Innstilling frå utanriks- og forsvarskomiteen om Nordisk samarbeid

Dette dokument

  • Innst. 80 S (2012–2013)
  • Kjeldedokument: Meld. St. 34 (2011–2012)
  • Dato: 21.11.2012
  • Utgjevar: utanriks- og forsvarskomiteen
  • Sidetal: 8

Til Stortinget

1. Sammendrag

Det nordiske samarbeidet står i dag sterkare enn nokon gong tidlegare, seier regjeringa i meldinga. Den europeiske integrasjonsprosessen har vorte ei felles ramme for politikk- og regelverksutviklinga i dei nordiske landa. Det nordiske samarbeidet innanfor EU/EØS har såleis vorte eit av dei viktigaste nordiske samarbeidsinstrumenta sidan Helsingforsavtalen vart etablert for 50 år sidan.

Norsk formannskap i Nordisk ministerråd

Noreg har formannskapen i Nordisk ministerråd i 2012 og har valt å setje fokus på ein berekraftig velferdsstat i eit nordisk perspektiv. Grøn vekst og klima er viktige prioriteringar som vert ført vidare frå dei føregåande danske og finske formannskapa. På det utanriks- og tryggingspolitiske området står oppfølginga av Stoltenberg-rapporten sentralt.

Arbeidet med å løyse grensehinder har også fått høg prioritet under den norske formannskapen. Målet er at mobiliteten over grensene skal vere så problemfri som mogeleg. Nordisk ministerråd legg stor vekt på samarbeidet med nabolanda til Norden. Det går føre seg eit arbeid under norsk leiing for å sjå på det framtidige samarbeidet mellom ministerrådet og naboområde i aust etter 2013. Regjeringa peikar på at det er viktig at det nordiske samarbeidet endrar seg i takt med tida og utfordringane landa står overfor. Den norske formannskapen ønskjer å bidra til ytterlegare effektivisering og fokusering av det formelle regjeringssamarbeidet, og har difor etablert eit prioriteringsbudsjett frå og med 2013 som skal gje rom for politisk initierte prosjekt og gje større fleksibilitet.

Aktuelle saker

Noreg har i formannskapsperioden valt å setje søkjelyset på velferdsstaten. Dei nordiske landa bør søkje å møte utfordringane saman og vidareutvikle samarbeidet.

Fleire større arrangement som handlar om utfordringane knytte til fråfall frå utdanning og arbeidsløyse blant ungdom, vert arrangert hausten 2012.

På møtet statsministrane heldt i Lofoten i juni 2012, fremja Noreg tre konkrete forslag til eit styrkt samarbeid på helseområdet. Eit anna område som statsministrane har lagt vekt på, er grøn vekst. Det vert arbeidd vidare med dei åtte forslaga frå ei fellesnordisk arbeidsgruppe frå 2011, m.a. om grøne tekniske normer og standardar for bygningar og ulike produkttypar og om grøne offentlege innkjøp.

Med bakgrunn i eit norsk initiativ utviklar den påtroppande svenske formannskapen eit prosjekt om læring i og gjennom arbeid.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe i Nordisk ministerråd, under leiing av den norske formannskapen, som har fått i mandat å utarbeide ein handlingsplan for det framtidige grensehinderarbeidet.

Dei åtte forslaga som vart fremja under stortingsdebatten om nordiske grensehindre i april 2012, er vurdert av regjeringa, og i meldinga er det gitt ein oversikt frå dei ansvarlege departementa om status for arbeidet med sakene som er omhandla i dei omtalte forslaga.

Nordens naboar

Nærområdesamarbeidet til Nordisk ministerråd omfattar samarbeidet med Russland, Estland, Latvia og Litauen, i tillegg til naboar i vest. Dessutan samarbeider ministerrådet med Barentsrådet, Austersjørådet og Arktisk råd. Nærområdesamarbeidet omfattar òg innsatsen overfor Kviterussland. Ministerrådet samarbeider med EU om støtte til eksiluniversitetet European Humanities University (EHU) for kviterussiske studentar i Vilnius. Ministerrådet forvaltar i tillegg eit stipendprogram for unge kviterussarar og samarbeider med EU om gjennomføring av eit prosjekt til støtte for det sivile samfunnet.

Under den norske formannskapen i Nordisk ministerråd er det sett ned ei arbeidsgruppe som skal føreslå nye retningslinjer for samarbeidet med Russland, Estland, Latvia og Litauen etter 2013. Arbeidsgruppa skal sjå på prioriteringane som skal leggjast til grunn, og på instrumenta som skal brukast for å nå dei oppsette måla.

Nordleg dimensjon

Den nordlege dimensjonen (ND) ligg i kjerneområdet av nordområdepolitikken til regjeringa sidan han famnar om alle samarbeidsstrukturane og gjennomfører prosjekt på sentrale politikkområde som miljø, transport og logistikk, kultur og helse. Norsk formannskap i 2012 i både Nordisk ministerråd og Barentsrådet gjev ein god sjanse til å styrkje samarbeidet mellom samarbeidsorgana i nord.

ND er ein dynamisk arena for konkrete samarbeidsprosjekt i nord med samfinansiering og stønad frå IFI. Desse prosjekta vert sette i verk på fire samarbeidsområde, såkalla partnarskap for høvesvis miljø, helse, kultur og transport/logistikk. Noreg deltek aktivt i partnarskapa, som alle er etablerte for å kombinere politikk med ekspertarbeid og praktisk prosjektverksemd.

Austersjørådet

Det har vore viktig for Noreg å få dei etterfølgjande formannskapslanda, Tyskland og Russland, til å følgje opp dei norske prioriteringane frå Noregs eigen formannskapsperiode i 2010/11: maritim politikk og kamp mot menneskehandel.

Noreg arrangerte i 2012 eit møte på statssekretærnivå for formannskapa i dei fire regionale råda i Nord-Europa og dei fire partnarane i Den nordlege dimensjonen: EU, Russland, Island og Noreg. Ein av konklusjonane frå møtet var at overlapping mellom råda ikkje utgjer noka utfordring sjølv om samarbeidsoppsettet i Nord-Europa kan verke komplisert.

Noreg har arbeidd for at Austersjørådet skal engasjere seg i gjennomføringa av EU-strategien for Austersjøregionen. Russland er no meir innstilt på å bruke Austersjørådet i gjennomføringa på område som er prioriterte av Austersjørådet sjølv, og som er av gjensidig interesse.

Barentsrådet

Noreg er formann i Barentsrådet fram til oktober 2013, og hovudinnsatsområda for den norske formannskapsperioden er næringsutvikling, miljø og folk-til-folk-samarbeid. Noreg fremjar Barentsregionen som ein ressursregion i Europa. Olje, gass, fisk, tømmer, mineral, metall og ikkje minst høgt utdanna arbeidskraft er viktige fortrinn. Transport og logistikk er høgt prioritert på lokalt, regionalt, nasjonalt og europeisk plan. Den norske formannskapen for transportsamarbeidet har lagt fram eit forslag om å lage ein felles plan for utvikling av transportinfrastrukturen i Barentsområdet. Planen skal omhandle alle transportformer. I samband med dette skal det mellom anna haldast ein konferanse og eit ministermøte våren 2013.

Ein multilateral redningsavtale for Barentsregionen tredde i kraft 17. mai 2012. Noreg, Russland, Sverige og Finland er partar i avtalen. Føremålet med avtalen er gjensidig bistand over landegrensene i krisesituasjonar og ved redningsoperasjonar.

Statsministeren har invitert kollegaene sine frå Barentslanda og EU til å markere 20-årsjubileet for Barentssamarbeidet i Kirkenes 3. og 4. juni 2013. Ei ny Kirkenes-erklæring om vidare samarbeid og perspektiv i Barentsregionen skal etter planen underteiknast under statsministermøtet.

Arktisk råd

Auka politisk merksemd og effektivisering av arbeidet i rådet har vore nokre av prioriteringane for den norske, danske og svenske formannskapen dei seinaste åra. Arktisk råd har no ti søknader om observatørstatus til behandling. Det er opp til ministermøtet i Kiruna i 2013 å avgjere om søknadene oppfyller dei vedtekne kriteria.

Den svenske formannskapen har ansvar for å følgje opp avgjerda om å leggje det permanente sekretariatet for Arktisk råd til Tromsø. Sekretariatet vil styrkje arbeidet i Arktisk råd og bidra til å markere Tromsø som eit kraftsentrum i norsk og internasjonal polar samanheng.

Nordisk samarbeid – ein integrert del av Europapolitikken

Det er mange eksempel på korleis det nordiske samarbeidet har bidrege i det europeiske samarbeidet og sett fotavtrykk på dei løysingane som er utvikla på europeisk nivå. Dette gjeld ikkje minst i sosiale spørsmål, innanfor likestilling, arbeidsmiljø, miljøvern og spørsmål om openheit og innsyn, heiter det i meldinga.

Regjeringa ønskjer å bidra til nært og fortruleg nordisk samarbeid om aktuelle europeiske spørsmål i framtida og vil her òg aktivt bruke bilaterale relasjonar og nettverk. Frå norsk side har ein for eksempel dratt særleg nytte av eit nært samarbeid med EU-formannskapa når desse har vore nordiske, seinast den danske formannskapen våren 2012.

Regjeringa meiner at Norden har mykje god politikk og erfaring å bringe inn i det europeiske samarbeidet. Det nordiske samarbeidet, mellom anna gjennom Nordisk arbeidslivs- og arbeidsrettsutval (NAU) og Nordisk arbeidsmiljøutval, har vist seg som ein svært nyttig arena for Noreg når det gjeld informasjon og diskusjon om vedtak av og forslag til EU-regelverk.

1.1 Utanriks-, forsvars- og utviklingspolitisk samarbeid

Oppfølginga av rapporten frå Thorvald Stoltenberg om styrking av det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet (2009) er framleis ei viktig kjelde til politisk dynamikk og konkrete tiltak.

Ei konkret oppfølging av den nordiske solidaritetserklæringa frå 2011 er etableringa av eit gradert kommunikasjonsnettverk mellom dei nordiske nasjonale styresmaktene, Governmental Cyber Emergency Response Team (GovCERT). Ambisjonen er at kommunikasjonsnettverket skal vere på plass innan utgangen av 2012.

Den norske regjeringa arbeider for å styrkje det nordiske samarbeidet til støtte for FNs fredsoperative innsats, noko det er klar interesse for hjå våre nordiske naboar. Saman kan dei nordiske landa bidra til utvikling av politikk og praktiske retningslinjer i FN og til meir effektive fredsoperasjonar.

Dei nordiske landa er inviterte til å bruke den informasjonen som er tilgjengeleg gjennom det norske havovervakingssystemet BarentsWatch. Noreg jobbar for at dei ulike systema for havovervaking som er etablerte i Norden, kan trekkje vekslar på kvarandre, og at det gode samarbeidet som er etablert, skal styrkjast i tida framover.

Det er semje om at det nordiske ambassadesamarbeidet skal byggjast ut og styrkjast. I tillegg til å sikre ei betre ressursutnytting vil eit tettare nordisk samarbeid vere verdifullt for å fremje felles nordiske utanrikspolitiske prioriteringar, samtidig som det gjer Norden meir synleg. Det vert lagt opp til at dei nordiske landa skal kunne gjere vedtak om ytterlegare nordisk samlokalisering på neste nordiske utanriksministermøte 31. oktober i år. Noreg vil framleis vere ein pådrivar for å bidra til eit stadig tettare, betre og meir effektivt samarbeid mellom dei nordiske utanrikstenestene.

Fleirnasjonalt forsvarssamarbeid vert sett på som eit stadig viktigare verkemiddel for å løyse felles grunnleggjande utfordringar i forsvars- og tryggingspolitikken. Det er ein stadig tettare politisk dialog om å samarbeide tett om felles tryggings- og forsvarspolitiske utfordringar i Norden.

Regjeringa legg stor vekt på at den breie politiske tilslutninga i dei nordiske landa vert følgd opp gjennom praktiske sikkerhets- og forsvarspolitiske samarbeidstiltak. At ein stadig opnar opp for nye samarbeidsområde, vitnar om at satsingane frå dei nordiske regjeringane på nordisk samarbeid tilfører ein merkbar tilleggs- og nytteverdi.

Det praktiske militære samarbeidet i Norden er styrkt ytterlegare det siste året og har vekt interesse også utanfor Norden. Rasjonaliseringseffektane av eit sterkare nordisk samarbeid kan leggje til rette for at Noreg kan verkeleggjere eit høgare forsvarspolitisk ambisjonsnivå det enn det ein kunne oppnå utan eit slikt samarbeid.

Våren 2012 tok Noreg eit nytt initiativ for å leggje til rette for å stille eit felles militært bidrag i ein FN-operasjon.

Samarbeidet om trening og øving aukar. Særleg gjeld dette for kampfly.

Kapabilitetssamarbeidet vert òg styrkt fortløpande. Dei nordiske landa har identifisert nokre prioriterte område der behova er samanfallande.

Noreg er ein pådrivar for å styrkje det nære samarbeidet om utviklingsspørsmål med dei andre nordiske landa. Det er brei semje om at bistanden kan gjerast meir effektiv, både gjennom bilaterale og multilaterale kanalar.

Kultur, utdanning og forsking

Dei nordiske kulturministrane slutta seg på møtet i Oslo i april til satsinga på eit løft for nordisk barne- og ungdomslitteratur, og det vil bli lagt fram eit ministerrådsforslag om satsinga til Nordisk råds sesjon hausten 2012. Det var òg tilslutning til arbeidet med ein ny strategi for kultursamarbeidet som skal gjelde for åra 2013–2020.

Det er teke initiativ til ei undersøking for å kartleggje korleis tilgangen til kultur frå nabolanda kan betrast. Resultata av kartlegginga vil bli lagt fram i ein rapport hausten 2012.

I arbeidet med å profilere Norden som ein kreativ, levande og dynamisk region vil den nordiske festivalen på Kennedy Center i Washington, D.C. i februar 2013 verte ein viktig arena for kunst og kultur frå heile Norden.

Dei tre programma til ministerrådet – kultur- og kunstprogrammet, det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet og det nordiske dataspillprogrammet – gav i 2011 støtte til over 400 prosjekt.

Nordisk kulturfond prioriterer aktivitetar som aktivt og konkret gjer det enklare for barn og unge å ta del i det nordiske kultursamarbeidet, og som bidreg til å styrkje den nordiske språkforståinga. Fondet gjev i 2012 ei særleg løyving på 3 mill. DKK til Nordisk kulturfestival for barn og unge, med fokus på kultur som vert utøvd av barn og unge.

Education for tomorrow er eit nytt nordisk utdanningsforskings- og formidlingsinitiativ som vart etablert i år med eit totalt budsjett på 75 mill. kroner.

Det er sett i verk eit nordisk samarbeid om felles utdanningstilbod for små og verneverdige fag / små handverksfag. Hausten 2012 starter eit prosjekt der Noreg, Danmark og Island går vidare med å prøve ut samarbeid i faget båtbyggjar/trebåtbyggjar.

Det vert no arbeidd med å følgje opp tilrådingane i rapporten «Vilja till forskning?» som omfattar forslag om betre samspel mellom forsking, høgare utdanning og innovasjon, felles bruk av infrastruktur, opning av nasjonale forskingsprogram for nordiske forskarar, tiltak for å fremje forskarmobilitet og tiltak for å fremje samspelet mellom Norden og EU.

Språkforståinga hjå barn og unge er høgt prioritert i det nordiske arbeidet. I Noreg er det ein auke i talet på skuleeigarar og skular som rapporterer positivt om opplæring i nabospråk, samanlikna med 2010. Gjennom Foreningen Norden vert tiltak som har gjeve god effekt etter den nordiske språkkampanjen i 2011, vidareførte. Forfattarbesøk i skulen er eit eksempel på tiltak som fremjar nabospråkforståing.

Miljø

Miljøministermøtet på Svalbard i mars 2012 vedtok ei erklæring om vidare samarbeid for å avgrense utslepp av kortliva klimadrivarar i Norden.

Miljø- og finanssektoren har saman utarbeidd fleire rapportar om grøn økonomi som har vekt stor interesse i og utanfor Norden, mellom anna om miljøskadelege subsidiar, karbonlekkasjar, verdsetjing av økosystemtenester i nordiske vassdrag og rett bruk av miljøindikatorar.

På klimaområdet er det eit aktivt samarbeid under Nordisk ministerråd. Nordic Partnership Initiative er eit prosjekt der ein ser nærare på korleis industriland kan bidra finansielt til å redusere klimagassutslepp i spesielle sektorar i utviklingsland. Initiativet er eit eksempel på korleis Norden kan spele ein konstruktiv rolle i det internasjonale klimaarbeidet ved å utvikle nye konsept og idear.

Nærings-, energi- og regionalpolitikk

I formannskapsåret 2012 vidarefører Noreg arbeidet med dei seks fyrtårnsprosjekta, og der Noreg har ansvar for eit prosjekt som skal fremje innovasjon gjennom offentlege innkjøp i helsesektoren.

Energisamarbeidet under NMR har fått ansvar for å gjennomføre ei rekkje av initiativa i rapporten til dei nordiske statsministrane om grøn vekst. Ei prioritering av det nordiske elektrisitetssamarbeidet vert rekna som spesielt viktig. Det blir arbeidd med sikte på ein felles nordisk sluttbrukarmarknad. Dette er viktige steg på vegen mot ein integrert nordisk kraftmarknad.

Nordisk ministerråd gjev økonomiske bidrag til verksemda i tolv grensekomitear, der Noreg deltek i sju. I desse grenseoverskridande samarbeidskomiteane blir det lagt vekt på breie tiltak som reduserer grenseregionale utfordringar og dannar grunnlag for å utvikle potensialet i grenseregionane.

Barn og unge

Nordisk barne- og ungdomskomité har under den norske formannskapen i 2012 eit særskilt fokus på ungdom som fell ut av skule og utdanning, ungdom og demokratisk deltaking og ungdom og likestilling. Ungdomsarbeidsløyse vil òg vere eit prioritert område for Nordisk ministerråd i 2013.

Dei nordiske landa samarbeider om å handtere internasjonale barnebortføringar.

Jord- og skogbruk

På ministermøtet i juni 2012 samla ministrane seg om ei erklæring – Nidaros-erklæringa – om ansvaret som ligg hjå primærnæringane og matsektoren for å oppnå grøn vekst.

Det nordiske samarbeidet om genressursar for landbruket er samordna og lagt under Nordisk genressurssenter (NordGen). NordGen har ansvaret for drifta av frølageret på Svalbard, som i mai 2012 inneheldt meir enn 747 000 frøprøvar av jordbruksvekster frå mange land, som er deponerte for sikker langtidslagring.

Økonomi- og finanspolitikk

Eit nordisk prosjekt om å inngå avtalar med skatteparadis om informasjonsutveksling har vore ein suksess og resultert i at dei nordiske landa hittil har inngått bilaterale avtalar om informasjonsutveksling med meir enn tretti jurisdiksjonar. Prosjektet har fått mykje positiv merksemd, og Norden ligg på toppen når det gjeld inngådde avtalar med land som OECD har klassifisert som skatteparadis.

Sosial og helse, inkl. narkotika

Dei fem nordiske statsministrane vart på møtet i juni 2012 samde om å sjå på samarbeidet innanfor utprøving av nye behandlingsmetodar og legemiddel, samarbeid om høgspesialisert medisin og forsking på helse og velferd. Helseministrane i dei nordiske landa vil førebu konkrete forslag til vidareutvikling av helsesamarbeidet og rapportere om dette på det neste nordiske statsministermøtet i oktober 2012.

22. juli 2011 vart det nordiske helseberedskapssamarbeidet sett på prøve. Noreg fikk tilbod om hjelp frå fleire nordiske land i den akutte fasen, og då norske ambulanseressursar vart flytta frå Østfold inn mot Oslo, vart Østfold dekka opp frå Sverige med ambulansar frå Bohuslän.

Justissektoren

Det nordiske lovsamarbeidet har til mål å skape mest mogleg einsarta lovgjeving i dei nordiske landa. Ei av prioriteringane er å fremje nordisk rettslikskap i samband med gjennomføringa av fellesskapsrettsakter i nasjonal rett.

Lov om pågriping og overlevering for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre vart vedteken som lov januar 2012. Ho vil bli sett delvis i kraft 16. oktober 2012 og vil då avløyse den felles nordiske utleveringslovgjevinga.

Rikspolitisjefane la fram forslag til det nordiske justisministermøtet i juni 2012 som, når dei er sette ut i livet, vil bidra til å styrkje samarbeidet mellom politiet i dei nordiske landa i kampen mot organisert kriminalitet.

Det er aukande politisk merksemd om nordisk samarbeid på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Samarbeidet er styrkt, mellom anna på områda redningsteneste, øving og utdanning, kriseportalar og bruk av frivillige.

Samar og nasjonale minoritetar

Det går fram av meldinga at det første forhandlingsmøtet om ein nordisk samekonvensjon blei halde i Sverige i mars 2011, og målsetjinga er at forhandlingane skal være sluttførte innan fem år.

Organisering av det nordiske samarbeidet

Statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske regjeringssamarbeidet og har regelmessige møte i tillegg til den kontinuerlege kontakten om nordiske og internasjonale spørsmål.

Samarbeidsministrane koordinerer det nordiske regjeringssamarbeidet, og fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud har vore nordisk samarbeidsminister sidan oktober 2009. Samarbeidsministeren legg stor vekt på å ha eit godt samarbeid med Nordisk råd.

Eit viktig ansvarsområde er ministerrådsbudsjettet og økonomistyringa. Budsjettet til Nordisk ministerråd for 2012 var på 961 mill. DKK og blei vedteke etter semje med Nordisk råd. Den norske delen er 29,2 pst. basert på ein fordelingsnøkkel som vert rekna ut med utgangspunkt i kor stor del av den samla nordiske bruttonasjonalinntekta kvart land står for.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, Svein Roald Hansen, Sverre Myrli, Tore Nordtun og Helga Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund, Siv Jensen, Peter N. Myhre, Kari Storstrand og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Peter Skovholt Gitmark, Ivar Kristiansen og lederen Ine M. Eriksen Søreide, fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, fra Senterpartiet, Lars Peder Brekk,og fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, viser til at det nordiske samarbeidet er sterkere og omfatter flere områder enn noen gang tidligere. Et stort antall organisasjoner og organer som behandler nordiske spørsmål understreker bredden i samarbeidet.

Det norske formannskapet i Nordisk ministerråd i 2012 har satt fokus på en bærekraftig velferdsstat i et nordisk perspektiv.

Helse og velferd har stått i fokus. Likeledes nordisk kunnskapssatsing og satsing på opplæring i andre nordiske språk. Nedbygging av grensehindre er et annet prioritert område for det nordiske samarbeidet.

Komiteen har merket seg at utenriks- og sikkerhetspolitikken har fått en fremtredende plass i det nordiske samarbeidet. Stoltenberg-rapporten har medvirket til det og lagt viktige premisser for de nordiske landenes arbeid med disse spørsmålene.

Komiteen registrerer at nordisk samarbeid i økende grad også omfatter Europa-politikken og da spesielt på områder hvor de nordiske land har felles interesser.

Komiteen viser videre til det nordiske samarbeidet med landene rundt Østersjøen, landene i Arktis-samarbeidet og det særlige engasjementet rettet mot Nordvest-Russland.

Komiteen har merket seg at det norske formannskapet blant annet har stilt spørsmål ved hvorledes de nordiske landene i fellesskap på beste måte kan videreutvikle samarbeidet og i den sammenheng fremmet en rekke forslag.

Komiteen registrerer med tilfredshet forslaget om å styrke samarbeidet på helseområdet. Det gjelder prosjekt om utprøving av nye behandlingsmetoder og legemiddel samt økt samarbeid innen høyspesialisert medisin og forskning. Komiteen legger til grunn at initiativet følges opp fra norsk side. Grønn vekst er et annet viktig område de nordiske ministrene har engasjert seg i.

Komiteen har merket seg at samarbeidsministrene har vedtatt å avsette midler til et eget prioriteringsbudsjett. Frie midler til aktuelle oppgaver man ønsker å prioritere er i og for seg en god idé. Komiteen forutsetter imidlertid at parlamentarikerne også gis innflytelse på bruken av disse midlene. Midler som «trekkes ut av det ordinære budsjett» må på samme måte som det øvrige budsjettet, undergis vurdering fra parlamentarikersiden.

Komiteen vil understreke viktigheten av fortgang i arbeidet med nedbygging av grensehindre og sikring av at ikke nye oppstår. Grensehinderdebatten i de fem nordiske lands parlamenter i april i år underbygget inntrykket av sterkt engasjement på tvers av landegrensene.

Komiteenregistrerer at regjeringen har kommentert hvert enkelt av de åtte forslagene som ble oversendt etter stortingsdebatten.

Komiteen ser det ikke hensiktsmessig å kommentere hver enkelt tilbakemelding, men går ut fra at medlemmer av Stortingets delegasjon til Nordisk råd vil forfølge saken videre. Komiteen forutsetter imidlertid at regjeringen sikrer at forholdene legges til rette for at representantene for Grensehinderforum får lett tilgang og gis all mulig støtte når de henvender seg til aktuelle departement.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Meld. St. 34 (2011–2012) – om Nordisk samarbeid – vedlegges protokollen.

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 21. november 2012

Ine M. Eriksen Søreide

Laila Gustavsen

leder

ordfører