I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag
om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2011.
Omgrupperingsproposisjonen for 2011 tek føre seg
budsjettekniske endringar. I tillegg vert lønnskompensasjonen for
2011 og meirinntekter for 2011 foreslått formalisert. Totalt utgjer omgrupperinga
ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 363,140 mill. kroner.
I tillegg foreslår regjeringa å auke enkelte bestillingsfullmakter.
Grunnlaget for omgrupperinga er vedteke budsjett
for 2011, midlar ført over frå 2010 og dei seinare endringane gjort
av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del
av lønnskompensasjonen for 2011 (185,348 mill. kroner).
I høve til saldert budsjett for 2011, med dei
seinare endringane gjort av Stortinget, vert det ei meirinntekt
på 373,666 mill. kroner der 372,525 mill. kroner vert foreslått
lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet
si meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2010–2011) under romartalsvedtak
II.
Regjeringa foreslår under forslag til vedtak,
at utgiftsramma vert auka med 363,140 mill. kroner, og at inntektsramma
vert auka med 373,666 mill. kroner.
Den totale utgiftsramma vert foreslått auka
med 363,140 mill. kroner. Driftsbudsjettet vert foreslått auka med
totalt 699,787 mill. kroner, medan investeringsbudsjettet vert foreslått
redusert med 336,647 mill. kroner.
Nedanfor vert dei viktigaste endringane forklart på
post- og kapittelnivå.
Post 1 vert samla foreslått auka med totalt 726,170
mill. kroner.
Post 1 vert foreslått tilført 414,494 mill.
kroner i meirinntekter frå dei ulike inntektskapitla. Grunna lågare
utgifter enn budsjettert vert det vidare foreslått å disponere om
1,272 mill. kroner frå post 21 Spe-sielle driftsutgiftar, 9,000
mill. kroner frå post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet,
10,200 mill. kroner frå post 50 Overføring til Statens pensjonskasse
samt 0,111 mill. kroner frå post 60 Tilskot til kommunar til post
1. Post 1 vert vidare foreslått auka med 294,678 mill. kroner frå
post 45 Store nyskaffingar, 0,800 mill. kroner frå post 73 Forsking
og utvikling samt 5,000 mill. kroner frå post 78 Noregs tilskot
til NATOs driftsbudsjett.
Post 1 vert vidare foreslått redusert med 9,385 mill.
kroner grunna lågare dollarkurs på utbetalingstidspunktet enn budsjettert
knytt til utbetaling i 2011 til «Støttefond for oppbygging av den afghanske
hæren» (ANA Trust Fund).
Post 1 vert foreslått auka med 8,083 mill. kroner.
Auken på posten gjeld omdisponering for utgifter
til utviklingsprosjekt i forsvarssektoren (2,800 mill. kroner) samt
dekning av utgifter i Forsvarsdepartementet i samband med førebuande
arbeid for at Luftforsvarets hovudverkstad Kjeller (LHK) kan etablerast
som statsføretak i 2011 (5,200 mill. kroner). Anna auke skuldast
budsjettekniske verknader hjå kundekapitla grunna lønnsoppgjeret
i Forsvarsbygg for 2011 (0,083 mill. kroner).
Post 1 vert foreslått auka med 250,000 mill.
kroner.
Posten vert foreslått auka med 250,000 mill.
kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert
utgiftsside, jf. omtale under kap. 4710 post 1.
Post 1 vert føreslått redusert med 5,855 mill.
kroner for å dekkje diverse meirbehov på andre kapittel og postar.
Post 1 vert føreslått auka med netto 162,587
mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. budsjettekniske endringar
knytt til rutinar for budsjettering av IT-systemet FISBasis (14,319
mill. kroner), endring i rutinar for avlønning av vernepliktig akademisk
befal (7,000 mill. kroner) samt tiltak for å forsere utrangering
av eigedom, bygg og anlegg (EBA) (13,300 mill. kroner). Posten vert
vidare foreslått auka på grunn av oppgradering av IT-nettverk (65,971
mill. kroner), utskifting av IT-utstyr (30,000 mill. kroner) samt
teknisk justering mellom kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering
i samsvar med langtidsplanen 2009–2012 og andre forhold (13,333
mill. kroner). Posten er òg foreslått tilført 25,029 mill. kroner
grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert
utgiftsside, jf. omtale under kap. 4720 post 1.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. budsjettekniske
omdisponeringar knytt til kursplassar for Al-liert kompetansesenter
for operasjonar under vinterforhold (AKOV) (1,700 mill. kroner),
utdanning av befalsskuleelevar (1,000 mill. kroner), budsjettansvar
for bedriftshelseteneste (1,300 mill. kroner) samt vakthald på Jåtta
som vert utført av Sjøforsvaret (1,000 mill. kroner). I tillegg
er det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som
samla gjev ein netto reduksjon på 1,365 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått redusert med netto 4,645 mill.
kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. budsjettekniske
endringar knytt til rutinar for budsjettering av IT-systemet FISBasis
(4,500 mill. kroner), endring i rutinar for avlønning av vernepliktig akademisk
befal (7,000 mill. kroner) samt fordeling av tiltak for å forsere
utrangering av EBA til øvrige kapittel (20,000 mill. kroner). Reduksjonen
er vidare knytt til finan-siering av eksplosivrydding i Hofstad
leir (1,800 mill. kroner), registreringsprosjekt knytt til sjuke,
såra og døde (1,600 mill. kroner), saluttering ved festningsverka
(1,200 mill. kroner) samt støttetenester ved Ramsund orlogsstasjon
(1,000 mill. kroner). I tillegg er det foreslått andre tekniske justeringar
mot andre kapittel som samla gjev ein netto reduksjon på 3,698 mill.
kroner.
Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering mellom
kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering i samsvar med
langtidsplanen 2009–2012 og andre forhold (34,400 mill. kroner).
Posten er vidare foreslått tilført 1,753 mill. kroner grunna meirinntekter.
Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale
under kap. 4725 post 1.
Post 1 vert foreslått redusert med netto 46,287 mill.
kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering
mellom kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering knytt
til horisontal samhandling og andre forhold (28,200 mill. kroner)
samt budsjettekniske endringar knytt til rutinar for budsjettering
av IT-systemet FISBasis (1,600 mill. kroner). Reduksjonen knytter
seg vidare til tekniske omdisponeringar til kap. 1733 Luftforsvaret
som følgje av operasjonsspesifikk trening i samband med at Luftforsvaret
har fått oppdrag om å stille Force Protection Company som skal inngå
i Provincial Reconstruction Team (PRT) i Afghanistan (31,180 mill.
kroner).
Auken på posten gjeld m.a. tekniske omdisponeringar
som følgje av at Hæren overtek ansvaret for felles MP-teneste i
Forsvaret (6,500 mill. kroner), utdanning og trening av tenestehundar (2,100
mill. kroner) samt budsjettekniske verknader hjå kundekapitla grunna
lønnsoppgjeret i Forsvarsbygg i 2011 (2,968 mill. kroner). I tillegg
er det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som
samla gjev ein netto auke på 3,125 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått redusert med netto 43,022 mill.
kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering
mellom kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering knytt
til horisontal samhandel og andre forhold (10,000 mill. kroner)
samt budsjettekniske endringar knytt til rutinar for budsjettering
av IT-systemet FISBasis (2,200 mill. kroner). Reduksjonen knytter
seg vidare til overføring av ansvar for felles MP-teneste til Hæren
(4,100 mill. kroner), lågare vedlikehaldsutgifter enn føresett på
budsjetteringstidspunktet og forseinking i innfasing av Skjold-klasse
farty (35,000 mill. kroner).
Auken på posten gjeld m.a. tekniske omdisponeringar
som følgje av at uttak av personleg kledning og utrustning til Luftforsvaret
sine rekruttar ved KNM Harald Haarfagre er belasta Sjøforsvaret
(2,700 mill. kroner), vakthald på Jåtta som utførast av Sjøforsvaret
(1,000 mill. kroner) samt budsjettekniske verknader hjå kundekapitla grunna
lønnsoppgjeret i Forsvarsbygg i 2011 (2,968 mill. kroner). I tillegg
er det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla
gjev ein netto auke på 1,610 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått auka med netto 118,357
mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. høgare drivstoffutgifter
enn opphavleg budsjettert (50,000 mill. kroner), kjøp av materiell
til flyplassdrift (10,000 mill. kroner), teknisk omdisponering av midlar
til innføring av helikopter NH-90 frå kap. 1790 Kystvakta (35,000
mill. kroner) samt tekniske omdisponeringar frå kap. 1731 Hæren som
følgje av operasjonsspesifikk trening i samband med at Luftforsvaret
har fått oppdrag om å stille Force Protection Company som skal inngå i
Provincial Reconstruction Team (PRT) i Afghanistan (31,180 mill.
kroner). Auken gjeld vidare etablering av helikopterberedskap på
Rygge med to Bell helikopter på to timers reaksjonstid (0,750 mill.
kroner), auking av flytimeproduksjon på flytypen DA-20 med 100 timer
(1,500 mill. kroner) samt budsjettekniske verknader hjå kundekapitla
grunna lønnsoppgjeret i Forsvarsbygg i 2011 (2,227 mill. kroner).
I tillegg er det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel
som samla gjev ein netto auke på 2,900 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering
mellom kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering knytt
til horisontal samhandling og andre forhold (7,400 mill. kroner),
omdisponeringar som følgje av overføring av ansvar for felles MP-teneste
til Hæren (2,400 mill. kroner), utdanning og trening av tenestehundar
(1,400 mill. kroner) samt budsjettekniske endringar knytt til rutinar
for budsjettering av IT-systemet FISBasis (1,300 mill. kroner). Reduksjonen
knyter seg vidare til at uttak av personleg kledning og utrustning
til Luftforsvaret sine rekruttar ved KNM Harald Haarfagre er belasta
Sjøforsvaret (2,700 mill. kroner).
Post 1 vert foreslått auka med netto 6,690 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. flytteutgifter i
samband med etablering og flytting av HV-staben til Terningmoen
(6,600 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka grunna opprusting
av treningssentra til HV (5,000 mill. kroner), tiltak for å forsere
utrangering av EBA (6,700 mill. kroner) samt budsjettekniske verknader
hjå kundekapitla grunna lønnsoppgjeret i Forsvarsbygg for 2011 (0,607
mill. kroner). I tillegg er det foreslått andre tekniske justeringar
mot andre kapittel som samla gjev ein netto auke på 1,683 mill.
kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering
mellom kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering knytt
til horisontal samhandling og andre forhold (11,800 mill. kroner)
samt budsjettekniske endringar knytt til rutinar for budsjettering
av IT-systemet FISBasis (2,100 mill. kroner).
Post 1 vert foreslått auka med netto 148,943
mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering mellom
kapitla av verknader i 2011 av interneffektivisering knytt til horisontal
samhandel og andre forhold (35,800 mill. kroner), eksplosivrydding
i Hofstad leir (1,800 mill. kroner), lågare inntening enn budsjettert
for horisontal samhandel (31,292 mill. kroner) samt budsjettekniske verknader
hjå kundekapitla grunna lønnsoppgjeret i Forsvarsbygg for 2011 (1,766
mill. kroner). Posten er vidare foreslått tilført 81,351 mill. kroner
grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert
utgiftsside, jf. omtale under kap. 4740 post 1.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. budsjettekniske
endringar knytt til rutinar for budsjettering av IT-systemet FISBasis
(1,400 mill. kroner). I tillegg er det foreslått andre tekniske
justeringar mot andre kapittel som samla gjev ein netto reduksjon
på 1,666 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått redusert med 16,826 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. omdisponering
til anna verksemd på forsvarsbudsjettet (15,700 mill. kroner) samt
justering av verknader i 2011 av interneffektivisering i samsvar
med langtidsplanen 2009–2012 (3,500 mill. kroner). I tillegg vert
det foreslått andre tekniske justeringar som samla gjev ein netto
reduksjon på 1,902 mill. kroner.
Auken på posten gjeld meirinntekter (4,276 mill. kroner).
Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf.
omtale under kap. 4760 post 1.
Post 1 vert foreslått auka med 22,646 mill.
kroner.
Auken på posten gjeld m.a. ekstraordinære og uføresette
vedlikehalds- og reparasjonsutgifter knytt til hjelpemotorar og
radarsystem på Nordkapp-klasse farty (11,100 mill. kroner) samt
høgare drivstoffutgifter enn føresett på budsjetteringstidspunktet
(23,700 mill. kroner). Auken knytter seg vidare til klassifisering
av KV Senja (15,000 mill. kroner), kjøp av drivstoff (5,000 mill.
kroner) samt kjøp av naudsynt driftsmateriell (3,500 mill. kroner).
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk omdisponering
til kap. 1733 grunna innføring av helikopter NH-90 (35,000 mill.
kroner). I tillegg er det foreslått andre tekniske justeringar som
samla gjev ein netto reduksjon på 0,654 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått redusert med 0,179 mill.
kroner.
Reduksjonen på posten gjeld justering av verknad
i 2011 av interneffektivisering i samsvar med langtidsplanen 2009–2012.
Post 1 vert foreslått auka med 114,107 mill.
kroner.
Auken på posten gjeld m.a. kjøp av proviant, utskifting
av basemateriell i Afghanistan samt meirbehov knytt til uvisse rundt
den vidare utviklinga i Afghanistan (90,000 mill. kroner). Auken
gjeld vidare meirinntekter (32,560 mill. kroner). Meirinntektene
har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under
kap. 4792 post 1. Det er vidare foreslått tekniske justeringar mot
andre kapittel som samla gjev ein auke på 0,932 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld lågare dollarkurs på
utbetalingstidspunktet enn budsjettert knytt til utbetaling i 2011
til «Støttefond for oppbygging av den afghanske hæren» (ANA Trust
Fund) (9,385 mill. kroner).
Post 1 vert foreslått auka med 11,571 mill.
kroner.
Auken på posten vert m.a. knytt til kjøp av
instrument til Forsvarets musikkorps (2,000 mill. kroner) og audiovisuelt
utstyr til Ridehuset på Akershus festning (0,600 mill. kroner).
Posten er vidare foreslått auka med 8,000 mill. kroner grunna meirinntekter.
Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf.
omtale under kap. 4795 post 1. Det er vidare foreslått tekniske
justeringar mot andre kapittel som samla gjev ein netto auke på
0,971 mill. kroner.
Kap. 1735 Etterretningstenesta, post 21 vert foreslått
redusert med 1,272 mill. kroner.
Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskot til føretak
under Forsvarsdepartementet, post 43 representerer ein reserve for
Forsvarsdepartementet. I 2011 vert posten nytta til å dekkje ymse
meirbehov, mellom anna utgifter i samband med 8. mai-arrangement
for veteranar. Posten vert foreslått redusert med 9,000 mill. kroner
for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.
Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og
anlegg, post 44 vert foreslått redusert med 3 mill. kroner grunna
noko seinare framdrift enn planlagt på prosjekta knytt til Joint
Warfare Centre.
Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og
anlegg, post 45 vert foreslått redusert med 318,647 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld inndekning av lågare
inntekter frå NATO (47,134 mill. kroner), jf. omtale under 4760,
post 48, samt inndekning av lågare inntekter frå sal av eigedom
enn forventa på budsjetteringstidspunktet, jf. omtale under kap.
4710, post 47 (19,150 mill. kroner). Reduksjonen gjeld vidare omdisponering
til anna verksemd på forsvarsbudsjettet grunna leverandørforseinkingar
(324,678 mill. kroner).
Auken på posten vert knytt til meirinntekter (72,315
mill. kroner), jf. omtale under kap. 4760 post 45.
Kap. 1710 Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg, post
46 vert foreslått auka med 30,000 mill. kroner for å setje i stand
murar og bygningar på festningsverka. Tiltaka er vesentlege for
å nå regjeringa si målsetjing om ordinært vedlikehaldsnivå for nasjonale
kulturminne innan 2020.
Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og
anlegg, post 48 vert foreslått redusert med 25,000 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast noko seinare framdrift enn
planlagt på prosjekta knytt til Joint Warfare Centre slik at utbetaling
ikkje kjem som planlagt i 2011.
Kap. 1720 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben,
post 50 vert foreslått redusert med 10,200 mill. kroner på grunn
av mindrebehov på posten i 2011.
Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål, post
60 vert foreslått redusert med 0,111 mill. kroner på grunn av teknisk
balansering i tråd med det som er lagt til grunn.
Kap. 1700 Forsvarsdepartementet, post 73 vert foreslått
redusert med 0,800 mill. kroner på grunn av mindrebehov på posten
i 2011.
Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og
anlegg, post 75 vert foreslått redusert med 20,000 mill. kroner.
Utbetalingane på posten er avhengig av den totale
produksjonen i alle NATOs medlemsland, og Noreg kan ikkje påverke
dette. Prognosen er basert på låge betalingskrav frå NATO i første, andre
og tredje kvartal i 2011. Det er stor uvisse knytt til kor stort
Noregs endelege bidrag til NATO vert i 2011.
Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskot til føretak
under Forsvarsdepartementet, post 78 vert foreslått redusert med
5 mill. kroner på grunn av mindrebehov på posten i 2011.
Det er registrert netto meirinntekter på 373,666 mill.
kroner i 2011.
Post 1 driftsinntekter vert foreslått auka med 415,635
mill. kroner.
Posten vert foreslått auka med 261,525 mill.
kroner.
Auken på posten vert m.a. knytt til auka tenesteleveransar
utover det som er avtalefesta mellom Forsvarsbygg og kundane for
2011 som omhandler m.a. brukerstyrt utvikling, service og støttetenester
(200,000 mill. kroner). Forsvarsbygg legg til grunn det som er avtalefesta
i budsjetteringa si. Auken gjeld vidare inntekter knytt til energi
i 2011 grunna høgare forbruk og høgare prisar enn det som vart lagt
til grunn på budsjetteringstidspunktet (50,000 mill. kroner). I tillegg
vert det foreslått å auke posten med 11,525 mill. kroner knytt til
verknad av lønnsoppgjeret i 2011. Inntektene har ei tilsvarande
utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma,
jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Post 1 vert foreslått auka med 25,029 mill.
kroner.
Auken er knytt til refusjon av utgifter i samband med
at allierte og samarbeidsnasjonar har vore på øving i Noreg (13,900
mill. kroner). Auken gjeld vidare høgare inntekter enn varsla på
budsjetteringstidspunktet knytt til verksemda ved Forsvarets Høgskole
(11,129 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside
og fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf.
Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Post 1 vert foreslått auka med 1,753 mill. kroner.
Auken gjeld gjennomføring av konferansen The Interallied
Confederation of Reserve Officers (CIOR). Inntektene har ei tilsvarande
utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma,
jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Post 1 vert foreslått auka med 81,351 mill.
kroner.
Auken på posten vert knytt til sal av drivstoff
til allierte og andre samarbeidsnasjonar på øving i Noreg (75,000
mill. kroner), tilbakebetaling av utlegg for påkomne utgifter knytt
til prosjektet for sikring av våpen/ammunisjon (1,900 mill. kroner),
sal av ammunisjon til politiet (0,500 mill. kroner) samt sal av
renovert kvartermateriell til Forsvarsbygg (1,000 mill. kroner).
I tillegg er det foreslått andre mindre justeringar som samla gjev
ein auke på 2,951 mill. kroner. Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside
og fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf.
Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Post 1 vert foreslått auka med 4,276 mill. kroner. Auken
gjeld tilbakebetaling av utlegg i samband med at Noreg drifter eit
felles nordisk prosjektkontor knytt til «Nordisk Standard Helikopter Program»
(HSHP). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor
med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets
generelle meirinntektsfullmakt.
Post 1 vert foreslått auka med 1,141 mill. kroner som
er knytt til lønnsoppgjeret i 2011 for Justisdepartementets del
av Redningshelikoptertenesta.
Post 1 vert foreslått auka med 32,560 mill.
kroner.
Auken på posten gjeld refusjonar som følgje
av forvaltingsavtalar som regulerer deling av utgifter mellom andre
samarbeidsnasjonar. Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og
fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets
generelle meirinntektsfullmakt.
Post 1 vert foreslått auka med 8,000 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. meirinntekter knytt til
Akershus kommandantskap (4,000 mill. kroner), frå omvisningar på
Akershus Slott, billettsal knytt til arrangement for Forsvarets
musikk (2,500 mill. kroner), samt inngangspengar på Oscarsborg festningsmuseum
og Norges Hjemmefrontmuseum (1,500 mill. kroner). Inntektene har
ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell
auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og
anlegg, post 45 vert foreslått auka med 72,315 mill. kroner.
Auken vert knytt til royalties (5,700 mill.
kroner) og konvensjonalbøter (3,515 mill. kroner), tilbakebetaling
av utlegg for oppsamla utgifter knytte til Noregs lead nation-utgifter
innanfor P4387 Multinational Geospatial Co-production Program der
Noreg vidarefakturerer utgifter til Danmark, Finland og Sverige
(32,200 mill. kroner). Vidare er utgifter vidarefakturert FD og
enkelte leverandørar innanfor aktivitetar utført av Forsvaret knytt
til Dual Mode kryptosystem, MAJIIC Extension (Multi-sensor Aeorospace/ground
Joint ISR Interoperability Coalition) og Kampflyprogramet (10,900
mill. kroner). Posten er vidare foreslått auka i samband med avhending
av torpedoen Sting Ray mod 0 (20,000 mill. kroner).
Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og
fører derfor med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets
generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1710 Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg, post
47 vert foreslått redusert med 19,135 mill. kroner.
Reduksjonen på posten skuldast at nokre sal
har tatt lengre tid enn planlagt og at tidspunktet for oppgjer vert
skyvd til 2012. Reduksjonen fører med seg ein tilsvarande parallell
reduksjon av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle
meirinntektsfullmakt.
Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og
anlegg, post 48 vert foreslått redusert med 95,134 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast noko seinare framdrift enn
planlagt på prosjekta knytt til Joint Warfare Centre Automated Information
System-prosjektet. Inntekter frå NATO vert mottatt på bakgrunn av
opphavlege innmeldte planar, og vert ikkje justert før i påfølgjande
år. For 2010 førte dette til høge utbetalingar frå NATO i samband
med den seine framdrifta, og tilsvarande låge inntekter i 2011.
Reduksjonen fører til ein tilsvarande parallell reduksjon
av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Regjeringa foreslår ein auke av bestillingsfullmakter
i 2011:
Bestillingsfullmakter under kap. 1700 Forsvarsdepartementet,
post 1 driftsutgifter, vert foreslått auka med 5 mill. kroner, frå
0 til 5 mill. kroner. Bestillingsfullmakta er knytt til drift av
Forsvarsdepartementet.
Bestillingsfullmakter under kap. 1760 Nyskaffing
av materiell og nye bygg og anlegg, post 44 Fellesfinansierte byggje-
og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del, vert foreslått auka med
10 mill. kroner, frå 115 til 125 mill. kroner. Auken gjeld forseinking
i samband med prosjekta BRASS (Broadcast and Ship-Shore System)
og ACCS (Air Command and Control System).
Bestillingsfullmakter under kap. 1760 Nyskaffing
av materiell og nye bygg og anlegg, post 48 Fellesfinansierte byggje-
og anleggsarbeid, fellesfinansiert del vert foreslått auka med 65 mill.
kroner, frå 165 mill. kroner til 230 mill. kroner. Auken gjeld forseinking
i samband med prosjekta JWC (Joint Warfare Centre) og SINDRE II
(nedsenkbare luftvarslingsradarar).
Det visast til Prop. 1 S (2011–2012) om etablering
og flytting av HV-staben til Terningmoen ila. 2011. I samband med
flyttinga vil òg ein del av planressursane som tidlegare var lokalisert
utanfor HV-staben, verte organisert som ein del av staben på Terningmoen.
Dette er ei intern omorganisering i HV og inneber ingen auke av
HVs samla personellressursar knytt til stabsfunksjonar. Flyttinga
skal vere sluttført i løpet av 2011. Personellauken i HV-staben
skuldast ei konsolidering av stabselement innanfor HVs samla organisasjon.
Flyttinga er planlagt gjennomført med følgjande utgifter
i 2011:
– | Eigedom, bygg- og anlegg (EBA) (post 47): | 51,8 mill. kroner |
– | Meirutgift (Post 1): | 6,6 mill. kroner |
Byggjearbeida er starta på Terningmoen, og bygningane
er planlagt ferdige i november/desember 2011. Bygningane omfattar
ein kontormodul og ein forlegningsmodul. Meirutgiftene omfattar
ny telefonsentral for å auke talet på telefonnummer og IKT-materiell,
innreiing og møbler til kontor og forlegningsmodul, samt utgifter
til flyttebyrå. HV-staben flytter inn på Terningmoen i desember
2011.
Meirutgifta under Post 1 vert dekt ved omgruppering
av midlar til kap. 1734 medan kostnadene til EBA dekkast over investering
på kap. 1710 post 47.