Samferdselsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

Framlegget gjev heimel i yrkestransportlova for krav om butid for utferding av kjøresetel til utanlandske førarar av kjøretøy i løyvepliktig persontransport.

Departementet har lagt vekt på at transportnæringa har fleire utanlandske førarar av både buss og drosje, og at dette gjer behovet for eit butidskrav ekstra stort. Departementet meiner at ei lovfesting av butidskravet etter handhevingsinstruksen er godt eigna til å sikre at førarar har god vandel, og dermed sikre tryggleiken for passasjerane.

Butidskravet som grunnlag for vandelsvurdering av utanlandske borgarar som søkjer om kjøresetel for å utføre persontransport på veg, følgde fram til 1. juli 2014 av handhevingsinstruksen frå Politidirektoratet (rundskriv 2007/001 «Håndhevingsinstruks i førerkortsaker mv.», omtalt som handhevingsinstruksen).

Framlegget vert gjort på bakgrunn av at det butidskrav som har vore praktisert, ikkje kan gjerast gjeldande etter den nye politiregisterlova, lov 28. mai 2010 nr. 16 om behandling av opplysninger i politiet og påtalemyndigheten (politiregisterlova). Politiregisterlova tredde i kraft 1. juli 2014. Butidskravet er dermed falt bort frå 1. juli 2014.

Etter politiregisterlova skal krav om butid gå direkte fram av lov eller forskrift gjeve med heimel i lov, jf. politiregisterlova § 36 andre ledd.

Etter politiregisterlova er det ikkje lenger mogleg å leggje fram politiattest frå tredjeland (land utanfor EØS), ettersom det ved krav om politiattest er meint norsk politiattest med opplysningar frå det norske strafferegisteret. Justis- og beredskapsdepartementet (JD) uttalar i forarbeida til politiregisterlova at ein regel om butid skal ivareta omsynet til likehandsaming, og hindre at det oppstår tilfeldige særordningar.

Det følgde av handhevingsinstruksen at politiet burde krevje minst fem års butid i tilfelle der søkjaren ikkje kunne leggje fram ein truverdig politiattest frå heimlandet sitt. Instruksen opna for skjøn i dei einskilde sakene både når det gjaldt om det skulle krevjast butid og i vurderinga av om ein utanlandsk politiattest var truverdig.

Vandelsprøvinga av utanlandske borgarar som ikkje har budd i Noreg over tid vil, etter departementet si vurdering, verte svekka utan eit butidskrav. Politiet vil då berre kunne vurdere vandelen for den perioden vedkommande som søkjer om kjøresetel har budd i Noreg. Det vil ikkje vere høve til å be om utanlandsk politiattest etter politiregisterlova. For utlendingar med forholdsvis kort butid i Noreg, vil vandelskontrollen vere av liten verdi sidan den berre dekkjer vandelen i eit avgrensa tidsrom. Vandelskontrollen vil ikkje avdekkje potensielt alvorlege straffbare handlingar vedkommande kan ha gjort før han eller ho kom til Noreg.

Departementet vil framheve at ei svekka vandelsvurdering vil kunne få negative konsekvensar for tryggleiken til passasjerane.

Departementet føreslår at det vert lovfesta eit krav om minste butid i Noreg på fire år for å få kjøresetel. Kravet gjeld ikkje for EØS-borgarar som legg fram politiattest frå heimstaten sin.

Dette er i samsvar med politiregisterlova § 36 første ledd nr. 1 som likestiller politiattest utferda i anna EØS-land med norsk politiattest.

Kravet gjeld heller ikkje for tredjelandsborgarar som har opphald i eit anna EØS-land enn Noreg, og som kan leggje fram politiattest og prov på lovleg opphald frå dette landet, eller som har tidlegare opphald i Noreg som ikkje er av eit slikt omfang at det ikkje kan gjennomførast tilfredsstillande vandelskontroll.

Butidskravet skal bidra til å sikre tryggleiken til passasjerane.

Bakgrunn for framlegget om butidskrav for utferding av kjøresetel er nærare omtala i kapittel 2 i proposisjonen.

Høyring

Samferdselsdepartementet sende 15. mai 2013 framlegget på allmenn høyring.

27 av høyringsinstansane har gjeve fråsegn i saka. 19 av desse hadde substansielle merknader til eitt eller fleire av framlegga.

Åtte av dei høyringsinstansane som har gjeve fråsegn, hadde ikkje merknader til framlegga.

Høyringsfråsegner og departementet sine vurderingar til krav om butid for utferding av kjøresetel er nærare omtala i kapittel 3 i proposisjonen.

Andre endringar i yrkestransportlova

Framlegget gjeld òg somme mindre endringar i yrkestransportlova. For det første vert det gjort framlegg om at det skal krevjast politiattest ved søknad om løyve, og at kravet gjeld ordinær politiattest. For det andre vert det gjort framlegg om endringar som gjeld tilvisingar og retting av skrivefeil. Desse endringane vil ha små eller ingen materielle verknader.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget inneber ei forenkling av prosedyrane for vurdering av krav om butid ettersom moglegheita til å nytte skjøn ved vurderinga fell bort. Såleis fører framlegget til likehandsaming av borgarar utanfor EØS. Dette er ein konsekvens av den nye politiregisterlova. Ei slik forenkling av prosedyrane vil kunne redusere dei administrative kostnadene ved ordninga med utferding av kjøresetel.

Etter departementet si vurdering vil framlegget til lovendring samla sett ha små økonomiske og administrative konsekvensar. Departementet viser her til at framlegget i hovudsak er ei vidareføring av tidlegare praksis.