I digitalradiomeldinga, Meld. St. 8 (2010–2011) Digitalisering
av radiomediet, vart det stilt opp kriterium for å digitalisere
det riksdekkjande radionettet i 2017 eller 2019. Eit breitt stortingsfleirtal
slutta seg i 2011 til kriteria og til opplegget for digitaliseringa
av radiosektoren. Regjeringa har vedteke at kriteria for å digitalisere
det riksdekkjande radionettet frå 2017 er oppfylte. Dette inneber
at FM-sendingane frå dei riksdekkjande radioaktørane Radio Norge,
P4 og NRK kan slutte etter ein regionvis plan i løpet av 2017.
I digitalradiomeldinga vart det føresett at
dei fleste og minste lokalradioaktørane vil kunne få høve til å
halde fram å sende på FM, men at større, kommersielle lokalradioar
gjer teknologiskiftet samtidig med Radio Norge og P4.
I staden for å konkretisere nærare kva for kategoriar
av lokalradioar som skal ha høve til å halde fram på FM, la digitalradiomeldinga
opp til at departementet skal leggje fram saka for Stortinget i
2015. Meldinga la vidare opp til at departementet i 2015 skulle
kome tilbake til Stortinget med eit opplegg for å leggje til rette
for mindre lokalradioar i Lokalradioblokka i DAB-nettet.
I kapittel 2 gjer departementet greie for kva
lokalradiokonsesjonar som ikkje skal forlengjast eller lysast ut
på nytt når konsesjonsperioden går ut 31. desember 2016. Kapittelet
inneheld Medietilsynets forslag, høyringsinstansanes synspunkt og
departementets vurderingar og konklusjon. Departementet meiner at
alle kommersielle lokalradiokonsesjonar med dekning av betyding
i dei fire største byane ikkje bør lysast ut på nytt eller forlengjast
når inneverande konsesjonsperiode går ut. Dette inneber at 23 konsesjonar
ikkje blir lyste ut på nytt eller forlengde, medan dei resterande
ca. 215 lokalradiokonsesjonane kan vidareførast. Vidare stiller
departementet som føresetnad at det finst reelle moglegheiter til
å sende på DAB i dei områda der det kommersielle lokalradionettet
på FM ikkje blir lyst ut på nytt eller forlengd.
Kapittel 3 inneheld rammevilkåra som skal gjelde
for lokalradiosektoren i DAB-nettet. Her foreslår departementet
å føre vidare gjeldande modell for tildeling av anleggskonsesjonar,
frekvensløyve og innhaldskonsesjonar. Departementet vurderer også
om det er naudsynt å innføre regulatoriske tiltak for å sikre mindre,
ikkje-kommersielle lokalradioar tilgang til DAB-nettet, men konkluderer
med at det vil vere nok å sikre høve til å innføre slike reglar
seinare dersom det skulle bli bruk for det. I kapittel 3 vurderer
departementet også behovet for økonomisk støtte for å fremje digitaliseringa
av lokalradiosektoren. Departementet er innstilt på å setje av om
lag halvparten av midlane som blir tildelte etter støtteordninga
for lokalkringkastingsformål.
Kapittel 4 inneheld rammevilkåra for lokalradiokonsesjonar
som held fram på FM etter digitaliseringa. Departementet konkluderer
med at konsesjonane til dei gjenverande konsesjonærane kan forlengjast med
fem år etter digitaliseringa av det riksdekkjande radionettet, i
staden for å lysast ut på nytt. Etter departementets vurdering tilseier
omsynet til plattformnøytral regulering at dei resterande radiokonsesjonane
i FM-nettet ikkje bør underleggjast strengare rammevilkår enn radiokanalar
som sender i DAB-nettet. Dette tyder at det er behov for omfattande
liberalisering av rammevilkåra i FM-nettet i neste konsesjonsperiode.
Dei kommersielle lokalradiokonsesjonane på FM
som heilt eller delvis dekkjer Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger,
vil ikkje bli forlengde eller lyste ut på nytt etter at det riksdekkjande
radionettet er digitalisert i samsvar med riksaktøranes regionvise plan.
Dette gjeld følgjande elleve konsesjonsområde:
02-03. Asker og Bærum
02-04. Nesodden
02-05. Ski og Oppegård
03-01. Oslo
03-02. Stor-Oslo: Oslo og Lørenskog, Sørum, Fet,
Rælingen, Enebakk, Skedsmo, Nittedal, Aurskog-Høland og Gjerdrum
i Akershus
06-05. Hurum og Røyken
11-03. Stavanger, Sola og Randaberg
11-04. Sandnes og Forsand
12-05. Bergen
12-08. Askøy
15-03. Trondheim, Melhus, Skaun, Klæbu
og dessutan Leksvik i Nord-Trøndelag
For å bidra til at lokalradioane som ikkje får
tilbod om forlenging eller høve til å by på konsesjonen sin igjen
ved ny utlysing, bør føresetnaden for digitalisering av det einskilde
konsesjonsområdet for analog lokalradio vere at det er etablert
eit lokalt DAB-nett. Eit slikt krav vil også kunne bidra til å stimulere utbygginga
av Lokalradioblokka i desse områda.
Departementet meiner at nisjekonsesjonærane
i dei store byane kan halde fram på FM dersom inntekts- og utbyteavgrensingane
blir førde vidare og det blir sett totalforbod mot å vidaresende
innhald frå andre aktørar eller samsende innhald med andre aktørar.
Ettersom nisjekanalane vil vere dei einaste aktørane som held fram
på FM i dei fire store byane, bør Medietilsynets tilsyn med desse
radioane styrkjast i perioden etter teknologiskiftet.
Medietilsynet foreslo i rapporten sin at anleggskonsesjonane
og frekvensløyva i Lokalradioblokka i DAB-nettet skulle tildelast
ved pengeauksjon. Nkom støtta tilsynets vurderingar. Dette er same
modell som er nytta i prøveperioden fram til 2017, og som er nytta
i det resterande DAB-nettet. Departementet sluttar seg til Medietilsynets
og Nkoms vurderingar.
Fleire høyringsinstansar peikar på kor viktig
det er at konsesjonane i Lokalradioblokka gjeld like lenge som i
Riksblokka. Det vil seie til 31. desember 2031. Departementet sluttar
seg til dette.
Ifølgje Digitalradio Norge bør konsesjonane
lysast ut snarast. Departementet ser behovet for at konsesjonane
blir utlyste så snart som mogleg og vil leggje til rette for dette.
Etter departementets vurdering vil utfordringane for
lokalradiobransjen først og fremst vere å finansiere utbygging av
Lokalradioblokka. Når eit lokalt DAB-nett først er bygt ut, vil
det vere kapasitet til om lag 15 til 20 lokalradioar i kvart område.
I mindre tettbygde område vil det derfor truleg snarare bli overkapasitet.
Mot denne bakgrunnen meiner departementet at det ikkje bør setjast
i verk særskilde ordningar, men at det i staden blir spesifisert
i anleggskonsesjonane i Lokalradioblokka kor viktig det er at ikkje-kommersielle
lokalradioar blir sikra tilgang, og at det eventuelt kan innførast
nærare regulering dersom det skulle oppstå tilgangsproblem.
Departementet sluttar seg til Medietilsynets
forslag om å føre vidare dagens ordning der kringkastarar med leigeavtale
i DAB-nettet etter søknad får innhaldskonsesjon av Medietilsynet.
Ei slik ordning inneber ei monaleg forenkling samanlikna med dagens
konsesjonsregime for analog lokalradio. Dagens ordning for tildeling
av innhaldskonsesjon til alle som har leigeavtale i DAB-nettet blir
ført vidare. I praksis inneber dette ei registreringsordning.
MBL og Digitalradio Norge meiner at det bør stillast
krav om at anleggskonsesjonærane pliktar å tilby sendeplass dersom
det er kapasitet, og at det blir stilt krav om bruk av opne, objektive
og ikkje-diskriminerande kriterium for tilgang til nettet. Departementet
sluttar seg til dette.
Norsk lokalradioforbund peikar på at anleggskonsesjonæren
i praksis vil kunne fungere som portvakt, og at det derfor kan vere
uheldig med vertikalt integrerte anleggskonsesjonærar/innhaldskonsesjonærar.
Ut frå eit føre var-prinsipp meiner departementet at Medietilsynet
og Nkom før utlysinga bør vurdere behovet for og eventuelt fastsetje
ytterlegare generelle kriterium i alle regionar for tilgang til
Lokalradioblokka for aktørar som ikkje er tilknytte anleggskonsesjonæren.
Departementet meiner at omstillinga lokalradiosektoren
står overfor i dei næraste åra, tilseier at støtte til digitalisering
av lokalradio bør prioriterast. Departementet ønskjer derfor å setje
av om lag halvparten av den årlege potten, som i 2014 var på 13,5
mill. kroner, til slike formål fram til digitaliseringa av lokalradiosektoren
har nådd eit tilfredsstillande nivå.
Departementet meiner at utfordringane med å
få bygt eit DAB-nett vil vere mindre i dei meir folkerike områda
av landet, då det her gjennomgåande vil vere fleire aktørar som
kan dele utbyggingskostnadene, eller som kan stille garanti til
ein nettutbyggjar. Mot denne bakgrunnen meiner departementet at
støtta bør gå til dei delar av landet som ikkje har marknadsgrunnlag
for kommersiell utbygging av DAB-nettet.
Etter kringkastingsforskrifta varar lokalradiokonsesjonane
i sju år og gjeld til og med 31. desember 2016. Departementet bad
i høyringa om høyringsinstansanes syn på om det skal lysast ut på
nytt eller om konsesjonane skal forlengjast for dei lokalradiokonsesjonane
som får halde fram på FM.
Nesten alle høyringsinstansane meiner at konsesjonane
bør forlengjast.
Departementet foreslår at konsesjonane blir
forlengde av følgjande grunnar:
Under føresetnad
av at dei kommersielle lokalradioane i dei fire største byane og
omkringliggjande område blir digitaliserte, trur departementet at den
kommersielle interessa for å sende på FM-nettet vil reduserast vesentleg
etter at det resterande radionettet er digitalisert.
Det vil vere lite tenleg om lokalradioaktørane skal
bruke ressursar på ei ny konsesjonsrunde for analog kringkasting
samtidig med at bransjen elles blir digitalisert. Lokalradiobransjen
bør heller bruke desse ressursane på digitalisering.
Ei ny utlysing inneber i praksis at konsesjonærane
kan måtte velje mellom å bruke ressursar på ei ny søknadsrunde for
analog kringkasting eller å bli digitaliserte. Digitalradiomeldinga
la opp til at dei minste og fleste aktørane i lokalradiobransjen
får noko lengre tid til teknologiskiftet enn riksaktørane. Ei ny
utlysing vil ikkje gi bransjen høve til slikt.
I høyringa antyda departementet ei relativt
kortvarig forlenging på tre år etter teknologiskiftet.
Etter ei ny vurdering basert på innspela frå
høyringsinstansane vil departementet be Medietilsynet om å forlengje
lokalradiokonsesjonane med fem år. Det inneber at konsesjonane blir
forlengde til 31. desember 2021. Ein legg til grunn at forlenginga
skjer med uendra dekningsområde.
Grunnlaget for å kunne stille konsesjonsvilkår
og særskilde innhaldskrav for lokalradiosektoren har vore skort
på frekvensar. I digitale kringkastingsnett blir frekvensressursane
utnytta langt meir effektivt enn i analoge nett. Dette svekkjer
grunnlaget for å påleggje kringkastarane konsesjonsplikter i form
av programkrav. Det blir derfor ikkje stilt innhaldskrav til radioar
som blir distribuerte i DAB-nettet. Departementet meiner at omsynet
til ei plattformnøytral regulering tilseier at radiokanalar som
held fram på FM, som hovudprinsipp ikkje bør underleggjast strengare
rammevilkår enn radiokanalar som sender i DAB-nettet.
I høyringa viste departementet til at mange
lokalradiokonsesjonærar vil ha utgifter til dobbeltdistribusjon
i overgangsperioden, og at omsynet til plattformnøytral regulering
kan tilseie at innhaldskrava i FM-nettet bør avviklast, ettersom
det ikkje vil bli stilt slike krav i DAB-nettet. Det vart vidare
vist til at sletting legg til rette for at aktørane i lokalradiosektoren i
staden brukar ressursane på digitalisering.
Sjølv om omsynet til aktørar som ikkje nådde opp
ved førre konsesjonsutlysing, kan tale for å oppretthalde desse
krava, meiner departementet at konsesjonskrav stilte i samsvar med
dei tre kriteria som låg til grunn for skjønnheitskonkurransen,
bør slettast av følgjande grunnar:
Radio Norge og P4
fekk monaleg lette i innhaldskrava blant anna fordi det ikkje lenger
vil vere grunnlag eller behov for å stille slike krav i DAB-nettet.
Omsynet til ei plattformnøytral regulering tilseier at det også
bør lettast på innhaldskrava for lokalradioane som held fram på FM.
Ei sletting vil kunne redusere utgiftene
og syte for at lokalradiosektoren brukar ressursar på digitaliseringa.
Svært få høyringsinstansar har motsett
seg slik sletting.
Departementet viser til argumenta i punkt 1.4.2.2 og
at omsynet til plattformnøytral regulering tilseier at kravet i
forskrifta om lokalt innhald bør opphevast.
Departementet går inn for at dei økonomiske
avgrensingane for nisjeradioar i kringkastingsforskrifta blir oppheva
i alle konsesjonsområde med unntak for konsesjonsområda der dei
kommersielle lokalradiokonsesjonane ikkje vert forlenga.
DAB-nettet har store beredskapsmessige fordelar samanlikna
med FM-nettet. For det første er risikoen for utfall av sendarar
i ekstreme situasjonar sterkt redusert samanlikna med FM-nettet.
For det andre opnar DAB-teknologien for radiomottak i tunnel for
alle kanalar og ikkje berre for NRK P1, slik situasjonen er i dagens
FM-nett.
Det vert vist her til kapittel 6 i meldinga.