Landbruks- og matdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag til endringar i løyvingar under enkelte kapittel og
postar i statsbudsjettet for 2015.
For å sikre realistisk budsjettering på kap.
4115, post 2 Meirinntektsfullmakt, jf. posten, blir det gjort framlegg
om å auke kap. 4115 post 2 med 4 mill. kroner mot tilsvarande auke
av kap. 1115 post 1.
For å sikre realistisk budsjettering blir det
gjort framlegg om å auke posten med 4 mill. kroner, med tilsvarande
auke av kap. 1115 post 1.
Norsk institutt for bioøkonomi har fått i oppdrag å
greie ut og gi ny kunnskap om korleis rovviltbestandane har påverka
utviklinga i landbruket. For å dekkje kostnadene ved arbeidet blir
det gjort framlegg om å styrkje posten med 1 mill. kroner som blir
overført frå kap. 1137 post 50.
Behovet for midlar på posten har i 2015 vore noko
mindre enn anteke. Det blir difor gjort framlegg om å omdisponere
1,1 mill. kroner til ei styrking av skogplanteforedling under kap.
1149 post 73.
Oppgåver knytte til kompetansesenter for skogbruksplanlegging
blei tidleg i 2015 flytta frå Norsk institutt for skog og landskap
til Landbruksdirektoratet. Det blir gjort framlegg om å redusere
kap. 1141 post 52 med 1,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på
kap. 1142 post 1.
Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1142
post 1 med 4,6 mill. kroner for å korrigere for feil mva.-uttrekk.
Landbruksdirektoratet overtok tidleg i 2015
oppgåver knytte til kompetansesenter for skogbruksplanlegging som
tidlegare låg ved Norsk institutt for skog og landskap. Det vert
gjort framlegg om å redusere kap. 1141 post 52 med 1,5 mill. kroner,
mot tilsvarande auke på kap. 1142 post 1.
For å dekkje inn auka utgifter knytte til omstilling
og utvikling av Fylkesmannen som regional reindriftsmyndigheit gjer
departementet framlegg om å omdisponere 1,9 mill. kroner frå kap. 1142
post 80 til kap. 1142 post 1.
Totalt blir det gjort framlegg om ein auke på
post 1 tilsvarande 8 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om at løyvinga over
kap. 1142 post 45 blir redusert med 0,6 mill. kroner grunna justering
av meirverdiavgift.
Departementet legg opp til at posten også kan nyttast
til kjøp av utstyr i samanheng med flytting av lokale for Landbruksdirektoratet
si avdeling i Alta.
Det blir gjort framlegg om at posten blir auka med
10 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak større utbetalingar til
lovbestemde erstatningar, spesielt knytta til påvisingar av antibiotikaresistente
bakteriar (MRSA) i svinebuskapar.
I tråd med omtalen under kap. 1142 post 1 blir det
gjort framlegg om at kap. 1142 post 80 blir redusert med 1,9 mill.
kroner.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar
i 2015 og tilsegn som ikkje er innfridde per 31. desember 2015,
gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med
15 mill. kroner, og å auke tilsegnsfullmakta med 19,5 mill. kroner
til 101 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om å styrkje posten
ved flytting av 1,1 mill. kroner frå kap. 1138 post 71.
2014 var eit bra år for jordbruket med mindre klimarelaterte
avlingsskadar enn i eit normalår.
Departementet gjer framlegg om å redusere posten
med 14 mill. kroner til 35,1 mill. kroner.
Basert på gjeldande prognosar ligg det an til
eit overforbruk på posten tilsvarande 72,6 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei auka løyving på
posten med 72,6 mill. kroner til 2 623,3 mill. kroner.
Departementet har inngått husleigeavtale med Veterinærmedisinsk
Oppdragssenter AS (Veso). Samla vil dette gi ei inntekt på 1,3 mill.
kroner i 2015, som det blir gjort framlegg om at blir budsjettert
på kap. 4100 ny post 30.
Revidert anslag for prognosen på posten er 150,9 mill.
kroner. Dette er 11 mill. kroner lågare enn saldert budsjett. Forventa
mindreinntekt skuldast seinare innføring enn venta ved framlegg
i statsbudsjettet for 2015 av nytt/endra regelverk for gebyr innan
områda forsøksdyr og plantevernmiddel.
Det blir difor gjort framlegg om å redusere
kap. 4115 post 1 med 11 mill. kroner.
Marknadsprisane i verda på protein og feitt
er venta å halde seg så høge at det blir heilt ubetydelege prisutjamningsbeløp
på kraftfôrråvarer i 2015.
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga
på posten med 29,965 mill. kroner til 35 000 kroner.
Departementet forventar at Statskog SF betalar eit
avdrag på 34 mill. kroner i 2015, og gjer framlegg om å auke kap.
4162 post 90 med 24 mill. kroner.
Grunna høgare utbytte enn budsjettert, blir
det gjort framlegg om ein auke på posten tilsvarande 28,2 mill.
kroner.
Totalt blir løyvinga på posten 33,2 mill. kroner
i 2015.