I denne proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet
fram endringsforslag på statsbudsjettet 2011 i samsvar med pkt.
2 nedanfor.
Ordinær løyving i saldert budsjett 2011 er 1 646,6
mill. kroner, jf. Prop. 1 S (2010–2011). Hittil i år er det utbetalt
om lag 950 mill. kroner for fire terminar: Departementet legg til
grunn at tilskotsutbetalingane for 4. og 5. termin 2011 (for juli–oktober)
vil bli på om lag 525 mill. kroner. Dette gir grunnlag for å justere
ned anslaget for dei samla utbetalingane i 2011 til 1 475 mill. kroner.
Deltaking i internasjonal romverksemd vert utbetalt
i euro og amerikanske dollar. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar
i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA, og i amerikanske
dollar til det kanadiske radarsatellittprogrammet, til andre valutakursar
enn dei som vart lagt til grunn i saldert budsjett. Samla utgjer valutakursjusteringane
ei innsparing på vel 1 mill. kroner. Samstundes har det vore ei
endring i oppkallinga av programmidlar frå ESA i 2011 på grunn av
endra framdrift i gjennomføringa av programma, noko som gir auke
på om lag 5,1 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og
handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,04 mill.
kroner, frå 377,36 til 381,4 mill. kroner.
Kontingent for norsk deltaking i det europeiske satellittnavigasjonsprogrammet
Galileo vert utbetalt i euro. I 2011 har den norske innbetalinga til
Galileo blitt oppjustert med om lag 1,3 mill. kroner. På dette grunnlaget
gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 1,3 mill kroner, frå 75,3 til 76,6 mill. kroner.
Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen
for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og handelsdepartementet
har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til
oppfølging av programma.
Basert på endeleg budsjett frå Europakommisjonen
frå juli 2011, faktisk innbetalt kontingent for dei aktuelle programma
til endra eurokurs og prognose for følgjeutgifter resten av året,
reknar Nærings- og handelsdepartementet med samla utgifter på om
lag 35 mill. kroner i 2011. Dette inneber at løyvinga kan verte
redusert med 16 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 16 mill. kroner, frå 40 til
24 mill. kroner.
På statsbudsjettet for 2011 er det løyvd 10,7
mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med
aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet
si forvalting. Dei samla utgiftene for 2011 vil venteleg bli om lag
18,8 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 8,1 mill. kroner, frå 10,7 til 18,8
mill. kroner.
I budsjettet for 2011 er det øyremerka 10 mill. kroner
til miljøprosjekt innafor dei maritime næringane og utvikling av
nærskipsfartsflåten. Det ligg ikkje an til at den øyremerka ramma
vil bli nytta fullt ut.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 480 til
472 mill. kroner.
Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til
valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir
med same løpetid. Selskapet betalar òg ein låne- og garantiprovisjon
på 1 pst. p.a. Innlåna har blitt auka noko i 2011 ut over det som
låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2010. Dette inneber
òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325 post 90.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 1 mrd. kroner, frå 43,7 til 44,7
mrd. kroner.
I saldert budsjett er det rekna med gebyrinntekter på
53,9 mill. kroner på posten. Departementet reknar med at det vil
bli ei mindreinntekt på 8 mill. kroner i høve til inntekstramma
for 2011. Årsaka er at det så langt i år er installert langt færre
godkjende taksameter i drosjene enn venta.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 53,9 mill.
kroner til 45,9 mill. kroner.
Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra
har auka meir enn forventa i 2011. På dette grunnlaget gjer Nærings-
og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 32,2 mill.
kroner, frå 397,8 til 430 mill. kroner.
På bakgrunn av føresegn i skipssikkerhetsloven, jf.
Ot.prp. nr. 87 (2005–2006), har Sjøfartsdirektoratet innført gebyr
for brot på lova. Nærings- og handelsdepartementet legg til grunn
at det samla vil bli innbetalt om lag 6 mill. kroner i gebyr i 2011.
Sjøfartsdirektoratet har handsama færre saker enn det som vart lagt
til grunn i Prop. 1 S (2010–2011).
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 6 mill. kroner, frå 12 til 6
mill. kroner.
Nærings- og handelsdepartementet har motteke ei
dividendeinnbetaling frå Raufoss ASA i samband med avviklinga av
selskapet. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om ei løyving på 7,7 mill. kroner under kap. 3950, ny post
70.
Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret
fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar i den hensikt å slette
desse aksjane på eit seinare tidspunkt. Dette er ein metode der
eigenkapital vert ført attende til aksjonærane. Nærings- og handelsdepartementet
inngjekk i 2010 tilbakekjøpsavtalar med Telenor ASA og Yara International
ASA. Etter at kapitalnedsettinga i Telenor ASA var sett i kraft
fekk staten utbetalt eit vederlag på 2 518,9 mill. kroner for dei
innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på
54 pst. Etter at kapitalnedsettinga i Yara ASA var sett i kraft
fekk staten utbetalt eit vederlag å på 116,8 mill. kroner for dei
innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på
36,2 pst. På grunnlag av tilbakekjøpa gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 2 625,7 mill. kroner, frå 10 til
2 635,7 mill. kroner.
I samband med etablering av dei distriktsretta såkornfonda
var det eit mål også å opprette eit såkornfond i Innlandet. Det
har ikkje lykkast å få med investorar til å opprette dette fondet.
Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget
framlegg om ei løyving på 14,3 mill. kroner knytt til tilbakeføring
av tapsfond for såkornfond i Innlandet.
Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Noreg
frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under
kap. 2421, post 90 ovanfor.
Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg
om å auke løyvinga med 1,55 mrd. kroner, frå 43,25 til 44,8 mrd.
kroner.
Ein viser til post 51 om tilbakeføring av lån
for såkornfond i Innlandet.
Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg
om å løyve 57,3 mill. kroner under kap. 5325, ny post 91.
Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar
for resten av året er det grunnlag for å justere løyvinga ned på
grunn av langt lågare rentesatsar enn det som var lagt til grunn
ved saldering av budsjettet for 2011.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 185 mill. kroner, frå 500 til
315 mill. kroner.
Netto rentemargin for 2010 med utbetaling i 2011
vart budsjettert til 3 mill. kroner. Det var ikkje grunnlag for
utbetaling frå ordninga i 2010 med utbetaling i 2011.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner til null.
Utbytet frå ordninga med lågrisikolån er fastsett til
75 pst. av årsresultatet, men avgrensa til den gjennomsnittlege
innlånsrenta til staten multiplisert med selskapet sin innskotskapital
på 619,8 mill. kroner. Etter vekst i låneporteføljen i seinare år
var det behov for å byggje opp eigenkapitalen i ordninga i 2010
med 36,5 mill. kroner, slik at eigenkapitalen går opp frå 7,7 til
8 pst. Dette gir grunnlag for eit utbyte til staten på 2,6 mill.
kroner i 2010, med utbetaling i 2011.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 12,4 mill. kroner, frå 15 til
2,6 mill. kroner.
I høve til inneliggande overslag for utbyte,
som blei auka til 16 302 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett
for 2011, er innbetalt utbyte frå selskapa 216,7 mill. kroner høgare.
Dette skuldast i hovudsak høgare utbyte frå Argentum Fondsinvesteringar
AS og Mesta Konsern AS.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 216,7 mill. kroner, frå 16 302,2
mill. kroner til 16 518,9 mill. kroner.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og lederen
Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Harald
T. Nesvik og Torgeir Trældal, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Svein
Flåtten og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti,
Alf Egil Holmelid, fra Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og fra
Kristelig Folkeparti, Steinar Reiten, viser til Prop. 25
S (2011–2012) om endringer i statsbudsjettet for 2011 under Nærings- og
handelsdepartementet.
Komiteen konstaterer at bevilgningen
til tilskuddet til sysselsetting av sjøfolk (nettolønnsordningen),
nedjusteres fra 1 646,6 mill. kroner til 1 475 mill. kroner. Komiteen er kjent
med at hovedårsaken til dette er at færre sjøfolk enn forventet
omfattes av ordningen, samtidig som flere sjøfolk omfattes av makstaket
på 198 000 pr. sysselsatt pr. år.
Komiteen viser til at utbytte
fra statlige selskaper er 216,7 mill. kroner høyere enn det som ble
lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett for 2011. Komiteen merker
seg videre at det ikke har lykkes Innovasjon Norge å få med investorer til
å opprette et såkornfond i Innlandet, og at regjeringen på denne
bakgrunn foreslår å tilbakeføre uutnyttede midler på 57,3 mill.
kroner i ansvarlige lån og 14,3 mill. kroner i tapsfond til statskassen.
Komiteen viser til de øvrige
forslag om endringer i bevilgningene under enkelte kapittel og poster
på Nærings- og handelsdepartementets budsjett og støtter disse,
og har ingen ytterligere merknader.
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har for
øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjøre følgende
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2011 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
909 | | Tiltak for sysselsetting av sjøfolk | |
| 73 | Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving, blir redusert med | 171 600 000 |
| | frå kr 1 646 600 000 til kr 1 475 000 000 | |
922 | | Romverksemd | |
| 71 | Internasjonal romverksemd, blir
auka med | 4 040 000 |
| | frå kr 377 360 000 til kr 381 400 000 | |
| 73 | Galileo, blir auka med | 1 300 000 |
| | frå kr 75 300 000 til kr 76 600 000 | |
924 | | Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram | |
| 70 | Tilskot, blir redusert med
| 16 000 000 |
| | frå kr 40 000 000 til kr 24 000 000 | |
950 | | Forvalting av statleg eigarskap | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter, blir auka med
| 8 100 000 |
| | frå kr 10 700 000 til kr 18 800 000 | |
2421 | | Innovasjon Noreg | |
| 50 | Innovasjon – prosjekt, fond, blir
redusert med | 8 000 000 |
| | frå kr 480 000 000 til kr 472 000 000 | |
| 90 | Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving, blir auka med | 1 000 000 000 |
| | frå kr 43 700 000 000 til kr 44 700 000 000 | |
| | | |
Inntekter |
3902 | | Justervesenet | |
| 1 | Gebyrinntekter, blir redusert med
| 8 000 000 |
| | frå kr 53 900 000 til kr 45 900 000 | |
3904 | | Brønnøysundregistra | |
| 1 | Gebyrinntekter, blir auka med
| 32 200 000 |
| | frå kr 397 800 000 til kr 430 000 000 | |
3907 | | Sjøfartsdirektoratet | |
| 6 | Overtredingsgebyr, blir redusert med
| 6 000 000 |
| | frå kr 12 000 000 til kr 6 000 000 | |
3950 | | Forvalting av statleg eigarskap | |
| 70 (ny) | Tilbakeføring av tilskot til pensjonar for tidlegare Raufoss-tilsette,
blir løyv med | 7 700 000 |
| 96 | Sal av aksjar, blir auka med
| 2 625 700 000 |
| | frå kr 10 000 000 til kr 2 635 700 000 | |
5325 | | Innovasjon Noreg | |
| 51 (ny) | Tilbakeføring av tapsfondsmidlar til såkornkapitalfond, blir løyvd med | 14 300 000 |
| 90 | Avdrag på uteståande fordringar, blir
auka med | 1 550 000 000 |
| | frå kr 43 250 000 000 til kr 44 800 000 000 | |
| 91 (ny) | Tilbakeført kapital, såkornfond, blir
løyvd med | 57 300 000 |
5625 | | Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg | |
| 80 | Renter på lån frå statskassa, blir
redusert med | 185 000 000 |
| | frå kr 500 000 000 til kr 315 000 000 | |
| 81 | Rentemargin, innovasjonslåneordninga, blir
redusert med | 3 000 000 |
| | frå kr 3 000 000 til 0 | |
| 85 | Utbyte, lågrisikolåneordninga, blir
redusert med | 12 400 000 |
| | frå kr 15 000 000 til kr 2 600 000 | |
5656 | | Aksjar i selskap under NHD si forvalting | |
| 85 | Utbyte, blir auka med | 216 700 000 |
| | frå kr 16 302 200 000 til kr 16 518 900 000 | |
Oslo, i næringskomiteen, den 8. desember 2011
Terje Aasland |
leder og ordfører |