Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2020 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Søk
Til Stortinget

Sammendrag

Endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar

Helse- og omsorgsdepartementet gjer med dette framlegg om endringar i budsjettet for legehjelp og psykologhjelp. Dette på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening, og at departementet får fullmakt til å gjere endringar i driftstilskot og folketrygdrefusjonar for fysioterapi frå 1. november 2020. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane vert fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde fysioterapeutorganisasjonane er enno ikkje avslutta. Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år. Forhandlingane finn normalt stad i mai/juni. På grunn av koronapandemien vart forhandlingane i vår utsett til september. Det vart inngått avtalar med legeforeningen, psykologforeningen og fysioterapeutorganisasjonane om videreføring av inngåtte avtalar frå 1. juli 2020 til 1. november 2020.

Tingingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. november 2020–30. juni 2021, tok til 3. september 2020. Tingingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 14. september. Tingingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka starta 24. september.

I tingingane med Norsk Psykologforening er partane einige om ei regulering av honorartakstar, driftstilskot og avsetjing til fond tilsvarande 1,9 pst. frå 1. november. Dette inneber at kap. 2711 post 71 må aukast med 1,55 mill. kroner i 2020. Verknaden for 2021 er 9,3 mill. kroner. Budsjettet for 2021 må aukast med dette.

I tingingane med Den norske legeforening er partane einige om ei nominell vidareføring av honorartakstane, basis- og driftstilskot og avsetjing til fond. Avtala inneber at 2,5 mill. kroner vert flytta frå kap. 762 Primærhelsetjeneste, post 63 Allmennlegetjenester til kap. 2755 Helsetjenester i kommunene mv., post 70 Allmennlegehjelp.

Forhandlingane med fysioterapeutorganisasjonane er ikkje avslutta.

Eventuelle endringar i utgiftene til kommunar og folketrygda frå 1. november på bakgrunn av forhandlingane med fysioterapeutorganisasjonane kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i oktober. Regjeringa gjer difor framlegg om at det vert gitt fullmakt til å gjere endringar i budsjetta til trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av forhandlingane, samt endra forskriftar. Desse løyvingssakene vert lagde fram for Stortinget seinare.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tore Hagebakken, Ingvild Kjerkol, Hege Haukeland Liadal, Tuva Moflag og Tellef Inge Mørland, fra Høyre, Mats A. Kirkebirkeland, Erlend Larsen, Mari Holm Lønseth og Sveinung Stensland, fra Fremskrittspartiet, Åshild Bruun-Gundersen og Kjell-Børge Freiberg, fra Senterpartiet, Kjersti Toppe, fra Sosialistisk Venstreparti, Nicholas Wilkinson, fra Venstre, Carl-Erik Grimstad, og fra Kristelig Folkeparti, lederen Geir Jørgen Bekkevold, viser til proposisjonen og slutter seg til forslagene til endring av statsbudsjettet for 2020 når det gjelder postene til allmennlegetjenester, allmennlegehjelp og psykologhjelp. Komiteen gir også sin tilslutning til at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjøre endringer i bevilgningene til kommunene og til trygderefusjon for fysioterapi fra 1. november 2020.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en enstemmig komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2020 blir det gjort følgjande endringar:

I

Kap.

Post

Formål

Kroner

762

Primærhelsetjeneste

63

Allmennlegetjenester, blir sett ned med

2 500 000

frå kr 454 281 000 til kr 451 781 000

2711

Spesialisthelsetjeneste mv.

71

Psykologhjelp, blir auka med

1 550 000

frå kr 334 000 000 til kr 335 550 000

2755

Helsetjenester i kommunene mv.

70

Allmennlegehjelp, blir auka med

2 500 000

frå kr 5 615 113 000 til kr 5 617 613 000

II

Stortinget samtykker i at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til kommunane og trygderefusjonane for fysioterapi frå 1. november 2020. Endringane vil bli gjorde på bakgrunn av forhandlingane med Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund.

Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 15. oktober 2020

Geir Jørgen Bekkevold

Sveinung Stensland

leder

ordfører