Søk

Innhald

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og Ulf Leirstein, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, syner til at endringane i vallova har sin bakgrunn i behovet for at stortingsvalet i 2021 kan gjennomførast med dei 19 valdistrikta vi har i dag, mens ein ventar på utgreiing og endeleg behandling av spørsmålet om framtidige valdistrikt. Ettersom Stortinget vedtok ny inndeling av det regionale folkevalde nivået, er det ikkje lenger samsvar mellom Grunnlova, som slår fast at det skal vere 19 valdistrikt, og vallova, som seier at fylka skal vere valdistrikt. Komiteen meiner det er ei god løysing at vallova legg til rette for at dei eksisterande valdistrikta gjeld fram til ny inndeling er grundig behandla. Komiteen peiker på at dei 19 valdistrikta vil få namn etter dei 19 fylka som har vore valdistrikt ved førre val, og at namna på alle kommunane som høyrer til dei ulike valdistrikta, blir lista opp i ei forskrift. Forskrifta skal berre namngi kva for kommunar som høyrer til i dei ulike valdistrikta, basert på allereie kjend tilhøyrsle. Komiteen har merka seg at eit stort fleirtal av høyringssvara støttar at endringane i vallova er ei føreseieleg løysing som sikrar omsyna til geografisk og partipolitisk representasjon ved stortingsvalet i 2021.

Komiteen syner til at dei konkrete endringane i dei enkelte paragrafane i vallova gjennomgåande gjeld at nemninga «valgdistrikt» erstattar «fylke». I tillegg gir endringa i § 6-3 første ledd meir fleksibilitet når det gjeld kva for lokalt partiledd som stiller liste. Komiteen sluttar seg til endringsforslaga.

Komiteen peiker òg på at proposisjonen inneheld ei oppsummering av evalueringane av stortingsvalet 2017, der departementet svarar på ein del av merknadene frå Stortingets fullmaktskomité frå Innst. 1 S (2017–2018). Proposisjonen inneheld òg kommentarar til rapporten frå OSSE/ODIHR etter observasjon ved stortingsvalet 2017. Komiteen har merka seg svara og kommentarane frå departementet, samt forslag til oppfølging, og har ingen andre merknader til desse delane av proposisjonen.