF gir eit einskapleg og oversiktleg system ved at det blir betalt FoU-avgift for all eksport av fisk og fiskeprodukt. Denne ordninga medfører at det ikkje blir betalt avgift ved innanlandsk omsetning av hermetikk. Komiteen konstaterer at Norfima no får sine inntekter gjennom dialog med FHF og næringa, og gjennom basisløyvingar frå Fiskeri- og kystdepartementet.

Det vart allereie ved etableringa av FoU-avgifta varsla at det skulle vurderast å innlemme hermetikkavgifta i FoU-avgifta. Dette er følgt opp med endringar i føresegna til hermetikkavgiftslova slik at lova i dag ikkje lenger har noko praktisk å seie. Komiteen går inn for å oppheve hermetikkavgiftslova.

Endring i lov om avgift til forsking og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringa

Komiteen viser til at dagens lov føreset konsensus for å gjere vedtak i styret for Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond (FHF). Ved ei evaluering av fondet i 2006 blei det foreslått å fjerne kravet om at vedtak må vere samrøystes. Spørsmålet om å oppheve konsensuskravet har vore på høyring, og det har ikkje komme innvendingar mot forslaget. Komiteen konstaterer at andre offentlege ordningar for forskingsfinansiering ikkje har krav om konsensus. Konsensuskravet kan verke konserverande og avgrense nødvendig nyorientering. Komiteen sluttar seg til forslaget om å innføre eit alminneleg fleirtalskrav for vedtak i styret for FHF.

Endring i fiskeeksportlova

Komiteen konstaterer at Eksportutvalet for fisk (EFF) har eit namn som ikkje lenger er dekkjande for aktiviteten til organisasjonen. På bakgrunn av at arbeidsoppgåvene til EFF no hovudsakleg omfattar felles marknadsføring av norsk sjømat og omdømmebygging knytt til norsk sjømat, er det ønskjeleg å modernisere namnet, slik at ordet «eksportutval» blir fjerna.

Det blir foreslått at EFF endrar namn til Norges sjømatråd AS/Noregs sjømatråd AS. Høyringsinstansane som har uttalt seg, stiller seg i hovudsak positive til denne namneendringa. Andre forslag til namn har vore vurdert, men dei har vore i konflikt med andre aktørar. Komiteen merkjer seg også at det er lagt vekt på å finne eit namn som har ei god oversetjing til engelsk. Vidare er det lagt vekt på at namnet reflekterer at selskapet har ein offisiell status, og at det står for marknadsføring av sjømat. Komiteen sluttar seg til forslaget om å endre namn frå Eksportutvalet for fisk AS til Norges sjømatråd AS/Noregs sjømatråd AS.