Regjeringa v/Landbruks- og matdepartementet gjer
i proposisjonen framlegg til endra løyvingar under einskilde kapittel,
mellom anna kap. 1136 og kap. 1137, i statsbudsjettet for 2015.
Norsk institutt for bioøkonomi er gjeve oppdraget
å greie ut og gi ny kunnskap om korleis rovvilt-bestandane har påverka
utviklinga i landbruket. For å dekkje kostnadene ved dette arbeidet
vert det gjort framlegg om å overføre 1 mill. kroner frå løyvinga
til forskingsaktivitet under kap. 1137 post 50 til kapitlet for kunnskapsutvikling
m.m., kap. 1136 post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk
institutt for bioøkonomi.
Kap. 1137 post 50 vert etter dette redusert
med 1 mill. kroner for 2015.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Martin Henriksen,
Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim,
Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Sivert
Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå
Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø,
og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes,
har ikkje merknader og sluttar seg til proposisjonen.
Komiteen viser til
proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort
følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
1137 | | Forsking og innovasjon | |
| 50 | Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd, blir redusert
med | 1 000 000 |
| | frå kr 258 662 000 til kr 257 662 000 | |
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 1. desember 2015
Trond Giske | Anne Tingelstad Wøien |
leiar | ordførar |