Finansdepartementet la i Prop. 112 L (2011–2012)
fram forslag til lov om ei ny felles ordning (a-ordninga) for arbeidsgivar
si innrapportering av tilsetjings- og inntektstilhøve m.m. til skatteetaten,
arbeids- og velferdsetaten (Nav) og Statistisk sentralbyrå (SSB).
Lovforslaget blei vedtatt av Stortinget og a-opplysningslova blei sanksjonert
22. juni 2012. Lova tek til å gjelde frå det tidspunktet Kongen
bestemmer. Ordninga skal etter planen bli innført for dei opplysningspliktige
frå 1. januar 2015.
Av omsyn til dei opplysningspliktige og for
å få til ei mest mulig smidig innføring av ordninga, vil det kunne
vere behov for at det blir gitt særskilte føresegner for einskilde
opplysningspliktige i ein overgangsperiode. Det vil òg kunne vere
behov for nærare reglar om prøvedrift. Departementet foreslår derfor
at det blir gitt ei overgangsføresegn i a-opplysningslova som gir departementet
heimel til i forskrift å fastsetje særskilte reglar om tilpassa
innføring og prøvedrift.
Det blir vist til ny § 12 a i a-opplysningslova. Departementet
foreslår at endringa tek til å gjelde straks.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.