Målet med undersøkinga har vore å vurdere korleis
tilretteleggingsgarantien blir brukt, og belyse tilhøve som kan
forklare eventuelle variasjonar i bruken. Det har vidare vore eit
mål å vurdere i kva grad ordninga blir følgd opp av overordna myndigheit.
Undersøkinga omfattar perioden 2008–2012, med hovudvekt på 2010–2012.
Bakgrunnen for undersøkinga er at sysselsetjingsnivået
for personar med nedsett funksjonsevne i ei årrekkje har vore lågt,
sjølv om det lenge har vore eit mål å auke deltakinga i arbeidslivet
blant personar med nedsett funksjonsevne. Tilretteleggingsgarantien
skal gi personen og arbeidsgivaren tryggleik for at dei får den
nødvendige hjelpa som nedsett funksjonsevne krev i den konkrete arbeidssituasjonen.
Tilretteleggingsgarantien skal sørgje for eit koordinert tilbod
frå arbeids- og velferdsetaten og for nødvendig oppfølging i samband
med tilsetjing av personar med nedsett funksjonsevne.
Tilretteleggingsgarantien
er lite brukt.
Innhaldet i tilretteleggingsgarantien er
uklart.
Nav Fylke har ikkje i tilstrekkeleg grad
prioritert arbeidet med tilretteleggingsgarantien.
Leiinga ved Nav-kontora følgjer i avgrensa
grad opp arbeidet med ordninga.
Det er svakheiter i styringsinformasjon
og oppfølging av ordninga.
Talet på tilretteleggingsgarantiar var svært
lågt i perioden 2008–2011. I 2008 vart det inngått 100 garantiar
på landsbasis, medan det i 2011 vart inngått 716 garantiar. Det
var ein sterk auke i talet på garantiar i 2012, og det vart då inngått 3 563
garantiar. Denne auken må ein sjå i samanheng med innføringa av
Jobbstrategi for personer med nedsett funksjonsevne som innebar
større merksemd om ordninga.
Det er i heile perioden betydelege variasjonar mellom
fylka når det gjeld kor mange tilretteleggingsgarantiar som blir
inngått. Bruken av tilretteleggingsgarantien målt per 10 000 innbyggjarar
viser at i Østfold vart det gitt 2,5 garantiar per 10 000 innbyggjarar,
medan det i Troms vart gitt nesten 15 garantiar. Undersøkinga viser
vidare at det er store fylkesvise forskjellar i om tilretteleggingsgaranti
blir løyvd personar som er i eit arbeidsforhold, personar som er
arbeidssøkjande, eller personar som verken er i eit arbeidsforhold
eller er arbeidssøkjande.
Lite bruk av ordninga på landsbasis og store
fylkesvise forskjellar i bruken av ordninga kan tyde på at tilretteleggingsgarantien
ikkje har vore implementert på ein einskapleg, koordinert og effektiv
måte i arbeids- og velferdsetaten. Riksrevisjonen meiner at auka
bruk av ordninga føreset ein meir målretta innsats frå Arbeids-
og velferdsdirektoratet og det enkelte Nav Fylke.
Arbeids- og sosialkomiteen har ved fleire høve framheva
at ein må skape ei betre forståing blant arbeidsgivarar og arbeidstakarar
av kva tilretteleggingsgarantien inneber av verkemiddel og hjelp
for den enkelte brukaren. Undersøkinga viser at tilretteleggingsgarantien
i liten grad er kjend blant arbeidsgivarar og arbeidstakarar. Vidare
viser undersøkinga at arbeids- og velferdsetaten i liten grad har
arbeidd systematisk med informasjon til potensielle brukarar av
ordninga. Direktoratet opplyser at det i beskjeden grad har drive
direkte informasjonsverksemd overfor arbeidsgivarar, arbeidssøkjarar,
arbeidstakarar og organisasjonane deira. Tre Nav Fylke opplyser at
dei ikkje har utført noka informasjonsverksemd i perioden 2010–2012.
Slik Riksrevisjonen vurderer det, bør arbeids- og velferdsetaten
arbeide meir systematisk og målretta med å gjere ordninga kjend.
Undersøkinga viser at Nav-kontora nyttar ulike kriterium
for å velje ut kva for nokre brukarar som ein skal tilby ein tilretteleggingsgaranti.
Frå 2012 er målgruppa for tilretteleggingsgarantien personar som
er omfatta av jobbstrategien, og det er eit tydelegare søkjelys
på at det er personar under 30 år som skal få ein tilretteleggingsgaranti.
Det er berre eitt av dei undersøkte Nav-kontora som går ut frå målgruppa
for jobbstrategien når ein skal vurdere kven som skal få ein tilretteleggingsgaranti.
Dei andre fem Nav-kontora vurderer målgruppa for tilretteleggingsgarantien ut
frå andre kriterium.
Tilretteleggingsgarantien er ikkje ein garanti
i juridisk forstand, men eit verkemiddel og ein arbeidsmetodikk.
Arbeidsmetodikken skal utøvast av Nav-kontora, Nav Arbeidslivssenter
og Nav Hjelpemiddel og tilrettelegging. Eit formål med tilretteleggingsgarantien
er at han skal sørgje for eit koordinert tilbod til arbeidsgivarar
og arbeidstakarar som har behov for hjelp frå fleire einingar i
arbeids- og velferdsetaten. Undersøkinga viser likevel at det i
liten grad blir lagt vekt på om arbeidsgivarane og arbeidstakarane
har behov for koordinerte tenester frå fleire einingar når ein løyver
tilretteleggingsgarantiar.
Tilretteleggingsgarantien forpliktar arbeids-
og velferdsetaten til å gi rask saksbehandling og individuelt tilpassa
hjelp. Det inngår i garantien at arbeidsgivaren og arbeidstakaren
får ein fast kontaktperson i arbeids- og velferdsetaten som ein
kan kontakte når ein har behov for å søkje råd, rettleiing og støtte.
Kontaktpersonen er ansvarleg for oppfølging av arbeidstakaren og
arbeidsgivaren både før og etter tilsetjing. Undersøkinga viser
at det er store forskjellar mellom Nav-kontora når det gjeld korleis
brukarar med tilretteleggingsgaranti blir følgde opp. Enkelte Nav-kontor
prioriterer personar med tilretteleggingsgaranti framfor andre brukarar,
medan andre Nav-kontor behandlar personar med og utan tilretteleggingsgaranti
likt. Over halvparten av Nav Fylke trekkjer fram at usikkerheit om
innhaldet og meirverdien av tilretteleggingsgarantien samanlikna
med annan oppfølgingsmetodikk kan forklare den manglande bruken
av ordninga.
Fem år etter at tilretteleggingsgarantien vart
innført som ei landsomfattande ordning, er det usikkerheit om innhaldet
i ordninga og arbeidsmetodikken. Riksrevisjonen meiner undersøkinga
tyder på at innhaldet i ordninga ikkje i tilstrekkeleg grad har
vorte klarlagt og formidla internt i etaten. Riksrevisjonen oppfattar
det slik at ein i større grad burde ha lagt vekt på dette i Arbeids-
og velferdsdirektoratets oppfølging av ordninga. Ei tydeleg formidling
av innhaldet i ordninga kan medverke til redusert usikkerheit og
auka bruk av ordninga.
Nav Fylke har dei siste fem åra fått tildelt
midlar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til ei koordinatorstilling
for tilretteleggingsgarantien. Hovudoppgåva til koordinatoren er
å medverke til å implementere tilretteleggingsgarantien som arbeidsmetodikk
i arbeids- og velferdsforvaltninga. Undersøkinga viser at mange
Nav Fylke ikkje brukte dette årsverket slik det var føresett. I
ein situasjon der tilretteleggingsgarantien er lite brukt, er det
etter Riksrevisjonens oppfatning viktig at alle Nav Fylke bruker
dei øyremerkte midlane slik det var føresett.
Alle Nav Fylke opplyser at dei har gjennomført ei
rekkje aktivitetar for å implementere tilretteleggingsgarantien,
men undersøkinga viser at mangel på kompetanse ved Nav-kontora er
ei viktig forklaring på at ordninga til no har vore lite brukt.
Riksrevisjonen vurderer det slik at dette viser at innsatsen til
Nav Fylke på dette området så langt ikkje har vore tilstrekkeleg.
Leiinga på Nav-kontoret har ansvar for å sørgje for
at arbeidet med ordninga får den nødvendige prioriteten og merksemda.
Undersøkinga viser at det i stor grad er opp til den enkelte rettleiaren
på Nav-kontoret å avgjere kven som får ein tilretteleggingsgaranti,
og kva for eit innhald denne skal ha. Det er rom for at rettleiarane
i vurderingane sine kan leggje vekt på forhold som ikkje bør vere
relevante når det blir avgjort om ein skal gi tilretteleggingsgaranti.
Eitt slikt forhold kan vere ei oppfatning om at tilretteleggingsgarantien
forpliktar den enkelte rettleiaren og Nav-kontoret for mykje. Riksrevisjonen meiner
det er viktig at leiinga ved Nav-kontora ser til at ordninga får
eit formålstenleg innhald, og at kontoret arbeider systematisk med
ordninga.
Det finst lite systematisk styringsinformasjon om
tilretteleggingsgarantien, og det er ikkje gjennomført evalueringar
av ordninga etter at ho vart landsdekkjande i 2008. Den styringsinformasjonen
som finst, er stort sett avgrensa til talet på mottakarar og er
i mindre grad eigna til å belyse innhaldet i ordninga, utfordringar
ved implementeringa og resultat av ordninga.
Det synest i stor grad å vere opp til det enkelte Nav
Fylke sjølv å ta initiativ til dialog med direktoratet, noko som
gjer at det ikkje nødvendigvis er Nav Fylke med størst behov for
det som får oppfølging og hjelp. Svakheiter i styringsinformasjonen
og fråvær av evalueringar gir grunnlag for å reise spørsmål om kunnskapsgrunnlaget
så langt har vore tilstrekkeleg til å forvalte ordninga på ein god
og målretta måte. Riksrevisjonen meiner det er behov for auka kunnskap
om korleis ordninga blir praktisert, og om verknadene av ordninga.
Riksrevisjonen meiner
at Arbeids- og velferdsdirektoratet bør målrette arbeidet med tilretteleggingsgarantien
for å sikre riktig bruk av ordninga, slik at fleire personar med
nedsett funksjonsevne kjem i jobb eller blir verande i jobb. Riksrevisjonen
meiner det er behov for at Arbeids- og velferdsdirektoratet:
klargjer innhaldet
i tilretteleggingsgarantien, irekna om det er ein føresetnad for
å få slik garanti at brukaren skal ha behov for koordinerte tenester
frå arbeids- og velferdsetaten, og om personar med tilretteleggingsgaranti
skal prioriterast i oppfølgingsarbeidet til etaten
arbeider meir målretta og systematisk med
å gjere ordninga kjend både internt i arbeids- og velferdsetaten
og blant arbeidsgivarar og potensielle brukarar
Riksrevisjonen meiner at Nav Fylke må sørgje for
at arbeidet med tilretteleggingsgarantien får tilstrekkeleg prioritet
ved blant anna å:
Leiinga ved Nav-kontora må i større grad
følgje opp arbeidet med tilretteleggingsgarantien.
Arbeidsdepartementet bør sørgje for at
tilretteleggingsgarantien inngår i evalueringa som skal utførast
av jobbstrategien.
Statsråden finn det uheldig at det er registrert store
fylkesvise variasjonar i bruk av tilretteleggingsgarantien, og at
det har vore problem med å gjere ordninga kjend ved Nav-kontora. Statsråden
legg til grunn at arbeids- og velferdsetaten vil setje i verk tiltak
for å klargjere innhaldet i ordninga og arbeide systematisk og målretta
for å gjere ordninga betre kjend både ved Nav-kontora og blant brukarane
av etaten.
Statsråden viser til at tilretteleggingsgarantien
er eitt av fleire tiltak som skal bidra til å få personar med nedsett
funksjonsevne ut i arbeid, og at arbeids- og velferdsetaten må vurdere
kva som er det mest eigna tiltaket i kvart enkelt tilfelle. Statsråden
opplyser at ei evaluering av tilretteleggingsgarantien inngår i
ei pågåande evaluering av Jobbstrategi for personer med nedsett funksjonsevne.
Statsråden meiner elles at innføringa av jobbstrategien har gjort
tilretteleggingsgarantien betre kjend blant arbeidsgivarar og arbeidstakarar,
og at det på sikt vil føre til at innhaldet i og målgruppa for ordninga
blir klarlagt.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Jette F. Christensen, Gunvor Eldegard og lederen Martin Kolberg, fra
Høyre, Erik Skutle og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Greta
Johanne Solfall og Helge Thorheim, fra Kristelig Folkeparti, Hans Fredrik
Grøvan, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Abid
Q. Raja, fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, og fra Miljøpartiet
De Grønne, Rasmus Hansson, har merket seg at bakgrunnen
for Riksrevisjonens undersøkelse er at sysselsettingsnivået for
personer med nedsatt funksjonsevne i en årrekke har vært lavt. Samtidig
har det vært en politisk målsetting å øke sysselsettingsnivået for
denne gruppen.
Komiteen vil understreke viktigheten
av at personer med nedsatt arbeidsevne blir inkludert i arbeidslivet.
Mange uføretrygdede og mennesker med nedsatt arbeidsevne som ønsker
å komme i arbeid står i dag utenfor arbeidslivet. Spesielt urovekkende
er det økende antall unge mennesker med nedsatt funksjonsevne som
ikke får innpass i arbeidslivet.
Komiteen viser til at tilretteleggingsgarantien skal
bidra til at flere som har funksjonsnedsettelser og har behov for
bistand fra Nav, skal kunne forbli i arbeid eller få hjelp til å
komme i arbeid eller arbeidsrettede tiltak. Garantien skal sørge
for et koordinert tilbud fra arbeids- og velferdsetaten og nødvendig
oppfølging.
Komiteen vil peke på at målet
for undersøkelsen har vært å vurdere hvordan tilretteleggingsgarantien
blir brukt, å belyse forhold som kan forklare eventuelle variasjoner
i bruken og å vurdere i hvilken grad ordningen blir fulgt opp av overordnet
myndighet. Komiteen har merket seg Riksrevisjonens
funn og konklusjoner:
Tilretteleggingsgarantien
er lite brukt
Innholdet i tilretteleggingsgarantien er
uklart
Nav Fylke har ikke i tilstrekkelig grad
prioritert arbeidet med tilretteleggingsgarantien
Ledelsen ved Nav-kontorene følger i begrenset grad
opp arbeidet med ordningen
Det er svakheter i styringsinformasjon
og oppfølging av ordningen
Komiteen viser til at antall
tilretteleggingsgarantier har vært svært lavt i hele perioden 2008–2011,
selv om det har vært en klar økning fra år til år. Etter at «Jobbstrategi
for personer med nedsatt funksjonsevne» ble innført fra 2012, har det
imidlertid skjedd en markert vekst. Dette indikerer at behovet har
vært der hele tiden.
Komiteen har også merket seg
at det er store fylkesvise forskjeller i bruken av ordningen. Det gjelder
både antall tilretteleggingsgarantier som er inngått, avslutning
av garantier og hvem som får innvilget tilretteleggingsgaranti.
Nav-kontorenes oppfølging av brukerne varierer også stort, og ordningen
synes å være for dårlig kjent blant aktuelle målgrupper. Tilretteleggingsgarantien
for arbeidsgivere er nesten ikke benyttet. Kontorene bruker ulike
kriterier for utvelging av hvem som skal tilbys tilretteleggingsgaranti.
Et formål med tilretteleggingsgarantien er at den skal sørge for
et koordinert tilbud til arbeidsgivere og arbeidstakere som har
behov for bistand fra flere enheter i arbeids- og velferdsetaten.
Undersøkelsen viser imidlertid at dette i liten grad blir vektlagt
når garantier blir innvilget. Det kan synes som om det hersker stor
usikkerhet om innholdet i ordningen og arbeidsmetodikken.
Komiteen viser til at Nav Fylke
de siste fem årene har fått tildelt midler til en koordinatorstilling
for tilretteleggingsgarantien, men at ikke alle fylkeskontorene
bruker midlene som forutsatt. Komiteen finner grunn
til å påpeke at midler skal brukes etter forutsetningene. Dette
er særlig kritikkverdig i en situasjon hvor mye tyder på at innsatsen
fra fylkeskontorenes side ikke har vært tilstrekkelig. Fylkeskontorene
har også en oppgave i å hjelpe de lokale Nav-kontorene slik at de
får bedre kompetanse lokalt.
Komiteen har videre merket seg
at ordningen med tilretteleggingsgaranti i liten grad blir brukt av
personer som er arbeidssøkere. Det er derfor grunn til å stille
spørsmål ved om mulighetene som ligger i ordningen når godt nok
ut til de som er utenfor arbeidslivet i dag.
Komiteen mener Riksrevisjonens
rapport viser at arbeids- og velferdsetaten ikke har lyktes med å
sikre riktig bruk av tilretteleggingsgarantien, slik at flere personer
med nedsatt funksjonsevne kommer i arbeid eller blir værende i arbeid.
Komiteen har merket seg at det
er lite systematisk styringsinformasjon om tilretteleggingsgarantien
og at det ikke er gjennomført evaluering av ordningen etter at den
ble landsdekkende i 2008. Kunnskapsgrunnlaget og arbeidet med implementeringen
av ordningen synes så langt å ha vært utilstrekkelig til å forvalte
ordningen på en god og målrettet måte. Svakheter i styringsinformasjonen
svekker grunnlaget for systematisk og god oppfølging og mulighetene
for å sette i verk korrigerende tiltak for den samlede forvaltningen
av ordningen.
Komiteen er enig med Riksrevisjonen
i at det er behov for økt kunnskap om hvordan ordningen er praktisert,
om virkningen av ordningen og en systematisk oppfølging med korrigerende
tiltak.
Komiteen viser til at statsråden
opplyser i brev til Riksrevisjonen at evaluering av tilretteleggingsgarantien
inngår i evaluering av «Jobbstrategi for personer med nedsatt funksjonsevne». Komiteen forutsetter
at de funn som fremkommer i Riksrevisjonens rapport også blir belyst
i denne forbindelse, og at Riksrevisjonens tilrådinger blir tatt
hensyn til og vektlagt i den videre oppfølging.
Komiteen har ellers
ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjøre
følgende
vedtak:
Dokument 3:9 (2012–2013) – Riksrevisjonens undersøking
av Navs forvaltning av tilretteleggingsgarantien – vedlegges protokollen.
Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 3. desember 2013
Martin Kolberg
|
Hans Fredrik Grøvan
|
leder
|
ordfører
|