Ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Niue
om opplysningar i skattesaker blei underskriven Oslo 9. september,
og i Alofi 19. september 2013. På grunn av den lange avstanden blei
underskrivinga ordna per post. Samtykke til underskriving blei gitt
ved kongeleg resolusjon av 24. mai 2013. Overeinskomsten ble på
vegne av Noreg underskriven av finansminister Sigbjørn Johnsen og
på vegne av Niue av stats- og utanriksminister Toke T. Talagi. Overeinskomsten
vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre
melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i
kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og
for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter
1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala
trer i kraft.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling,
OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg
skattekonkurranse. Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege
skatteregime i medlemslanda, men peikte òg på behovet for å treffe
sameinte mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.
Innan utløpet av 2005 var alle skatteregimer
i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne
kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida
blei det teke kontakt med alle jurisdiksjonar som ein meinte var
omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her
gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom
eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv
informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje
bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis som
vil kunne bli utsett for mottiltak.
Niue er på OECDs skatteparadisliste, men er
ein lite brukt jurisdiksjon. Etter oppmoding frå Niue vedtok dei
nordiske landa likevel å inngå avtaler bygd på OECD sin modellavtale.
Denne forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar
som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, og frå bankar,
finansinstitusjonar, advokatar og andre rådgjevarar.
For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske
landa større tyngd i forhandlingane, vedtok Nordisk ministerråd
i juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske
gjennomføringa av forhandlingar av slike avtaler. Det er nå gjennomført slike
felles forhandlingar med alle jurisdiksjonane på skatteparadislista.
I alle tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale
avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa,
medrekna Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne.
Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav
Gjesti, Finansdepartementet. Han har òg leia styringsgruppa for
prosjektet.
Avtala er inngått på engelsk, jf. vedlegg til
proposisjonen.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Lisbeth Berg-Hansen, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Marianne Marthinsen,
Torstein Tvedt Solberg og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Solveig Sundbø
Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A.
Meling, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Tom E. B. Holthe
og Hans Andreas Limi, fra Kristelig Folkeparti, lederen Hans Olav
Syversen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre Terje
Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen,
viser til proposisjonens kapittel 2 for regjeringens merknader til
de enkelte bestemmelsene i avtalen.
Komiteen samtykker til at overenskomsten mellom
Norge og Niue om opplysninger i skattesaker settes i kraft.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker til at overenskomsten
mellom Norge og Niue om opplysninger i skattesaker settes i kraft.
Oslo, i finanskomiteen, den 12. desember 2013
Hans Olav Syversen
|
Siri A. Meling
|
leder
|
ordfører
|