Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringar i bustøttelova (tilbakebetaling av bustøtte)

Dette dokument

  • Innst. 252 L (2016–2017)
  • Kjeldedokument: Prop. 59 L (2016–2017)
  • Utgjevar: kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetal: 2
Søk
Til Stortinget

1. Sammendrag

Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslår i proposisjonen ei endring i bustøttelova § 10 første ledd bokstav d om rett til å krevje tilbake for mykje utbetalt bustøtte etter at det er gjennomført etterkontroll. Bakgrunnen for forslaget er at departementet ønskjer at Husbanken skal få generell heimel til å krevje tilbake for mykje utbetalt bustøtte.

Departementet har 19. desember 2016 vedteke endringar i forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte om inntektsgrunnlaget for utrekning av bustøtte og ei tilpassing til dette i reglane om etterkontroll.

Før endringa i bustøtteforskrifta blei bustøtte i all hovudsak rekna ut på grunnlag av likningsopplysningar, medan utrekning etter dei nye reglane som hovudregel skal gjerast med grunnlag i aktuell månadsinntekt.

A-opplysningslova inneber at Nav, offentlege og private arbeidsgjevarar skal rapportere inn utbetaling av løn og anna kvar månad (a-ordninga). Kapitalinntekter og inntekter frå eiga næringsverksemd er døme på inntekter som ikkje blir rapporterte inn gjennom a-ordninga. Det går fram av proposisjonen at opplysning om slike inntekter og om formue framleis må byggje på skatteopplysningar.

Endringa i bustøtteforskrifta vil gje mindre behov for etterkontroll og krav om tilbakebetaling. Ordninga vil vere meir føreseieleg for mottakarane, og handsaminga av sakene i kommunane vil bli enklare. Endringa om inntektsgrunnlaget gjer det nødvendig å tilpasse reglane om etterkontroll og for mykje betalt bustøtte.

I dag gjev bustøttelova § 10 første ledd bokstav d heimel for å krevje tilbakebetalt bustøtte dersom det syner seg ved etterkontroll at årsinntekta til søkjaren er over grensene som er fastsette i forskrift. Departementet meiner lova slik ho lyder i dag, gjev heimel for å vedta og setje i verk endringane i bustøtteforskrifta som omtalt.

Endringa synleggjer likevel at lovteksten i § 10 første ledd bokstav d bør ha ein noko annan ordlyd, for å hindre mogleg tvil om forholdet mellom lov og forskrift. Eit anna føremål med endringa er å sikre at ikkje lova legg unødvendige bindingar for den praktiske utforminga av ordninga i forskrifta framover når det gjeld inntektsgrunnlag og etterkontroll. Departementet føreslår vidare i proposisjonen av pedagogiske omsyn lovfesta i eit nytt tredje punktum til bustøttelova § 10 første ledd bokstav d at for mykje utbetalt støtte kan motreknast i seinare utbetalingar.

Forslag til endring i bustøttelova og endringar i forskrift om bustøtte har vore på høyring. Ingen av merknadene gjeld forslaget om endring i bustøttelova. Høyringsinstansane gav i all hovudsak støtte til forslaget om å endre grunnlaget for utrekning av bustøtte og har elles kome med merknader i samband med vilkår for og gjennomføring av dette forslaget. Merknadene til forslaget om endringar i bustøtteforskrifta blir ikkje kommenterte nærare i proposisjonen.

Det går fram av proposisjonen at det først og fremst er endringa i bustøtteforskrifta som vil få administrative og økonomiske konsekvensar. Endringa i bustøttelova er ei mindre tilpassing og vil i seg sjølv ikkje få nemneverdige administrative eller økonomiske konsekvensar.

Kapittel 5 i proposisjonen inneheld merknader til lovendringsforslaget.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen, og Eirin Sund, fra Høyre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, fra Fremskrittspartiet, Mazyar Keshvari og lederen Helge André Njåstad, fra Kristelig Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, fra Senterpartiet, Heidi Greni, fra Venstre, André N. Skjelstad, og fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, viser til Prop. 59 L (2016–2017) og har ingen merknader til lovendringen som er foreslått.

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringar i bustøttelova (tilbakebetaling av bustøtte)

I

I lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte skal § 10 første ledd bokstav d lyde:

d) husstanden i perioden det er motteke bustøtte for, har hatt inntekt eller formue som i ettertid syner seg å overskride den inntekta eller formuen som var lagd til grunn då støtta blei fastsett. Det gjeld utan omsyn til kven som er skuld i at det er betalt ut for mykje. For mykje utbetalt støtte kan også motreknast i seinare utbetalingar av bustøtte.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 6. april 2017

Helge André Njåstad

Karin Andersen

leder

ordfører