3. Rederiskatteordningen – solidaransvar for arbeidsgiverplikter

3.1 Sammendrag

Regjeringa foreslår at inntekter som har sitt opphav i solidaransvaret for arbeidsgivarplikter etter skipsarbeidslova, overfor arbeidstakarar m.m. i ikkje tillaten verksemd eller overfor arbeidstakarar m.m. om bord på ikkje tillatne fartøy, skal skattleggjast på lik linje med finansinntekt innanfor reiarlagskatteordninga.

Selskap som driv verksemd i form av drift og utleige av visse typar fartøy, kan velje å skattleggjast etter den særskilte reiarlagskatteordninga, jf. skattelova §§ 8-10 til 8-20. Ordninga inneber at det ikkje skal gjennomførast skattlegging av skipsfartsinntekter, heller ikkje ved utdeling av utbytte eller når selskapa trer ut av ordninga. Netto finansinntekter i selskapa skal skattleggjast, jf. skattelova § 8-15. Selskapa skal i tillegg svare ein særskild tonnasjeskatt, jf. skattelova § 8-16.

I den nye skipsarbeidslova er det teke inn reglar om reiarlaga sitt solidaransvar overfor arbeidstakarar m.m. som ikkje er selskapet sine eigne tilsette, men som arbeider om bord på eit av skipa i reiarlagkonsernet. Skattelovforskrifta (forskrift 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14) blei i august 2013 justert i samsvar med dette, slik at solidaransvaret blei tillate innanfor reiarlagskatteordninga.

EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har i ettertid gitt uttrykk for at ansvaret er for omfattande til at det kan godkjennast som tillaten verksemd innanfor reiarlagskatteordninga. Finansdepartementet sende derfor 3. desember 2013 på høyring eit forslag om å innskrenke høvet for reiarlagsskatta selskap til å ha eit solidaransvar for arbeidsgivarplikter. Dette kunne gjennomførast ved ei endring i skattelovforskrifta.

Norges Rederiforbund hadde innvendingar mot forslaget og viste til at det inneber at nokre reiarlag må omorganisere seg.

Regjeringa foreslår derfor ei ny løysing som går ut på at inntekter frå solidaransvaret overfor arbeidstakarar m.m. i ikkje tillaten verksemd eller overfor arbeidstakarar m.m. om bord på ikkje tillatne fartøy skal skattleggjast ordinært som finansinntekt innanfor reiarlagskatteordninga. Dette fører til at føresegna i skattelova om skattepliktig finansinntekt innanfor reiarlagskatteordninga må endrast.

Departementet viser til forslag til endring av skattelova § 8-15 andre ledd.

Departementet foreslår at endringa i skattelova tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2014.

3.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.