Innstilling frå finanskomiteen om representantforslag om rettferdig boligpolitikk og representantforslag om et bedre og enklere boligmarked

Søk
Til Stortinget

Bakgrunn

I Dokument 8:195 S (2020–2021) blei følgjande forslag fremja:

  1. Stortinget ber regjeringen utrede en reform for beskatning av bolig og eiendom i Norge som fjerner eller drastisk reduserer netto skattesubsidier til bolig og eiendom. Det skal gis bunnfradrag som kan skjerme en stor andel primærboliger fra beskatning, og det skal skisseres forskjellige modeller for innfasing av en mer helhetlig og rettferdig beskatning av bolig og eiendom.

  2. Stortinget ber regjeringen sørge for at det ikke skattemessig lønner seg å investere i sekundærbolig fremfor andre investeringsobjekter. Dette skal skje gjennom en skjerpelse av beskatning av sekundærbolig, og ikke en lempelse i annen beskatning.

  3. Stortinget ber regjeringen fremme forslag i revidert nasjonalbudsjett 2021 om å redusere verdsettelsesrabatten for primærbolig med høy verdi.

  4. Stortinget ber regjeringen så snart som mulig og senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2021 foreslå kredittregulering som sørger for at bankenes totale utlån til bolig begrenses, samtidig som førstegangskjøpernes andel av totale nye boliglån øker.

  5. Stortinget ber regjeringen utrede virkemidler for at sammensetningen av bankenes kreditt kan endres på sikt, slik at en mindre andel går til bolig og næringseiendom og en større andel til annen næring, og komme tilbake til Stortinget med forslag senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2022.

  6. Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal boligplan som skal ivareta boligbehovet i hele landet. Husbanken skal styrkes som ledd i å sikre folks boligbehov. Det skal bygges opp offentlige tomte- og utbyggingsselskap for å sikre jevn utbygging i tråd med planen, og i tillegg sikre motsyklisk etterspørsel.

  7. Stortinget ber regjeringen drive fram boligutbygging med en sosial profil, både i statlig og kommunal regi.

  8. Stortinget ber regjeringen om å utrede og foreslå en modell for en tredje ikke-kommersiell boligsektor, herunder forslag til nødvendige lovendringer for å kunne sikre at en betydelig andel nye boliger er ikke-kommersielle.»

I Dokument 8:214 S(2020–2021) blei følgjande forslag fremja:

«Stortinget ber regjeringen legge frem tiltak som skal sikre et sunnere og bedre boligmarked basert på færre politiske reguleringer.»

Sjå dokumenta for nærare utgreiing om forslaga.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Eigil Knutsen og Julia Wong, frå Høgre, Elin Rodum Agdestein, leiaren Mudassar Kapur, Anne Kristine Linnestad, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, Hans Andreas Limi og Sylvi Listhaug, frå Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve Slagsvold Vedum, frå Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, frå Venstre, Ola Elvestuen, frå Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Per Espen Stoknes, og frå Raudt, Bjørnar Moxnes, viser til brev om dokumenta frå finansministeren av 29. april og 3. mai 2021 (vedlagt).

Komiteen viser til at det er fremma to representantforslag som omhandlar bustadmarknaden, Dokument 8:214 S (2020–2021) og Dokument 8:195 S (2020–2021).

Komiteen viser til at andelen av befolkninga i Noreg som eig eigen bustad, er høg, og at det har vore eit politisk mål i heile etterkrigstida at flest mogleg skal kunna eiga eigen bustad. Denne politikken har gjort at mange har hatt trygge og føreseielege buforhold og har fått tatt del i den generelle verdiutviklinga i bustadmarknaden.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt, viser til SSBs bustadstatistikk som viser at det i Noreg er ein svært stor andel av befolkninga som eig eigen bustad med 76,4 pst., sjølv om den delen av befolkninga som leiger bustaden, har auka med 1 prosentpoeng sidan 2015. Likevel har berre to fylke over 20 pst. leigetakarar i befolkninga si. I Troms og Finnmark er 20,4 pst. leigetakarar, og i Oslo er delen 26,5 pst. Møre og Romsdal og Rogaland har dei lågaste leigeandelane med 15,3 pst. Talet på leigetakarar er størst i Oslo. I 2015 leigde 25,1 pst. av befolkninga i Oslo bustaden sin, noko som hadde auka til 26,5 pst. i 2020. Leigeandelane har vore meir stabile i dei andre store byane.

Fleirtalet viser til bustadlånsforskrifta som vart sett i verk i 2015. Sterk vekst i gjelda til hushalda og i bustadprisane førte til at Finansdepartementet 15. juni 2015 fastsette ei forskrift som regulerer utlånspraksisen til bankane for lån med pant i bustad. Bustadlånsforskrifta har seinare blitt vidareført og endra tre gongar. Fleirtalet meiner denne forskrifta har vore viktig for å dempa den sterke veksten i bustadprisane og gjelda til hushalda, særleg i pressområda. Fleirtalet legg til grunn at regjeringa følgjer bustadmarknaden tett og gjer eventuelle endringar i forskrifta om det skulle visa seg nødvendig.

Fleirtalet stiller seg bak at det framleis skal vere hovudlinja at det blir lagt til rette for at ein høg andel skal kunne eiga bustaden dei bur i. Samtidig er det viktig å ha ein fungerande leigemarknad for menneske som av ulike årsaker, eller i ulike fasar i livet, treng å leige bustad. Fleirtalet merkar seg likevel at kombinasjonen høg bustadprisvekst og høge utleigeprisar kan gjera at fyrstegongskjøparar får auka konkurranse frå utleigarar i bodrundane om dei minste leilegheitene i pressområda.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, meiner det ikkje er ein eksplosiv auke i andelen av befolkninga som leiger, men det er ei utvikling det er viktig å følgja nøye med på. Dette fleirtalet merkar seg at det er blant dei yngste vi finn størst andel som leiger bustaden, og det er òg i denne gruppa at auken i leigeandelar er størst. Sidan 2015 har andelen leigetakarar blant personar i 20-åra auka med drygt 2 prosentpoeng, frå 36,8 til 38,9 pst. Dette fleirtalet merkar seg òg at statsråden i svarbrevet til dette fleirtalet viser til tal frå Noregs eigedomsmeklarforbund, Ambita og Samfunnsøkonomisk analyse som viser at andelen fyrstegongskjøparar har gått litt opp dei siste åra og alderen på fyrstegongskjøparar har halde seg nokså stabil.

Dette fleirtalet meiner overordna at bustadmarknaden i Noreg er i god balanse, der andelen bustadeigarar er høg og gjeldsgrada til norske hushald er innanfor det forsvarlege.

Dette fleirtalet er derfor fornøgd med at regjeringa har stilt krav om høgare eigenandel ved kjøp av sekundærbustad i bustadlånsforskrifta.

Dette fleirtalet viser til at medan det på kort sikt ofte er endring i etterspørselen som gir endringar i bustadprisane, så har endringa av tilbodet av bustader størst innverknad på lang sikt, sidan det tar tid å bygga nye bustader. Dette fleirtalet viser til at regjeringa har gjort mykje for å fremma tilbodet av bustader, mellom anna gjennom å innføra nye tidsfristar, heva terskelen for innvendingar og opna for at større planendringar kan gjerast utan full planbehandling. Vidare har regjeringa etablert ei permanent ordning der Statsforvaltaren samordnar og eventuelt avskjer statlege innvendingar, og kommunane kan no ta ei meir aktiv rolle og avklara motstridande interesser tidleg i planprosessen. Vidare har regjeringa fornya og forenkla den byggetekniske forskrifta (Tek17). Regjeringa jobbar òg med fleire forslag som kan gi meir effektive planprosessar, mellom anna forenkling av prosessar ved fortetting og transformasjon og gjennomgang av reglane for utbyggingsavtalar.

Dette fleirtalet viser vidare til at regjeringa har styrkt BSU-ordninga og gjort denne meir målretta. Sidan 2013 er maksimalt årleg sparebeløp auka frå 20 000 til 27 500, medan maksimalt samla sparebeløp er dobla frå 150 000 til 300 000. Frå 2021 er ordninga òg blitt betydeleg meir målretta gjennom at det ikkje lenger blir gitt skattefordel til personar som alt eig bustad.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt meiner alle har rett til ein trygg og god bustad. Den norske bustadmodellen byggjer på at folk skal kjøpe og eige eigen bustad. Det er store økonomiske skilnadar i bustadmarknaden, både geografisk og mellom einskilde hushaldningar. Dei siste åra har bustadprisane stige kraftig, og det er blitt vanskelegare for mange å etablere seg i eigen bustad. Skilnaden mellom å eige og å leige eigen bustad er i ferd med å bli ein av dei største ulikskapsfaktorane i samfunnet. Desse medlemene er opptekne av at bustaden skal vere ein stad å bu, ikkje eit spekulasjonsobjekt.

Desse medlemene syner til at bustadpolitikken ikkje kan sjåast isolert frå andre delar av samfunnsutviklinga. Han er nært knytt til økonomi, arbeidsmarknad, næringspolitikk, levekår, livskvalitet og klima. Staten og kommunane har etter desse medlemene sitt syn eit særleg ansvar for å sikre ein heilskapleg bustadpolitikk.

Disse medlemmer viser til at boligprisene mellom 2003 og 2019 steg med 163 pst., over dobbelt så mye som lønnsveksten i samme periode. Finansmarkedsmeldingen 2021 viser at bruktboligprisene nå har tredoblet seg siden 2003, og har økt med en faktor på over 3,5 i Oslo i samme periode. Disse medlemmer viser til at boligprisene i mars i år var 12,5 pst. høyere enn i mars i fjor, mens de i Oslo var 15,6 pst. høyere.

Disse medlemmer vil understreke at veien inn i boligmarkedet for dem som står utenfor, dermed blir stadig vanskeligere. Det er ikke tilfeldig hvem som står utenfor boligmarkedet. De som tjener minst, er også de som eier minst. Eiendom Norges sykepleierindeks viser at en med vanlig sykepleierlønn bare har råd til 2,5 pst. av boligene i Oslo. Hvorvidt en har foreldre som kan bidra, er også en viktig faktor. Disse medlemmer viser til at plasseringen vår i inntekts- og formuesfordelingen i stor grad går i arv, og foreldres anledning til å gi barna en god økonomisk start på voksenlivet ved å bistå med boligkjøp befester denne mekanismen. Forskning fra Universitetet i Oslo viser at de som hadde besteforeldre som eide en stor bolig i Oslo i 1960, hadde mye større sannsynlighet for å eie sin egen bolig i 2014, og blant dem som eide sin egen bolig, var verdien på den boligen mye høyere enn hos andre.

Disse medlemmer viser til at norske husholdninger hadde en gjeldsbelastning på 234 pst. ved utgangen av 2020, og at Norges Bank stipulerer at den vil øke med ytterligere 10 prosentpoeng de neste tre årene. Dette er et svært høyt gjeldsnivå, både i en historisk kontekst og når vi sammenligner oss med andre land. Den norske gjeldsveksten har fortsatt nesten uavbrutt siden slutten av 1990-årene. Det er farlig for den finansielle stabiliteten. Disse medlemmerviser til at revidert nasjonalbudsjett 2021 slår fast at «høy gjeld i husholdningene og høye eiendomspriser er de største sårbarhetene i det norske finansielle systemet», og at Finansmarkedsmeldingen 2021 tegner det samme bildet. Til tross for lave renter er andelen av husholdningenes inntekt som går til å betjene renter og avdrag på et svært høyt nivå.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen øke boligutbygging med en sosial profil, både i statlig og kommunal regi.»

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet syner difor til at Arbeidarpartiet vil leggje fram ei melding om ein heilskapleg politikk på området, der kommunane vil få ei styrkt rolle i arbeidet med å jamne ut skilnadar i bustadmarknaden.

Desse medlemene meiner at ein god bustadpolitikk er avhengig av ein godt fungerande og regulert leigemarknad. Rettane til dei som leiger bustad og er i ein pressa situasjon, må styrkjast. Ein framtidsretta bustadpolitikk skal bidra til å jamne ut slike skilnadar. Husbanken har vore og skal framleis vere ein viktig aktør i bustadpolitikken. Skal ein nå klimamåla, må nye bustadområde bringe innbyggjarane effektivt og klimavenleg til og frå jobb. Nye bustadområde må ta hand om klima- og naturomsyn både når det gjeld sjølve utbygginga, transportløysingar, materialbruk og attbruksløysingar. Desse medlemene vil ha ei meir miljøvenleg byggjenæring slik at vi tek større klimaomsyn i bustadpolitikken. Bustadpolitikken kan vidare bidra til å byggje bru mellom generasjonane, og retten til ein aktiv og verdig alderdom heng nært saman med bustadsituasjonen.

Desse medlemene syner til Arbeidarpartiet sitt alternative statsbudsjett, der det vart lagt fram ei rekkje forslag som tek tak i utfordringane med bustadmarknaden.

Arbeidarpartiet sine framlegg på bustadfeltet kan delast inn i fire bustadsatsingar:

  • 1. Nye moglegheiter for å kome inn i bustadmarknaden

  • 2. Leggje til rette for at det blir bygd fleire bustadar

  • 3. Meir miljøvenleg byggjenæring og bustadar

  • 4. Gode bumiljø

Desse medlemene peikar på at denne politikken står som eit heilskapleg alternativ til forslaga som vart fremja av Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti i dei to representantforslaga komiteen no har til handsaming. Desse medlemene kommenterer derfor ikkje nærare dei einskilde forslaga i innstillinga her. For nærare innsikt i Arbeidarpartiet sin bustadpolitikk, syner desse medlemene til Arbeidarpartiet sine alternative statsbudsjett, samt relevante innstillingar og forslag på feltet i opposisjonsperioden 2017–2021.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at dokumentavgiften er et fordyrende element for norske boligkjøpere av selveierboliger. På prinsipielt grunnlag mener Fremskrittspartiet at avgifter skal brukes til å betale kostnadene et produkt eller en transaksjon påfører samfunnet. Avgiften må derfor gjenspeile de reelle kostnadene. Fremskrittspartiet vil derfor redusere dagens dokumentavgift.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en nedtrappingsplan for dokumentavgiften i forbindelse med statsbudsjettet for 2022.»

Disse medlemmer mener at Boligsparing for ungdom (BSU) er en ypperlig sparemulighet for ungdom som ønsker seg inn på boligmarkedet. Skattefradraget gjør sparingen svært gunstig. Disse medlemmer mener at ordningen ikke har fulgt utviklingen i boligmarkedet generelt og at derfor både årlig sparebeløp og totalt sparebeløp bør økes.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å styrke BSU-ordningen ved å øke det årlige sparebeløpet som gir skattefradrag, og det totale sparebeløpet i forbindelse med statsbudsjettet for 2022.»

Disse medlemmer viser til at den lovbestemte saksgangen i kommunale plan- og arealsaker legger alvorlige hindringer for den frie utøvelsen av kommunalt selvstyre. Fylkeskommunen, nabokommuner og statsforvalteren har alle den samme retten til å fremme innsigelser til planvedtak i en enkelt kommune. Statsforvalterens detaljrike innsigelser oppleves ofte som problematiske fra kommunenes side. Videre er det grunn til å problematisere at statsforvalterens administrasjon legger inn et veto mot det som er skjønnsmessige beslutninger fattet av folkevalgte representanter. For å sikre at de statlige føringene for plan- og arealsaker fortsatt ble fulgt, og for å sikre at andre kommuner og regionale myndigheters interesser ble overholdt, ble loven om innsigelsesrett innført i 1985 og senere presisert i loven fra 2008. Fylkeskommunen, nabokommuner og statsforvalteren er tildelt slik innsigelsesrett mot utlagt arealbruk etter § 5-4 som beskriver hvem som har myndighet til å fremme innsigelse til planforslag. § 5-5 gir begrensningene i adgangen til å fremme innsigelse, og § 5-6 omtaler kommunens rett til å kreve mekling og avgjørelse av departementet. Den samme retten er også gitt statlige fagmyndigheter som for eksempel Statens vegvesen. Dersom berørte statlige fagmyndigheter, fylkeskommunen eller nabokommuner har avgitt innsigelser til kommuneplanens arealdel, kan ikke kommunen fatte vedtak uten at det har blitt enighet mellom kommunen og den som retter innsigelse. Dersom det ikke oppstår enighet, heller ikke etter megling, går saken til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endelig avgjørelse. Plan- og bygningslovens bestemmelser om innsigelsesrett er derfor myndighetsbegrensende for det kommunale selvstyret. I utgangspunktet skal organer med innsigelsesadgang vise stor aktsomhet med å fremme innsigelse, og dermed i realiteten overprøve kommunale vedtak. Det ligger til det enkelte organ å avgjøre hva som så er et vesentlig forhold for at innsigelse rettferdiggjøres.

Disse medlemmer viser til at plan- og bygningsloven ble flyttet under Kommunaldepartementet i 2013, og etter at regjeringen Solberg kom i 2013, har statsforvalterens innsigelsesmulighet blitt betydelig innskrenket, viser tallene; per 12. juni 2020 er 169 innsigelsessaker avgjort av Kommunal- og moderniseringsdepartementet siden regjeringsskiftet i 2013. Av disse er innsigelsen ikke tatt til følge i 90 av sakene, i 47 saker er den delvis tatt til følge, og i 32 saker er innsigelsen tatt til følge. Kommunene har fått helt eller delvis medhold i 81 pst. av sakene, mot 42 pst. under Stoltenberg-regjeringen.

Disse medlemmer mener likevel det er et lokaldemokratisk problem at statsforvalteren og Statens vegvesen har innsigelser som en mulighet. Dette sinker utviklingen av kommuner, det gir liten forutsigbarhet og virker som en hemsko for utvikling av både privat eiendom, næringseiendom og kommunale områder.

Disse medlemmer viser til følgende forslag som ble fremsatt i Representantforslag 22 S (2020–2021) og fremmet i Innst. 239 S (2020–2021):

  1. Stortinget ber regjeringen på egnet måte fremme forslag som fjerner fylkesmannens og Statens Vegvesens innsigelsesrett i kommunale plan- og arealvedtak.

  2. Stortinget ber regjeringen fremme forslag om at forvaltningstilsyn for å behandle klager etter kommunale planvedtak legges under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

  3. Stortinget ber regjeringen fremme forslag om at det kun kan fremmes innsigelse i arealsaker i spørsmål av vesentlig nasjonal betydning. Videre at den som innsigelsen går ut over, skal kunne bringe dette spørsmålet, dersom det er tale om vesentlig nasjonal betydning, inn for Kommunal- og moderniseringsdepartementet med frist for avgjørelse innen seks uker.

  4. Stortinget ber regjeringen fremme forslag om at det ikke skal være mulig å fremme innsigelse mot plan som ligger innenfor gjeldende planformål i overordnet plan.»

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne meiner at bustad er eit velferdsgode på linje med arbeid, helse og utdanning. Ein trygg og stabil bustadsituasjon er ei naudsynt ramme kring livet til alle menneske. Desse medlemene vil styrkje bustadpolitikken som eit enda viktigare verktøy for velferd og utvikling.

Desse medlemene meiner det er eit mål at flest mogleg skal kunne eige sin eigen bustad. Samstundes er det viktig med godt fungerande leigemarknader for dei som i kortare eller lengre periodar leiger bustad.

Bustadpolitikken vert påverka av sentralisering på andre samfunnsområde. Når arbeidsplassar, tenester og ressursar flyttar frå utkant til sentrum, aukar presset på bustadmarknaden i byar og tettstader, samstundes som verdien på bustadar i mange spreiddbygde område fell.

Desse medlemene syner til at det er store utfordringar i bustadmarknaden i både bygd og by, men at utfordringane er av ulik karakter. I pressområda er det problem med ein galopperande prisauke som gjer det krevjande for unge, fyrstegongskjøparar og andre å kome inn på marknaden. Presset på bustadmarknaden fører til at folk med vanlege inntekter må ta opp stadig større lån for å kjøpe seg bustad. Samstundes er det eit problem at ein i distrikta risikerer at byggjekostnadane for nye bustader overstig panteverdien av bustaden. Dette er til hinder for oppføring av nye bustader.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet De Grønne og Rødt viser til at bolig i løpet av de siste tiårene har gått fra å være et velferdsgode til å i større grad bli et spekulasjonsobjekt. Nå ser vi tydelig konsekvensene av å ha overlatt all styring av boligsektoren til markedet. Boligmarkedet øker de økonomiske forskjellene i samfunnet, og har bidratt til en gjeldsgrad som er en trussel mot den finansielle stabiliteten og for økonomien til mange mennesker. Disse medlemmer mener alle skal ha mulighet til å skaffe seg og beholde en egnet bolig og være en del av et trygt bomiljø og lokalsamfunn. Bolig hverken kan eller skal være et gode forbeholdt de som kan få hjelp til å komme seg inn på markedet.

Disse medlemmer vil peke på at boligformuen er svært ujevnt fordelt. En fjerdedel av befolkningen eier ikke bolig. De kjennetegnes blant annet av å ha lavere inntekt enn de som eier. De som står utenfor, går glipp av et forutsigbart tak over hodet og de økonomiske fordelene som følger med det å eie bolig, herunder enorme skattesubsidier fra myndighetene – noe som i realiteten er en overføring fra dem som har minst, til dem som har mest. Dagens boligmarked og -politikk bidrar derfor til å øke forskjellene i samfunnet.

Disse medlemmer viser til at lav rente, inntektsvekst og lav arbeidsledighet i mange år har bidratt til at prisene har blitt høye. I tillegg var det etter finanskrisen nærmest byggestopp på grunn av frykt for prisfall, noe som ga et stort etterslep i boligbyggingen. Som en konsekvens var det i mange år for få tilgjengelige boliger i pressområder. Dette, kombinert med et skattesystem som gjør det mer lønnsomt å investere i bolig enn andre investeringsobjekter, har ført til en voldsom prisvekst. Uheldige bivirkninger av koronapolitikken har gitt enda større prispress.

Disse medlemmer mener det er behov for en tredje ikke-kommersiell boligsektor i landet, som gjør at flere får tilgang på stabile boliger der de kan bo over tid, til en overkommelig pris. Andre europeiske land har gode modeller for dette, og Norge bør lære av andre lands erfaringer. Disse medlemmer mener vi trenger en boligpolitikk som sikrer både at de mest vanskeligstilte kan bo trygt i egen bolig, og at folk med vanlige inntekter kan skaffe seg et hjem uten å knekkes økonomisk. Dette kan for eksempel gjøres ved at staten, kommuner eller ikke-kommersielle boligselskap eier boliger som folk kan leie til en rimelig og regulert leie så lenge de vil, og selv disponere boligen som de ønsker, eller kjøpe boligen på sikt. Det kan for eksempel stilles krav til en viss andel ikke-kommersielle boliger i hvert boligprosjekt. Dette vil også motvirke segregering og ulikhet innad i byer. Disse medlemmer viser til at både antall og andel leietakere har økt noe de siste fem årene. Det er imidlertid en myte at leietakerne stort sett er unge studenter. Tall fra SSB viser at i underkant av 20 pst. av leiehusholdningene er studenthusholdninger.

Disse medlemmer mener Norge trenger en nasjonal boligplan som må inneholde differensierte virkemidler for å sikre alle en trygg bolig. Statens virkemidler er ikke kraftige nok og har ikke en helhetlig vurdering av hvordan staten kan bidra til de viktige samfunnshensyn som må tas i boligpolitikken. Disse medlemmer mener en slik plan bl.a. må inneholde virkemidler for kommunale tomtekjøp, endringer i Husbanken for sterkere satsing på regulerte boligmarkeder og eie- og leieformer, og oppgradering av eksisterende boligmasse til livsløpsstandard. Kommunene har i dag for få virkemidler, og det kan ikke være frivillig å legge til rette for å sikre at alle har et trygt sted å bo.

Disse medlemmer viser til at OBOS er Norges største boligbyggelag med 240 000 boliger under forvaltning og over 500 000 medlemmer. OBOS er med det svært viktig for utviklingen av boligmarkedet i Oslo hovedsakelig, men også i andre byer i Norge. Disse medlemmer peker på at det har vært flere saker de siste årene som viser at OBOS har forlatt det som var den historiske oppgaven til boligbyggelaget, nemlig å bygge rimelige boliger for medlemmene. Det har vært eksempler på salg av luksusleiligheter for mange titalls millioner kroner, salg av blokk til kommersielle utleiere og politiske utspill som ikke har vært forankra i medlemsdemokratiet. For å nevne noe. Disse medlemmer vil også peke på at sakene som viser at medlemmene knapt kan utøve innflytelse innad i OBOS, og at det er svært vanskelig å få deltatt på generalforsamling.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen utrede og foreslå en modell for en tredje ikke-kommersiell boligsektor, herunder nødvendige lovendringer for å kunne sikre at en betydelig andel nye boliger er ikke-kommersielle.»

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til skjerpinger i lov om bustadbyggjelag som presiserer at alle medlemmer av boligbyggerlag skal motta tilstrekkelig informasjon om deltakelse på generalforsamling og få reell mulighet til å delta på denne.»

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det ikke skattemessig lønner seg å investere i sekundærbolig fremfor andre investeringsobjekter. Dette skal skje gjennom en skjerpelse av beskatning av sekundærbolig og ikke en lempelse i annen beskatning.»

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan kommunene kan gis handlingsrom til å beskatte sekundærboliger og andre boliger, som utleieleiligheter i privat eie, annerledes enn primærboliger ved bruk av eiendomsskatten, og komme tilbake til dette ifm. statsbudsjettet for 2022. Kommunene skal gis anledning til å differensiere bunnfradrag og skattesats mellom hhv. primær-, sekundær- og utleieboliger.»

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet syner til at Senterpartiet nyleg har fremja to representantforslag om bustadpolitikken, høvesvis Dokument 8:286 S (2020–2021) om en rettferdig boligpolitikk i bygd og by, og Dokument 8:285 S (2020–2021) om endring av de statlige planretningslinjene. Desse medlemene syner til merknadane til Senterpartiet ved handsaminga av desse forslaga. Desse medlemene syner vidare til at Senterpartiet har fremja forslag, mellom anna i alternativt statsbudsjett for 2021, om å styrkje Husbanken med fleire bustadsosiale verkemiddel og auka låneramme.

Desse medlemene vil vise til at Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre fjerna ordninga «bustadetablering i distrikta» i statsbudsjettet for 2015, noko Senterpartiet var sterkt imot. Evalueringa av ordninga viste gode resultat og tilsa ei vidareføring. Desse medlemene syner til at Senterpartiet har gjort framlegg om å igjen innføre tilskot til bustadetablering i distrikta. Desse medlemene viser dessutan til forslag frå Innst. 112 S (2019–2020), kor det vart bedt om ei utgreiing for å sørgje for bustadbygging i heile landet.

Desse medlemene meiner det er viktig å stø opp om eigarlinja, og meiner Sosialistisk Venstreparti sitt framlegg om å auke skattlegginga av bustad tvert om vil svekke eigarlinja.

Desse medlemene syner til at skattlegginga av sekundærbustad har vore monaleg innskjerpa dei seinare åra, og meiner det bør gjerast nærare undersøkingar av korleis desse endringane har slått ut og ikkje no gjerast ytterlegare innskjerpingar. Desse medlemene meiner andre verkemiddel bør undersøkjast enn auka skatt på sekundærbustad som kan gjere det meir lønsamt å investere i produktiv næringsverksemd. Desse medlemene syner til at Senterpartiet gjennom fleire år har fremja forslag for å betre kapitaltilgangen for produktiv verksemd, til dømes betre avskrivingssatsar for maskiner, utstyr m.m., samt lågare formuesskatt på driftsmiddel.

Desse medlemene vil understreke at gunstig skattlegging av eigen bustad er eit viktig ideologisk og politisk val for at flest mogeleg skal ha høve til å eige sin eigen bustad. Desse medlemene vil framheve at den generelle verdsetjingsrabatten på 75 pst. er ein viktig del av dette og må oppretthaldast. Desse medlemene vil vise til at regjeringa i budsjettframlegget for 2021 gjorde framlegg om eit avgrensa unntak frå denne hovudregelen, der verdsetjingsrabatten for primærbustad av særskilt høg verdi vart noko redusert. Desse medlemene vil streke under at ved ein eventuell reduksjon av verdsetjingsrabatten for bustadar av høg verdi må det i så fall setjast ein høg terskel for når ei slik endra verdsetjing inntreff, til dømes på 15 mill. kroner, slik regjeringa gjorde framlegg om.

Desse medlemene meiner det er eit lite målretta verkemiddel å innskrenke bankanes utlån til bustad. Det er vanskeleg å ha oversyn over alle konsekvensane ei slik innskrenking av kreditt kan få, og desse medlemene frykter ein fort kan få verknader som er lite gunstige for dei ein ynskjer å hjelpe med dette tiltaket.

Desse medlemene stør opp om ei styrking av Husbanken som ledd i å sikre folk sitt bustadbehov, og syner til at Senterpartiet har gjort framlegg om dette, mellom anna i alternativt statsbudsjett for 2021 og Dokument 8:286 S (2020–2021). Desse medlemene viser til eigne merknadar og forslag ved handsaminga av desse sakene.

Desse medlemene stør forslaget om bustadutbygging med sosial profil, og peiker på at mange folk i delar av livet, av ulike grunnar, treng hjelp til å skaffe seg bustad for kortare eller lengre periodar. Desse medlemene vil streke under at det ikkje nødvendigvis betyr at stat eller kommune sjølv skal stå for utbygginga, men kan handle om til dømes regulering av tomteareal, tilskotsordningar og samarbeid med private aktørar. Desse medlemene syner til at kommunane spelar ei viktig rolle i å leggje til rette for varierte bustadmarknader gjennom regulering osb.

Desse medlemene meiner det er svært ulikt kor godt bustadmarknaden fungerer ulike stader i Noreg, og at det vil vere behov for forsterka politiske grep for å dekke dei ulike behova som eksisterer. Desse medlemene meiner at det ut frå dette også kan vere gode grunnar til å greie ut ein tredje ikkje-kommersiell bustadsektor. Desse medlemene meiner ein ikkje-kommersiell bustadsektor både må sjå på moglegheitene til å byggje rimelegare bustader som folk kan kjøpe, og lette situasjonen for dei som av ulike grunnar ikkje kan eige bustad. Desse medlemene vil streke under at ei slik utgreiing må bygge opp om målet om at flest mogleg skal kunne eige sin eigen bustad. Etter desse medlemene sitt syn er det viktig å legge til rette for at fleire kjem inn på bustadmarknaden gjennom til dømes bruk av eige-til-leige-ordningar og betre moglegheiter for finansiering via Husbanken.

Desse medlemene syner til at Senterpartiet ved handsaming av Dokument 8:285 S (2020–2021) om endring av de statlige planretningslinjene, gjer framlegg om å

«endre statens planretningslinjer for samordnet bolig-, areal- og transportplanlegging for å sikre at kommuner med spredt bygde områder ikke tvinges til å sentralisere bosetting og annen utvikling internt i kommunen. Slike kommuner må selv kunne bestemme hvor det skal legges til rette for utvikling, og i hvilken grad spredt boligbygging skal tillates.»

Desse medlemene gjer merksam på at fleire av problemstillingane som Framstegspartiet tek opp om å avgrense motsegnsrett i plan- og arealsaker, nokså nyleg er handsama i kommunal- og forvaltningskomiteen jf. Dokument 8:22 S (2020–2021), og syner til merknader og forslag frå Senterpartiet i Innst. 239 S (2020–2021).

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet De Grønne viser til at skattesystemet slik det nå er innrettet, gir svært uheldige insentiver til å investere i eiendom på bekostning av andre investeringsobjekter. Særlig er en kanalisering av kapital og kreditt i retning av bruktboliger samfunnsøkonomisk ugunstig da det fører til enda sterkere prispress i et overopphetet marked, heller enn å finansiere ny produksjon i næringslivet.

Disse medlemmer peker på at både Scheel-utvalget (2014) og Skatteutvalget (2003) foreslo skjerpelser i eiendomsbeskatningen. Det er stor faglig enighet om at eiendom må beskattes høyere. Norge har lav beskatning av formue, inkludert eiendom, sammenlignet med andre land i OECD.

Disse medlemmer viser til artikkelen «Taxation of Housing: Killing Several Birds With One Stone» fra september 2020, hvor SSB-forsker Erling Eide Bø peker på at ulikhetene mellom leietakere og boligeiere øker betydelig sammenlignet med offisiell statistikk når man regner med fordelen av å bo i egen bolig, samtidig som den laveste andelen av boligeiere befinner seg i desilen med lavest inntekt. Bø anslår at en gjeninnføring av inntektsbeskatning av bolig og fjerning av rabatten for eiendom i formuesskatten kan føre til en reduksjon i boligprisene på 20 pst. Disse medlemmer mener dette tyder på at en skattereform vil dempe prispresset i boligmarkedet betraktelig, samtidig som det indikerer at en slik reform bør innføres gradvis. Disse medlemmer viser videre til at et enstemmig utvalg i NOU 2021:4 Norge mot 2025 peker på behovet for en ny gjennomgang av skattesystemet, der bolig og eiendom pekes ut spesielt som et skattegrunnlag som kan utvides.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen utrede en reform for beskatning av bolig og eiendom i Norge som fjerner eller drastisk reduserer netto skattesubsidier til bolig og eiendom. Det skal gis bunnfradrag som kan skjerme en stor andel primærboliger fra beskatning, og det skal skisseres forskjellige modeller for innfasing av en mer helhetlig og rettferdig beskatning av bolig og eiendom.»

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme nødvendige forslag til endringer i lov om bustadbyggjelag som gjør at administrerende direktør og sentralt ansatte i boligbyggerlag ikke har rett til å møte som delegerte på generalforsamling, og at ansatte i et boligbyggelag ikke kan utgjøre en større andel av delegerte til generalforsamlingen enn 5 pst.»

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt mener vi må legge om hele boligpolitikken: Skattesystemet må endres, boliglånene må reguleres, det trengs en ikke-kommersiell boligsektor og en boligplan for hele landet.

Disse medlemmer viser til at det historisk har vært gode grunner til å skattefavorisere bolig i Norge. Den norske selveierpolitikken etter andre verdenskrig var viktig for å gi vanlige folk et trygt og anstendig sted å bo. I senere år har skattepolitikken i økende grad gjort bolig til et objekt for investering og spekulasjon, med den konsekvens at stadig flere mister muligheten til å kjøpe sin egen bolig, mens andre kan bygge opp store formuer og bruke bolig som en lukrativ inntektskilde.

Disse medlemmer peker på at bolig og eiendom er sterkt subsidiert i skattesystemet. I et normalår er skatteutgiftene til bolig og fritidseiendom over 30 mrd. kroner. Skattefordelene består av verdsettelsesrabatt i formuesskatten, rentefradrag/fritak for inntektsbeskatning av bolig, manglende beskatning av gevinst av salg av egen bolig og fritidseiendom og utleie av deler av egen bolig. Disse medlemmer vil understreke at dette gir store fordeler til dem som har kommet seg inn på boligmarkedet, mens de som ikke har råd til å kjøpe egen bolig, sponser dem gjennom skattesystemet. Den norske boligbeskatningen omfordeler altså et titalls milliarder kroner hvert år fra dem som har minst, til dem som har mest. I tillegg kommer en skattesubsidie på om lag 1 mrd. kroner gjennom BSU-ordningen, som også favoriserer dem som er i posisjon til å spare, som regel med hjelp av foreldre, på bekostning av dem som kommer fra en mindre bemidlet bakgrunn.

Disse medlemmer peker videre på at dokumentavgiften og den kommunale eiendomsskatten regnes som skattesanksjoner og trekker ned summen av netto skattesubsidier/skatteutgifter. Dokumentavgiften er en dårlig innrettet avgift i og med at den bare gjelder selveierboliger, og ikke borettslag, og gjør terskelen til boligmarkedet enda høyere for førstegangskjøpere.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal boligplan som skal ivareta boligbehovet i hele landet. Husbanken skal styrkes som ledd i å sikre folks boligbehov. Det skal bygges opp offentlige tomte- og utbyggingsselskap for å sikre jevn utbygging i tråd med planen, og for å sikre motsyklisk etterspørsel.»

Disse medlemmer mener at retten til en tilfredsstillende bolig – uavhengig av inntektsnivå – er en menneskerett. Markedet må ikke få legge premissene for det meste av boligpolitikken. Staten bør styre boligpolitikken for å dekke behovene.

Disse medlemmer viser til at ny SSB-forskning anslår at utleieinvestorer kan ha bidratt til så mye som 40 pst. av boligprisveksten i Oslo i årene 2007–2014. Disse medlemmer mener at ett av flere tiltak for å begrense boligspekulasjon er at kommunene får mulighet til å differensiere eiendomsskatten mellom primærbolig og sekundær- og fritidsboliger.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig komme tilbake til Stortinget med et forslag som gjør at verdsettelsesrabatten til primærboliger med høy verdi kan reduseres sammenlignet med andre primærboliger.»

Disse medlemmer viser til at den kommunale eiendomsskatten ikke gir anledning til å differensiere mellom primærbolig og andre typer bolig, som sekundærbolig eller utleieleiligheter, for eksempel ved å gi forskjellig bunnfradrag eller skattesats. Disse medlemmer mener handlefriheten i den kommunale eiendomsskatten er viktig, og at det må være mulig for kommuner å gi romslige bunnfradrag for primærboliger uten å måtte gjøre det samme for spekulasjonsobjekter. Disse medlemmer viser til at for eksempel eiendomsmilliardæren Ivar Tollefsen eier over 3 800 leiligheter i Oslo gjennom selskapene Heimstaden og Fredensborg, men betaler eiendomsskatt for kun om lag 20 leiligheter på totalt bare litt i overkant av 25 000 kroner. Disse medlemmer mener flest mulig boliger som eies privat, bør bebos av de som faktisk eier dem, og ikke gjøres til spekulasjonsobjekt for eiendomsselskaper og privatpersoner som vil ha rask og solid økonomisk gevinst gjennom verdistigning og utleie. Disse medlemmer ønsker derfor å gi kommunene muligheten til å beskatte sekundærboliger og andre boliger som ikke bebos av eierne, annerledes enn primærboligen.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at bankene under koronapandemien har fått en rekke gunstige vilkår som har gjort det mulig for dem å øke sine utlån: Den motsykliske kapitalbufferen har blitt satt ned, styringsrenten er satt til null, og Stortinget har opprettet en lånegarantiordning for lån til bedrifter der staten tar 90 pst. av tapene. Dette medlem peker på at den norske økonomien i mange år har vært utsatt for høy, og økende, finansiell ustabilitet og risiko for gjeldskrise. Politikk som er innrettet mot å øke kredittilførselen til boligmarkedet, er derfor svært risikabelt. Det kan virke som regjeringens strategi er at landets økonomi skal gjenreises ved hjelp av et galopperende boligmarked. Det er ikke en bærekraftig strategi.

Dette medlem viser til at konklusjonen i IMFs vurdering av norsk økonomi (26. april i år) nok en gang advarer om boligprisveksten og den høye gjelden til nordmenn. Det anbefales at boligprisveksten må stagges gjennom en blanding av pengepolitikk, skatt og finansregulering. Den norske regjeringen bør blant annet vurdere å stramme inn boliglånsreguleringen. Dette medlem er enig i dette, men det må gjøres på en måte som skjermer førstegangskjøpere. I tillegg advarer IMF mot den høye risikoen i markedet for næringseiendom – denne kan også stagges gjennom kredittregulering. Dette medlem mener det er avgjørende at en innskjerping i utlånspraksisen ikke bare skjer ved at rentene etter hvert økes, da dette rammer de mest sårbare låntakerne hardest, og i seg selv kan utgjøre en systemisk risiko. Også av denne grunn kan det være mer hensiktsmessig å regulere mengden enn prisen på boliglånene.

Dette medlem mener det trengs både kortsiktige og langsiktige grep for en bedre kredittregulering. På kort sikt må vi få stagget de utlånene til bolig som er minst nødvendige og driver prisene opp. Bankenes totale utlån til bolig må begrenses, uten at førstegangskjøpere får mindre tilgang til lån – gjennom differensierte egenkapitalkrav i boliglånsforskriften, eller på annet vis dersom det er mer hensiktsmessig. På lengre sikt trengs det en gjennomgang av kredittreguleringen for å sørge for en bedre samfunnsøkonomisk allokering av kreditt, der mindre bør gå til spekulasjon, bolig og næringseiendom og mer f.eks. til produktive grønne næringer. Også her må førstegangskjøpernes interesser sikres.

På denne bakgrunn fremmer dette medlem følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen så snart som mulig foreslå kredittregulering som sørger for at bankenes totale utlån til bolig begrenses, samtidig som førstegangskjøpernes andel av totale nye boliglån øker.»

«Stortinget ber regjeringen utrede virkemidler for at sammensetningen av bankenes kreditt kan endres på sikt, slik at en mindre andel går til bolig og næringseiendom og en større andel til annen næring, og komme tilbake til Stortinget med forslag senest ifm. statsbudsjettet for 2022.»

Dette medlem viser videre til utfyllende forslag om boligpolitikk fremmet av representanter fra Sosialistisk Venstreparti i Dokument 8:154 S (2018–2019) om et rettferdig boligmarked, og Dokument 8:139 S (2017–2018) om å utvide retten til startlån slik at flere kan eie sin egen bolig.

Komiteens medlem fra Rødt mener en rettferdig boligpolitikk krever at det fins alternativer til det kommersielle boligmarkedet, der man enten må kjøpe i et uregulert marked eller leie til skyhøy «markedsleie», og foreslår etablering av en tredje, ikke-kommersiell boligsektor, hvor både priser og omsetning holdes under kontroll, slik at vanlige lønnstakere kan få boliger å bo i og bokostnader å leve med, uten svart handel og «penger under bordet».

Dette medlem viser til Dokument 8:3 S (2019–2020) – Om en rettferdig boligpolitikk gjennom ikke-kommersielle boliger, der Rødt beskriver hvordan en slik ikke-kommersiell boligsektor kan organiseres. Med en sektor for ikke-kommersielle boliger, som skissert i representantforslaget, mener dette medlem at flere viktige målsettinger i boligpolitikken oppnås:

  • Det blir tilgjengelig boliger til en pris som vanlige lønnstakere kan ha råd til.

  • De ikke-kommersielle eierboligene blir knyttet til et system som gjør svart omsetning umulig.

  • De ikke-kommersielle eierboligene blir en integrert del av den øvrige boligmassen.

  • De som velger en ikke-kommersiell eierbolig, får mindre usikkerhet. De får ikke ta del i en eventuell økning av prisene i det generelle boligmarkedet, men står heller ikke i fare for å måtte bære kostnadene ved en nedgang og eventuell kollaps i boligprisene.

  • Eiere av ikke-kommersielle eierboliger betaler gradvis ned på fellesgjeld og eget lån til innskudd, på linje med det som gjelder for medlemmer i markedsbaserte borettslagsleiligheter. De kan dermed gradvis bygge opp egenkapital, som eventuelt kan brukes ved senere boligkjøp i markedet.

På denne bakgrunn fremmer dette medlem følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen utrede en ikke-kommersiell boligsektor med et boligtilbud for eierboliger med pris skjermet for markedssvingninger, og komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer og økonomiske bevilgninger for å etablere en slik ordning.»

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om lovendringer som gir kommunene mulighet til å kreve inn lavere eiendomsskattesats for primærbolig enn sekundær- og fritidsboliger.»

Forslag frå mindretal

Forslag frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringen øke boligutbygging med en sosial profil, både i statlig og kommunal regi.

Forslag frå Framstegspartiet:
Forslag 2

Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en nedtrappingsplan for dokumentavgiften i forbindelse med statsbudsjettet for 2022.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å styrke BSU-ordningen ved å øke det årlige sparebeløpet som gir skattefradrag, og det totale sparebeløpet, i forbindelse med statsbudsjettet for 2022.

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt:
Forslag 4

Stortinget ber regjeringen utrede og foreslå en modell for en tredje ikke-kommersiell boligsektor, herunder nødvendige lovendringer for å kunne sikre at en betydelig andel nye boliger er ikke-kommersielle.

Forslag 5

Stortinget ber regjeringen fremme forslag til skjerpinger i lov om bustadbyggjelag som presiserer at alle medlemmer av boligbyggerlag skal motta tilstrekkelig informasjon om deltakelse på generalforsamling og få reell mulighet til å delta på denne.

Forslag 6

Stortinget ber regjeringen sørge for at det ikke skattemessig lønner seg å investere i sekundærbolig fremfor andre investeringsobjekter. Dette skal skje gjennom en skjerpelse av beskatning av sekundærbolig og ikke en lempelse i annen beskatning.

Forslag 7

Stortinget ber regjeringen utrede hvordan kommunene kan gis handlingsrom til å beskatte sekundærboliger og andre boliger, som utleieleiligheter i privat eie, annerledes enn primærboliger ved bruk av eiendomsskatten, og komme tilbake til dette ifm. statsbudsjettet for 2022. Kommunene skal gis anledning til å differensiere bunnfradrag og skattesats mellom hhv. primær-, sekundær- og utleieboliger.

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne:
Forslag 8

Stortinget ber regjeringen utrede en reform for beskatning av bolig og eiendom i Norge som fjerner eller drastisk reduserer netto skattesubsidier til bolig og eiendom. Det skal gis bunnfradrag som kan skjerme en stor andel primærboliger fra beskatning, og det skal skisseres forskjellige modeller for innfasing av en mer helhetlig og rettferdig beskatning av bolig og eiendom.

Forslag 9

Stortinget ber regjeringen utrede og fremme nødvendige forslag til endringer i lov om bustadbyggjelag som gjør at administrerende direktør og sentralt ansatte i boligbyggerlag ikke har rett til å møte som delegerte på generalforsamling, og at ansatte i et boligbyggelag ikke kan utgjøre en større andel av delegerte til generalforsamlingen enn 5 pst.

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt:
Forslag 10

Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal boligplan som skal ivareta boligbehovet i hele landet. Husbanken skal styrkes som ledd i å sikre folks boligbehov. Det skal bygges opp offentlige tomte- og utbyggingsselskap for å sikre jevn utbygging i tråd med planen, og for å sikre motsyklisk etterspørsel.

Forslag 11

Stortinget ber regjeringen snarest mulig komme tilbake til Stortinget med et forslag som gjør at verdsettelsesrabatten til primærboliger med høy verdi kan reduseres sammenlignet med andre primærboliger.

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 12

Stortinget ber regjeringen så snart som mulig foreslå kredittregulering som sørger for at bankenes totale utlån til bolig begrenses, samtidig som førstegangskjøpernes andel av totale nye boliglån øker.

Forslag 13

Stortinget ber regjeringen utrede virkemidler for at sammensetningen av bankenes kreditt kan endres på sikt, slik at en mindre andel går til bolig og næringseiendom og en større andel til annen næring, og komme tilbake til Stortinget med forslag senest ifm. statsbudsjettet for 2022.

Forslag frå Raudt:
Forslag 14

Stortinget ber regjeringen utrede en ikke-kommersiell boligsektor med et boligtilbud for eierboliger med pris skjermet for markedssvingninger, og komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer og økonomiske bevilgninger for å etablere en slik ordning.

Forslag 15

Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om lovendringer som gir kommunene mulighet til å kreve inn lavere eiendomsskattesats for primærbolig enn sekundær- og fritidsboliger.

Tilråding frå komiteen

Tilråding I frå komiteen vert fremja av Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Tilråding II frå komiteen vert fremja av Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaga og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
I

Dokument 8:195 S (2020–2021) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kari Elisabeth Kaski, Freddy André Øvstegård, Nicholas Wilkinson, Eirik Faret Sakariassen, Lars Haltbrekken, Arne Nævra, Torgeir Knag Fylkesnes og Karin Andersen om rettferdig boligpolitikk – vert ikkje vedteke.

II

Dokument 8:214 S (2020–2021) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Andreas Limi, Sylvi Listhaug, Silje Hjemdal, Tor André Johnsen, Morten Ørsal Johansen, Bengt Rune Strifeldt, Helge André Njåstad og Jon Engen-Helgheim om et bedre og enklere boligmarked – vert ikkje vedteke.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i finanskomiteen, den 25. mai 2021

Mudassar Kapur

Tore Storehaug

leiar

ordførar