Innhald
Til Justiskomiteen ved Hadia Tajik
Til orientering for justiskomiteen sender eg Etne kommune sin forespørsel om å få eit dokument som konkret skildrar kva tenestetilbod kommunen vil få som følge av endringane i Nærpolitireforma og svaret frå politimesteren. Etter vår oppfatning har ikkje prosessen vore i tråd med forliket om Nærpolitireformen, Innst. 306 (2014–2015). Etne kommune har hatt tomt lensmannskontor i mange år. Me har sagt at vårt bidrag no er å sei at kontoret kan leggjast ned. Kommunen opplevde ein god prosesshausten 2016, men det har vore vanskeleg å følgje med på utviklinga av Nærpolitireforma i 2017.
Me har eit godt lensmannskontor saman med Vindafjord og jobbar for å få best mogeleg teneste vidare ved Etne og Vindafjord lensmannskontor i Ølen.
Svaret frå politimesteren v/ Bernt Norvalls kjem i neste mail.