Nærings- og fiskeridepartementet foreslår i proposisjonen
ei lovendring som gjev forskriftsheimel til å gjennomføre europaparlaments-
og rådsforordning (EU) nr. 1025/2012 om europeisk standardisering.
Departementet foreslår å ta forskriftsheimelen inn i lov 17. desember 2004
nr. 101 om europeisk meldeplikt for tekniske regler (EØS-høringsloven).
Forordninga medverkar til å utvikle det europeiske standardiseringssystemet.
Mellom anna inneheld ho reglar om standardar for tenester, betre
medverknad frå små og mellomstore bedrifter og andre samfunnsaktørar
i standardiseringsarbeidet og reglar som skal effektivisere samarbeidet mellom
Europakommisjonen og dei europeiske standardiseringsorganisasjonane.
I kap. 2 til 4 i proposisjonen blir det gjort
greie for bakgrunnen for saka, gjeldande rett og innhaldet i forordning
(EU) nr. 1025/2012. Arbeidet med regelverket i EU og Noreg blir
omtalt i kapittel 5. I kapittel 6 og 7 følgjer departementet sine
vurderingar av saka og ein omtale av dei økonomiske og administrative
konsekvensane av forslaget. Kapittel 8 i proposisjonen inneheld lovforslag
og kommentarar til kvar enkelt føresegn.
Forordninga vart vedteken 25. oktober 2012 med
verknad i EU-medlemslanda frå 1. januar 2013. Gjennom forordninga
blir det rettslege grunnlaget for europeisk standardisering samla
i éi rettsakt, og det blir innført reglar som skal utvikle det europeiske
standardiseringssystemet.
EØS-komiteen vedtok den 14. februar 2014 å innlemme
europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1025/2012 om europeisk
standardisering i EØS-avtalen. Noreg var med på vedtaket med atterhald
om samtykke i Stortinget, jf. kgl.res. av 7. februar 2014. Utanriksdepartementet
fremmar parallelt med dette lovforslaget ein prop. S om samtykke
til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Dersom Stortinget samtykkjer, vil
det innebere ei plikt til å gjennomføre forordninga i norsk rett.
Etter EØS-avtalen artikkel 103 skal eit vedtak i EØS-komiteen som
ein hovudregel gjennomførast innan utgangen av seks månader etter
vedtaket i EØS-komiteen, dvs. innan 14. august 2014 i dette tilfellet.
Ei uoffisiell norsk omsetting av forordninga er teken inn som vedlegg
til proposisjonen.
Standardar er viktige for å sikre at produkt
og produksjonsprosessar har tilsikta kvalitet og eigenskapar i samsvar
med krav frå marknaden og styresmaktene. Å leggje til rette for
å bruke standardar i ulike deler av samfunnet er ein del av næringspolitikken
og medverkar til meir effektiv utnytting av samfunnet sine ressursar.
Standardar er eit kollektivt gode som mange aktørar kan nytte seg
av. Marknaden vil ikkje nødvendigvis av seg sjølv få fram det settet
av standardar som er ønskjeleg for samfunnet som heilskap. Europeisk
standardisering er viktig for å harmonisere tekniske krav til varer
i EØS, og det har hatt mykje å seie for realiseringa av den indre marknaden.
Departementet meiner at føresegnene i forordninga
om betre involvering i standardiseringsprosessane av små og mellomstore
bedrifter og andre partar som saka vedkjem, er viktige. Gjennomgangen
av det europeiske standardiseringssystemet i 2008–2010 viste at
det er behov for dette. Etter kvart som standardar blir nytta på stadig
fleire område, er det behov for at organisasjonar som representerer
ulike interesser blir involverte. Det gjeld til dømes forbrukarar, miljøorganisasjonar
og partane i arbeidslivet.
Tenester er eit område der fordelane med ein felles
europeisk marknad er langt mindre utnytta enn for varer sin del.
Større bruk av europeiske standardar kan styrkje den europeiske
tenestesektoren og gjere han meir innovativ og konkurransedyktig.
Slik departementet ser det er det viktig at tenestesektoren blir
inkludert i det rettslege rammeverket for europeisk standardisering.
I EU gjeld forordningar som overnasjonale lover i
den enkelte medlemsstat i kraft av å vere vedtekne av dei kompetente
EU-organa. Sidan EØS-avtalen ikkje inneber overføring av lovgjevingsmyndighet
til fellesskapsorgana, må regelverket gjennomførast i nasjonal rett.
Etter artikkel 7 bokstav a i EØS-avtalen skal
ei forordning «som sådan gjøres til del av avtalepartenes interne
rettsorden». Dette inneber at forordninga skal gjennomførast ved
inkorporasjon. Inkorporasjon inneber at ein vedtek ei lov- eller
forskriftsføresegn som fastset at forordninga i EØS-tilpassa form
skal gjelde direkte i norsk rett.
Departementet legg til grunn at det ikkje ligg føre
heimel i gjeldande norsk rett for å gjennomføre forordning (EU)
nr. 1025/2012, men at det ligg til rette for å omstrukturere EØS-høringslova
slik at ho gjev heimel til å gjennomføre forordninga. Det er gjort
nærare greie for dei konkrete endringsforslaga i merknader til føresegner
i lovutkastet.
Departementet viser elles til at høyringsinstansane
i begge høyringsrundane i all hovudsak har vore positive til forslaget.
Sidan forordninga allereie har tredd i kraft i EU, foreslår departementet
at lovendringa trer i kraft straks.
Forordninga inneber ei vidareføring av det eksisterande
europeiske standardiseringssystemet. Forordninga samlar det rettslege
grunnlaget for europeisk standardisering i ei rettsakt og legg til rette
for at standardisering kan nyttast på fleire område.
Innføring og gjennomføring av forordninga er ikkje
venta å ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
Noreg deltek allereie i det europeiske standardiseringssystemet,
og dei norske standardiseringsorganisasjonane får statlege tilskot.
Eventuelle auka utgifter knytt til plikter i forordninga kan dekkjast
innanfor dei gjeldande rammene til dei fagansvarlege departementa.
Fleire av føresegnene i forordninga er retta
mot dei europeiske standardiseringsorganisasjonane og Europakommisjonen.
Desse føresegnene vil ikkje ha administrative eller økonomiske konsekvensar
i Noreg.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre,
Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik,
frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind Korsberg og Jørund
Rytman, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet,
leiaren Geir Pollestad, og frå Venstre, Pål Farstad, viser
til EØS-komiteen sitt vedtak den 14. februar 2014 om å innlemme
europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1025/2012 om europeisk
standardisering i EØS-avtalen.
Komiteen merkar seg at formålet
med forordninga er å sikre like standardar for ei rekke tenester
og varer. Dette vil fremme konkurransen i den indre marknaden. Både
føretak og handel ekspanderer i større grad over landegrensene,
og like standardar vil forenkle. Forordninga skal medverke til å
utvikle standardiseringssystemet og skal gje små og mellomstore
bedrifter og andre samfunnsaktørar betre medverknad i standardiseringsarbeidet.
Komiteen understreker betydinga
av at tilgang til marknaden på like vilkår vil medverke til forenkling
og færre kostnader for næringslivet, og merker seg at forordninga
skal medverke til nettopp dette.
Komiteen sluttar seg til regjeringa
sitt framlegg til vedtak.
Komiteen har elles ingen merknader,
viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak til lov
om endringar i EØS-høringsloven
(europeisk standardisering)
I
I lov 17. desember 2004 nr. 101 om europeisk meldeplikt
for tekniske regler blir det gjort følgjande endringar:Tittelen til lova skal lyde: Lov om europeisk meldeplikt for tekniske regler
m.m. (EØS-høringsloven)
§ 1 første ledd skal lyde:
Loven skal motvirke ulovlige handelshindringer og bidra
til fri bevegelighet i EØS indre marked for varer og informasjonssamfunnstjenester,
og etableringer av slike tjenester, gjennom et system for europeisk
meldeplikt (EØS-høring) for forslag til tekniske regler. Loven
skal også legge til rette for europeisk standardisering.
§ 2 nytt tredje ledd skal lyde:
Loven gjelder også for europeisk standardisering.
Noverande tredje og fjerde ledd blir fjerde og nytt femte
ledd.
§ 15 overskrifta skal lyde:
Forskrifter om utforming og
kunngjøring av meldinger m.m.
I kapittel V skal ny § 15 a lyde:
§ 15 a. Forskrifter om europeisk
standardisering
Departementet kan ved forskrift gi nærmere regler
om europeisk standardisering.
II
Lova gjeld frå det tidspunktet Kongen fastset.
Oslo, i næringskomiteen, den 5. juni 2014
Geir Pollestad
|
Ove Trellevik
|
leiar
|
ordførar
|