Innstilling frå finanskomiteen om representantforslag om å endre vannkraftbeskatningen for å få flere lønnsomme investeringer

Søk
Til Stortinget

Bakgrunn

I dokumentet blei det 11. juni 2020 fremja følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme med forslag til hvordan grunnrentebeskatningen for vannkraft kan endres slik at flere lønnsomme prosjekter realiseres.»

Sjå dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaget.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Tom Kalsås og Eigil Knutsen, frå Høgre, Elin Rodum Agdestein, leiaren Mudassar Kapur, Anne Kristine Linnestad, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Hans Andreas Limi og Sylvi Listhaug, frå Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve Slagsvold Vedum, frå Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, frå Venstre, Ola Elvestuen, frå Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Kristoffer Robin Haug, og frå Raudt, Bjørnar Moxnes, viser til at det i dokumentet blir fremja forslag om å be regjeringa leggje fram forslag til korleis grunnrenteskattlegginga for vasskraft kan bli endra for å realisere fleire lønnsame prosjekt.

Komiteen viser til Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021 og at regjeringa foreslår å leggje om grunnrenteskatten for vasskraftproduksjon slik at det blir gitt umiddelbart frådrag (kontantstraumskatt) for nye investeringar, både for nye kraftverk, for reinvesteringar og for opprusting og utviding av eksisterande kraftverk. Forslaget inneber at kraftføretak kan utgiftsføre investeringskostnader umiddelbart, i staden for at investeringskostnader blir aktiverte og gradvis kjem til frådrag gjennom avskrivingar og friinntekt over ein periode på inntil 67 år. Forslaget vil tilføre kraftføretaka betydeleg likviditet ved at investeringsfrådrag blir framskunda.

Komiteen viser til at forslaget gjeld investeringskostnader som er aktiveringspliktige i grunnlaget for alminneleg inntekt, og knytte til kraftproduksjonen, frå og med 2021. For investeringskostnader som er aktiveringspliktige før 1. januar 2021, blir dagens modell med avskrivingar og friinntekt vidareført. For andre kostnader inneber forslaget ingen endringar.

Komiteen viser vidare til at regjeringa sitt forslag til endring i skattlegging av vasskraft blir behandla i Innst. 4 L (2020–2021).

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, viser til Innst. 4 L (2020–2021) og at det er inngått ei budsjettsemje. Fleirtalet viser til merknadene om vasskraft i budsjettsemja.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne viser til at vasskrafta er ryggrada i kraftsystemet i Noreg og er landet si viktigaste og mest fleksible fornybarkjelde. Desse medlemene har etterlyst og foreslått forbetra rammevilkår for å få fortgang i opprusting og oppgradering av vasskraftverk ei rekke gonger, sist i revidert nasjonalbudsjett i år.

Desse medlemene viser til at vasskraftutbygging er underlagt ei rekke særordningar. Vertskommunane får erstatning for generelle skadar og miljøulemper samt ein rettmessig del av verdiskapinga. Desse medlemene støttar også at bruk av fellesskapet sine avgrensa naturressursar skal komme fellesskapet til gode i form av grunnrenteskatt.

Desse medlemene viser til at ein samla bransje peika på at innretninga på grunnrenta var årsaka til manglande insitament for opprusting og oppgradering av vasskraftverk.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil uttrykke stor uro for den uavklarte effekten som denne omlegginga vil ha på inntektene til vertskommunane, og viser i den samanhengen til at lokal legitimitet er viktig for å sikre meir fornybar energi.

Desse medlemene vil understreke kor viktig det er av at samfunnskontrakten vert oppretthalden uansett val av metode, og at vertskommunane, som har gjeve avkall på naturressursane sine, skal ha sin rettmessige del og ikkje komme dårlegare ut enn med dagenes regime, noko både Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) og Energi Norge har understreke.

Desse medlemene vil understreke at fellesskapet også i framtida skal ha sin del av verdiskapinga i form av grunnrenteskatt.

Desse medlemene vil understreke at ei kompensasjonsordning på statsbudsjettet for bortfall av inntekter til vertskommunar er svært sårbar, då det er opp til det til ei kvar tid sittande fleirtalet i Stortinget å bevilge midlane over årets statsbudsjett. Desse medlemene viser til lovnaden om full kompensasjon på 730 mill. kroner når det gjeld bortfall av skatt på verk og bruk, som vart redusert til 500 mill. kroner, og som vidare i budsjettet for 2021 vart foreslått redusert ytterlegare til 300 mill. kroner, slik at regjeringa Solberg på nytt har gått bort frå lovnaden om ein vinn-vinn-situasjon der bransjen skulle få kompensert sin del og kommunane sin del.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet viser til at ein samla bransje inkludert 22 organisasjonar støtta endringane i innretninga i grunnrenteskatten. Der vart det òg peika på at ordningane som gjev vertskommunane og fylka direkte inntekter frå vasskrafta, har liten innverknad på oppgraderingsprosjekt. Desse ordningane sikrar lokal legitimitet.

Desse medlemene meiner framleis at det hadde vore ein betre og riktigare modell å endre friinntekta. Sett i lys av at regjeringa har kasta bort verdifull tid ved ikkje å ta grep tidlegare og det hastar med å få på plass insitament raskt for opprusting, denne vil desse medlemene støtte ei kontantstrømskattelegging. Det er under den klare førestnaden at verskommunane ikkje taper skatteinntekter på denne ordninga.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet viser til Arbeidarpartiet sitt framlegg i revidert nasjonalbudsjett i år om å endre friinntektsrenta, slik at normalavkastninga vart skjerma, men den ekstraordinære profitten vert skattelagd.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til sitt forslag om endret vannkraftbeskatning i Innst. 4 L (2020–2021) og Innst. 2 S (2020–2021).

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen blir fremja av ein samla komité.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Dokument 8:125 S (2019–2020) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Helge André Njåstad, Jon Georg Dale og Terje Halleland om å endre vannkraftbeskatningen for å få flere lønnsomme investeringer – blir ikkje vedteke.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDf, se merknadsfelt.

Oslo, i finanskomiteen, den 8. desember 2020

Mudassar Kapur

Tore Storehaug

leiar

ordførar