1.1 Samandrag – hovudinnhaldet av proposisjonen

Kulturdepartementet legg med dette fram forslag til endring av lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (stadnamnlova). Formålet med stadnamnlova er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gje dei ei praktisk og tenleg skriftform og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.

Som oppfølging av Innst. S. nr. 124 (2008–2009) om representantforslag frå stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker og Olemic Thommessen om endring av bruksnamn utan grunneigars samtykke føreslår departementet å endre § 6 Nærmare om saksbehandlinga. Endringa i § 6 gjer at grunneigaren får rett til å fastsetje skrivemåten på bruksnamn (namn på gardsbruk eller annan eigedom). Kartverket vil framleis vere formelt vedtaksorgan i sakene, men dersom grunneigaren kan dokumentere at skrivemåten han ønskjer, har vore i bruk som bruksnamn, skal skrivemåten kunne vedtakast utan vidare. Det er ikkje relevant om skrivemåten er i tråd med norske rettskrivingsprinsipp, slik føresetnaden er i gjeldande lov.

Departementet føreslår i tillegg endringar i stadnamnlova §§ 1, 2, 3, 4, 5, 8 og 10. Definisjonar, struktur og språk er gjort enklare og meir forståeleg. Lovteksten er fleire stader presisert.

Konsekvensane av framlegget til lovendring er at bruksnamna blir ein del av råderetten til grunneigaren. Namn på eigedom eller gardsbruk under eit gardsnummer (bruksnamn) kan etter framlegget få ein skrivemåte som strir mot offisielt tilrådd skrivemåte, dersom eigaren ønskjer det. Bruksnamn vil dermed ha svakare vern enn andre stadnamn, som framleis vil vere offisielt normerte før dei blir tekne i bruk i offentleg teneste. Endringar i ei rekkje føresegner vil samstundes tydeleggjere kva kulturminneverdien til stadnamna er, og legitimere offisiell normering som vernetiltak.

1.2 Lov om stadnamn

1.2.1 Formålsparagrafen

Departementets vurdering

Departementet meiner at lovteksten i dag ikkje formidlar godt nok kva det er ved stadnamn som er verneverdig, og dermed kva formålet med lova er. Dette fører også til at verkemiddelet for vern, nemleg vedtak om skrivemåte, ikkje blir forstått som eit tiltak for vern. Departementet meiner det derfor er viktig å styrkje formålsteksten på ein måte som legitimerer og forklarar kva vernetiltaket, offisiell normering, skal medverke til.

I høyringsnotatet skreiv departementet at «[f]ramlegget til endring i formålsteksten er ei direkte legitimering av offisiell normering som vernetiltak». Ettersom ingen av høyringsinstansane har innvendt noko mot dette, legg departementet til grunn at verkemiddelet i lova, offisiell normering, har stor oppslutnad. Dette er også indirekte ei anerkjenning av den språkhistoriske og namnefaglege kompetansen som skal til for å vurdere skrivemåte av eit stadnamn.

Likevel ser det ut til at omtalen av framlegget til ny formulering av formålsparagrafen ikkje har vore presis nok. Vektlegginga i høyringsnotatet av at skrivemåten ikkje skal skyggje for meiningsinnhaldet, har vore kritisert i høyringsrunden. Departementet er samd med Norsk namnelag i at følgjande setning er misvisande: «Det er den språklege tydinga av namnet som først og fremst har kulturminneverdi». Stadnamn er først og fremst eit språkleg uttrykk. Departementet finn det uheldig at høyringsnotatet ikkje har presisert at det språklege uttrykket i seg sjølv har verneverdi. Indirekte har dette likevel kome fram. Fleire stader er det uttrykt at det er den nedervde lokale uttalen som er utgangspunktet for normeringa, og som dermed i utgangspunktet skal vidareførast, tilpassa norske rettskrivingsprinsipp. Reglane i stadnamnlova § 4 om skrivemåten av stadnamn slår fast at «det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn skal takast utgangpunkt i den nedervde lokale uttalen». Dette utgangspunktet bør vidareførast.

Intensjonen med endringsframlegget var å legitimere vernetiltaket normering tydelegare. Ein av konsekvensane av lovframlegget er at ein grunneigar kan unnta bruksnamna frå slik normering. Dermed vil skrivemåten av bruksnamn ikkje nødvendigvis følgje norske rettskrivingsprinsipp, men til dømes få ein skrivemåte som skyggjer for meiningsinnhaldet. Dette opnar endringa i § 8 for med regelen om at i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn, har grunneigaren det avgjerande ordet. Det er likevel ikkje slik at bruksnamna automatisk er unnateke vern og normering. Kartverket er framleis vedtaksorgan. I denne situasjonen ønskjer departementet at formålsparagrafen kommuniserer kva som kjenneteiknar den offisielle normeringa. Dei nærare reglane for normering går fram av § 4 Reglar om skrivemåten og forskriftene til stadnamnlova.

Framlegget til formulering i stadnamnlova § 1 var derfor å «gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet». Dette betyr ikkje at ein i normeringa skal få fram meiningsinnhaldet i namnet. Siktemålet er at skrivemåten i seg sjølv ikkje aktivt skal bidra til å skyggje for meiningsinnhaldet. I dette legg vi både at det språklege uttrykket og innhaldssida til stadnamnet har verneverdi. Departementet gjorde i høyringa merksam på at vektlegginga av meiningsinnhaldet ikkje betyr at ein i saksbehandlinga skal tilbakestille og endre skrivemåten av namn som gjennom tida har fått ein uttale og dermed ei rettskriving som gjer at meiningsinnhaldet er uklart. Langt frå alle stadnamn har språkelement i seg som gjer at meiningsinnhaldet er tydeleg. Dette gjer dei ikkje mindre verdifulle å bruke og vidareføre.

Departementet held fast på den føreslåtte formuleringa i formålsparagrafen, men ser det som nødvendig med nærare presiseringar i lovmerknadene. For at lovteksten også skal formidle at det språklege uttrykket har verneverdi, føreslår departementet å endre lovteksten i første punktum, slik at § 1 Formål og verkeområde lyder:

«Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.»

1.2.2 Tydeleggjering av definisjonar

Departementets vurdering

Departementet har vurdert dei innkomne framlegga til tekstlege endringar, men held i hovudsak fast på framlegget i høyringsnotatet til definisjon i bokstav a. Ut frå erfaring med korleis lova blir oppfatta, er det ikkje nødvendigvis slik at det er så lett å forstå at stadnamn etter definisjonen også omfattar namn på t.d. bruer, tunlelar, institusjonar, kommunar og skulekrinsar. Misoppfatningar av kva som etter lova er ein stad og eit stadnamn, er opphav til misnøye og uvisse i lokalsamfunna kring spørsmål om kva typar namn som skal ha ein skrivemåte etter stadnamnlova. Dagens definisjon av stadnamn formidlar ikkje dette intuitivt, sjølv om det kan synast klart frå ein namnefagleg ståstad.

Departementet meiner at den eksisterande definisjonen av stadnamn i dag er for abstrakt, og føreslår å formulere ein heilt ny definisjon. Framlegget i høyringsrunden var å ta inn i stadnamnlova § 2 bokstav a dei same forklarande omgrepa som i dag er brukte i kommentarane til § 2. Stadnamn blir etter dette ikkje lenger «punkt, liner og område», men «terrengformasjonar, kulturformasjonar og administrative område». Endringa vil gjere det enklare for brukarane å forstå kva eit stadnamn etter lova er. Framlegg til endring i definisjonen av stadnamn i bokstav a inneheldt ingen materielle endringar. Endringa var ei rein presisering av kva det materielle innhaldet i definisjonen er, dvs. kva omgrepet stadnamn i lova omfattar. Departementet finn likevel grunn til å justere teksten i bokstav a, slik at gardar blir erstatta med gardsområde og gardsbruk. Dette er ein konsekvens av framlegget til endring i bokstav b om bruksnamn, der gardsbruk kjem inn i definisjonen. Vidare har departementet funne grunn til å leggje til «namn på adresser» i definisjonen av stadnamn. Vedtak om offisiell adresse er heimla i matrikkelforskrifta § 51 første ledd. I matrikkelforskrifta er det ei direkte tilvising til lov om stadnamn når det gjeld vedtak om skrivemåte. Ved å nemne adresser i definisjonen av stadnamn blir viktige namneobjekt trekte inn i definisjonen. Departementet har òg funne grunn til å ta ut «bygningar» som døme på institusjonar, slik Riksantikvaren føreslo i høyringsrunden. Ein bygning er etter vanleg språkbruk ingen institusjon i seg sjølv eller døme på det. Derimot kan ein bygning huse ein institusjon, t.d. ein barnehage, eit museum eller eit sjukehus. Definisjonen av stadnamn får denne ordlyden i endra bokstav a:

  • a) stadnamn: namn på terrengformasjonar som fjell og vatn, kulturformasjonar som gardsområde, gardsbruk, vegar og bruer, administrative område som kommunar og sokn, institusjonar og adresser

Når det gjeld definisjonen av bruksnamn, føreslår departementet å vidareføre framlegget i høyringsnotatet. Vi føreslår vidare å setje inn «annan» framfor eigedom:

  • b) bruksnamn: namn på gardsbruk eller annan eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer

Omgrepet bruksnamn omfattar alle bruk og andre eigedommar det er knytt eit bruksnummer til. Det er irrelevant om det er knytt gardsdrift til bruksnummeret.

Departementet er vidare samd i vurderinga frå Justis- og beredskapsdepartementet når det gjeld den føreslåtte definisjonen av primærfunksjon. Det er viktig at lovteksten så langt som mogleg er forståeleg for alle som les han, ikkje berre for dei som tilhøyrar det fagfeltet lova regulerer. Lovteksten treng ikkje innehalde ein term som må definerast, dersom det går an å skrive med ei setning det termen dekkjer. Eit tilleggsmoment i denne vurderinga er innspelet frå Klagenemnda for stadnamnsaker, som meinte at den etablerte definisjonen av primærfunksjon som departementet ønskte å ta inn i stadnamnlova § 2 bokstav g, var misvisande. Dei føreslo to alternativ til definisjon. Departementet tek dette som ytterlegare eit signal om at omgrepet primærfunksjon er ein for komplisert fagterm til at det er tenleg å formidle han i ein lovtekst, sjølv om det innhaldet termen formidlar, er heilt sentralt i forståinga av lova.

Departementet vidarefører på denne bakgrunnen ikkje forslaget om å ta inn ein definisjon av begrepet primærfunksjon i stadnamnlova § 2. Departementet meiner det er betre å setje inn ei beskrivande setning der begrepet i dag er nytta i lovteksten, i samsvar med det Justis, og beredskapsdepartementet føreslår, jf. nedanfor om § 4 Reglar om skrivemåten:

«Når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta.»

Det vil ikkje innebere ei materiell endring å erstatte ordet primærfunksjon med ei setning, men det vil pakke ut eit vanskeleg ord som er viktig for å forstå lova. Det vil heller ikkje vere til hinder for at aktørar i fagfeltet held fram med å bruke omgrepet primærfunksjon i tilrådingar eller vedtak.

Departementet tek ut definisjonen av lokal talemålsform i § 2 første ledd noverande bokstav e og erstattar denne med ein definisjon av nedervd lokal uttale, slik stortingsbehandlinga av lovframlegget i 2005 tilsa. Definisjonen bør vere den same som i gjeldande forskrift:

«den uttalen som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk».

1.2.3 Tydelegare namnevern

Departementets vurdering

Departementet har kome til at første ledd § 3 kan forenklast meir enn det framlegget som vart sendt på høyring. Vanlegvis vil framstilling med bokstavpunkt bidra til å gjere reglane oversiktlege å lese. Men sidan vilkåra kjem oppå einannan (er kumulative), har departementet kome til at første ledd § 3 blir flytande å lese og forstå utan oppdeling i bokstavpunkt. I tillegg føreslår departementet å endre «bør vernast» til «må vernast» i bokstav c, ettersom namn som fell under § 3 første ledd bokstav c, alt er verna eller går fram av merknadane at må vernast. På denne bakgrunnen følgjer ikkje departementet opp framlegget til språklege endringar i stadnamnlova § 3 første ledd. I staden tilrår departementet at § 3 første ledd blir utforma slik:

«Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime, dersom det ikkje er i bruk som verna etternamn, ikkje er eit særeige namn, og heller ikkje må vernast av andre grunnar.»

For at lova skal bli meir forståeleg også for dei som ikkje tilhøyrar fagfeltet namnegransking, trekkjer departementet tilbake framlegget om å bruke meininga «funksjon» i nytt andre ledd i stadnamnlova § 3. Departementet tilrår denne ordlyden i stadnamnlova § 3 andre ledd:

«Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna namn, dersom det har tradisjon som namn på det same namneobjektet. Unntak kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.»

Departementet har gått igjennom på nytt dei særlege grunnane som skal til for å byte ut eit namn. Eit punkt departementet t.d. finn lite formålstenleg i dag, er setninga i dei noverande merknadene til § 3 som seier at det ikkje «skal stillast strenge krav til «særlege grunnar» i denne samanhengen». Særlege grunnar bør vurderast forholdsvis strengt.

Intensjonen i føresegna andre ledd er todelt: 1) Å hindre at namn med stor geografisk utbreiing automatisk blir til fortrengsel for namn som har ei mindre geografisk utbreiing og 2) å hindre at eit nedervd stadnamn bli bytt ut med eit stadnamn som blir oppfatta som «finare», t.d. at kommersielt meir omsetjelege namn trengjer ut nedervde stadnamn i offisielle dokument, kart og skilt. Reglane er viktige for å ta vare på variasjonen i namneverket. Overordna handlar føresegna om å vidareføre så mange opphavlege namn på så mange namneobjekt som råd. Variasjon i kva for lokalitetar (stader) som på folkemunne eller ved vedtak har fått eit namn, gjev variasjon i tilfanget av namnetypar.

1.2.4 Reglar om skrivemåten

Departementets vurdering

Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet, er positive til å leggje kvenske rettskrivingsprinsipp til grunn for skrivemåten av kvenske stadnamn. Når kvenske stadnamn skal skrivast med kvensk rettskriving, vil kvensk språk kunne få eit konkret bruksområde som mange kvenar vil kjenne sterk identitet til. Normeringsomsyna som er nødvendige å ta i forvaltninga av stadnamnlova, kan også synleggjere ein språkleg variasjon innanfor kvensk som rettskrivinga tener på å bli konfrontert med. Førebelse erfaringar med kvensk rettskriving tyder på at kvenske stadnamn kan skrivast omtrent på same måten, anten ein legg finske eller kvenske rettskrivingsprinsipp til grunn. Språkpolitisk vil ei lovendring kunne medføre ei statusheving for kvensk språk. På bakgrunn av dette og innspela i høyringsrunden held departementet fast ved forslaget om at kvenske rettskrivingsprinsipp skal følgjast i saker som gjeld skrivemåten av kvenske stadnamn.

Stadnamnlova § 4 fjerde punktum gjev i dag høve til å tilpasse skrivemåten av finske stadnamn på Austlandet til dei norske rettskrivingsprinsippa. På Austlandet, m.a. på Finnskogane, har særleg mange stadnamn finsk opphav.

På bakgrunn av høyringsinnspela ser departementet at formuleringa «kan tilpassast norske rettskrivingsprinsipp» har ein innebygd premiss om at det går an å tilpasse dei finske stadnamna til andre rettskrivingsprinsipp enn dei norske. Dette er ikkje i samsvar med faktiske forhold. I realiteten vil det ikkje vere noko alternativ til å nytte norske rettskrivingsprinsipp for finske namn på Austlandet. Det er dessutan dei skogfinske stadnamna det er sikta til. Departementet føreslår derfor følgjande klargjering i stadnamnlova § 4 første ledd fjerde punktum:

«Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.»

Dette er ei presisering og er ikkje meint å innebere noka endring i det rettslege innhaldet i føresegna.

Departementet er samd i Justis- og beredskapsdepartementets vurdering av bruken av omgrepet primærfunksjon. Det er viktig at lovteksten så langt som mogleg er forståeleg for alle som les han, ikkje berre for dei som tilhøyrar fagfeltet lova regulerer.

Departementet føreslår på denne bakgrunnen å setje inn ei beskrivande setning der begrepet primærfunksjon i dag er brukt i lovteksten.

Stadnamnlova § 4 andre ledd første punktum blir endra slik:

«Når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten på det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta.»

Dette vil ikkje innebere ei materiell endring, berre ei språklig presisering. Det vil heller ikkje vere til hinder for at aktørar i fagfeltet nyttar omgrepet primærfunksjon i tilrådingar eller vedtak der dette er formålstenleg.

Departementet er samd i at konsekvensen av at grunneigaren får råderett over skrivemåten av bruksnamn, jf. nytt andre ledd i § 6, også inneber at han får råderett over bruksnamnet der bruksnamnet er det opphavlege namnet på staden (der primærfunksjonen til eit stadnamn er eit bruksnamn). Råderetten over bruksnamnet gjeld ikkje berre der namnet på bruket er avleidd av eit gardsnamn. Retten gjeld òg når bruksnamnet er det opphavlege namneobjektet. Slik føresegna var formulert og forklart i høyringsnotatet, vart det ikkje presisert om bruksnamna som opphavlege namneobjekt på ein stad med ein skrivemåte fastsett av eigaren, skal vere retningsgjevande for skrivemåten av andre namneobjekt på staden, jf. hovudregelen i § 4.

Det er ikkje rimeleg at eigarfastsette skrivemåtar skal nyttast på anna enn det som er privat eigedom, når utgangspunktet for at eigaren skal ha rett til å fastsetje skrivemåten av bruksnamnet, nettopp er legitimert i råderett over eigen eigedom. Ein slik situasjon ville i større grad svekkje vernet av stadnamna i området og gje grunneigaren stor innverknad på offentleg namnegjeving. Dette ville også i større grad kunne ha ført til at namn på vegar, skular og liknande må endrast når ein grunneigar endrar skrivemåten av namnet på bruket sitt.

Departementet føreslår derfor å vidareføre regelen om at skrivemåten av eit namn i primærfunksjonen skal vere rettleiande for skrivemåten av andre namneobjekt i § 4 andre ledd første punktum. Eit gardsnamn vil likevel ikkje vere retningsgjevande for eit bruksnamn ettersom eigaren kan fastsetje skrivemåten av bruksnamnet sjølv, jf. framlegg til § 6 nytt andre ledd tredje punktum. Av og til er det likevel eit bruksnamn og ikkje eit gardsnamn som har primærfunksjon. Departementet føreslår å unnta eigarfastsette skrivemåtar frå regelen om å vere retningsgjevande for skrivemåten av dei andre namneobjekta på staden. I desse tilfella gjer vedtaksorganet vedtak om skrivemåten av dei andre namneobjekta. Dersom eigaren har valt ein skrivemåte som er i tråd med offisiell rettskriving, vil det vere samsvar mellom skrivemåten som vedtaksorganet fastset, og den som eigaren har fastsett. Formålet med regelen departementet føreslår, er at eigarfastsett skrivemåte ikkje skal kunne påverke skrivemåten på andre namneobjekt enn på eige gardsbruk og annan eigen eigedom.

Følgjande formulering om dette blir føreslått som nytt punkt i stadnamnlova § 4, andre ledd andre punktum:

«Dette gjeld ikkje i dei tilfella der det opphavlege namnet på namneobjektet er eit bruksnamn med ein skrivemåte som er fastsett av grunneigaren.»

1.2.5 Vedtakskompetansen til Kartverket

Departementets vurdering

Departementet meiner det er viktig at det ikkje er uklart for grunneigaren eller festaren at han har rett til å ta opp skrivemåten av namn på eige gardsbruk eller eigedom. I § 5 første ledd bokstav b presiserer departementet dette i tråd med tilrådinga frå Klagenemnda for stadnamnsaker:

  • c) eigar eller festar i saker som gjeld skrivemåten av namn på eige gardsbruk eller eigedom

Ny bokstav b vil erstatte det framlegget til bokstav b som vart sendt på høyring.

Framlegget inneber inga materiell endring, verken i høve til gjeldande lov eller høyringsframlegget.

Departementet føreslår at det blir presisert i merknadene at Statens kartverk er formelt vedtaksorgan i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn, sjølv om grunneigaren har rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at skrivemåten han ønskjer, er i offentleg bruk som bruksnamn, jf. nytt andre ledd i § 6.

1.2.6 Nærare om saksbehandlinga

Departementets vurdering

Intensjonen er å gje grunneigaren råderett over skrivemåten av bruksnamna, jf. framlegg til første ledd nytt tredje punktum § 6 i stadnamnlova om at eigaren «har det avgjerande ordet» i bruksnamnsaker. Dette vil også kunne medføre at bruksnamn får skrivemåtar som ligg utanfor offisiell rettskriving i bokmål og nynorsk og skrivemåtar som ikkje er i tråd med norske rettskrivingsprinsipp. Departementet såg i høyringsnotatet dessutan ikkje grunn til å avgrense kor ofte skrivemåten av eit nedervd stadnamn kan endrast av eigaren. I høyringsnotatet la departementet til grunn at også grunneigarar er opptekne av tradisjon, og at dei ønskjer at namnet på bruket deira skal vere ein stabil storleik. Praktisering av lova vil vise kor store praktiske problem det eventuelt vil bli som konsekvens av lovendringane. Departementet held derfor i hovudsak fast ved dei materielle endringane i § 6 som vart føreslått i høyringsnotatet, men har likevel kome til at det bør gjerast strukturelle endringar jamført med høyringsframlegget. Føresegna om «at grunneigaren har det avgjerande ordet» i bruksnamnsaker, bør få ei anna plassering enn som eit tillegg i § 6 første ledd tredje punktum slik det var føreslått i høyringsutkastet. Første ledd i § 6 handlar nemleg om uttalerett for ulike aktørar i ulike namnesaker, inkludert i saker om skrivemåten av bruksnamn. Ei føresegn om at grunneigar skal ha det avgjerande ordet, høyrer tematisk ikkje heime i § 6 første ledd. Departementet føreslår i staden å plassere denne regelen i eit nytt andre ledd. Departementet føreslo i høyringa å plassere i § 8 eit krav til dokumentasjon av den skrivemåten som grunneigaren ønskjer. Vi har likevel kome til at det er uheldig at eit vilkår for retten som grunneigaren etter framlegget til § 6 andre ledd har til å fastsetje skrivemåte, ikkje blir presentert før i § 8. Derfor føreslår departementet å ta regelen som går fram av høyringsframlegget til § 8 andre ledd andre punktum, inn i framlegget til § 6 nytt andre ledd. Vi føreslår å ikkje vidareføre uttrykket «ha det avgjerande ordet», men slå fast ein «rett til å fastsetje skrivemåten». Nytt andre ledd i § 6 vil dermed både slå fast retten eigaren har til å fastsetje skrivemåten av bruksnamn, og setje vilkår for denne retten. Nytt andre ledd i § 6 vil etter framlegget få denne ordlyden:

«I saker om skrivemåten av bruksnamn har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Skrivemåten av bruksnamnet kan i desse tilfella vedtakast utan høyring etter første ledd. Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal i alle andre tilfelle vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet.»

For grunneigarar inneber framlegget ingen materielle endringar jamført med høyringsframlegget.

Departementet vil derimot ikkje vidareføre forslaget frå høyringsnotatet om at også festaren skulle ha rett til å fastsetje skrivemåte på bruksnamn. Det er i så måte ikkje rimeleg å gje ein festar tilsvarande utvida rettar som grunneigarar til å avgjere skrivemåten av bruksnamnet. Utgangspunktet har vore at retten til å avgjere skrivemåten av desse namna skal følgje eigedomsretten, og festerett bør derfor ikkje kvalifisere til den same råderetten over bruksnamna. Der det er både eigar og festar til same eigedomen, følgjer det av dette at grunneigaren har det avgjerande ordet. Departementet understrekar at festaren allereie i dag har rett til å ta opp saker og rett til å uttale seg i saker som gjeld bruksnamn. Desse rettane blir vidareførte. Framlegget til endring inneber derfor ingen materielle endringar i råderetten til festaren, men utvidar rettane til grunneigaren.

Det følgjer av stadnamnlova § 5 andre ledd at Statens kartverk framleis er det formelle vedtaksorganet for blant anna bruksnamn. Ein grunneigar skal etter framlegget måtte dokumentere overfor Kartverket at den skrivemåten han ønskjer på bruksnamnet, har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Dersom han kan dokumentere at ønskt skrivemåte har vore i offentleg bruk som bruksnamn, skal Statens kartverk vedta den skrivemåten grunneigaren ønskjer. Det er ikkje relevant om skrivemåten er i strid med norske rettskrivingsprinsipp. Dokumentasjonskrav må likevel stillast, fordi dette er skrivemåtar som skal vedtakast til offentleg bruk, og då er det innarbeidde skrivemåtar av bruksnamnet som skal ha hevd, ikkje t.d. skrivemåtar av eit etternamn som tek utgangspunkt i det nedervde bruksnamnet.

Departementet føreslår å endre ordlyden i framlegget til nytt åttande punktum i første ledd i stadnamnlova § 6 til: «Grunneigaren kan be om å få tilråding frå namnekonsulentane i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom».

Dette medfører ei materiell endring frå det som var føreslått i høyringsnotatet: «Tilrådingar som gjeld bruksnamn, skal kommunen sende til eigar eller festar». Departementet følgjer med dette opp tanken om at grunneigaren gjerne vil ha innsikt i faglege vurderingar av skrivemåten på stadnamnet (bruksnamnet) og opplysningar om kulturminneverdien til det. Tilrådinga skal likevel ikkje vere ein obligatorisk del av saksbehandlinga i kommunen. Derimot kan grunneigaren be om å få tilrådinga som service direkte frå stadnamntenesta, før han melder til Kartverket om den skrivemåten han ønskjer at bruksnamnet skal ha, med den dokumentasjonen av det som trengst. Det er Kartverket som til kvar tid gjer kartografiske vurderingar av kva namn som skal med i ulike kartverk.

1.2.7 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

Departementets vurdering

Departementet følgjer opp framlegget til endring av strukturen i § 8, slik at gjeldande første ledd blir slått saman med gjeldande fjerde ledd til eit tredje og siste ledd, med presisert innhald. Gjeldande andre ledd blir etter framlegget vidareført som første ledd. Gjeldande tredje ledd blir andre ledd. Departementet følgjer ikkje opp høyringsframlegget om å ta ut «bruksnamn» frå det som blir nytt første ledd i § 8. Justeringane departementet har gjort etter høyringsrunden, gjer at det kjem inn nye reglar i § 4 til 6 som nettopp vedkjem bruksnamn. Det blir derfor ikkje rett å ta ut «bruksnamn» frå ein regel i første ledd § 8 som viser til sentrale reglar for fastsetjing av bruksnamn. Departementet har vurdert om gjeldande § 8 andre ledd, det som etter framlegget blir første ledd, kan takast heilt ut av lova, slik Klagenemnda for stadnamnsaker føreslår. Det som talar for dette, er at presiseringa om «at gardsnamn og bruksnamn som geografisk og språkleg fell saman med nedervde stadnamn skal behandlast etter §§ 4 til 6» på noko vis er overflødig. Alle nedervde stadnamn skal jo behandlast etter §§ 4 til 6. Men det er så mange bruksnamn som fell saman med gardsnamn, at det truleg er viktig å framheve i lova det busetjingshistoriske og språklege sambandet mellom namna. Departementet vidarefører på dette grunnlaget gjeldande andre ledd som uendra, men som første ledd av tre ledd i § 8.

Departementet føreslår å ikkje vidareføre høyringsframlegget til formulering i stadnamnlova § 8 andre ledd nytt andre punktum om at eigaren skal ha det avgjerande ordet i bruksnamnsaker, men ta inn det materielle innhaldet om råderett over skrivemåten av bruksnamn til nytt andre ledd i § 6.

Opphavleg første ledd i § 8 var:

«Eigar eller festar kan fastsetje namn på eige bruk. Eigar eller festar har likevel ikkje rett til å endre eller byte ut bruksnamn som kjem inn under andre ledd dersom ikkje særlege grunnar talar for det».

Dette vart etter høyringsframlegget endra til:

«Eigar eller festar kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nytt bruk.»

Dette kan sjå ut som ei stor materiell endring, men er det ikkje. Fastsetjing av skrivemåten på nedervde stadnamn er etter gjeldande rett plassert i vedkommande vedtaksorgan. Derfor har ikkje eigar eller festar rett til å fastsetje namn på kva bruk som helst, og regelen i gjeldande første ledd første punktum er ikkje reell. Retten til å velje namn på eige bruk er avgrensa av § 3. Departementet held oppe framlegget om å presisere innhaldet i gjeldande første ledd og plassere det saman med gjeldande fjerde ledd om «andre stadnamn», slik at dette til saman utgjer nytt tredje ledd i § 8. Departementet følgjer i hovudsak opp framlegget til omformulering av § 8 nytt tredje ledd. Departementet tek likevel inn dei presiseringane som Klagenemnda for stadnamnsaker føreslo: «Eigar eller festar kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nyoppretta bruk eller eit bruk som ikkje har eit nedervd namn.» Nyoppretta bruk kan beint fram døypast, fordi dei ikkje heiter noko frå før, men dette er avgrensa av § 3 om namnevern. Dersom bruket har eit namn, men namnet ikkje er nedervd, kan også eigaren eller festaren byte ut eller endre namnet og fastsetje skrivemåten av det, med dei avgrensingane som er i § 3.

1.2.8 Presisering av klagereglane

Departementets vurdering

Departementet meiner det er behov for å presisere retten til å klage etter stadnamnlova dersom eit namnsetjingsvedtak etter anna lovgjeving kan seiast å vere i strid med stadnamnlova § 3. Ei slik presisering vil også verke som ei bevisstgjering av t.d. kommunane som moglegvis allereie i reguleringsplanar tek i bruk namn som det seinare kan hevdast er i strid med stadnamnlova § 3 om namnevern. På bakgrunn av dette og at det ikkje har kome motførestellingar i høyringsrunden, følgjer departementet opp forslaget om å setje inn ei setning som klargjer at vedtak om namnsetjing etter anna lovgjeving som strir mot § 3 i stadnamnlova, skal behandlast etter klagereglne i stadnamnlova § 10. Framlegget er det same som vart sendt på høyring, men setningsbygnaden er noko endra:

«Tilsvarande gjeld for vedtak om namnsetjing etter anna lov dersom vedtaket er i strid med § 3 i lova her.»

Namnet Norsk språkråd i andre ledd andre punktum blir endra til Språkrådet, ettersom dette er det vedtekne namnet på den institusjonen som frå 2005 tok over funksjonane til det tidlegare Norsk språkråd.

1.3 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ein viser til kap. 4 i proposisjonen.