9. Arbeidsgivers innrapportering av tilsettings- og inntektsforhold mv.

9.1 Sammendrag

Departementet legg fram forslag til ei ny felles ordning for arbeidsgivarar si innrapportering av tilsetjings- og inntektstilhøve m.m. til Skatteetaten, arbeids- og velferdsetaten (Nav) og statistisk sentralbyrå (SSB). Forslaget er i andre samanhengar omtalt som EDAG (Elektronisk dialog med arbeidsgivarar). Føremålet med forslaget er i første rekkje å forenkle arbeidsgivar si innrapportering av opplysningar om tilsetjings- og inntektstilhøve ved at arbeidsgivar ikkje skal vere nøydd til å gjenta rapportering av opplysningar som allereie er gitt. Forslaget vil òg medverke til auka effektivitet og betre oppgåveløysing i etatane og betre tenester frå det offentlege. Det blir foreslått at ordninga skal regulerast ved ei særskild lov som vil gjere regelverket lett tilgjengeleg for arbeidsgivarar og inntektsmottakarar.

I dag rapporterer arbeidsgivarar til dels dei same opplysningane om tilsetjingar, løn og skattetrekk til skatteetaten, Nav og Statistisk sentralbyrå. Denne rapporteringa skjer til fleire ulike tidspunkt. Forslag til ny ordning inneber at fleire av dei oppgåver og skjema som i dag blir levert, erstattast av ei ny felles innrapporteringsordning der arbeidsgivar minst ein gong per månad rapporterer lønsopplysningar osb. om kvar einskild tilsett. Dagens betalingsfristar for forskotstrekk og arbeidsgivaravgift vil bli vidareført.

Den same krinsen som i dag er pliktig til å rapportere eller gi oppgåver til ein eller fleire av etatane, skal vere pliktig til å innrapportere etter ny ordning. Opplysningane som skal leverast inn, er søkt harmonisert mellom etatane utan at det i prinsippet blir gjort endringar i kva for opplysningar som skal rapporterast. Departementet gjer likevel merksam på at det samla omfanget av rapporteringsplikta vil bli noko større enn i dag. Dette kjem dels av at opplysningane i nokre tilfelle skal rapporterast oftare enn i dag. Dette gjeld til dømes opplysningar om forskotstrekk og arbeidsgivaravgift. Vidare skal nokre opplysningar gis om fleire personar eller av fleire arbeidsgivarar enn i dag. Dette gjeld opplysningar til Nav og SSB, der forslaget inneber at alle arbeidsgivarar samanhangande skal rapportere opplysningar for alle tilsette. I dag er rapporteringsplikta til Nav avgrensa til behov i samband med dei tilsette sine krav til ytingar, og for SSB blir det i dag innhenta opplysningar frå eit avgrensa utval på om lag 17 000 respondentar.

For å unngå at denne utvidinga av rapporteringsplikta blir ei auka belastning for arbeidsgivarane, føreset ordninga at opplysningane i all hovudsak blir levert elektronisk, og at dei produserast av lønssystem eller andre IT-system som arbeidsgivarane nyttar. For arbeidsgivarar som ikkje nyttar slike system, blir det foreslått å gjere ein Internett-portal tilgjengeleg for rapportering, men det vil òg vere mogeleg å levere på papir i ein overgangsperiode.

Felles innhenting av opplysningar frå arbeidsgivarar til dei tre etatane føreset etablering av fellestenester for å vareta heilskapen i ordninga. Skattedirektoratet vil bli ansvarleg for informasjon og rettleiing overfor arbeidsgivarar, og for forvalting av ordninga.

Forslaget inneber ei felles innsamling av innrapporterte opplysningar og vedkjem difor forholdet til personvernet og personvernlovgivinga. Departementet har søkt å vareta dette på best mogeleg vis. Det blir foreslått å utvikle ei Internett-teneste som skal gi kvar inntektsmottakar oversyn over dei opplysningane som er innrapportert om inntektsmottakaren. Omsynet til personvernet tilseier òg at det blir regulert og avgrensa kven som skal ha tilgang til dei innsamla opplysningane. Departementet foreslår at skatteetaten, Nav og SSB får tilgang. Opplysningane skal berre brukast i samband med desse etatane sine lovpålagte oppgåver, og etatane må ha heimel i lov for vidare handsaming av opplysningane.

Departementet foreslår at lova trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer. Lova bør tre i kraft frå eit årsskifte, og tidlegaste tidspunkt for ikraftsetjing vil vere 1. januar 2015.

Ordninga vil ha konsekvensar for arbeidsgivarar, for dei berørde etatane og for mottakarar av lønn, pensjon mv. Ordninga blir venta å gi vesentleg samfunnsøkonomisk gevinst i form av redusert belastning for arbeidsgivarar ved at fleire rapporteringsordningar blir samordna og standardisert, auka effektivitet og betre oppgåveløysing i etatane og betre tenester frå det offentlege. Ansvaret for systemutvikling, forvaltning og for fellestenestene for ordninga er lagde til skatteetaten.

Gjennomførte analysar anslår ei årleg innsparing for arbeidsgivarane på om lag 500 mill. kroner når ordninga er etablert og utprøvd. Den endelege utforminga av systemet vil kunne påverke den reelle innsparinga, men ordninga vil uansett gi store gevinstar for arbeidsgivarar. Arbeidsgivarar vil i innføringsåret ha ein ekstra kostnad ved å tilpasse seg den nye ordninga (tileigne seg kunnskap om nytt regelverk, tilpassing av eigne rutinar og tilpassing av system til den nye ordninga). Det leggjast derfor til grunn at arbeidsgivarane ikkje kan forvente ein netto gevinst av ordninga første driftsår.

For mottakarar av lønn, pensjon mv. vil ordninga innebere betre kontroll med at opplysningar om dei er korrekte, og behovet for å skaffe opplysningar til bruk overfor til dømes Nav blir redusert fordi oppdatert informasjon finst hos etatane. Vidare vil ordninga leggje grunnlag for auka omfang av «sjølvbetjeningsløysingar» og auka bruk av «digitalt førsteval» i lønnsmottakarane sin kommunikasjon med etatane.

På arbeids- og velferdsområdet vil gevinstane særleg liggje i betre kvalitet på Aa-registeret og inntektsopplysningane som dannar grunnlaget for fastsetjing av storleiken på sjukepengar, foreldrepengar m.m. Oppdaterte inntektsopplysningar er ein viktig føresetnad for å sikre rett yting til rett person og unngå feilutbetalingar. Nav utbetaler store korttids-ytingar i løpet av eit år (91,3 mrd. kroner i 2011), og ein liten reduksjon av feilutbetalinga vil gi store utslag. Ordninga er også viktig for Nav for å sikre ei god og formålstenleg innføring av nye reglar for avkorting av uføretrygda, jf. den planlagde innføringa av uførereforma i 2015. Vidare er ordninga eit viktig element i samband med automatisering av saksbehandlinga.

For SSB blir ordninga forventa å gi rimelegare, hurtigare og meir presis datafangst. Dette vil gi moglegheiter for betre statistikk om lønn, sysselsetjing og nasjonalrekneskap, samt nye statistikkprodukt og betre analysar over kortidsutviklinga i norsk økonomi.

På skatteområdet (skatteetaten og dei kommunale skatteoppkrevjarane) blir ordninga forventa å gi betre grunnlag for arbeidsgivaravgift, forskotstrekk, likning og kontrollverksemd. Hyppigare rapportering vil gi meir oppdatert informasjon, betre kontrollgrunnlag og auka kvalitet på opplysningane. Dette vil bidra til eit riktigare skatteproveny.

Ordninga vil i hovudsak vidareføre dagens oppgåvefordeling på skatteområdet. Skatteoppkrevjarane står for rettleiing og kontroll av arbeidsgivarane på skatteområdet. Det året ordninga blir innført vil det vere behov for auka innsats til rettleiing av arbeidsgivarar og til handtering av avvik i samband med overgangen. Oppgåvene til skatteoppkrevjarane knytte til dagens mottak og behandling av terminoppgåver kvar annan månad og dei årlege lønns- og trekkoppgåver vil bortfalle. Etter innføringsperioden er det forventa eit årleg ressursbehov på arbeidsgivarområdet hos skatteoppkrevjar på omtrent same nivå som i dag, men med ein ressursbruk som blir fordelt jamnare over året enn i dag. Dette føreset eit høgt omfang av maskinell innlevering frå arbeidsgivar, og at planlagde rutinar og systemstønad fungerer godt.

Den nye ordninga inneber utviklingskostnader vurdert til ei samla kostnadsramme på 580 mill. kroner i perioden 2012–2015, inkludert ei usikkerhetsavsetning på 132 mill. kroner. Utviklinga vil i hovudsak skje i Skattedirektoratet, og kostnadene fordeler seg med 376 mill. kroner til skatteetaten, 60 mill. kroner til Nav og 12 mill. kroner til SSB I tillegg kjem usikkerhetsavsetninga. Dei samla årlege drifts- og forvaltningskostnadene for etaten ved ordninga vil frå og med 2016 vere på om lag 55 mill. kroner.

Lovforslaget inneber behov for vesentlege endringar i andre lover. Departementet understrekar at dei endringane som blir foreslått ikkje er ei uttømmande liste over dei endringane som er nødvendige, og det vil bli føreteke ein grundig gjennomgang av behov for lovendringar i anna lovgiving på eit seinare tidspunkt.

9.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre, slutter seg til regjeringens forslag til ny lov om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold med mer (a-opplysningsloven).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre støtter arbeidet med en felles ordning for arbeidsgiveres innrapportering av tilsettings- og inntektsforhold. Det er viktig at formålsparagrafen setter effektivitet for arbeidsgiver i fokus. Disse medlemmer tar derfor for gitt at man involverer arbeidsgiversiden aktivt i det videre arbeid og at man også vurderer endringer og justeringer i krav til hva som skal rapporteres slik at man får effekt av forenklingene på arbeidsgiversiden, ikke minst for de små bedriftene. Disse medlemmer vil også påpeke at erfaringene fra andre elektroniske rapporteringsprosjekter i offentlig regi, viser at dette ofte er langt mer komplisert enn man hadde regnet med. Det er viktig at systemene er godt utprøvd før de iverksettes i full skala.

Disse medlemmer ser behovet for å ha sanksjonsmuligheter ved brudd på, eller også for å framtvinge, etterlevelse av rapporteringsplikt. Samtidig har regjeringen selv vist hvor vanskelig disse spørsmålene er ved at Justisdepartementet etter snart ti års saksbehandlingstid ikke har klart å fremme en sak for Stortinget der de følger opp NOU 2003:15 Fra bot til bedring med en helhetlig gjennomgang av området administrative sanksjoner. Stortinget avviste ved behandlingen av Ot.prp. nr. 80 (2000–2001) et ønske om innføring av administrative sanksjoner med den begrunnelse at forholdet til Grunnloven § 96 ikke var avklart.

Disse medlemmer er av den oppfatning at når Justisdepartementet ikke har klart å konkludere saken i løpet av snart 10 års saksbehandling, er dette et så uryddig og uklart farvann å bevege seg inn i at en beslutning om å innføre sanksjonsmuligheter må skje i tråd med signalene i NOU 2003:15 Fra bot til bedring og bør egentlig komme sammen med at Justisdepartementet har konkludert og de prinsipielle sidene ved saken er debattert og vedtatt av Stortinget.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen avvente innføring av sanksjonsordninger til etter at Stortinget har diskutert de overordnede problemstillingar knyttet til administrative sanksjoner som virkemiddel.»