1.1 Innleiing

Det blir i proposisjonen fremja framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2015 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre pensjonsordningar frå 1. mai 2015.

Ein syner til forskrift fastsett ved kongeleg resolusjon 29. mai 2015 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer, satser for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2015 og virkningstidspunkt for regulering av kravet til minsteinntekt for rett til dagpengar.

Grunnbeløpet er auka frå 88 370 kroner til 90 068 kroner frå 1. mai, det vil seie med 1,92 pst. Uføretrygda og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening vert også oppregulert med 1,92 pst.

Alderspensjon under utbetaling vert regulert med lønnsauken på 1,92 pst. og deretter fråtrekt 0,75 pst. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 1,16 pst. frå 1. mai 2015.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 1,92 pst. og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa, noko som inneber at satsane er auka med 1,42 pst. Satsane er frå 1. mai 2015 sette til 139 728 kroner for låg sats, 162 566 kroner for ordinær sats, 175 739 kroner for høg sats og 274 085 kroner for særskilt sats.

Meirutgiftene for 2015 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar vert om lag 3 213 mill. kroner.

For å sikre lik praksis for budsjettproposisjonar til Stortinget, har departementet som utgangspunkt i vedtaksdelen i denne proposisjonen nytta Prop. 119 S (2014–2015) som vart fremma samtidig med revidert nasjonalbudsjett for 2015.

Alderspensjonistane kan i 2015 få ei negativ utvikling i kjøpekraft. For å hindre ei utvikling der pensjonistane får negativ kjøpekraft over tid samstundes som kjøpekrafta til lønnstakarane aukar, vil regjeringa gjennomgå regelverket om regulering av pensjonar og vurdere moglege endringar.

Ein syner til kapittel 3 i proporsjonen, som gjer greie for utviklinga i grunnbeløpet, pensjonar og lønn dei seinare åra.

Når det gjeld skattereglane for pensjonistar i 2015 er dette gjort greie for i kapittel 4 når det gjeld:

  • Særskilde reglar for AFP- og alderspensjonistar

  • Minstefrådraget for pensjonsinntekter

  • Trygdeavgift

I kapittel 5 og 6 i proposisjonen er det nærare gjort greie for:

  • Pensjonar og ytingar frå folketrygda

  • Pensjonar mv. frå Statens pensjonskasse

  • Avtalefesta pensjon i privat sektor

  • Pensjonstrygda for sjømenn

  • Krigspensjonering

  • Supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

1.2 Nærare om reguleringa

Reglane for regulering

Reglane for regulering av pensjonar i folketrygda går fram av folketrygdlova §§ 1-4, 19-14 og 20-18 og forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om beregning av lønnsveksten som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygda.

Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med eit gjennomsnitt av lønns- og prisveksten. Dette skjer ved at pensjonen vert regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt ein fast faktor på 0,75 pst.

Det vises til kapittel 2 i proposisjonen der det er gjort detaljert greie for reglane for reguleringane, samt regulering av grunnbeløpet, pensjonar og satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2015.

Drøftingar med organisasjonane

Grunnlaget for reguleringa har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Seniorsaken, Forsvarets seniorforbund, Landslaget for offentlige pensjonister, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge, Unio og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund.

Det vert lagt til grunn ein venta lønnsauke på 2,7 pst. i 2015 i tråd med anslaget til regjeringa som går fram av revidert nasjonalbudsjett for 2015. I trygdeoppgjeret 2014 vart det lagt til grunn for reguleringa av grunnbeløpet ein venta lønnsauke på 3,3 pst. i 2014 i tråd med anslaget til regjeringa som går fram av revidert nasjonalbudsjett for 2014. Faktisk lønnsauke for 2014 er nå anslått til 3,1 pst. i rapporten «Grunnlaget for inntektsoppgjørene 2015» frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera av 30. mars 2015. Partane er samde om at det ligg føre eit negativt avvik på 0,2 prosentpoeng for 2014. I trygdeoppgjeret 2014 vart det lagt til grunn ein faktisk lønnsauke på 3,9 pst. i 2013. Faktisk lønnsauke for 2013 er i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera framleis sett til 3,9 pst. Partane er samde om at det dermed ikkje ligg føre eit avvik for 2013.

Gjennomgang av reglane for regulering

Med dagens reguleringsreglar vil pensjonistane normalt få ei årleg betring av kjøpekrafta, men noko lågare enn for lønnstakarane. I år med moderate lønnsoppgjer, der lønnstakarane får ein lønnsauke som berre er litt høgare enn forventa prisvekst, kan fråtrekket på 0,75 pst. føre til at pensjonistane får ei negativ utvikling i kjøpekrafta.

Regjeringa vil difor gjennomgå prinsippa for den årlege reguleringa av pensjonar. Siktemålet er å unngå ei utvikling over fleire påfølgande år der pensjonistane får minska kjøpekraft, samstundes som arbeidstakarane får auka kjøpekraft. I denne samanhengen skal ein vurdere ei eller anna form for glattingsmekanisme.

Til grunn for gjennomgangen skal liggja ein føresetnad om at eventuelle endringar ikkje må svekke bærekrafta i pensjonssystemet. Det skal ikkje gis nokon garanti mot minska kjøpekraft i enkelte år. Ein skal framleis justere for eventuelle avvik mellom forventa og faktisk lønnsauke dei siste to åra.

Gjennomgangen vil ikkje påverke trygdeoppgjeret i år, men skal vere klar i god tid før trygdeoppgjeret neste år. Ein skal like fullt vurdere om eventuelle endringar skal gjelde frå og med 2016, eller om ein ved trygdeoppgjeret i 2016 også skal ta omsyn til ei eventuell minska kjøpekraft i 2015.