2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jette F. Christensen, Martin Kolberg og Marit Nybakk, frå Framstegspartiet, leiaren Anders Anundsen, Ulf Erik Knudsen og Øyvind Vaksdal, frå Høgre, Per-Kristian Foss, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til at Kommunal- og regionaldepartementet i denne proposisjonen fremjar framlegg om endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om val til Stortinget, fylkesting og kommunestyre (vallova) og i lov 25. september 1991 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova).

Komiteen merkar seg at departementet si evaluering av kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 m.a. viser at valdeltakinga gjekk noko opp samanlikna med 2007, og at auken var større ved kommunestyrevalet enn ved fylkestingsvalet. Det vart godkjend meir enn ein halv million førehandsrøyster. Meir enn 20 pst. av dei som røysta gjorde dette på førehand.

Etter vallova vert valdagen fastsett til ein måndag. Kommunestyret kan sjølv, med tilslutnad frå minst 1/3 av medlemene, gjera vedtak om at det på ein eller fleire stader i kommunen òg skal haldast val søndagen før den offisielle valdagen. Nær halvparten av kommunane heldt i 2011 val fordelt på to dagar og det er gjennomgåande dei største kommunane som gjer dette. Komiteen merkar seg derimot at departementet slår fast at forsking ikkje kan dokumentera at det er nokon klår samanheng mellom valdeltaking og val gjennomført over to dagar, men at departementet meiner det er ein verdi i seg sjølv å gjera valet mest mogleg tilgjengeleg for veljarane. Komiteen sluttar seg til denne vurderinga, men strekar under at det må vera opp til den einskilde kommune sine folkevalde å avgjera om ein i kommunen skal halda val over to dagar.

Komiteen stør departementet i arbeidet med å leggja til rette for at alle veljargrupper skal ha tilgjenge til vallokala og ha høve til å avlevera røyst utan å måtte be om hjelp. Komiteen merkar seg at departementet fremjar ei presisering i vallova av at røystegjevinga skal gå føre seg i både eigna og tilgjengelege lokale. Komiteen stør dette. Komiteen merkar seg vidare at det synest å ha vore ei rekkje problem med den maskinelle oppteljinga av røyster. Komiteen vil streka under at det er særs viktig at praksis og prosedyrar i vallokala ved røysting er slik at dei to fyrste ledda i nytt framlegg til paragraf 8-4 i vallova om framgangsmåte for røysting vert oppfylt, då dette er ein føresetnad for at valet skal vera fritt og hemmeleg. Valstyret har saman med dei einskilde røystestyra og valinspektørane ansvaret for dette. Komiteen vil understreka at det difor er viktig at dei einskilde røystestyra blir gjort godt kjent med dei mest relevante paragrafane i vallova. Komiteen meiner vidare det er viktig at samansetnaden av røystestyra vert dimensjonert ut frå storleiken til valkretsen.

Komiteen vil streka under at det er ønskjeleg med minst mogleg endringar i regelverket i samband med avviklinga av val, både av omsyn til opplæringa for valmedarbeidarar og for veljarane. Vidare er det etter komiteens syn særs viktig at regelverket er enkelt å forstå og at veljarane lett kan få tilgjenge til informasjon om kor tid, kvar og korleis ein skal røysta. Dette vil, for å illustrera, medføra at reglar for personrøyst ved stortingsval vert tilsvarande som ved val til kommunestyre og fylkesting. Komiteen sluttar seg på denne bakgrunn til departementet si vurdering av at det er føremålstenleg med mest mogleg lik utforming av røystesetlar. Komiteen vil her visa til Innst. 1 S (2009–2010) frå fullmaktskomiteen om fullmaktene, der det i vedlegget frå den førebuande fullmaktskomiteen m.a. står følgjande under punkt «6.5 Retting av stemmesedlene»:

«Komiteen peker på at det i noen fylker meldes om velgere som har misforstått fremgangsmåten når de har rettet valgseddelen i stortingsvalget. Dels har man strøket navnet på kandidater ved å sette strek over navnet i stedet for kryss i ruten bak navnet, dels er det kommet informasjon som tyder på at når man har ønsket å endre rekkefølgen på kandidatene, har det i enkelte tilfeller skjedd at det er satt kryss etter kandidatens navn, noe som innebærer at kandidaten i stedet er blitt strøket.

Komiteen peker på at det åpenbart er uheldig dersom velgerne misforstår fremgangsmåten for retting av stemmeseddelen slik at rettingen enten ikke teller med, eller at resultatet faktisk blir det motsatte av hva velgeren ønsker. Selv om ulikt regelverk gjør det vanskelig å få en helt ensartet utforming av stemmesedlene til de ulike typer valg, mener komiteen det er ønskelig å vurdere endringer i utformingen av stemmesedlene for å sikre at man unngår de nevnte misforståelsene. Så langt det er mulig bør man finne frem til en felles fremgangsmåte for rettinger av samme type. Komiteen ber departementet vurdere hvordan utformingen av stemmeseddelen kan endres slik at man unngår enhver tvil om hvordan velgerne skal gå frem når de retter på stemmeseddelen.»

Komiteen merkar seg at departementet vil standardisera krava til utforming av røystesetlar som skal gjelda ved stortingsvalet dette året. Komiteen merkar seg vidare at departementet har hausta positive røynsler med elektronisk avmerking i manntalet på valdagen. Komiteen stør dette arbeidet, men strekar under at overgang frå manuell avmerking føreset tilgjenge til straum og Internett og at det må vera naudløysingar som sikrar dette eller tek høgde for at det elektroniske systemet kan falla ut.

Komiteen viser til at departementet ved kommunestyrevalet i 2011 i 20 kommunar i tillegg til valet i Longyearbyen gjennomførde forsøk med nedsett røysterettsalder til 16 år. I proposisjonen vert det vist til at forskarane legg til grunn ein positiv samanheng mellom lågare røysterettsalder og auka valdeltaking. Samstundes gjer departementet det klårt at paragraf 50 i Noregs grunnlov krev at røysteføre ved stortingsval må vera fylt 18 år. Komiteen merkar seg at departementet gjer det klårt at det som følgje av dette ikkje kan gjerast forsøk med nedsett røysterettsalder ved stortingsvalet i 2013. Komiteen vil her visa til Dokument 12:4 (2011–2012) Grunnlovsforslag fra Snorre Serigstad Valen, Frøydis Elisabeth Sund, Hallgeir H. Langeland, Jette F. Christensen, Stine Renate Håheim og Trine Skei Grande om endringer i Grunnloven §§ 12, 50 og 61 (innføring av 16 års stemmerett). Dette grunnlovsforslaget vil bli handsama i samsvar med reglane for handsaming av grunnlovsforslag.

Komiteen merkar seg vidare at framlegget frå departementet om endra fristar for innlevering av vallister ikkje skal gjelda for årets stortingsval, men fyrst for kommunestyrevalet og fylkestingsvalet i 2015. Komiteen stør dette.

Komiteen er positiv til tiltak som kan medverka til auka politisk deltaking og røystegjeving. Komiteen bed difor departementet leggja til rette for å utvida ordninga med bemanna stemmelokale på universitet og høgskular, folkehøgskular og vidaregåande skular ved framtidige val.

Komiteen stør framlegget om at staten tek over ansvaret for oppretting av manntalet og arbeidet med oppdateringane som kjem frå Skattedirektoratet, som er ansvarleg for folkeregisteret.

Komiteen viser til at det nye elektroniske valadministrative systemet inneheld eit valadministrativt system, system for maskinell teljing og eit system for røysting på Internett. Datasystemet byggjer på nettbasert programvare og vart ved sist val drifta hjå Brønnøysundregistrene. Komiteen merkar seg at departementet konkluderer med at evalueringa viser at det er naudsynt å betra systemet for maskinell teljing av røystesetlar og at det valadministrative systemet kan betrast ytterlegare på einskilde område. Med eit internettbasert valadministrasjonssystem ser komiteen det som turvande at det ligg føre ei reserveløysing i tilfelle internettsambandet fell ut. Komiteen stør departementet i vurderinga av at det er føremålstenleg å ta i bruk det nye elektroniske valadministrative systemet i samtlege kommunar og fylkeskommunar alt i 2013, men registrerer at departementet likevel ikkje ønskjer å påleggja den einskilde kommune dette gjennom lovvedtak. Komiteen merkar seg at departementet opplyser at om lag 80 pst. av kostnadane i samband med det nye sentrale elektroniske valadministrasjonssystemet i perioden 2008–2013 går til utvikling av valadministrasjonssystemet og skanningssystemet, medan 20 pst. av kostnadsramma går til utvikling av system for internettrøysting.

Komiteen merkar seg at departementet etter dei forsøk som har vore gjort med internettrøysting konkluderer med at det er trong for fleire forsøk. Komiteen viser til at det er knytt ei rekkje utfordringar til gjennomføring av røysting ved hjelp av Internett. Sjølv om evalueringa viser at veljarane av ulike grunnar er positive til elektronisk røystegjeving, viser departementet m.a. til at fenomenet «family voting» har vorte meir utbreidd internasjonalt dei seinaste åra. Internettrøysting gjev dette fenomenet betre vilkår for utbreiing. Komiteen ser dette som ein særs uønskt konsekvens av internettrøysting då dette utfordrar det grunnleggjande prinsippet om frie og hemmelege val.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Martin Kolberg og Jette F. Christensen og medlemene frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet merkar seg at departementet viser til at forskarar meiner at forsøket ikkje gjev tilstrekkeleg grunnlag til å vurdera dei demokratiske verknadane som ei eventuell innføring av internettrøysting som tillegg til røysting i eigna og offentleg vallokale vil ha. Desse medlemene finn ikkje denne konklusjonen frå forskarane overraskande og vil streka under at det framleis etter eventuelle fleire forsøk vil vera utfordringar knytt til røysting ved hjelp av Internett. Desse medlemene merkar seg at departementet legg opp til å avgrensa vidare forsøk til å gjelda kommunar som ligg i same fylke som dei eksisterande forsøkskommunane.

Med den nye kunnskapen frå desse forsøka vil det etter desse medlemene sitt syn vera mogleg å trekkja ein endeleg konklusjon om internettrøysting er eigna til å auka valdeltakinga samstundes som prinsippet om frie og hemmelege val vert oppfylt.

Desse medlemene føreset at forsøka med e-val/internettrøysting blir gjennomført i samsvar med våre internasjonale forpliktingar for gjennomføring av val. Desse medlemene legg til grunn at regjeringa inviterer OSSE/ODIHR-observatørar til å følgja forsøka med elektronisk røystegjeving/internettrøysting, og at vurderingane frå observatørane blir tillagt vekt i evalueringa av forsøket. Dette særleg for å sikra at prinsippet om frie og hemmelege val blir følgt og sosialt press ved røystegjeving unngått.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstreviser til Stortingets behandling av Dokument 8:128 S (2009–2010) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erna Solberg, Michael Tetzschner og Trond Helleland om å stanse forsøk med å avgi elektronisk stemme utenfor valglokale. I Innst. 69 S (2010–2011) fremmet Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre forslag om stans av forsøk med å avgi elektronisk stemme utenfor valglokale ved valget i 2011. Disse medlemmer har fortsatt dette syn.

Disse medlemmer viser til at spørsmålet om elektronisk stemme (internettstemmegivning) utenfor valglokalet er grundig drøftet i ovenfor nevnte innstilling, og i den påfølgende stortingsdebatten. Disse medlemmer vil blant annet sitere fra innstillingen:

«Komiteen vil òg visa til at det er god grunn til å hevda at kravet om frie og hemmelege val òg er heimla i sjølve grunnlova, jf. professor Eivind Smiths bok Konstitusjonelt demokrati (Bergen, 2009: Fagbokforlaget).

Komiteen viser til at den nemnde Smith – på førespurnad frå stortingsgruppa til Høgre – har levert ei djuptgåande og samvitsfull juridisk utgreiing om tilhøvet mellom hemmelege val og elektronisk røystegjeving utanfor vallokala. Utgreiinga konkluderer mellom anna med at:

‘adgang til elektronisk stemmegivning i ukontrollerte omgivelser vil gå på bekostning av prinsippet om frie og hemmelige valg. På denne bakgrunn er det grunn til å stille spørsmål ved om det planlagte forsøket står i strid med gjeldende lov, særlig rettsregler om retten til frie og hemmelige valg som Norge er bundet av.’»

Det bør nevnes at utredningen fra professor Smith følger som vedlegg til Dokument 8:128 S (2009–2010).

Det siteres videre fra innstillingen:

«Komiteen legg stor vekt på at valhandlinga ålment sett skal innebera personleg oppmøte i eigna og offentlege vallokale. Val av folkevalde lyt ha ein dåm av høgtid over seg; valhandlingane til borgarane skal skilja seg klårt og markert frå til dømes daglegdagse private internettsøk og -transaksjonar i heimen og på arbeid. Komiteen vil på generelt grunnlag ta sterk fråstand frå ei utvikling i retning «privatiserte» valhandlingar. Heilt sidan 1814 har ordet valting hatt ein særskild valør i norsk kultur, politikk og samfunnsliv. Komiteen kan ikkje sjå at nokon har bore til torgs overtydande argument for at tida er inne for vidsveimde og grunnleggjande endringar av måten val til storting, fylkesting og kommunestyre vert gjennomførde på.»

Disse medlemmer ser at det verken i ovennevnte behandling av representantforslag, eller i den foreliggende proposisjon fra regjeringen, er lagt frem tungtveiende argumenter for at man skal hevde at internettstemmegivning er i samsvar med intensjonen i valgloven, våre internasjonale forpliktelser og Grunnloven. Disse medlemmer viser i den sammenheng til den juridiske betenkning av professor Eivind Smith.

Disse medlemmer mener det er et grunnleggende element ved demokratiet som styreform at det legges til rette for at borgernes valg skal være frivillige og hemmelige. Disse medlemmer mener de forsøk som nå er tenkt videreført, ikke i tilstrekkelig grad kan sikre at disse hensyn ivaretas på en god nok måte.

Kjøp av stemmer var diskutert inngående etter kommunevalget i 2007 knyttet til blant annet valgoppgjøret i Drammen. Ved elektronisk stemmegivning utenfor valglokalet frykter disse medlemmer at mulighetene for kjøp og salg av stemmer og påvirkning av borgernes valg gjennom tvang/press kan bli forenklet gjennom internettstemmegivning.

Disse medlemmer mener videre at det er tvil om hvorvidt forsøkene kan gjennomføres innenfor gjeldende lov, grunnlov og internasjonale forpliktelser Norge er bundet av.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti har merket seg at departementet ønsker å ha forsøk med elektronisk stemmegivning også ved valget i 2013 i de samme kommuner som deltok i forsøket ved valget i 2011. Dette medlem er tvilende til om ytterligere forsøk vil gi et bedre grunnlag for å vurdere en eventuell permanent ordning med elektronisk stemmegivning. Dette medlem mener derfor det ikke bør gjennomføres ytterligere forsøk med dette i forbindelse med valget i 2013.

Komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen stanse forsøket med å avgi elektronisk stemme utenfor valglokale ved valget i 2013.»

Komiteens medlem fra Arbeiderpartiet, Marit Nybakk, viser til at prinsippet om frie og hemmelige valg er en viktig hjørnestein i demokratiet. Dette medlem viser videre til at blant annet Europarådet og Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE) gjennom valgobservasjon utfører et verdifullt arbeid i skjøre og nye demokratier, nettopp for å sikre den enkelte velgers integritet og rett til å stemme etter egen overbevisning. Dette medlem mener at forsøk med elektroniske valg utenfor godkjent valglokale bryter med prinsippet om frie og hemmelige valg. Dette medlem viser til Innst. 69 S (2010–2011), jf. Dokument 8:128 S (2009–2010) og til debatten i Stortinget 19. november 2010.

Komiteen viser til brev frå kommunal- og regionalministeren dagsett 15. mars 2013 vedk. Prop 52 L om endringar i vallova. Av brevet går det fram at det ved ein feil ikkje er fremja lovfesta i § 8-4 (2) at veljarar som røystar i den kommunen ein er manntalsført må få røystesetelen stempla for å hindra at ein og same person kan røysta fleire gonger.

Komiteen fremjar difor forslag om at § 8-4 andre ledd vert vedteken med følgjande ordlyd:

«(2) Velger som er manntallsført i kommunen legger selv stemmeseddelen i en urne, etter at den er stemplet. Stemmemottaker setter kryss i manntallet ved velgerens navn.»