Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité,
bortsett fra opphevingen av § 31 og endringen i § 16 som fremmes
av komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti
og Senterpartiet.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i odelslova
I
I lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten
skal det gjerast følgjande endringar:Tittelsen på lova skal lyde:Lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten
(odelslova)
§ 8 første ledd første punktum skal
lyde:
Utanom odlaren får også etterkomarane hans odelsrett dersom
nokon av foreldra har ått heile eigedomen med odel, eller
nokon av besteforeldra er siste eigar av heile eigedomen med odel.
§ 16 fjerde ledd skal lyde:
Jord som blir lagt til ein eigedom som tilleggsjord,
går inn under odel eller odling på den eigedomen jorda blir lagt
til når departementet har godkjent kjøpet av di kjøparen bør få
tilleggsjord. For odelsjord må i tillegg foreldingstida vere ute.
§ 31 blir oppheva.
§ 33 første og andre ledd skal lyde:
Før det blir tatt avgjerd om odelsfrigjering etter §§ 30 eller 32,
skal odelsretthavarane så langt det lar seg gjere, gjevast høve
til å uttale seg om spørsmålet innan ein frist på ein månad. Overfor
den som det er vanskeleg å gi individuelt varsel, er det nok med kunngjering
i Norsk Lysingsblad og i ei avis som er ålment lesen på staden.
Når det er tatt steg til odelsfrigjering etter §§ 30 eller 32,
skal odelsløysingssak som er eller blir reist, stoggast til spørsmålet
om odelsfrigjering er avgjort.
II
1. Lova gjeld frå
den tida Kongen bestemmer. Kongen kan bestemme at dei enkelte føresegnene
skal gjelde frå forskjellig tid.
2. Endringane i § 8 får ingen verknad
for tilhøve der det etter tidlegare gjeldande reglar har vorte høve
til å bruke odelsrett når lova her tek til å gjelde.
3. I tilfelle der nokon som har ein aktuell odelsløysingsrett
når lova her tek til å gjelde, går til løysingssak, gjeld likevel
§ 31. For behandlinga av slike saker gjeld § 33.