Sammendrag

Samferdselsdepartementet har gjort framlegg om endring i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova). Lovframlegget opnar for at Samferdselsdepartementet skal kunne påleggje offentlege oppdragsgjevarar eit lovbrotsgebyr dersom dei bryt reglar som skal sikre openheit og ikkje-diskriminering i samband med tildeling av konsesjonskontraktar som gjeld transporttenester etter yrkestransportlova. Lovbrotsgebyret vil berre verte pålagt dersom brotet på regelverket er konstatert ved dom i ein norsk domstol, ved dom i EFTA-domstolen eller ved innrømming frå norske styresmakter etter ei handsaming av saka i EFTAs overvakingsorgan (ESA). Lovbrotsgebyret skal ikkje overstige 15 pst. av kontraktsverdien. Ved utmåling av gebyret skal det særleg leggjast vekt på kontraktsverdien, kor grovt brotet er, om oppdragsgjevaren har gjort gjentekne brot, den preventive verknaden av lovbrotsgebyret, kor langt tilbake i tid brotet har skjedd og om brotet har ført til skadebot, terminering eller avkorting av kontrakten.

Framlegget vert gjort for å sikre betre etterleving av reglane for tildeling av konsesjonskontraktar for transport etter yrkestransportlova. Sanksjonen er meint å vareta både individual- og almennpreventive omsyn. Departementet peiker på at lovbrotsgebyret hovudsakleg er meint å ha ein preventiv effekt og at det har til føremål å hindre framtidige overtredingar. Departementet understrekar at lovbrotsgebyret likevel ikkje er ei straff og heller ikkje skal påleggjast av politi eller domstol.

Fylkeskommunane har ansvaret for lokal kollektivtransport. Dei sørgjer normalt for kollektivtransporttilbodet gjennom å inngå kontraktar om offentleg tenesteplikt som vert kompensert gjennom godtgjersle og/eller einerett. Utover billettinntekter frå brukarane vert tenestene finansierte ved statleg tilskot over rammeoverføringa til fylkeskommunane, samt skatteinntekter. Dei fleste fylkeskommunane har konkurranseutsett, eller er i ferd med å konkurranseutsetje kontraktar om offentleg kollektivtransport.

Bakgrunnen for departementet sitt framlegg er eit behov for større etterleving av reglane for tildeling av tenestekonsesjonskontraktar om transporttenester innan ramma av yrkestransportlova. Departementet viser til at det er viktig at reglane for tildeling av konsesjonskontraktar for transport etter yrkestransportlova vert etterlevd slik at ein kan oppnå tilstrekkeleg konkurranse om offentlege innkjøp. Dette vil på sikt kunne føre til innsparingar for det offentlege.

Framlegget har vore sendt på allmenn høyring. 22 av høyringsinstansane har gjeve fråsegn i saka. Ei rekkje av fråsegnene er omtala under dei enkelte kapitla om innhaldet i loven i proposisjonen. På bakgrunn av høyringsfråsegnene er nokre endringar gjort i lovforslaget, samanlikna med høyringsframlegget. Dette er omtalt i dei enkelte kapitla.

Ein syner vidare til proposisjonen der det i kapittel 3 vert gjort greie for gjeldande rett på området.

I kapittel 4 er det gjort nærare greie for lovframlegget. Fråsegn frå høyringa er vurdert her. Det er gjort greie for kva kontraktar vert omfatta av sanksjonen, kretsen sanksjonen vert retta mot, sanksjonsmekanismen og lovbrotsgebyr, handhevingsorgan, vurdering av om lovbrotsgebyr skal eller kan påleggjast, vilkår for å påleggje lovbrotsgebyr og konstatering av brot, kva type brot skal føre til sanksjon, unnatak frå kravet om å påleggje lovbrotsgebyr, utmåling av lovbrotsgebyret, at det ikkje er krav til skuld hos oppdragsgjevaren, prosessuelle reglar (sakshandsamingsreglar i forvaltningslova og forelding). Vidare vert det i kapittel 4 gjort greie for klagerett, søksmålsrett, betalingsfrist, utsetjande verknad, tvangsfullbyrding, forholdet til Grunnlova, forholdet til EMK og til slutt i kapitlet forskriftsheimel.

I kapittel 5 er det gjort greie for økonomiske og administrative konsekvensar av forslaget til endringar i lova. Departementet forventar at innføringa av eit lovbrotsgebyr retta mot tildeling av tenestekonsesjonskontraktar på transportområdet vil redusere talet på ulovlege tildelingar av slike kontraktar. Dette vil på sikt styrkje konkurransen og føre til innsparingar for det offentlege. For departementet, som vil vere handhevingsorgan etter føresegna, kan framlegget innebere ei viss auke i arbeidsmengda. Departementet antar likevel at denne auka vil vere svært lita. Det vert lagt til grunn at framlegget ikkje inneber ein auke i administrasjonskostnadene hos departementet. Det vert dermed heller ikkje behov for ein auke i ressursane til departementet.

For oppdragsgjevaren vil lovheimelen innebere ein risiko for å verte pålagt eit lovbrotsgebyr. Belastninga for den aktuelle oppdragsgjevaren i dei einskilde sakene vil avhenge av brotet og storleiken på kontrakten.

Departementet framhevar vidare at det er ein klar tendens til at oppdragsgjevarar tildeler tenestekontraktar i staden for tenestekonsesjonskontraktar på transportområdet. Ettersom lovheimelen ikkje vil gjelde for tenestekontraktar, vil denne tendensen gjere at lovheimelen vil få ein noko meir avgrensa verknad.

I kapittel 6 er det gitt merknader til § 40 b i lovframlegget.