Innstilling frå utdannings- og forskingskomiteen om representantforslag om auka kompetanse innan riving og demontering

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Bakgrunn

I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa vurdere korleis ein kan løfte og formalisere kompetansen for yrkesutøvarar innan demontering og gjenbruk i bygg- og anleggsbransjen i utdanningssektoren, og komme tilbake til Stortinget med ein plan for gjennomføring.

    Planen bør særleg ha tema som:

    • korleis berekraft, sirkulærøkonomi og gjenbruk blir synleggjort i fagplanane for modulstrukturert fag- og yrkesopplæring, som skal fornyast sommaren 2023

    • korleis demontering og gjenbruk kan passe inn i dei yrkesfaglege løpa.

  2. Stortinget ber regjeringa sikre at lærarutdanningane og etter- og vidareutdanningstilbod til lærarar gir auka forståing for berekraftig utvikling og fagleg og pedagogisk arbeid med berekraft i alle fag, i tråd med innføringa av berekraftig utvikling som eit tverrfagleg tema i læreplanane gjennom fagfornyinga.

  3. Stortinget ber regjeringa vurdere korleis nye anleggsmaskiner og utstyr som er basert på nullutslepp, kan bli integrerte i utdanningsløpa.»

Ein viser til dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaga.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jorodd Asphjell, Sigurd Myrvoll, Elise Waagen og Bente Irene Aaland, frå Høgre, Margret Hagerup, Kari-Anne Jønnes og Tore Vamraak, frå Senterpartiet, Maren Grøthe og Torleik Svelle, frå Framstegspartiet, Himanshu Gulati, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, frå Raudt, leiaren Hege Bae Nyholt, og frå Venstre, Abid Raja, viser til representantforslaget.

Kunnskapsminister Tonje Brenna uttala seg om forslaget i brev 29. mars 2022. Brevet fylgjer som vedlegg til innstillinga.

Komiteen inviterte til skriftleg høyring i saka med frist 5. april 2022. Det har ikkje kome inn nokon høyringsfråsegn innan fristen.

Komiteen understrekar behovet for at økonomien må rettast inn mot å bli stadig meir fornybar, sirkulær og berekraftig for at Noreg skal nå vedtekne klimamål. Det er derfor naudsynt at også utdanningssystemet, på alle nivå, bidreg til å utvikle kompetanse som stør opp om klimamåla innan alle fagfelt.

Komiteen er kjend med at berekraftig utvikling allereie er eit av dei tre tverrfaglege temaa i fagfornyinga, med grunngjeving om at dette er ei svært sentral samfunnsutfordring. Komiteen syner til at struktur og innhald for yrkesfaga i vidaregåande opplæring, fagskoletilboda og bransjeprogramma blir utvikla i nært samarbeid med partane i arbeidslivet for å sikre at strukturen og innhaldet i tilboda er i tråd med arbeidslivet sitt behov for kompetanse. Dette inkluderer også framlegg til nye lærefag.

Komiteen meiner at utdanningssystemet speler ei viktig rolle for å sikre at arbeidslivet og økonomien kan rettast inn mot å bli meir fornybar, sirkulær og berekraftig slik at Noreg når klimamåla. Komiteen er derfor opptatt av at utdanningssystemet, på alle nivå, kan bidra til å utvikle nødvendig kompetanse innan alle fagfelt.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet merkar seg at desse temaa allereie blir spegla i kompetansemåla i læreplanane innan fleire utdanningsprogram, til dømes er det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling eit læreplanmål innan bygg- og anleggsteknikk og teknologi- og industrifag. Gjennom læreplanane får elevane som vel lærefag innan desse utdanningsprogramma, kompetanse til å velje berekraftige løysingar som gjev lite miljøavtrykk. Desse medlemene er kjende med at byggmontasjefaget vart fastsett som nytt lærefag i starten av mars 2022. Desse medlemene merkar seg at faget handlar om å produsere nye bygningar og konstruksjonar og demontere konstruksjonar for ombruk i nye bygg.

Desse medlemene viser til satsinga på midlar til utstyr i vidaregåande opplæring i statsbudsjettet for 2022 og desse medlemene sine ambisjonar om eit utstyrsløft for fagopplæringa, noko som vil gje betre moglegheit for skulane til å investere i kostnadskrevjande utstyr, slik at til dømes anleggsmaskinar med nullutslepp lettare kan integrerast i dei aktuelle utdanningsprogramma.

Desse medlemene vil påpeike at fagopplæringa er eit felles ansvar for utdanningsstyresmaktene og partane i arbeidslivet, der partane er aktive deltakarar i utviklinga innan sine fagområde. Desse medlemene viser til at framlegg til nye lærefag blir fremja av partane og blir behandla i dei faglege råda før endeleg godkjenning i Kunnskapsdepartementet.

Desse medlemene legg til grunn at strukturen og innhaldet i tilboda vil fange opp arbeidslivet sitt behov for kompetanse, og at partane tar sitt samfunnsansvar for berekraftig utvikling på alvor.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre, meiner det av fleire årsaker er viktig å få eit utdanningsløp for dei som jobbar med riving og demontering. I dag er det lite og inga utdanning hjå dei som er i bransjen, noko som også fører til at det ikkje er kunnskap og kompetanse for å handtere byggematerial på ein måte som bidrar til meir sirkularitet innan sektoren. Ein bransje som ikkje har grunnleggjande utdanningsbase, er også prega av arbeidstakarar som ikkje blir lenge i faget, noko som også gjev dårleg kontinuitet og innsikt i faget. Det er frå bransjen sin ståstad eit ønske om å gje yrke innan demontering ein status som er likeverdig med den andre bransjefag har. For å lykkast med dette må det ei meir formalisert utdanning på plass.

Fleirtalet meiner at dersom samfunnet vårt skal lykkast med i betydeleg grad å redusere klimagassutslepp innanfor bygg og anlegg, må vi få på plass meir effektiv ombruk og ressursutnytting som ein del av sirkulærøkonomien. Det krev heving av fagkompetansen og auka rekruttering til relevante fag og utdanningsprogram og ein auka del av fagarbeidarar med erfaring, kunnskap og kompetanse. Kunnskap om demontering og kva krav som blir sett til material som kan gjenbrukast, er òg viktig for at fagarbeidaren skal kunne gje kunnskapserfaring tilbake til arkitektane, ingeniørane, utdanningsinstitusjonane og materialprodusentane for å utvikle nye byggemetodar og material for bygg som i framtida skal optimaliserast for høg grad av gjenbruksmoglegheiter.

Fleirtalet viser til udir.no, der byggmontasjefaget under tverrfaglege tema blir omtalt slik:

«I vg3 byggmontasjefaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å velje energieffektive arbeidsmetodar, om materiale og verktøy, om å handtere avfall på ein sikker måte som tar omsyn til miljøet, og om gjenbruk av bygningsdelar. Gjennom å vurdere produkt, materiale og konstruksjonar kritisk blir lærlingane bevisst på dei økonomiske, miljømessige og sosiale dimensjonane ved berekraftig utvikling.»

Fleirtalet meiner dette er bra, men peikar på det store behovet det er for etter- og vidareutdanning av arbeidarar som har lang erfaring i bransjen, men som må tileigne seg ny kunnskap for å leve opp til dagens krav og forventningar og bli ein del av løysinga i det grøne skiftet. Fleirtalet viser til at for å dekke noko av etterspørselen etter auka kompetanse treng vi ei breidde i tilbodet av etter- og vidareutdanning, og dessutan fleire fleksible løp for vaksne som har behov for å fullføre vidaregåande opplæring. Fleirtalet erfarer at bransjen melder om eit behov for ordinære løp i vidaregåande skule, men også for skreddarsydde løysingar og strukturbasert vidaregåande opplæring.

På denne bakgrunnen fremmar fleirtalet følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa vurdere korleis ein kan løfte og formalisere kompetansen for yrkesutøvarar innan demontering og gjenbruk i bygg- og anleggs- bransjen i utdanningssektoren, og kome tilbake til Stortinget med ein plan for gjennomføring. Planen bør særleg ha tema som:

  • korleis berekraft, sirkulærøkonomi og gjenbruk blir synleggjort i fagplanane for modulstrukturert fag- og yrkesopplæring som skal fornyast sommaren 2023

  • korleis demontering og gjenbruk kan passe inn i dei yrkesfaglege løpa.»

Medlemene i komiteen frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre meiner at ved innføring av sirkulærøkonomi som tverrfagleg tema er det viktig at det òg blir satsa på etter- og vidareutdanning av lærarar som har oppdatert kompetanse på temaet, spesielt på yrkesfag.

Desse medlemene fremmar derfor følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa sikre at lærarutdanningane og etter- og vidareutdanningstilbod til lærarar gjev auka forståing for berekraftig utvikling og fagleg og pedagogisk arbeid med berekraft i alle fag, i tråd med innføringa av berekraftig utvikling som eit tverrfagleg tema i læreplanane gjennom fagfornyinga.»

Desse medlemene peikar òg på at anleggsmaskiner og utstyr no gjennomgår ei utvikling i form av meir miljøvennlege komponentar. Det er viktig at elevane får kjennskap til korleis desse blir opererte og blir brukte. Vidare meiner desse medlemene at det er viktig at elevane, når dei går ut i arbeid, kan vere pådrivarar til at bransjen tar i bruk utstyr som går på fornybare energikjelder og energiberarar.

Desse medlemene fremmar derfor følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa vurdere korleis nye anleggsmaskiner og utstyr som er baserte på nullutslepp, kan bli integrerte i utdanningsløpa.»

Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet støtter intensjonen til forslagsstillerne. Dette medlem er av den oppfatning at det allerede i dag er et stort fokus i bransjen på gjenbruk og sortering av materialer som kan gjenbrukes. Her spiller gjenvinningsstasjonene en stor rolle.

Dette medlem mener det viktigste i utdanningen er å bli gode fagpersoner, og at det derfor må fokuseres på god fagkunnskap i utdanningsinstitusjonene. Dette medlem oppfatter bransjen som fremoverlent og med et allerede sterkt fokus på det som skisseres i forslaget. Dette medlem viser videre til at det ikke kom inn høringsinnspill til forslaget.

Dette medlem viser til at flere anbudskonkurranser krever nullutslippskjøretøy, som gjør det vanskeligere for mindre entreprenører å konkurrere på like vilkår med større entreprenører som har sterkere kapital og råd til nullutslippskjøretøy. På samme måte mener dette medlem at det kan bli svært kostbart å integrere nullutslippskjøretøy i utdanningsløpet, med allerede krevende budsjetter. Dette medlem vil imidlertid påpeke at Norge allerede er kommet langt og er fremst i verden på andel el- og nullutslippsbiler, med en elbilandel på over 80 pst. av solgte nybiler i januar 2022.

Forslag frå mindretal

Forslag frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa sikre at lærarutdanningane og etter- og vidareutdanningstilbod til lærarar gjev auka forståing for berekraftig utvikling og fagleg og pedagogisk arbeid med berekraft i alle fag, i tråd med innføringa av berekraftig utvikling som eit tverrfagleg tema i læreplanane gjennom fagfornyinga.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa vurdere korleis nye anleggsmaskiner og utstyr som er baserte på nullutslepp, kan bli integrerte i utdanningsløpa.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen blir fremja av medlemene i komiteen frå Høgre, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Stortinget ber regjeringa vurdere korleis ein kan løfte og formalisere kompetansen for yrkesutøvarar innan demontering og gjenbruk i bygg- og anleggsbransjen i utdanningssektoren, og kome tilbake til Stortinget med ein plan for gjennomføring. Planen bør særleg ha tema som:

  • korleis berekraft, sirkulærøkonomi og gjenbruk blir synleggjort i fagplanane for modulstrukturert fag- og yrkesopplæring, som skal fornyast sommaren 2023

  • korleis demontering og gjenbruk kan passe inn i dei yrkesfaglege løpa.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i utdannings- og forskingskomiteen, den 26. april 2022

Hege Bae Nyholt

Torleik Svelle

leiar

ordførar